Oppbrukt

Eg fekk ein utfordring i dag: "Skriv om livskvalitet!" Ein kan da få prestasjonsangst av mindre..

Min første assosiasjon gjekk til det å døy. Og det er jo unekteleg ein sjølvmotsigelse, ettersom livskvalitet handlar om å leve eit godt liv. Ikkje om å døy. På den andre sida er det mange levande som egentlig er døde. Fordi dei ikkje brukar livet sitt. Den eine kvardagen følgjer berre den andre, ein er konstant misfornøgd, kjenner seg ikkje verdsatt, brukar ikkje evnene sine, klagar og syt. Lyttar egentlig ikkje til andre, ser igrunn ikkje andre. Er mest oppteken av sin eigen navle.

Den andre assosiasjonen gjekk til å bli alvorlig sjuk. Eller oppleve ei livskrise. For eg kan godt innrømme det tvert; i min situasjon, så er eg ikkje i stand til å verdsette livet. Eg har det simpelten for godt! Eg har alt eg treng; god helse, familie, jobb, vennar - eg er nyskilt og full i peng. Men likevel kan eg arrestere meg sjølv i å klage for bagatellar. Eg kan til dømes angre djupt på at eg fylte bensin på dieselbilen, og tok ein liten kjøyretur. Sjølvsagt tullete, men det er jo ingenting å angre på - det er gjort. I sånne tilfeller er det berre å betale rekningen, trykke Ctrl -Alt-Del på minnebrikken, og berre la det vere igjen ein liten  gul post-it-lapp innanfor hjernebarken; Sjekk type drivstoff før fylling.
Men viss eg hadde fått ein alvorlig kreftdiagnose...da tenkjer eg livet hadde fått ein ny dimensjon! Men så paradoksalt, viss ein må vite at ein skal døy, før ein kan vere istand til å nyte livet i fulle drag!

Men hallaisen for ei trist assosisasjonsrekke! Livskvalitet, unge Gangsøy, livskvalitet! Er det ikkje synonymt med kjærleik?? Eg kjenner meg aldri meir levande enn når drømmedama står foran meg! I første fase er det blod som brusar, svette hender, krøll på stemmebandet og kitling i magen. Små, mjuke ord fra ho  gir deg eletriske støt! Så blir ein bedre kjent og kjenner engasjementet boble! Ein legg planar saman, drøymer saman, flettar liva sine saman i pur harmoni! Ingenting kjennes umulig - små ting blir kjempestore, verdifulle, ein nyter livet i fulle drag, smiler og ler! Så går ein inn i kvardagen saman og  opplever ein bunnsolid trygghet, ein gir og får...ikkje gir og tar! Gir og får - vesentlig forskjell! Blir sett og høyrt - ser og høyrer. Utvikler evner, vekser saman, men gjerne i ulike retningar. Lærer av kvarandre. Gir kvarandre frihet - men våkner kvar morgon og velgjer å leve ein dag til saman med si vakre kone.  (Evt mann...eg MÅ virkelig begynne ta meir hensyn til mine heterofile lesarar! Beklagar, men eg antek alltid at alle er homofile, inntil det motsette er bevisst. Berre i rein trass for at resten av verda  antek at alle  er heterofile, inntil det motsette er bevisst ;-) Men ein velgjer ein dag til, fordi ein vil. Og begge veit at dei har full frihet til å gå. Det er genialt -  og då får begge ein nydelig bekreftelse kvar einaste morgon :-)

Så da endar eg vel opp med det faktum at eg har det for godt til å verdsette livet ordentleg. Men inntil eg får ein alvorlig sjukdom eller kjem i ein situasjon der eg kjenner døden puste meg i nakken, så innbiller eg meg at god livskvalitet er å bruke livet sitt, utvikle og bruke evner, bety noko for andre, gi og få, boble og bruse!  Slik at når eg eingang dør, så har eg virkelig levd. Og da vil eg gjerne at det skal stå på gravsteinen: Camilla Gangsøy. Oppbrukt.

6 kommentarer:

  1. Du får meg til å smile Camilla - ser føre meg gravsteinar i ei rekke bortover
    ....oppbrukt, oppbrukt, 98% left, 56% left, oppbrukt, heilt ny...osv....Vi kan spøke vi og ka var vel livet om vi ikkje kunne det. Glad for at du skriv om emnet - er så altfor lett å gløyme at livet e her og no.

    Ikkje viste eg at alle desse dagane var livet:-)

    Ha ein fortreffeleg leve livet dag Camilla.

    SvarSlett
  2. Så sant så sant Camilla. Vil heller at det står "Oppbrukt" på min stein enn at det står "Returnerast uopna"

    Men til den dagen kjem, så gjeld det å nyte alle små augneblinkar. Det er i det små det store blir til!!

    SvarSlett
  3. Du skal være tro!

    Men ikke mot noe menneske

    som i gold grådighet

    henger ved dine hender.

    .

    Ikke mot noe deal

    som svulmer i store bokstaver

    uten å røre ved ditt hjerte.

    .

    Ikke mot noe bud

    som gjør det til utlending

    i ditt eget legeme

    .

    Ikke mot noen drøm

    du selv ikke har drømt…

    .

    Når var du tro?

    .

    Var du tro

    når du knelte i skyggen

    av andres avgudsbilder?

    .

    Var du tro

    når din handling overdøvet

    lyden av ditt eget hjerteslag?.

    .

    Var du tro når du ikke bedrog

    den du ikke elsket?

    .

    Var du tro

    når din feighet forkledde seg

    og kalte seg samvittighet?

    .

    Nei.

    .

    Men når det som rørte ved deg gav tone.

    Når din egen puls

    gav rytme til handling.

    Når du var ett med det

    som sitret i deg

    .

    da var du tro!

    .

    (Andre Bjerke)


    Jeg teenker, at om man klarer å leve i henholdt til denne (selv om det er veldig vanskelig). SÅ er man på langt vei ift å leve et liv med kvalitet.

    SvarSlett
  4. Du gir i allefall meg betre livskvalitet, Camilla ;-)

    SvarSlett
  5. Takk igjen, Camilla.

    For påminnelsen...og for litt til:-)

    SvarSlett
  6. Takk for et spark i ræva! :D

    Solveig.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)