På djupt vatn utan å kunne svømme - det er DA du lever!

Årets ferietur for min del gjekk til det franske klosteret Val de Consolation. Den vetle vestlandslesba ville nemlig prøve klosterlivet! Livet byr alltid på utfordringar og det er frykteleg moro å seie ja til alle sammen. Og halve moroa ligg i at ein sjeldan klarar å forutsjå korleis det ender…

Eg fekk smaken på meditasjon via den unike organisasjonen Art of living. Det er opprinneleg ein indisk organisasjon, grunnlagt av His Holiness Sri Sri Ravi Shankar – ein guru innanfor livsglad filosofi, som tre gangar er nominert til Nobels Fredspris. Organisasjonen er politisk og religiøst nøytral, og er basert i stor grad på frivillig arbeid. Og kven gjer eigentleg frivillig arbeid lenger?? Jo, denne indiske guruen klarer å motivere usansynleg mange til å ofre svært mykje av fritida si, for å formidle filosofien hans – fordi dei meinar den beste måten å uttrykke glede og kjærlighet på, er nettopp å gjere frivillig arbeid. Det er intet mindre enn ein heilt imponerande flott tanke! Så ein del ildsjeler reiste i forkant av kurset til det nedlagde, nedstøva, rottebefengte og spøkelsesinnvaderte klosteret, for å gjere det bebuelig for oss som hadde meldt oss på. Det skal strengt tatt seiast at dei berre delvis lukkast i det prosjektet…men det er tanken som teller. Det tenkte sikkert His Holiness Sri Sri Ravi Shankar også, for han beæra oss med sitt unike selskap. Så kurset var full-booka, og særdeles forventningsfulle deltakarar kom frå heile verda.

Og der var altså eg også. Men kva forventningar hadde eg?
Meditasjon for meg, handlar om å skape ein liten pustepause i kvardagen, der eg kan fylle lungene med frisk luft og vere til stede i mitt eige liv. Så eg såg fram til å gli ut av ein lang, litt mørk og kaotisk tunell og lande mjukt i ein verden av absolutt stillhet og harmoni. Det høyres godt ut for dei fleste det, gjer det ikkje? Men vil du treffe den eine, gode bølgja - så må du ta med resten av havet også…

Eg kjente meg rimeleg ydmyk når eg ankom klosteret. Følelsen av å ikkje høyre til, var utprega. Eg var i eit land som nektar å snakke engelsk, og eg forstår ikkje ein pøkk fransk. Eg er vant til å vere sjølvstendig, ordne ut og ha full kontroll. Men så var eg brått den vetle spurven – og tenkte at NO forstår eg korleis bestemor hadde det, når ho i ein alder av 85 år sto med sitt første VISA-kort i handa og lurte på kor pengane hennar var blitt av. Men med eit stort smil og kreativt fingerspråk, vart eg geleida til kloster-senga mi…og eg forventa jo ikkje suite, men ein mellomting? Jaja. Den asketiske livsstilen var i gang.

Og eg skulle gjerne. Og eg har prøvd. Men eg klarar å ikkje beskrive resten av kursopplevinga med ord. Anna enn å sei at det å vere fullstendig åpen mot andre mennesker – og da meiner eg så fullstendig åpen som det er mulig å bli - er ei så sjelerystande intim oppleving, at den må opplevast sjølv.



Men etter tre dagar rømte eg…
Følelsen var som om eg gjekk naken opp og ned Karl Johan. Plukk av meg heile maska, ta vekk identiteten min og all kontakt med omverda, gje meg vegetarmat utan ein einaste kalori, sett meg inn i dei mest kummerlige hygieniske forhold og krev ei innleving og ei tilstedeværing på særdeles høgt spirituelt nivå – så knekker eg etter tre døgn. Den kombinasjonen tok nuven av meg.

Men likevel var det ei heilt fantastisk og sjelesettande oppleving, som eg aldri kjem til å gløyme. Og som eg heller ikkje klarer å harselere over. Ordtaket: ”Ikkje gå rundt å tru på mirakel. Forvent at dei kjem!” skal forfølgje meg resten av livet, eg skal legge an ein åpnare og meir fordomsfri væremåte, og eg skal gjere meir frivillig arbeid. Eg skal ta med meg alle minnene frå klosteret, men måtte dessverre drepe verdens største edderkopp, som vart med i bagen heim. Og eg skal hugse følelsen av å vere den minste spurven i verda. Men eg skal aldri bli vegetarianar og eg kjem ikkje til å praktisere spiritualisme på eit så høgt nivå at himmelen ikkje fins.

Dersom du nokon gang får sjansen; meld deg på eit Art of living-kurs. Så skal eg ta ein ny tur i kloster, når eg er klar for det ;-)

7 kommentarer:

  1. Åhh godt at du e heime igjenn - forstår at du har hatt ei stor oppleving der sør i frankerrike. Det er slik med mange ting her i livet, at enkelte ting kan me ikkje gjere eller uttale før me er klar for det. Så plutselig ein dag er me klar og då er det ikkje det spøtt vanskeleg. Veit ikkje om du har lese boka som heiter "Spis, elsk og lev" av Elisabet Gilbert? Det har eg - og det vil eg anbefale at du og gjer - ei fin bok.

    Klem

    SvarSlett
  2. Du er ihvertfall en erfaring rikere :-)
    Ikke alltid ting står til forventningene, kan du si, hehe..
    Skulle likt å vite alle detaljer, men skjønner du vil ha de "verste" for deg selv...tygg på det, som vi sier :-)

    Du fikk deg i den minste en tur, selv om det gikk i fingerspråk...

    Ha en flott dag videre
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  3. Bjørn Olav Nicolaisen4. august 2010 kl. 14:05

    RESPECT Camilla - for at du tok til vettet og forlot dette opplegget. En ting er å prøve klosterlivet i kontemplasjon eller fordypning i noe som er genuint interessant - men dette hørtes ut som wishywashy newage manipulasjon. Lett å miste fotfestet i en sånn setting...

    klem fra Bjørn Olav
    (skeptisk gubbe)

    SvarSlett
  4. Ai, sjølvaste Bjørn Olav! For ein strålande gla`feeling å sjå at du følger meg :-D
    Du veit at Namdals Folkehøgskule planta eit ynskje om å finne Meininga med Livet, og da må eg stadig prøve litt ymse, men eg trur eg heller skal søkje om eit nytt studieår hjå den skeptiske kjekke gubben ;-)

    SvarSlett
  5. Ja - du kunne iallfall ha tatt et helgeseminar, om ikke annet?

    Jo, jeg prøver å følge mine kjæreste elever - og gleder meg stadig over hvor mye jeg lærer av dere...

    SvarSlett
  6. Eg går for helgeseminar, Bjørn Olav!

    Alle andre: Send datter/sønn/deg sjølv til Namdals Folkehøgskule, enten for eit skuleår eller for eit seminar. Vesentleg mykje meir fornuftig enn å gå i kloster til dømes ;-)

    SvarSlett
  7. He he, trur ikkje klosterliv e nåke for dej kjære Camilla. Haure du va på ferie i gamlebyda!!

    Ligg ei utfordring til dej inn med mej :-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)