Ein blomst i vasken

Mor mi har gått husmorskulen og far min trivast med vaskekosten. Så barndommen min utspant seg i reine omgjevnadar, med klare krav til borna. Sko skal av i gangen, hender skal vaskast før maten, rommet skal vere ryddig og reint og badet skal vaskast ein gang om dagen. Gjennom trassalderen (0-19 år) så har eg sjølvsagt gjort mitt opprør mot desse krava, men dei vart handheva så konsekvent at eg til sist ga opp – og har ubevisst adoptert dei som mine eigne reglar i min nye heim...ja, eg har vel til og med dramaqueen`isert dei. Før familieferien i fjor, vart eg t.d tatt på fersken då eg prøvde å få plass til to pakkar à 150 våtserviettar i hanskerommet på bilen...i tilfelle is-søl.
Så eg såg mørkt på livet når eg ankom Danmark i fjor haust og vart presentert for min nye heim. Huset var i kategorien Skal-snart-rivast, og det pitte-pitte-pitte lille rommet eg skulle bu i var..var...ja, kor skal eg begynne?? Vegg-til-vegg teppe med synlige spor av forrige fest, mygla glaskarmar og ein dunkel belysning, ettersom lampa var naturlig dimma av ein imponerande samling døde fluger. På badet var dusjforhenget svart i mygl og termostateten var rusta fast på 34 grader. Det er for varmt dersom du er førstemann i dusjen, og det er for kaldt dersom du er nummer to. På toalettet mangla det både såpe og papir, i tillegg til at lyset var gått.
Etter snart ni månadar i sånne omgjevnadar, har eg etterkvart klart å utvikla ein litt meir dansk holdning til hygiene. Eg merka det igrunn først i går, når eg trøytt gjekk inn på toalettet om morgonen og såg at det i sluken på vasken hadde vokst opp eit 5 cm langt ugras-spir!
Det er eit fabelaktig syn. Send ein melding til 99 61 44 94, og eg skal sende deg eit MMS bilde av blomsten i vasken min...

2 kommentarer:

  1. Hohoi!
    No har eg sniklest her inne eit tid og blant anna ledd meg skakk og nikka samtykkande; hen tek du alt fra, unge Gangsøy? Er iallfall gledelig at du får det ned på tastaturet og ut på veven, det skal du vite! Så no kan du berre våge å bli slapp på bloggingen, asså! ;) Håpar alt er vel i DK!

    Kirstipirsti

    SvarSlett
  2. Så hyggelig eg kunne underholde deg! Skal prøve å fortsette også :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)