tag:blogger.com,1999:blog-35502569523937152962024-02-07T17:41:30.725-08:00Eg trur på eit liv før dødenUnge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.comBlogger144125tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-61300922415883617972014-11-08T09:09:00.000-08:002014-11-08T09:24:08.505-08:00Odin fortjener at vi alle tar ansvarKva skal til for å få oss alle til å stoppe opp?
Kor ille må historien fra virkeligheten vere, for at vi skal sette oss ned, sleppe det vi har i hendene og la alle tankar om trivialitetar forsvinne?
Kvalifiserer ikkje historien om 13 år gamle Odin, som valgte å ta sitt eige liv, til at Norge stopper opp? For ein dag, i det minste?
Kva om VG hadde komt ut i dag, med kun den eine saken - ingenting anna?
Som ein symbolsk handling på at denne historien angår oss alle?
Ikkje berre familien i sorg, lærere, rektorer, PPT-tjenester, fortvilte foreldre og skamfulle elever?
Bør vi ikkje alle ta på oss eit ansvar?
Javisst kan vi skylde på andre, peike på svakhetar i skuleverket, klandre alle som var direkte involvert i denne saken, eller gå inn i politisk meiningsbryteri om nasjonale prøvar, målstyring fra vugge til grav og eit evig forbanna mas om å yte max heile tida.
Men eg trur ikkje det er nok. For det er ikkje berre fine Odin på 13 år som ikkje orka meir. Fra 2002 til 2012 tok 37 barn, under 15 år, livet sitt. Dei ville ikkje vere her lenger - dei ville heller dø, enn å leve sammen med oss. For ein hjerteskjærande fallitt! Må vi ikkje alle ta ansvar da? Det er vel ingen som blir født mobbere? Det er vel ingen som er blitt satt til livet, med eit forutbestemt oppdrag på at dei skal gå rundt å plage flest mulig andre? Vi er vel alle eit speilbilde av kvarandre og samfunnet vi lever i?
Så kor effektivt hadde det ikkje vert, om alle våre kjære 5,1 millioner mennesker i dette landet, berre kunne satt seg ned i sofaen, tenkt seg litt om og bestemt seg for å ta ansvar?
"Alle som eg omgåes, skal eg behandle med respekt og likeverdighet. Eg skal løfte blikket i alle kvardagssituasjonar, og prøve å få auge på alle dei usynlige rundt meg. Eg skal smile og helse høflig på medmenneska mine, og tiltale dei med navn, sjølv om navnet kan vere langt, utenlandsk og vanskelig å hugse. Med litt konsentrasjon, skal det nok gå. Om eg veit navnet på dei rundt meg, kan eg også begynne å bli kjent med dei. Bli glad i dei, iallefall tilstrekkelig kjent med dei for å sjå at vi alle sammen egentlig berre er ein liten skjør spurv, innerst inne. Empatien veks av slikt. Eg skal stå opp for andre, ta ansvar for å korrigere uønska atferd eg ser - men så skal eg også prøve å vere raus mot dei som gjer noko dumt. Neste gang kan det vere meg. Eg skal leite etter styrkar, istedenfor å pirke i svakheter. Eg skal spele andre gode, for det er berre kjipingar som tilegner seg kunnskaper dei nekter å dele med andre. Og eg trenger ikkje kjøpe alt mulig fæncy ræl for å demonstrere overlegenhet og klasseskille, for det er egentlig berre veldig ensomt å plaske rundt i eigen luksus. Eg er ikkje bedre enn deg, og du er ikkje bedre enn meg.
Så skal eg lære dette til barna mine - både gjennom ord og handling."
Om vi alle hadde prøvd, så godt vi kunne - vil barna ha lyst å leve sammen med oss da? Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-82582291351462750102014-11-01T04:30:00.006-07:002014-11-01T04:32:31.545-07:00In your face, Facebook!Det står i VG at Facebook veit alt om meg. <o:p></o:p>
Det er sansynligvis meininga at eg skal bli redd. I alle
fall tilstrekkelig skjelven til at eg kjøper VG for å finne ut om det er sant.
