Ein liten spurv innerst inne

Ei ung jente sendte meg ein mail i dag. Ho trengte litt råd, for ho trudde kanskje ho var blitt forelska i ei jente. Så korleis var det å vere homofil? Det såg så lett ut for meg, meinte ho, så eg hadde sikkert gode råd? Kunne ho fortelle det til foreldra sine? Burde ho vente til ho var heilt sikker?
- Korleis blir eg sikker, forresten?

Eg kjente eg vart kvalm. Uvel frå ytterste hårstrå til tåa lengst vekke. Kvalm, fordi denne unge jenta må tenke desse tankane.

Samfunnet har endra seg mykje dei siste tiåra, når det gjeld syn på homofili. Frå å vere forbudt ved lov til 1972,  via å vere ein sjukdomsdiagnose, til å bli velsigna med retten til å inngå ekteskap i 2009. Det er strålande. Men for ein ung gut eller ei ung jente, er det framleis like fryktinngytande skremmande å kjenne på desse følelsane for første gang. Fordi dei forstår fort at dette ikkje er noko dei kan velgje. Ingen kan styre følelsar. Og eg unner ingen den erkjennelsen.

Misforstå meg ikkje; Eg opplever det som svært lite problematisk å vere homofil. Eg tenker sjelden på det. Sånn er eg - ferdig. Men likevel, så unner eg faktisk ingen andre å leve sånn. Tenk på den unge jenta: Innerst inni kjenner ho på gode følelsar for veninna si. Det kriblar lunt og varmt, men det heng ein skugge av frykt over sommarfuglane. Ein frykt for ikkje å bli akseptert. Sjølv tenkte eg tidlig at eg må vere ekstra flink på skulen, eg må vere ekstra snill og grei, eg må vere ekstra god i fotball og eg må gjere ein ekstra god jobb. For den dagen eg skal fortelle verda at eg er homo, så må eg ha litt ekstra å gå på. Ein tabbekvote. Det er som når du står oppreist, og nokon kjem bak deg og med foten gir deg ein liten dytt i kneet - da er det  umulig å unngå ein knekk. Og homofili-genet (for det er eg ekstra sikker på at det er) har ein høgrefot som står  parat til å gje sjølvtillitskneet ein liten knekk. For det å ikkje bli akseptert for den du er, på grunn av noko du ikkje kan gjere noko med, er ein frykt som aldri forsvinn.  I mangen, mangen år har eg førebudd meg på dei vanskelege samtalane med mennesker eg er glad i. Samtalane der eg er nødt å stille ydmyk og sårbar kvar einaste gang, og vere førebudd på at alt kan skje etter at eg har fortalt kven eg egentleg er. Ein må stå med lua i handa foran venner, foran foreldre, søsken, lærarar, slekt, arbeidsgjevar, kollegaer, naboar, foran lege og prest. Og ein tenkjer kanskje at det blir lettare og lettare for kvar gang, men faktum er at ein vert meir sliten og lei for kvar einaste gang. Fordi at ein kjenner så tydelig kor sårbar ein er. Og ekstra tydelig er høgrefoten mot kneet, viss andre må ta konsekvensen av den eg er. Viss til dømes min homofile partner har eit barn, som ovenfor sin omgangskrets må stå til rette for mine følelsar. Kan du tenke deg frykten for at eit barn ikkje skal bli akseptert for den du er?

Den unge jenta skal eg passe på får all den hjelpen og støtten ho treng. Ho skal nok klare det fint. Dette innlegget er heller meint som eit ønske om å minne alle på kor viktig det er å akseptere andre sånn som dei er. Du har ein makt over andre mennesker, voksne som barn, for sjølv den største og sterkaste er ein sårbar spurv innerst inne. Som vil bli likt, til og med elska, for den han eller ho er. Og det kan vere alt i fra eit menneske som har tatt nokon feil valg, til mennesker med angst eller psykiske problem, til autistar, utlendingar, transvestittar, til dei med rusproblem, til dei som berre er kronisk dumme, arrogante, sjølvopptekne og late, til dei med dysleksi, afasi eller edderkoppangst, til dei mørkeredde, dei klønete, dei som er for lange eller for breie, dei som likar hest og dei som likar hornmusikk - berre aksepter dei, vær så snill.

6 kommentarer:

  1. Flott innlegg, Camilla!!! Ein tankevekkar for oss alle. Tenker den unge jenta får råd og trøyst i d du skriv! Om ein er svart eller kvit, jøde eller kristen, homofil eller ikkje, liten eller stor, så skal ikkje d spele nåka rolle - viktigaste e å akseptere kvarandre for den en e :-)

    SvarSlett
  2. Kloke ord. Det må vere eit mål at ein kan akseptere dei som ikkje er A4, dei er like "normale" som alle andre. Viss ein kan sei at nokon er "normale"...

    SvarSlett
  3. Godt innlegg! Heldigvis har samfunnet endra seg dei siste åra ja, men det er skremmande å høyre kor mange som fortsatt heng att på 70-talet... Men heldigvis er dei fleste som veks opp i dag iallfall av den oppfatning av at alt er like normalt, det er nok foreldregenerasjonen som heng litt etter...

    SvarSlett
  4. Bra skrive Camilla - syns du set fokus på ein god måte. For oss "normale" (kva er normalt forresten) er dette ei problemstilling som vi vanskeleg kan sette oss inn i. Mitt håp er også at alle som gjer noko som ikkje "den heile hop" syns er normalt må få lov å leve sitt liv uten å bli dømd for det.

    Klems

    SvarSlett
  5. Du skriver så godt Camilla! Jeg tror alle sliter med disse tankene. Ønske om å bli akseptert. Er du ikke homo, så er du noe annet;)

    Da jeg gikk på ungdosmkolen (det er faktisk ikke SÅÅÅ lenge siden) Så var homo nesten et skjelsord. Joda, det var sikkert greit å være homo, men det var jo litt rart. Det fantesa jo ingen "homoer" i ørsta (ehhh). I praksis ved den samme ungdosmkolen, nå, 10 år etter la jeg merke til hvordan ting hadde forandret seg. Å være homofil var nå den naturligste ting i verden. For en formidabel utvikling!
    Homofober fins det vel ennå, men de blir en sjeldnere rase. Snart er de dødd ut, og tilslutt vil vi bare ha et par avvikere gjemt under steiner rundt om i landet igjen (du vet, Hans Reite og kompisene)... flott flott flott! :)

    SvarSlett
  6. Eg satsar på at dokke 5 fabelaktige mennesker representerar resten av verda - og dermed er det ei stor sol som heng over oss! Takk for rausheten :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)