Ein utfordring frå Gjengen framma dalen

Kan det verkeleg vere nokon som syns det er interessant å lese mine 34 svar på desse personlege spørsmåla, tenkjer eg intuitivt?? Men eg seier som Kjellen; La gå! 

1. Kva årstid likar du best?
Jula! Den startar med julemarsipan i september og varar heilt til påske, så eg syns godt me kan kalle det ei årstid! Og det som er faaabelaktig med denne tida, er at heile verda er i eit raust modus. Me skriv brev til kvarandre, me bakar småkaker og besøker kvarandre, me lagar personlege og koselege julekalendera til kvarandre og me går rundt å pønskar på kva me kan kjøpe til dei kjekke menneska rundt oss – det er kort sagt ei strålande tid å vise dei rundt oss at me er glad i dei. Til tross for at det er bikkjekaldt ute, så vert ein varm i sjela av dette. Jul og nyttår inneheld også ein avslutning på eit år, så det er ettertankens årstid – ein får muligheten til å evaluere året som har gått og sette seg nye mål for det neste året.  Dessuten har ein ofte litt fridagar og kan tilbringe kvalitetstid saman med familien, og det er da berre nydelig!

Alle desse positive sidene med jula forutsett at du ikkje gidd å stresse, at å kjøpe gaver ikkje vert ei pliktrunde for deg, at du ikkje får angst av småkaker og julemusikk, at du ikkje gir opp nyttårsforsetta før 1.januar – og at du faktisk har mennesker rundt deg som du er glad i og som du har lyst å vise det til. Det håper eg alle har. 

2.Kva var dagens middag?
Raspeballar, kokt av ein flink kokk på Tine i Bergen, som serverte den saman med ein personleg og fin historie. Nesten som eg vart mett før eg begynte å ete.. 

3. Kva var det siste du kjøpte?
Ein 10-pakk DVD`ar til å brenne min siste film; Den Store Klosterkomedien. 

4. Kva høyrer du på no?
Melissa Horn – melankoliens vakraste datter. Ho har så triste & bitre kjærlighetssangar at eg vert uendeleg glad for å vere singel…godt gjort!

5. Kva klede i garderoben din er favorittane?
Alle som er laga med humor, stor kreativitet og morsomme farger i Stryn. At Moods of Norway, eller Stemningar frå Noreg som eg likar å kalle dei, har klart å gjort vafler og traktorar til trendy i Hollywood, beviser for meg at den mest ravgalne idèen kan lykkast, berre du gir alt. Da støttar eg dei meir enn gjerne! 

6. Kva er din favoritt-iskrem?
Eg favoriserar ingen is; Eg et alt som er kaldt. Det rimte til og med ;-) Og da kom eg på favoritt-gåta: Kva er det kaldaste folkeslaget i verda? Hindu. For det rimar på vindu. Og når det er rim på vinduet – DA er det kaldt, da! Ai, ai, ai…;-)

7. Kva syns du om personen som tagga deg?
Heile familien Mo har vert usedvanleg hyggelege med meg, og eg takkar alle optiske fibrar for at internett gjer at det er ein låg terskel til å halde kontakt med mennesker ein egentleg ikkje kjenner så godt. Asbjørg har ein flott familie-blogg som eg får go`feeling av å følgje med på :-)

8. Viss du kunne reist kor som helst i verda, i den neste timen, kor ville du dratt da?
Eg har ingen eksotiske feriemål-ønsker. Eg vil reise dit det er trivelige mennesker å snakke med. Da er jo Ørsta ein favoritt. Og Stavanger. Men etter litt fjesbok-aktivitet i det siste, kjenner eg at det hadde vert frykteleg kjekt å besøkt Grong igjen! Eg gjekk på folkehøgskule der for 11-12 år sidan, og eg trur ikkje dei har gløymt meg – så skulle gjerne tatt ein tur dit igjen :-)

9. Kva språk ynskjer du å lære? 
For å vere dønn ærleg; Ingen. Eg er strålande nøgd med nynorsk. Har aldri vert noko god i språk, og det me ikkje er flinke til, har vel ein tendens til å bli utrulig kjedelig??

10. Kva er favorittfargen?
Bør jo sei mjølke-kvit, føler eg. Sidan det kvite, velsmakande gullet er mitt levebrød. Må jo vere rom for litt Tine-reklame på ein blogg?

11. Kva bok les du akkurat no?
Creating a Lean-culture. Den forklarar ganske godt korleis eg skal klare å vere både Jesus og Hitler samstundes. 