Og kanskje tilstrekkelig bekymra til at eg let vere å publisere bilder av
middagen min i kveld. I frykt for at vital informasjon om privatlivet mitt skal
komme på avveie. <o:p></o:p>
Men ha! Eg lar meg ikkje skremme. <o:p></o:p>
Det Facebook veit om meg, er stort sett at eg er ei
kvinne, på 35 år, som bur i ein by og at eg har ein utdanning. Også har dei
sansynligvis ein viss oversikt over kva nettsider eg er innom. Ifølge
statistisk logikk og reklamebransjens våte draumar, skal den type data kunne
forutsei kva annonser det lønner seg å vise meg.  <o:p></o:p>
Det er hi-tech. Storebror seg meg. Dagens teknologi gir
god mulighet til å samle inn enorme mengder grunndata – og føkke den saman til
konklusjonar som ofte er total skivebom.
All eigen erfaring med statistikk tilseier at eg kan
samle inn data på kva som helst - og få det til å bety akkurat det som passer
meg.  <o:p></o:p>
Ein rask kikk på Facebook beviser at eg har rett. Ut fra reklamen
som vises på veggen min, som altså er eit resultat av statistisk logikk, så er eg ei utspjåka 2,3 barnsmor, i høge
hælar med ein caffe lattè i handa og ein chihuahua i handveska. Middagen får eg
levert på døra og min statistisk
sansynlige ektemann serverar meg blomster fra Mester Grønn og perleøyredobbar
fra Chanti.  Eventuelt ein svart,
sensuell nattkjole fra Zalando. <o:p></o:p>
Ha! Grov skivebom alt saman. Eit heilt klassisk tilfelle
av statistisk screw-up. Unntatt det der med den svarte, sensuelle nattkjolen.
Neida. Joda. Neida.  <o:p></o:p>
Konklusjonen er at Facebook ikkje veit alt om meg. Men eg
derimot - veit alt om Facebook. Eg er der tross alt ein gang i timen..<o:p></o:p>
Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-78558447548478570802014-10-28T15:41:00.002-07:002014-11-01T04:27:21.372-07:00Fri meg fra gapestokkenEg har aldri vert spesielt politisk aktiv. Sette meg inn
i saker som ikkje handlar om meg og navlen min? Tenke nøye igjennom fordeler og
ulemper, i alle saker, fra alle tenkelige vinklar? Nei, det der ligg ikkje for
meg, altså. <o:p></o:p>
Det er ikkje fordi eg ikkje bryr meg om fordelingen av
goder og byrder, som vel er det politikken djupast sett handlar om. Men eg har
vert fornøgd. Eg har vert stolt av den rettferdige grunnmuren me stort sett har
hatt i mi tid. Velferdsstat-konseptet er gode greier. Eg har vert stolt av å
bidra til at alle får utdanning, helsetjenester og trygghet. Eg er skilt og
full i peng, så eg betalar skatten med glede, som ein eplekjekk sosialist. Det
kjem oss alle til gode å fare vel med kvarandre.<o:p></o:p>
Så eg har ikkje involvert meg så mykje i politisk
diskusjon. Eg likar ikkje retorikken. Likar ikkje diskusjonane der språket blir
brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den andre. <o:p></o:p>
Men eg begynner å kjenne eit behov. For å rope. Høgt. Og
det er fleire høgaktuelle saker å velgje mellom – der eg ikkje lenger er stolt
av korleis godene fordeles. Det er snedig at regjeringa gir tydelige signal om at dei anbefalar fleire trygda å bli rike arvingar.. Men det er ofte den vetle dråpen som får begeret
til å renne over. Den eine vetle handlingen, som toppar heile den sjølvrealiserande,
kvalme og egoistiske tankerekka, og setter oss alle i den ytterst pinlige
gapestokken. <o:p></o:p>
For kva i hel…? Fjerne tilskuddet til den kulturelle
spaserstokken? Den som kostar oss 30 millioner kroner i året? Altså ca 6 kroner
pr innbygger pr år? For at eldre, som ikkje lenger kan spasere uten stokk, skal
få eit kulturtilbod? <o:p></o:p>
Eg veit at eg nett skreiv det der med; «eg likar ikkje at
språket blir brukt for å framstille den eine meiningen som bedre enn den
andre». Men eg kan ikkje dy meg; I D I O T A R ! Eg vil overhodet ikkje ha noko
med dette pinlige statsbudsjettet å gjere. Om dere ikkje frir meg fra
gapestokken, melder eg flytting til Khunde i Nepal. Der gir alle pengane sine
til mor si, som så i lag med dei andre mødrene, bestemmer fordelingen av
pengane til landsbyens felles beste.  På tide å innføre samme modell i Noreg?
Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-49397525866304776552014-10-26T14:10:00.000-07:002014-10-26T14:18:54.011-07:00Ansatt av www igjenDet er ein våt og kald haustdag. Vinden tvinger treet
utanfor vindauget mitt til høgre – nett som me alle må leve i ein kald
høgrevind for tida, som sansynlegvis ikkje løyer før neste valg. Eg ser ned på
tastaturet. Skal eg? Har eg noko å bidra med? Det er 2,5 år sidan forrige
innlegg på denne bloggen. Finnes det nokon som framleis er innom her? Det
kjennes faktisk ut som eit privilegium å ha ei eiga side på verdensveven, der
mi stemme kan vere eit bidrag. Der eg sosialt kan konstruere og dele min
forståelse av virkeligheten  – påvirka av
dei relasjonane eg har til menneska rundt meg.  <o:p></o:p>
(Scenehenvisning: Lufta dirrar. Forfattaren tenker seg om. I
fem sekund – som vanleg. Og bestemmer seg for å re-åpne bloggen. Dele nokon
tankar med www igjen – til spott og spe og allmenn forlystelse. Ho trur
fortsatt på eit liv før døden. Eit revolverintervju med world wide web blir
startskuddet.)<o:p></o:p>
WWW: Lenge sidan sist, Gangsøy. Eg har gløymt kven du er?
Gangsøy: Takk for sist, Internett. Eg er fortsatt berre
eit speil av dei menneska eg omgåes.
WWW: Det var da ein irriterande filosofisk floskel, men
greit. Korleis er menneska du omgåes da?
Gangsøy: Dei er fine folk,  positive og handlekraftige. Med indre styrke
og mykje mot. Inspirerande!
WWW: Javel? Så du møter ingen som er sure, vrange og
tverre?
Gangsøy: Jo. Men dei reflekterar vel berre omgjevnadane
sine dei også. Så da handlar det vel om å prøve å behandle dei fint.
WWW: Og det klarer du?
Gangsøy: Nei, ikkje alltid. Eg gjer mange feil, og ofte den
samme feilen fleire gangar. Men heldigvis får eg nye sjansar kvar dag.
WWW: Kva skal du bruke bloggen din til?
Gangsøy: Det samme som før, antageligvis. Begå sosiale
sjølvmord, forhåpentligvis til glede for lesaren. Dele mine tankar. Fordi da må
eg tenke meg om. All erfaring viser at det er lurt, i mitt tilfelle.
WWW: Har lesarane dine gått glipp av nokon generaltabbar
dei siste 2,5 åra, da?
Gangsøy: Definitivt. Eg har pussa opp ein kåk, der det
meste er skeivt. Og mitt skeive homofile liv har gått på ein schmell eller tre.
Så det har vert nok soger ein kunne slått seg på låret og ledd høgt av.
WWW: Du er blitt livserfaren etterkvart, da. Har du nokon
livsråd å dele?
Gangsøy: Nei, det skulle tatt seg ut at eg kom med.
WWW: Hmm..dette vart ikkje akkurat ein saftig og
tiltrekkande innsalgsappell..?
Gangsøy: Flott! Da ligger lista tilstrekkelig lågt til at
eg kan begynne å skrible igjen. <o:p></o:p>
Gangsøy. Internettet har vel plass til deg også, innimellom alle dei rare,
fæle, vakre og snodige andre sidene her inne. Lykke til!       Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-69239673073504274152012-04-18T11:14:00.000-07:002012-04-18T11:14:37.798-07:00Personlig suksessHar du lyst på litt personlig suksess?
Kunne du tenkt deg at livet gjekk på skinner?
Vil du ha, alt du vil ha?
