Tross alt, så går det ganske bra!

Det er muleg det er eit usympatisk trekk, men av og til kjenner eg ei viss glede over å tenkje på dei som ikkje lykkast. I slike samanhengar kan eg tillate meg tenkje; "Tross alt, unge Gangsøy, så går det ganske bra!".

Nett no, til dømes, kjenner eg meg ganske smart samanlikna med den 20 år gamle guten som sit på ein einsam hybel i Bergen og forhåpentlegvis er litt oppgitt over at han for nokon dagar sidan syntes det var lurt å knuse pepperkakebyen i Bergen. Også angrar han litt på at han stjal den julebrusa, som seinare vart politiets bevis mot han. Mykje flauare går det vel ikkje an å bli.

Så tross alt kjære lesar, så klarer du deg ganske bra! Det fins dei som bommar grovare på blinken ;-)

3 kommentarer:

  1. So sant so sant. Av og til e de fole godt å vite at somme he drete høgare på leggen enn du sjøl he gjort...

    SvarSlett
  2. Som så ofte før fant jeg fram til denne bloggen ved en ren tilfeldighet. Har vært smugleser en stund, så det er kanskje på tide å legge igjen en hilsen. Koser meg utrolig med dine dine artige betraktinger og innfallsvinkler. Ha en fin helg !

    SvarSlett
  3. No vart eg glad, mormor! Takk for hyggeleg tilbakemelding :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)