Hokus pokus filli-FOKUS!

Beklager til kvar einaste mann i heile verda!

Eg har ofte ledd meg ihjel, sukka tungt eller vert oppriktig oppgitt over det som stereotypt fortonar seg som manglande simultankapasitet hjå menn. Og det er vel også ein universell vits at menn ikkje klarer å tygge tyggis og gå samstundes. Og sjølv har eg vert særs nøgd med at eg klarer å gjere opptil fleire ting samstundes. Eg er til dømes svært god til å kjøyre bil mens eg snakker i mobil med ein eller annan, og tenkjer på kva eg skal ha til middag mens eg bytter CD og nikker nonchalant til han eg kjøyrer forbi. Seks ting på ein gang det!

Men no har eg omsider forstått at dette ikkje er ei bragd. Eg trur tvert imot bragden er å gjere kun ein ting i gangen. Ete mat, utan å lese avisa samstundes. Snakke med kjæresten, uten å tenkje på noko anna. Gå på tur, uten å drøvtygge dagens hendingar på jobb. Bake kake, uten å sjå på ein spanande film samstundes. Rett å slett gjere kvar einaste ting med eit hundre prosent fokus! Skal me prøve? Mulig me må åtvare omgjevnadane før me går i gang med eit sånt prosjekt - eg ser for meg at tempoet må reduserast i ein sånn grad at det kan verte tinga plass på Bakk-Ola marka over hovudet ditt, men det hadde vert veldig interessant å sjå kor mykje ein klarer å få ut av kvar einaste vetle situasjon, dersom ein vier situasjonen fullt fokus og 100% innsats.

7 kommentarer:

  1. Ja den kjøpe ej... Skulle ha tenkt kun på å kome seg heilskinna ned frå fjelle ho mora mi ;-) Ikkje tenke på at ho i tillegg kanskje måtte sykle heim til Ørsta og grunne på kva ho skulle ete til middag...Av og til gjenge det bra å gjere fleire ting på ein gong, men stundom må ein tenkje kun på det ein styre med der og då!!! Skal tipse henne om broderiet ;-) I mellomtida må eg trimme pappa når ho ikkje kan!!

    SvarSlett
  2. artig innlegg:) syns d er så morsom lesnad, at du må gjerne skrive kvar dag om du har tid. Vi vil ha meir!!!:)

    SvarSlett
  3. Så kjekk du er da, Anonym! Takk :-) Eg skal spørre snart-kona mi om ikkje ho kan ta over litt meir husarbeid, så eg får blogga litt meir ;-)

    SvarSlett
  4. Du anonym får heller finne dej en anna blogg å lese, for snart-kona mi klare ikke å jer mindre husarbeid enn ho allerede jer!!!

    SvarSlett
  5. Heite det - kvinnfolk blir altså aldri nøgde! No har eg nett rydda av fatet mitt etter å ha ete middag - men likevel meiner ho at eg gjere for lite husarbeid ;-)

    SvarSlett
  6. Hehe, vil nødig lage splid i heimen altså...!!Men snart-kona: tenk så mange ho gleder då!!:) eg har vore så flink å anbefale bloggen til folk skjønar du, vi treng litt humor i kvardagen:)
    Camilla: Den gyldne middelvei er kanskje best som alltid, både i bloggverda og på heimefronten??

    SvarSlett
  7. Hehe, ingen fare for splid i heimen nei! Me kosar oss med masse tull, og syns du er ei knakandes kjekke kjelle som hjelper til med marknadsføring av denne tulle-bloggen :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)