Kaker & 17.mai

Det er så mange fordommar mot homofile!!

Til dømes er det svært mange som trur at ettersom me er to kvinner i denne husstanden, så er me ekstra flinke til å bake. Det er spesielt lokale lag og organisasjonar som driv denne fordømminga mot oss, og til stadighet dukkar det opp førespurnadar om me ikkje kan bake ei kake eller ti. Dette er svært belastande for oss, ettersom me begge ligg under landsgjennomsnitt i husmorfag og ved gjentatte høver har vist spesielt svekka evner i å vurdere når ei kake er ferdig steikt.

Og det manglar ikkje på dømer. På påskerennet i Solnørdalen i fjor var det mange smårollingar som gjekk rundt med eit stykke rå sjokoladekake med non-stop på. I juleselskapet til tante Gerd var katastrofa eit faktum idet kaka skulle skjærast opp rett før servering. Rå. Og ved den årlige pinsegudstjenesta ved Hovdevatnet fekk me kakefatet vårt igjen etterpå - like fullt som det var når me leverte det. Og natt til 17.mai, når skuffekaka til barneskulen var klar til pynting og oppskjæring, måtte me nok ein gang konstantere at me hadde skuffa med skuffekaka. Rå.

Men me har jo lært av desse feila. Alt går jo bra inntil steikingen. Så som ny rutine, så er me no alltid to når me skal vurdere om kaka er ferdig steikt – og dersom me begge er enig om at «Jo, no er den klar», så lar me den stå i ytterligare ein halv time. Den prosedyren fekk me testa ut forrige gang Malene skulle ha jentefest på loftet og hadde spurt om å få brownies. Når me da satte kniven i kaka, for oppskjæring - pulveriserte heile mesterverket seg i svartsvidde kakesmular over heile golvet...

Men me trur det har skjedd ei haldningsendring i samfunnet vårt mot lesbiske husstandar. Det er idag den 16.mai og me har enda ikkje fått ein einaste henvending angåande kakebaking!

1 kommentar:

  1. Eg sleit med det same sjølv eg heilt til eg kom til å tenkja på; "enj om eg slo på steikjovnen, kanskje er det det som må til?" Tru meg, etter at eg byrja med det har livet vorte eit heilt anna. No ringjer dei både får nært og fjern og spør om eg har kaker i hus.

    Eg tek ikkje på med heile skulda for alle kakefadesene eg har hatt. Det har ikkje stått i ei einaste oppskrift at eg må hukse å slå på steikejovnen.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)