Vis deg fram

Det må vere av dei største mysterium; kvifor tenkjer ikkje alle likt?
Me har det samme instrumentet alle saman, men spelar så forskjellig.
Eg og du kan sjå dei same tinga, men oppfatte dei heilt ulikt.
Det er ofte til enorm glede – ofte til astronomisk frustrasjon.
Og av og til..til stor sorg.

Men kanskje er det verst når me ikkje ser det i det heile tatt.
Når eg ikkje ser at du tenkjer anleis enn meg.
Når du ikkje viser meg det.
Når du ikkje viser det til nokon.

På den finaste sommardagen så langt i år, sat ein gut på ein fjellnut.
Eg kjente deg ikkje, men høyrer du var ein flott gut.
Du såg på alle oss der nede. Opptekne med vårt. Ante ikkje uråd.
4-500 meter ifra.
Du må ha sett den blå himmelen. Den spirande lyngen. Dei grøne bjørkene.
Når eg ser det, tenkjer eg at naturen våknar til liv. Og blir glad.
Men du hadde ikkje tru på lysare tider?

Eg skulle så gjerne visst det.
Det er så mange som gjerne skulle visst det.
Me hadde snudd oss mot deg, alle saman, gått i samla tropp opp til deg.
Satt oss ned rundt deg. Klemt deg. Snakka med deg.
Og gått saman med deg heim att.
Om me berre hadde visst kva som var i ferd med å skje!

Men når sola sto høgst på himmelen, var det så mørkt for deg.
Du ville berre finne fred; Kjære, snille, unge, ukjente venn!
Så mange ville hjelpe deg. Fikk dei sjansen?

Alle vil bli sett.
Vær snill å vis deg fram.

18 kommentarer:

  1. Gud betre kor fantastisk, fantastisk fint skrive!!!!

    SvarSlett
  2. Ord blir fattige, du skriv så levande at det knappast finnast ord..
    Bloggen din er ei frys for sjela!

    SvarSlett
  3. Dette var så pen og godt sagt...du skrive så bra, skulle ynskje eg var di veninne og kunne få prate med deg...du har mykje å gi, ser eg...

    SvarSlett
  4. 3 anonyme har gitt meg dei finaste tilbakemeldingane - og eg vil meir enn gjerne vere venn med alle tre! Vis deg fram...;-)

    SvarSlett
  5. Camilla, du imponerer igjen! du har evne både til å skrive humoristisk og alvorleg. ang. dette innlegget: Vakkert, lett, ledig om et svært viktig tema!! er så flott at du skildrar d på denne måten. fortsett å skrive, d ligg virkeleg for deg. Eg følger spent m vidare

    SvarSlett
  6. Vakkert skreve. Utruleg trist at ein så ung gut/mann gikk vekk. Håper han har det godt no.

    SvarSlett
  7. Sååå fint Camilla. Skulle ønske det var slik at alle "desse" kunne klare å vise seg fram....
    Klem jannetove

    SvarSlett
  8. Fantastisk Camilla!!! Du skrive so fabelaktig bra - so beskrivande, levande, so vakkert og fint, sjølv om d du skriv om e so uendelig trist og meiningslaust! Vi ønske alle å bli sett! Og du Camilla, ja, du ser i alle fall alle dei som e rundt dej:-)
    Takk for at du minne mej på å ta vare på dei ej "he kjær"!!!

    SvarSlett
  9. Du skriver så fint:) Og det er helt sant det du sier. Der finnes alltid noen som vil hjelpe. Hjelperne må bare vite at de trengs.

    SvarSlett
  10. Uff, jeg fryser på ryggen...skjønner at noen har valgt å forlate verden i deres område av Møre og Romsdal...min bror gjorde det da jeg var 16 år...han var 30 og i starten av livet...rart...han sa heller ingenting...det gjør de aldri.

    SvarSlett
  11. Nydeleg,Camilla!

    Klem..

    SvarSlett
  12. At det går an å ha det so steike kolsvart at en ikkje ser anna løysing på livet enn å ende det...

    Du skildra det veldi bra Camilla! Vis deg fram!

    SvarSlett
  13. Du skriv kjempegodt! Det er, som du seier, alltid nokon som vil hjelpe. Ein må berre ha mot til å seie i frå om at ein ikkje har det bra, og det er desverre ikkje alltid så lett... Kanskje det hadde vore lettare dersom psykiske problem ikkje framleis hadde vore eit tabu. Aksel Sandemose seier det så godt: "Det hender at vi plutselig får vite hva vi engang har betydd for andre, men sjelden får vi vite det i tide".

    SvarSlett
  14. Dere smelter meg med gode ord...veldig raust av dere å skryte sånn! Veit ikkje kva eg skal svare..men takk for det strålande sitatet: "Det hender at vi plutselig får vite hva vi engang har betydd for andre, men sjelden får vi vite det i tide" Her ligger masse vesentlig essens! Tenk at vi så ofte går rundt å sparer på dei gode hemmelighetane! Vi tenkjer gode tankar om andre ofte, vi blir rørt og glad av handlingar andre gjer mot oss - men unnlater av ein eller annan grunn å sei det til dei! Eg gløymer det ofte sjølv..kvifor i alle dagar er det så vanskeleg for oss å skryte nok av andre??

    SvarSlett
  15. Og kjempestor klem til deg, Kari!

    SvarSlett
  16. Du må ALDRI slutte å skrive! Du har imponert meg lenge, men dette er det beste så langt. Vi ville gått opp til han alle saman og gitt han ein god klem og løfta han ut av mørkret!

    SvarSlett
  17. Ej vart tipsa om ein blogg der ei dame hadde skrevet nokre fine ord om han som valgte og ende sine dagar på eit av dei finaste fjella i Ørsta. Der satt han med utsikt over alle oss som var glade i han, og likevel vart det hans siste dag. Ej vart overraska over kor fint du greidde og få skrevet det ned på papiret, i grunnen akkurat sånn som me dei næraste tenkte det.
    Ej tok ut dei fine orda, las det til mor og far(+besten og andre av oss nære) til dinna skjønne, kjekke, snilde guten vår - som me alle va so glade i. Me fekk gåsehud. Det va so fint. Og det va so sant. Det e so ufattelig trist at me ikkje he fått strekt ut handa vår. Og du, du greidde og sette ord på det. Og me lese orda dine kvar dag. Til trøyst. Til glede. Og håp om at sorga bleiknar etterkvart. Men minnet om han skal vere i hjartet vårt, godt gøymt og passa på.
    TUSEN TAKK FOR DEI FINE ORDA DINE :-))

    SvarSlett
  18. Kjære ukjente og gode venn! All medfølelse i sorga over den flotte guten, som valgte den typen fred så altfor tidlig. Eg kan berre ane konturane av kor stor ei slik sorg må vere, og har eg bidratt med noko som kan lindre littegrann, så er den ydmyke gleda på mi side! Eg kan berre tenke meg så brutalt det må kjennes ut, at verden tilsynelatande berre går vidare etter ei slik vond hending! Men eg håper dokke kjenner varmen frå alle oss, kjente og ukjente, som står i ringen rundt dokke no og berre lengtar etter å bidra med lindrande ord, tankar og handlingar. Vær snill å del den tunge sorga opp i uendeleg mange små bitar, og del den ut til kvar og ein av oss, som så gjerne vil hjelpe - slik at verda og livet også kan gå vidare for dokke. Og finn fred med at dokke hadde gjort alt dokke hadde kunna - dersom dokke hadde fått muligheten! Ingen i heile verda tviler på det! Ein veldig stor klem til dokke alle.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)