Ein del pisspreik og litt alvor på slutten! Eller var det omvendt?

Ein skal ikkje gå rundt å glede seg til i morgo.
Eg skal ikkje tru at lukka er å bli gift eller få mitt første barn. Eg skal ikkje tru at når eg berre får ein ny bil, da blir alt så bra. Eller når eg endeleg kjem meg på ferie, da skal eg kose meg! Eller at livet hadde vert heilt perfekt om eg hadde vert der og der, sammen med ho eller han.  For det beste tidspunktet å vere lukkeleg på, er jo akkurat no! Viss ikkje no - når da? Livet er jo fullt av utfordringar, og det beste er berre å vedta at livet er strålande akkurat no!

Lenge trudde eg at det gode liv var rett rundt hjørnet. Berre det arbeidet vart ferdig, berre den rekningen var betalt, berre den utfordringen var takla - så skulle alt bli bra. Men livet er jo her og no. Nyt kvart øyeblikk på vegen! Ikkje sett lukka på vent til du har tatt av 5 kg eller betalt ned huset. Eller til fredag kveld eller søndag morgon. Eller på sommar, høst, vinter eller vår. Lukka er langs vegen. Ta ein ting av gangen, og helst det viktigaste først. Lev og la leve.

Drit i å etterleve dei som har gjort stor suksess. Applausen deira dør ut. Tenk heller på dei menneske som har hjelpt deg på vegen, dei som har fått deg til å føle deg spesiell, dei som løfta deg opp når du var nede og  dei som du helst vil bruke tid saman med. Og vær der for dei på same måte.

Alt dette er pedagogisk riktig og politisk korrekt. Jækli fornuftig og tvers igjennom bambus!

For eg VEIT at eg ikkje blir lykkelig overhode, før det forbanna grand prix-mølet er overstått og media-Norge kan konsentrere seg om noko anna enn engelsk-uttalen til den strigla fløtepusen og det avsindige glamour-spetakkelet på Telenor Arena! Når berre det er unnagjort;  DA skal livet mitt begynne!!

5 kommentarer:

  1. MY HARD IS YOURS!!!!!

    ...eller nåke i den dur...

    Ej he ingenting mot homofile...men he du lagt merke til dei små og tjukke homsane frå nordnorge??? Dei EIGE Grand Prix...hysterisk.

    Skal berre runde 30, so skal livet mitt starte ;-) 4 daga igjen berre...

    SvarSlett
  2. Hehe, ja heile grand prix er jo eit homse-sirkus, og da er det grusomt ironisk og komisk at vårt bidrag er My hard is yours!! Eg trur den er direkte dedikert til nordlendingane på første rad ;-)

    Gratulerer på førehand med 30-årsdagen! Nyt livet som tredveåring...onde tunger vil ha det til at livet sluttar etter 50..;-)

    SvarSlett
  3. Heilt einige i at ditta grand prix styret e berre noke tull. Ej hekje sett ei einaste sending og hekje tenkt å sjå på noke som helst helder.

    Men livet e akkurat NO!!! Livet sluttar etter 50???? Herrrrligheit då må ej henge i for då hekje ej atte et år en gong.....Nei du unge Gangsøy - ditta trukje ej det spøtt på - verte berre meir og meir moden ej og hekje tenkt å bli nedfallsfrukt på monge longe tide endå;-)))

    Klem

    SvarSlett
  4. Det med at livet slutta etter 50, var berre pisspreik Janne! Eg skal bli like livsglad og gal som deg når den tid kjem, hånni!

    Smask!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)