12. Beskriv din personlege stil
Mor mi prøvde lengje å motivere meg til ein langt meir feminin stil. Når ho ga opp var det med eit sukk; Jaja, berre kleda dine er reine og heile.
Eg kjøyrer fortsatt den stilen…

13. Kva skal du gjere når du er ferdig å svare på denne utfordringa?
Fortsette å nyte livet.

14. Kva er ditt favoritt-dyr?
Steikt laks. 

15. Kva inspirerar deg?
Vakre kvinner, boblande engasjement og varm lidenskap. 

16. Kva er din favoritt-frukt?
Mandarin. Utrulig velegna til sjonglering.

17. Nemn noko du VERKELEG ser fram til.
Eg kjøpte ny seng for eit par år sidan, og valgte den største Svane Hilton kontinental-senga som fantes, for å kunne våkne saman med ei vakker kone og 3-4 små, søte barn ved mi side. (Eg har ein tendens til å ofte begynne i feil ende, serru…Kjøpe senga før bjørnen er skutt) Så på dette spørsmålet trur eg at eg må svare: Eg ser verkeleg fram til at senga vert utslitt, så eg kan kjøpe ei litt mindre… Når eg bur på 35 kvm kan eg vere glad for at framtidsdraumar om 4 ungar er usansynlege.

18. Samlar du på noko?
Masse! Kjekke vennar, søte smil og gode mestringsopplevingar. Musklar, brunfarge og fine former. Ramona, Rosendahl og raude roser. Og heilt seriøst samlar eg faktisk på autografar. Til Ane. 

19. Viss du kunne endra namnet ditt til noko, kva ville det vere?
Asgeir i Ura. Til ære for Johan Hjort og unge Svimeslåtten. Godt det ikkje er aktuelt. 

20. Kor mange gangar trykker du på slumre-knappen?
Ingen. Ny dag, nye muligheter. 

21. Kva er di favoritt-lukt? 
Hmm...godt spørsmål. Eg har ein litt snodig luktesans. Når eg kjenner ei lukt eg har kjent før, så genererar den lukta mange andre minner, følelsar, bilder o.s.v.  Var i Sveits i sommar og kjente plutselig igjen ei spesiell lukt, og "hugsa" brått igjen masse detaljar frå ein spesiell dag me var på ein tur. Og det er 20 år sidan.
Så eg nøyer meg med å sei at eg har eit lidenskapelig forhold til luktesansen min...

22. Kva er ditt favoritt-snop? 
Alt går i grisen. 

23. Kva er ditt største mote-feilsteg? 
Utvilsomt perioden eg holdt på å sy mine eigne kle. Eg minnast ein skotsk-ruta shorts med ein diger smiley i rompa. Det vart litt too much..

24. Kva MÅ du sjå på TV?
Norsk attraksjon og Der du ikkje skulle tru at nokon kunne bu. Veldig klar over at dette var eit u-kult svar. 

25. Kva ville du bli da du vokste opp? 
Aller helst ein soft-is med sjokoladestrø. Men viss ikkje; Politi. 

26. Kva er du mest fornøgd med når det gjeld kroppen din?
At den ikkje har laktose-intoleranse...

27. Har du nokon fobiar?
Joda. Taklar ikkje kyr. Men jur går bra.

28. Er det noko i livet ditt du virkelig angrar på?
Prinsipielt nei. 

29. Om du kunne velgje EIN person, kven har forma deg mest?
Ein person? Da blir det ho mamma-hildegunn-joffa-pappa-åge-arne.

30. Kven er ditt største idol?
Oddvar Torsheim. Ein deilig sylskarp samfunnskritikar, med humor og sans for kvinnelege former.

31. Kva er ditt beste barndomsminne?
Når eg klarte å stjele laurdagssnop frå søstra mi, som var "spararen" iblant oss. Gud, kor irriterande desse "spararane" var!

32. Kva tenkjer du om framtida?
Kjøyr på!

33. Beskriv din drømme-jobb.
Varme hender. Gjerne på eit tastatur :-) 

Istadenfor å utfordre fem nye, så utfordrar eg DEG til å svare på eit spørsmål i kommentarfeltet. Førstemann til mølla svarer på spm 1, nestemann svarer på spm 2 også vidare. Kjempelurt?

15 kommentarer:

  1. Har svart på dem før, så jeg lar være. Ville bare si meg enig i at sparesøsken er irriterende... Søsteren min spaaaaarte og spaaaaarte, helt til snopet mygla. What a waste!


    Forøvig imponerende at du tilogmed klarer å gjøre en spørreundersøkelse til morsom og hyggelig lesning!

    SvarSlett
  2. Fe vel ta utfordringa og starte på spm 1 ej da : Kva årstid likar du best?

