Undervurdert

Det er så mykje som er undervurdert.
For ikkje å sei; Det er så mangen som er undervurdert!

Men i dag skal eg slå eit slag for Mr. Nikotin.
Eg trur nok dei fleste du har dagleg bekjentskap med, veit å sette rikelig pris på deg - der du stundom går opp i røyk og gir sjela kvile. Men du har vert utsatt for massiv mobbing! Frå høgaste hold!  Og det i eit land der me likar å skryte av nulltoleranse for mobbing. Det er intet mindre enn ironisk. Du fortjenar oppreisning!

Eg må innrømme at eg har vert ein mobbar sjølv. Eg har vert forutinntatt, hatt fordommar og uttalt meg om ting eg ikkje har greie på. Eg har endatil nekta/prøvd å nekte vennane mine å ha kontakt med deg! Ei ufin heksejakt.. I dag er eg glad for at eg sjeldan har lukkast, og at vennane mine har vist ei sterk ryggrad og stolt på seg sjølv, snarare enn å ta mine ord for god fisk.  I 31 år har eg puff`a, både til deg og dei som er avhengig av deg. Men når eg no har lært deg å kjenne - så har eg utvikla følelsar for deg. Blitt glad i deg. Respekterar deg for den du er.
Klart du har dine svake sider, men kven av oss har ikkje det?? Som dei fleste andre, prøver du å kompensere dei svake sidene med dei sterke sidene, etter beste evne! Noko meir kan me ikkje kreve.

Det eg set mest pris på med min nye venn, er at du har evna til å berolige og gje av deg sjølv - og eg slappar av i selskapet ditt. Rekk opp handa dei som ikkje likar å omgje seg med sånne staute vesen!
Det er trygt og godt, og du er der for meg heile tida. Til ein relativt dyr pris, riktignok - men det skulle da også berre mangle! Dei færraste stiller opp for meg, dag og natt, gratis. 

Så herved driter eg i mobbarane og deira firkanta lover som forbyr reklamering; Kjære Snusen min - pjuskelusken -  takk for alt du har vert for meg! Eg er deg endelaus takksam, og beklagar at samfunnet har stempla deg som helsefarleg. Eg beklagar også at samfunnet stadig prøver å gjøyme deg vekk og skjule din eksistens, og kan berre i min villaste fantasi tenkje meg kor belastande det må vere for deg! Frå no av skal eg love å stå ved di side, og snakke varmt om deg til så mange som muleg - slik at fleire får anledning til å stifte bekjentskap med deg! Stol på at du har ein eigenverdi, og at du er like mykje verdt som alle oss andre! SMASK!

1 kommentar:

  1. HAHAHA!!!! Du ser noko godt i alle/alt du Camilla;-))

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)