Kanskje sorg er ei privatsak, men...

Mange vil nok sei at sorg er ei privatsak. At det ikkje er noko egna tema for ein blogg. Men det fins mange måtar å bearbeide eit trist kapittel på, og kanskje fins det eit og anna å lære av andre si sorg også? Ei kvar glede vert jo større av å dele den med andre, og kanskje er menneskas natur så deilig tillaga at også ei kvar sorg blir mindre av å dele den med andre?

Det er ingen som er død. Men ein stor, trygg og god kjærlighet døde i min vetle familie for ein månad sidan. Mi vakre kone, som har gitt meg dei fire finaste åra i livet mitt, kom dithen at ho ikkje lenger kjente på dei rette følelsane. Eg har nok opplevd det som ganske brutalt, når livet slik eg kjente det, vart forandra så brått. Men det er nok like vanskelig å stå på andre sida og ta konsekvensen av at følelsar kan forandrast. Å elske er ikkje ein konstant følelse, og akkurat der syns eg Vår Herre kunne laga oss anleis. Men la gå. Ein må akseptere personar og situasjonar slik dei er. Eg kan ikkje elske for oss begge.

Ein kvardag kan vere hektisk. I periodar kan enkelte deler av livet vere intenst, og det kan vere vanskeleg å prioritere riktig. Kanskje ønsker den eine å skape seg ei lita karriere eller dyrke ein hobby,  i andre periodar kan eit barn kreve mykje, eller me kan føle på ansvaret å ta oss av sjuke familiemedlemmar. Alt er like viktig og riktig å prioritere - men det er samtidig ein utfordring å ta vare på alt det andre ein har. Ikkje ta noko for gitt.  Kanskje har eg vert for oppslukt av ein krevande jobb i ein periode. Ein har som regel alltid lyst å gjere det bra, å skape resultat, få mestringsfølelse, skape ein meirverdi for tilsette ved ein arbeidsplass. Men det flink-pike-syndromet kan bli ein dyrkjøpt erfaring. Av og til kan det gå for lang tid, før ein oppdagar at ein har prioritert skeivt litt for lenge.

Men når det eingang har skjedd, så er det ein svært god erfaring å sjå at familie, vennar og til og med ukjente, gir så mykje omsorg, raushet og varme. Det er ikkje sant at samfunnet er kaldt og egoistisk. I kvardagen har ein ofte nok med seg sjølv, men når det oppstår eit behov, er det uendeleg godt å kjenne på støtten fra omgjevnadane. Det gjer at ein er meir oppmerksom på dette sjølv, når ein kjem over andre som har det vondt. Så takk til alle, som har gjort meg til ein bedre støttespelar for andre som kan trenge det i periodar. Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Dessutan er kjærlighetssorg den ultimate slankekur...men altså ikkje å anbefale. Feit & gift er bedre enn slapp & singel...

Så var det det med å gå vidare. Ein god venn, som også har den samme soga friskt i minne, sa at hennar medisin var å le, røre, tulle og tøyse så mykje, at det som var utanpå med tida passa med det som var inni. Den vil eg prøve å velgje som min taktikk også.  Livet går jo vidare..om ei stund..

13 kommentarer:

  1. Vil bare gi deg en god klem!!

    SvarSlett
  2. Lykke til, kan ikkje kome noke gale ut av ei positiv innstilling ;) Stå på, så får du håpe på ein super sommar! med mykje å då meinar eg MYKJE godt ver! :D

    SvarSlett
  3. Kjære vakre Camilla - sorg er ein vanskeleg ting og ord blir så fattige når ein står på sidelinja og er i eit heilt anna modus.
    Eg syns du er "stor" som kan klare å sjå at det er to sider av ei sak - det er så absolutt ikkje lett når stormen rasar inni deg.
    Mi erfaring er også at det lønner seg å smile - le - tulle og tøyse når det er så kaotisk innomkropps.
    Men kjære du - du må ikkje skulde deg sjølv for at ting har blitt slik det har blitt. Vi som har stått langs sidelinja og følgt deg dei siste åra har sett kor opptatt du har vore av kjærleiken. Vi har også sett at du har gjeve av deg sjølv.

    Når eg no sit her og kjenner på at livet er godt og at det er eit under at eg har funne den store kjærleiken på nytt - ja då kan eg berre tenkje tilbake på alt som var vondt og tenkje at...
    - hadde ikkje det og det skjedd så hadde eg ikkje vore her eg er no.

    Gir dette diktet til deg i dag Camilla - eit eg skreiv då eg var lengst nede og oppdaga at livet ville gå vidare.

