No er tivoliet over

Han var 36 år. Omsorgsfull, sosial, reflektert, sympatisk, jordnær. Flott på alle måtar.
Han var far til to flotte gutar. Og han skulle bli far igjen.
Han var ein god son, bror, onkel, ektemann, svigerson, kollega. Han var alles venn.
Kyrkja var heilt full. Pinnestolar måtte settes ekstra opp. Sorga var heilt utan botn.

Og når kista vart bært ut, spelte tidenes mest triste og fine sang i bakgrunnen.


Denne sorga er vi alle nødt til å bære, fordi ein idiot kjøyrte bil mens han var rusa. 

Du er herved på det aller sterkaste oppmoda til å ta absolutt alle nødvendige grep for å hindre at slikt skjer igjen. Ignorerar du det minste tegn til potensiell kjøyring i uhøvisk tilstand, slår eg deg. Hardt. Det er umenneskelig for dei nærmaste å måtte håndtere ei slik sorg.


 

3 strofer til glede:

  1. Kjære deg,
    ja, dette er så trist, så trist og diverre ikkje eit eineståande tilfelle. Eg kjende ein av dei to som sat i bilen som kom imot. Ingen har god nok grunn til å køyre rusa, men eg blir dobbelt trist når eg veit livshistoria til dei som gjer det. Denne mannen miste bror sin i ei trafikkulukke som ganske ung. Like etter døydde faren. Dei to han var aller mest glad i var borte. Som svært deprimert vart han "trøysta" av narkomane som budde like ved. Og så kan du tenkje deg resten sjølv... Det er idiotisk og forferdeleg i køyre rusa, men desse mennene er ikkje glade nok i liva sine til verken å tenkje på eigne liv eller at det kan skje noko med andre. Dette er det eg vil kalle ei tredobbel tragedie.

    SvarSlett
  2. Kjære anonyme venn.

    Takk for at du fortalte di side av saken. Og du har rett; Det er berre trist. Fra alle sitt ståsted. Det ligg minst eit par vonde skjebner bak kvar slik ulykke, og det er lettast å ha sympati med den uskuldige parten. Fra ståstedet til den uskuldige, er dette fullstendig meiningslaust og urettferdig. Fra ståstedet til den skuldige, er det trist. Og dumt. Og straffa er nok hard; Både han og dei rundt han, må leve med ugjerningen, som har påført andre ei botnlaus sorg. Men absolutt ingen av oss har glede av at livet i rus fortsetter for han. Så eg håper dere tar vare på denne mannen også, for å gi han det han treng, slik at han ikkje skader andre eller seg sjølv igjen.

    Klem

    SvarSlett
  3. Ingen strofer til glede etter slikt. Dette er berre tragisk! Og det sjokket og sorga som familien og vener sit att med.... Ta vare på kvarandre, vi veit aldri kva morgondagen vil bringe.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)