Vyrde sambygdingar!

For ganske nøyaktig 5 år sidan, satt eg i den vetle sølvgråe Nissan Micra`en min, på ferjekaia på Folkestad. Med ein fem meter lang kajakk på taket, for anledningen brukt som takboks. Alt eg eigde, var i den bilen. Eg hadde kjøyrt fra Stavanger og skulle no flytte til Ørsta. Anna hadde stått opp før fuglane, og kom meg i møte med ein heimelaga CD, som eg høyrte på heile vegen fram. Eg håper eg hugsa å takke for den - for Anna si trygge stemme var god å ha der på ferjekaia. Det var som å stå i porten inn til eit nytt liv.

Ikkje sikkert nokon av mine sambygdingar tenkjer over det, men når ein kjøyrer gjennom Ørsta for første gang i sitt liv...så ser det noko trist ut. Ser litt ut som eit skeivt juletre, med altfor langt mellom greinene. Meieriet var fryktelig mykje mindre enn eg hadde trudd. Bensinstasjonane kom brått på, hotellet såg ut som eit asylmottak, Ivar Aasen var full i fuglebæsj - også forsvant liksom E39 vidare ut av bygda. Men eg skulle ikkje vidare.
- Er dette alt? tenkte eg.
- Er det her eg skal bu??

Eg svingte av til Mo og inn på tunet til dei nye husvertane mine. Og vaflene var klare. Som om det var den aller største selvfølge, var kjøkkenbordet dekka og eg - det fremmede nye menneske - var invitert på vafler! Seinare fulgte både heimetove tøfler, panne med brennsnut på trappa etter endt arbeidsdag og hekla grytelappar.

Så var det første arbeidsdag på meieriet. Sjefen min tok imot meg på parkeringsplassen. Eg såg nok litt redd ut, for eg hugsar enda den gode pep-talken han sikkert forsto eg trengte. Så viste han meg rundt, gjekk ifra meg - og eg gjekk meg vill. Det er uendeleg ensomt å vere ny alle plassar.

Men tida gjekk og eg prøvde å finne vennar. Fann ei annonse i avisa om fellestur til Bjørdalsvatnet, og eg møtte opp. Fekk følgje med tre gamle damer rundt vatnet og når vi kom til endes, ville dei gje meg ein sightseeing i bygda. Så frå ein liten Nissan Micra, med fire passasjerar og ein snittalder på 85 år, fekk eg sjå Brudavollstunet, Mylna og Bakk-Ola Marka. Og med ein høg sopran, framførte dei Gamle-Grendi-songen til meg på returen. Akustikken er upåklagelig, når ein er vaccumpakka i ein bil..

Fem år er gått og Ørsta har gitt meg dei aller største øyeblikka i mitt liv. Eg har nådd mine største milepælar her i bygda; fullført utdanningen, bygd hus, fått min første leiarjobb og gifta meg. Eg har fått dei beste utfordringane, møtt dei vakraste menneska og varma meg på den djupaste omsorg. Så har eg gått på mine tyngste smellar, som akkurat no er årsaken til at flyttelasset er sendt til Bergen og eg har to dagar igjen på jobb i Ørsta.

Men det er forskjell på augene som såg Ørsta for første gang - og dei augene eg ser bygda med no. Det skeive og gresne juletreet, er no ei høg og tett Edelgran, med sterke lys og fantastiske kuler. Gode sambygdingar har vist meg ein raushet, ein varme og ein omsorg, og dette har lært meg dei samme egenskapane. Det er eit ganske anna menneske som forlater Ørsta på lørdag, enn ho som kom for fem år sidan, takka vere sambygdingane mine.  Ivar Aasen sa: "Du finn ikkje noko, før du er der det er" Og det trur eg er i Ørsta. Eg håpar difor at eg kan flytte tilbake her ein dag. Og på den vona, seier eg ikkje hadet til nokon.

Berre på gjensyn.

13 kommentarer:

  1. Hei på deg!
    Veldig fint skrevet. Trist å reise fra noe man har blitt glad i..Men, livet går jo videre om vi er aldri så lei oss..
    Husker jo nå jeg har sett du jobbet på meieriet...litt treg av meg til tider, hehe..
    Men, jeg har IKKE fått med meg hva du skal gjøre i Bergen! Har vært der ên gang, besøkte min niese som studerte der..
    Lykke til med flytting, det går sikkert bra..
    Vi gruer oss unødig mange ganger, som du selv sa ;-)