    Lika jula, slik som du, og me alt som høyrer dinna tida til. Men ekje alle som he en vanlig 8-16 jobb, so då ekje d alltid so godt å kombinere kvalitetstid me familien og venna, og arbeid(= dårlig samvittigheit for anten den eine eller andre parten).
    Men hausten, d e ei utrulig fin årstid d!!!
    (so lenge en ikkje fe so alfor masse regn da...)
    Hauststorma, trollsk stemmning, varme og lune haustbrisa, naturen skifta farge - raudt, gult, brunt og litt grønt,flott :-) Ei hand å halde i, mens en rusla sej en tur ut i vinden. Kanskje en kopp varm kakao,under ett felles pledd på sofaen,når en kjem i hus igjen - fabelaktig!!!

    SvarSlett
  3. Spm. 2 Kva var/er dagen middag?

    Altså, når ej, i eit domsnilt øyeblikk, spør ongane før dei fer på skule om kva dei vil ha til middag i dag....ja so kan ej berre takke mej sjøl for at ej no må stå inne i varmen og steikje pannekake....... Ikkje e d godt heller....ej lika ikkje søte middag.... Man lærer så lenge man lever, er d noke so heite...men d gjelde ikkje alltid i forhold til ongane...der går en på eine smellen ette den andre.... God middag til alle dåkke hine.... J.

    SvarSlett
  4. Akkurat nå ble jeg veldig glad for hun første ikke svarte, for d akan jeg svare på spørsmål nr 2 :-)
    Har spist tomatsuppe tidligere idag, er jo LITT middag det også??!
    Senere blir det skikkelig engelsk pub-mat! Da er dagen reddet!

    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  5. Jeg får ta spørsmål 3 jeg da. Det siste jeg kjøpte (og da regner jeg ikke med matvarer) var vadebukse til mannen min som fyller år til uka.

    Og så må jeg bare kommentere at linken til bloggen din på Møre heter "Eg trur på eit liv etter døden"... det blir litt forskjellig fra det den egentlig heter

    SvarSlett
  6. Ei vadebukse til mannen din var eit svært godt valg, Lene Camilla! Den vert han nok glad for.

    Ja, jammen santen har ikkje Møre kalla bloggen Eg trur på eit liv ETTER døden..har ikkje sett at det var link der, men det var jo ein stygg skrivefeil ;-) Må vurdere å iverksette eit tiltak :-) Takk for at du tipsa meg om det der!

    SvarSlett
  7. Jeg tar utfordringen og svarer
    Nr.4 Kva høyrer du på no?

    Sannheten er at det blir en del radio. Radioadressa, siden jeg bor i Trheim. I bilen har jeg en brent cd med Lars Winnerbäck og tro det eller ei; Melissa Horn. Var på konsert med de respektive i sommer. Olavsfestdagene, Borggården, fine folk og mycket bra musik, helt magisk!

    Fin blogg du har Camilla, jeg har lurkikket på den i ca et år nå. Det er ingen overraskelse for meg at du skriv så godt. Jeg har ofte ledd av dine beskrivelser, og like ofte blitt berørt.
    Savner Grong jeg også :)

    SvarSlett
  8. Hmmm nr. 5 ja....

    Eg hatar egentleg klede - iallefall å kjøpe dei. Men klart eg har favoritter i skapet. Nattapysjen og tjukke tjukke lester. Dette er favorittane eine og aleine for at det inni denne klednaden er plass til heile meg og det syns eg er fantastisk:-))

    Klem

    SvarSlett
  9. Nr 6. Favoritt iskrem:
    Mmm...fått ein nye favoritt;)
    Dream yoghurt is med sjokolade og mint..;)
    Kjempegod,åsso kan ein ete rett ut ev boksa!!!Tøft;-))

    SvarSlett
  10. Ej fikk nummer 7! :)

    Camilla e ei flotte jente som ej ønskte at ej rakk å bli bedre kjende med! No får ej lese blogging i staden og innbille mej derfor enda meir at ej kjenne dej godt! :) Du e ei fine ei!!

    SvarSlett
  11. Wow, det var eit utruleg hyggeleg svar på spm 7, Solveig! Tusen takk :-) Me må møtes i Ørsta og ta ein vinkveld ein gang!

    SvarSlett
  12. Ja, kan ikkje vi det? :) Det hadde eg syns hadde vore utrulig kjekt!

    SvarSlett
  13. nr 8 Thailand. Etter å ha vært hjemme i 4 dager lengter jeg tilbake til varmen og så ville jeg ha kysset en elefant.

    JJ

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)