Det fins mange vegar til Rom!

Eit strålande ordtak, som minner meg på at det er mange løysningar på ein utfordring, og at ein kjem fram likevel, sjølv om ein tek nokon omvegar!

Etter at eg dei siste åra har tilbringt dei fleste feriar i rimelig enkle omgjevnadar (les: i telt, på altfor tynne liggeunderlag og med altfor mykje natur i umiddelbar nærhet), så åpna det seg i år nye muligheitar. Den store fordelen med å vere ny-skilt er nemlig at livet no kan levast på heilt eigne premissar: O`lala!
Og når eg da fekk snusen i at det skulle vere eit kurs, i meditasjon,  med sjølvaste His Holiness Sri Sri Ravi Shankar, på eit kloster frå 1600-talet, i Frankrike, så var det ingen tvil! For kor ofte får ei ikkje-religiøs lesbe sjansen til å bu ei veke på eit kloster?? Kor ofte får ein sjansen til å oppsøke eit fullstendig fremmed miljø, der ein kan få vere fluge på veggen og berre observere? Får sjansen til å sjå korleis andre har funne sin veg til Rom - og får sjå korleis andre velgjer å leve livet sitt? Det er da ein faaabelaktig mulighet!
Og korleis det går, skal eg behørig fortelle deg om etterpå ;-)

Iallefall; eg meldte  meg på. Etterpå begynte eg å tenke på korleis eg i alle dagar skal komme meg fram til dette klosteret?  I tide. Aleine. Utan å kunne ein pøkk fransk. Fly til Paris, Geneve eller Lyon? Kva tog kan eg komme meg fram til Besancon, Pontarlier eller Belfort Montpeliard med? Og da videre med ein buss, kanskje?  Inn i Val de Consolation, som er den gedigne skogen dette klosteret ligg i. Det kom ikkje som ei bombe at den franske heimesida for lokal-bussar i Sør-Frankrike ikkje er oversatt til engelsk..

Eg kjente eg vart i litt dårlig humør. Her kom eg over noko eg ikkje mestra, ei oppgave som syntes umulig...jaja, iallefall ei oppgave som kjentes ensom ut å mestre. Fins det ikkje fleire vegar til Rom?

Og da slo det meg: Jo! Eg kjøyrer jo berre bil! Heilt klart ein omveg. Heilt klart dyrare. Heilt klart meir tungvint. Men enklare på sitt vis! Meir spennande! Får sjå meir! Og ikkje minst; får shoppe meir!

Definitivt alternativ problemløysning. Men det funkar. No blir det snart roadtrip :-)

5 kommentarer:

  1. SÅ gøy!! Spennende blir det garantert!
    Gleder meg til referat ;-)
    Syns du er tøff som legger ut på den turen alene, vet ikke om jeg hadde gjort det...ihvertfall ikke i bil...

    GOD tur!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  2. Dinna utfordringa fixa du, Camilla - ingen tvil!!
    Men må kjøre forsiktig - må ikkje kræsje den lille svarte. GPS e en lur ting å ta me + masse bra musikk i bilen, snop og gjerne en turkamerat (hørte rykte om at mor di blir med..?)
    Uansett, god tur, kjør fint, opplev masse og ta inn alle inntrykka. Gler mej til å høyre kor du he hatt d:-)

    SvarSlett
  3. Kjekt:)

    Og forresten så kan du bruke google translate til å oversette ka side som helt på nettet til det språket du vil (so veit du det, liksom)

    SvarSlett
  4. I kloster no?? Det er berre du som finne på sånt! Så eg vil påpeike ein skrivefeil på bloggen; du er langt fra ein heilt vanleg homo. Burde stått ei gal dame, ei rar dame, ei livsglad tullerusk dame - nei, forresten; skriv Eit heilt spesiell menneske.

    J

    SvarSlett
  5. Ja, Frøydis & Fru Anonym: Dette blir bra! Ser ut til at eg får med meg ein turfølge i mi kjære mor, som skal besøke sin bror, mens dattera blir innlagt på kloster ;-) Eg skal kjøyre fint og gje dokke eit fyldig referat!
    Og Malina: Det der var eit fryktelig godt tips! ;-) Da kan eg kanskje ta ein liten busstur i Frankrike likevel, berre for å vise meg sjølv at eg klarte det ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)