Luksusfella

Eg pleier normalt å trekke munnvikane høgt mot himmelen når eg møter mennesker som fryktar jordas undergang. Eg syns det er urimeleg pessimistisk å tru at verda skal gå under. Enten som følgje av naturkrefter, samfunnstrendar eller religiøse sanksjonar på menneskas livsførsel. Normalt ler eg lenge og vel over slike dommedagsprofetiar.

Men så las eg dagens Magasinet, fekk umiddelbart panikk, kaldsvetta og vart heilt sikker i min sak: JORDA KJEM TIL Å GÅ UNDER!!!! Me kjem til å dø foran brødboksen, i ein pøl av hybelkaniner, med ein skrikande unge ved sidan av oss - fordi CityMaid ringte å sa ho var sjuk i dag!

Skal eg tru på det vrøvlet som sto i Magasinet i dag, så er det nemlig ei ny yrkesgruppe som er på sterk frammarsj - skjønt den er vel strengt tatt ikkje ny. Slavar og trellar var vel ein "nødvendighet" allerede i det gamle Romerriket. Men det er altså ein aukande trend at me kjøper tjenester som tradisjonelt har vert ein del av familiens naturlege gjeremål: For 1290 kr kan du få Middagshjelperen til å handle og lage middag til deg 5 dagar i veka. For 110 kroner i timen og 750 kr i kvartalsavgift, kan Barnepassaren komme heim å ta seg av ungane dine når dei er ferdig på skulen og SFO. For 25 000 kroner kan Festus arrangere bursdagen for 10-åringen din. Klovn og greier. Du slepper å vere med i det heile tatt! For 30 000 kroner kan Grønt Grep ta seg av hagen din heile året. For 3200 kroner kan firmaet Nytt Image kjøpe kle til deg. For gudane veit kor mykje, kan City Maid vaske huset ditt, skifte dekk og sengekle, lufte hundane, oppdra ungane dine og  kjøpe julegaver til familien din. Mest truleg kan du få tak i nokon som kan lese avisa høgt for deg. Og det skal vere gode muligheitar for å få nokon til å ta jobben med å ha sex med kona di. Viss du vil spare litt tid. For å realisere deg sjølv. 

Kvifor i himmelens namn skal me kjøpe desse tjenestane?? Kva i alle dagar skal me bruke tida på, som me frigjer ved å ikkje gjere denne jobben sjølv? Kva skal me med hundar og ungar, viss me ikkje gidd å sjå dei, leike med dei og oppdra dei?? Javisst kan det vere travelt innimellom, å nå over alt ein kvardag krever av eit arme menneske. Men det må da finnast andre løysningar? Kanskje senke krava litt, dele på byrdene?  Korleis skal eit barn lære å vaske eit golv, viss ikkje foreldrene kan det? Det er jo for pokker derfor komle ikkje er godt lenger - fordi dei no blir laga på mjøl! Det er jo derfor kun 3% av hushaldningane i Noreg har hekladukar på borda sine - ingen lærer tradisjonelt godt, gamaldags handtverk no.

Eg kan verken å lage komle på potet eller hekle ein duk, så evolusjonen har begrensa min mestringsfølelse allerede. Men den dagen eg ikkje forstår opp-ned på ein vaskekost, klarer å kjøpe julegavene og kleda mine sjølv eller ikkje "tek meg bryet" med å skape meirverdi for ungen min, ved å arrangere eit bursdagsselskap, så er det samme kor mykje tid eg har spart meg; Da er eg fullstendig ubrukelig som menneske. Og da er det ikkje noko liv før døden. Tid er noko du får, ikkje sparar. Denne "samfunstrenden" må me stoppe, folkens! Slå av PC`en din no og gå å vask golvet ditt ;-)

7 kommentarer:

  1. hadde sikkert våre deilig å få hjelp til noko av dette ein gong i blandt, men herlighet kor kjedli alt ha vort visst vi ikkje skulle gjere noko som helst anna enn å realisere oss sjølve...

    Eg gidd ikkje å vaske golv no, men dett ned i sofaen og strikkar litt dukkekle av restetråden som vart igjen etter sengeteppet som eg har hekla (heilt sjølv åleine), slik at den lisje prinsessa kan leike seg med dukka si, og øve seg på å ein gong bli ei god mamma.

    Ha ein fin kveld, Camilla

    SvarSlett
  2. Spørsmålet er, hvem kan jeg betale for å skrive semesteroppgaven min? Og hvor mye skal hun/han ha?

    Husker du den reklamen som gikk for noen år siden (husker ikke helt hva det var reklame for) Men manne tidsbesparelser. Pusse tennene i dusjen osv. Og så avsluttet de med "Når skal du få tid til å bruke all den tiden du har spart?"

    Det henger ikke helt på greip, men syns det var litt godt sagt allikevel.

    SvarSlett
  3. Imponerande at du kan den gamle kunsten, Cecilie! Du er fullstendig tilgitt at du ikkje heiv deg over vaskebøtta - det kan Arild fikse ;-)

    Ha ein fin kveld du også!

    Og Malina: Eg kan godt fikse semesteroppgava di gratis - men da må den handle om ost...det er det einaste eg kan ;-)

    SvarSlett
  4. Hmmm. Trur du kanskje elevane hadde våre motivert for engelsk med meir ost i kosten?

    SvarSlett
  5. Ja, du kjenner ordtøke; Say cheese? Og alle smiler! Eg er av den oppfatning at ost er bra for alt ;-)

    SvarSlett
  6. Du inviteres herved på ekte klubb, laga på poteter!

    SvarSlett
  7. Aaaahhhhh! Fantastisk Janne! Du imponerar grovt som husmor!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)