    VEGEN VIDERE…
    Jeg står her alene, forvirret og rar
    Lurer på hvilken veg livet tar
    En sorg i hjertet så hul og sår
    Bare Gud vet hvilken veg det går

    Jeg står her alene, forvirret og rar
    Og vet at livet gir og tar
    Jeg vakler et skritt, stopper og ser
    Gi meg glede Herre, jeg ber

    Jeg står her alene, forvirret og rar
    Kjenner at jeg kan smile av det som var
    Jeg fylles av glede og livs - energi
    Jeg har da så mye, mye å gi

    Jeg står her alene, stolt og glad
    Jeg ble hørt da jeg bad
    Jeg kjenner at gleden vil komme en dag
    Og på nytt gi meg styrke og velbehag

    Stor stor klem

    SvarSlett
  4. kjære deg Camilla. Uansett kva som dør, følelsar eller noken som står ein nær; Sorga må ein bere sjøl, men eg trur at ei delt sorg vert lettare å bere, enn om ein går rundt med den åleine.
    Om det ikkje akkurat hjelper så mykje, kan det likevel vere godt å vite at der er noken som tenkjer på deg og ynskjer det beste for deg. Klem frå di tidlegare husvertinne på Mo.

    SvarSlett
  5. Ditte kjem du styrka ut av, Camilla. Det er trist når kjærleiken sloknar, men der framme ein stad, er det liv i den - og dit kjem du nok ein dag... berre vent.

    Det er ikkje alltid lett å vere den som sit igjen med sorga, men du må ikkje miste trua på deg sjølv - trur du er ei flott dame med omsorg for alle dei som er rundt deg. Eg har forstått det slik at du får mykje trøyst av dei rundt deg, ta imot den og kjenn etter kor godt det er når andre bryr seg

    klem

    SvarSlett
  6. Livet MÅ ha noko fantastisk i vente for deg,der framme ein stad...for eit varmare og meir hjartegodt menneske en deg,skal ein leite VELDIG lenge etter...!

    Stor klem!!<3

    Kristin Bj.

    SvarSlett
  7. Klem til deg, vennen <3

    SvarSlett
  8. Å, kjære Camilla... en klok dame jeg kjenner beskrev et samlivsbrudd likestilt som en sorg, og det tror jeg nok stemmer. Det finnes ikke en eneste smart, klok, glup, trøstende ting jeg kan si til deg akkurat nå...for du må igjennom det uansett...derfor håper jeg denne virituelle klemmen hjelper...

    SvarSlett
  9. Dette er jo til å begynne å grine av. Eg har eit enormt forbruk av mascara for tida..
    Men altså; klemmar og varme tankar og lukkeønskningar er svært kjærkome! Og det diktet Janne Tove, er like sårt som det er godt - fabelaktig skreve! Og mi tidlegare husvertinne på Mo er jo berre fabelaktig - tusen takk for gode ord! Også deg, Kristin Bj, du gjer meg i godt humør berre eg ser deg, og det er fantastisk å få diskutere livets harde realitetar med deg, over ein kopp agar. Og uten snuspausane med Wenche, så hadde eg berre stempla ut før eg hadde stempla inn! Takk til deg også, min trufaste Kari - alltid til hjelp med livserfaringen din.

    Eg bøyer meg i støvet for dokke alle! Smask!

    SvarSlett
  10. Camilla, du skrive så bra... Om det e sorg eller glede så klare du å trylle fram dei djupaste ord som du vil dele med oss andre. For en fantastisk egenskap. Eg håpe virkelig at flytting til Bergen blir en realitet, ser fram til å ta opp igjen gammalt vennskap.
    Det er i motbakker det går oppover! God klem fra Janne

    SvarSlett
  11. Hei Camilla.

    Jeg ser at du er innhyllet i gode menneskers ord. Jeg beveges helt selv her jeg sitter og tenker at du fortjener hver klem og hver gode energi som måtte komme din vei. Kjærlighetssorg er så grusomt. Avvisningen og viten om at det man kom med ikke er så viktig lenger kan jo få hvem som helst til å gå i knestående av innvendige og utvendige hyl.
    Det sies at det er en mening med alt...kanskje det kommer noe veldig fint ut av dette? En gang?
    Håper du har spist litt i dag og at du finner noe godt som kan gi deg en rolig tro på at du er verdifull som alltid.
    Klem fra Den urolige moren, Mi

    SvarSlett
  12. Janne: Jøss, takk for at du er ein trufast fan! Eg gledar meg virkeleg til å treffe deg igjen :)

    Den urolige moren, som eg har så lyst å gjere rolig: La oss tru, og da meiner eg virkelig tru på, stole på - at både eg og du (og forøvrig alle andre) - har eit egenverd, ein ryggrad, ei sterk nok rot, til at vår lykke ikkje eine og aleine er basert på at ein annan person elskar oss. Vi kan gjerne gå ned i kne i ein periode, fordi avvisning påvirkar oss, vi er såpass i kontakt med vår emosjonelle verden til at det er umulig å unngå - men etter å ha studert grusen litt, så løftar vi blikket, ser sola der framme og kjenner til og med at ho varmar: Da røyser vi oss opp, tørkar vekk grusen fra knea, takkar for det som var - og går vidare. Det fins ei boblande livsglede der framme, ho er faktisk nærmare enn vi ofte trur, og takk til alle tunge erfaringar for at dei lærer oss at ingenting er godt, viss vi aldri har kjent på det som er vondt. Smask til deg! ;)

    SvarSlett
  13. Viktige ord.

    Håper du har det en bitteliten mikromillimeter bedre i dag. (Jeg håper selvsagt det er mer, men sørging har sin egen fart som ofte ikke er raskere enn seg selv:-))

    Og du...takk og smask tilbake.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)