    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  2. Hoffa Camilla no må ej grine en skvett....syns ej ser dej føre mej når du sitte å skrive innlegget ditt....stakkars gode jenta.
    Kjenne mej igjenn i det å kome til en nye plass - for min del etter nesten 50 år i Ørsta. Men ej he no en so passa på mej her ej då...
    Tenk positivt jenta mi - med ditt blide gode åsyn vil dette gå bra, ej e sikker på at meieriet i Bergen vil ta godt i mot ei slik blid og kjekk jente som du. Og venner vil du nok trekke til deg, noke anna vil vere heilt usannsynlig.
    Rett ryggen din Camilla og bruk alt det fine du har i deg og tenk positivt.
    Ej skal tenkje på dej i dagane so kjeme og ynskje dej lykke - lykke til.
    Stor klem - og du.....me seie ikkje hade:-)))

    SvarSlett
  3. Gler oss til alle besøka framover!!:-)
    ..og du kjem tilbake ja!!Du høyre til i Ørsta,veit du..:-))

    Pass dej i "storebyen",og husk kor glade me e i dej;-))

    *SMASK*

    SvarSlett
  4. Kaa? Flyttar denne fargeklatten fra oss? Men du skal fortsette å blogge likevel??

    SvarSlett
  5. Høh? Ej trudde du va frå Ørsta ej. Der kan en sjå. Bergen e en bra by. Og det går vel an å blogge der i frå også?

    Lykke til!

    SvarSlett
  6. Du skriv så bra frk. Gangsøy! Synd du blir bergensar og ikkje blomstrar i Ørsta, men bloggen vil du vel fortsetje med?
    Lukke til i fine Bergen!
    Helsingar frå Katharina på Steinnes

    SvarSlett
  7. Sjå! Dokke gjer det igjen! Blir umulig å tenke negativt etter sånne rause & kjekke strofer. Eg bloggar til min døyande dag og kanskje etterpå også, om eg får nett-tilgang ;-)

    Smask rett i retur!

    SvarSlett
  8. så flott Gangsøy :) gler meg som alltid til fortsettelsen, Masse lykke til i Bergen, har budd der i 5 år så d er ein flott plass! Kan anbefale Aroma og Kaffikompagniet v/Fløien om du er gla i kafelivet :)

    SvarSlett
  9. Hei Camilla!! Vart no litt tåre i augene ditta må ej sei. Du skulle no hatt nokre vafler på veien til Bergen då. Rekna me ho mor smelle i gong pressa viss du kjöme en tur opp :-)
    Sitte i Sverige me bror min no...biltröbbel å campingvogn...snakk om ferie...

    Bergen er ein flott by, å du vil heilt sikkert trivast! Men me satsar på du kjem tilbake til Örsta, skulle vore å blöytt kajakken hass far ;-)

    Lykke til, köyr forsikti og PÅ GJENSYN!!!!

    Klem frå Gjengen framma dala

    SvarSlett
  10. Det var veldig spennande for oss å få ein framand inn i kjellaren. Ei som tok boligen usett kun etter telefonkontakt og med anbefaling frå ein tanteunge. Det var modig gjort. Brått stod du der med flyttelasset ditt og ein blomsterbukett i neven til vertinna. Ein likandes og liketil person og det verka som du fann deg godt tilrett. Du skal vite at vi set stor pris på deg og ynskjer deg alt godt.

    Vaffelpressa skal nok sveivast igong, om du svingar inn på tunet ein vakker dag.

    Leiligheita er forresten ledig om du kjem på andre tankar.

    God tur til Bergen, Camilla!

    Har stor glede av å fylgje med på bloggen din. Klem frå oss på Mo.

    SvarSlett
  11. Ai, så hyggelig...dette må bli eit eige blogginnlegg, kjenner eg på kroppen & sjela!

    SvarSlett
  12. Kjære søte Camilla mi! Kjem til å sakne deg noko alvorligt - og det trur eg at absolutt alle som kjenner deg vil gjere.. Det som held "oss" oppe er tanken på alle dei kjekke turane me skal ha til Bergen-by og ikkje minst dei gode samtalane i telefonen. Du er ei fantastisk jente som eg veit kjem tilbake til Ørsta ;-) Å eg formele nekta - ja eg nekta å sei "hadet bra" fordi du skal HEIM til Ørstinnje!! Er så glad i deg & ditt sprudlande vesen ;-* Smask som ho Kristin skreiv over ;-)

    SvarSlett
  13. For et fint og rørande innlegg, Camilla! Ivar Aasen-sitatet er jo genialt. Eg fikk nesten lyst å flytte til Ørsta ;) Eg ser framleis inga edelgran der men kven veit? God flytting!

    Solveig.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)