*Unisont rop fra heile verden, antek eg: JAAAAAA!*
Nokon får til det mest utrulige. Andre er "uheldige" gang på gang. Kvifor er det sånn? Er det forutbestemt? Vart nokon berre født under ei heldigare stjerne enn andre? Eller er det sånn at me alle har muligheten til å få til det me vil, berre me vil det hardt nok? Eller berre me brukar litt enkel positiv psykologi, utnytter tankenes iboande kraft og tør å ta steget utanfor komfortsona? Eg trur det. Eg trur det spelar keine kasserolle kor stjernene sto på himmelen idet me vart født.
Det er nylig gitt ut ei ny bok, som heiter Personlig suksess og som handlar om mennesker som får til det mest utrulige. Både mennesker som er funksjonsfriske og som har klart å skape stor suksess for seg sjølv, men mest imponerande er det nok å lese om mennesker med ulike handikap, som nekter å begrense sin livsutfoldelse av den grunn.
Forfattaren sjølv, Elin Haganæs, imponerar også. Ho hadde lyst å skrive ei bok om dette. Javel, så gjorde ho berre det. Lot ho seg stoppe av forlag som svarte seint på spørsmål om utgivelse? Nei, ho berre oppretta sitt eige forlag ho. Sendte boka til Latvia for trykking og ordnar med markedsføringen sjølv. Det er tøft, det! Det er guts!
Fekk du lyst å lese boka? Bli inspirert til å bli din eigen lykkes smed? Kjøp den da :-) Enten fra denne nettsida, eller gå til din lokale bokhandler, slå neven i bordet og sei: Denne boka må du ta inn! ;-)
http://www.elinhaganes.no/Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-19497452395366784342012-02-04T12:58:00.000-08:002012-02-05T04:54:24.954-08:00Arven etter bestemor
26. januar 2012 døde mi kjære bestemor, og etterlot seg ein enorm arv. Av fine verdier.
Arven
Heilt til det siste, kviskra du takk.
Du krevde så lite, og ga det du fekk.
Du levde så enkelt, og smilte så lett.
Var aldri i tvil om kva som var rett.
Du kunne ikkje lurast av fine ord.
Din stille styrke satte djupe spor.
Du holdt med den svake,
og svarte tilbake.
Og dette er arven vi no må dele,
når vi uten deg, må videre leve.
Fredfull og rolig sovna du inn,
vi holdt deg i handa og strauk på ditt kinn.
Døden kom stille,
men den kom som din venn.
No er du heime,
og eg vil sjå deg igjen.
På gjensyn, kjære bestemor.Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com6tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-37224125088757669042011-08-15T11:13:00.000-07:002011-08-16T12:53:10.891-07:00Sykkel-damaLean-følgjetongen må leggast ned. Monica sa det var drit kjedelig å lese om. Riktignok var ho litt full når ho sa det, men det er desto større grunn til å tru ho snakka sant. Og eg er enig; det blir too much.
Men kva skriv ein om i desse tider? Kor finn ein livsgnist til å skrive om noko som helst, når ein komplett kronidiot av ein vranglært, feil-innstilt mørkemann, har utnemnt seg sjølv til tidenes dummaste ridder-tosk, i eit heilt vannvittig idiotisk forsøk på å starte ein forbanna usansynlig krig? Kva i alle dagar kan ein skrive om, etter noko sånt?
Eg velger å skrive om sykkel-dama. Ho som eg treff kvar dag, både til og fra jobb. På sin staselige dame-sykkel, er ho rak i ryggen og like blid i alt slags vær. Med hjelm og stadig nye, fargerike klær. Og ho sykler altså rundt, kvar morgon og ettermiddag, å smiler! Til tross for at regnet sprutar ned, så smiler ho. Ikkje berre til meg; ho smiler til alle. Til heile verda. På den enklaste måten av dei alle, gir ho raust av seg sjølv til alle, i form av eit smil.
Og eg må smile for meg sjølv eg også, enda kor trøtt eg er, der ho er blitt eit fast innslag i kvardagen min. For eit fint menneske, tenker eg. Ho er heilt sikkert ei sympatisk, omsorgsfull, snill sol av eit menneske!
Og ein morgon..på impuls, uten å tenke meg om..løfter eg handa og helser til ho. Det falt meg plutselig heilt naturlig, i eit fattig, morgontrøtt forsøk på å gje ho noko tilbake. I eit forsøk på ein liten gest, som kunne vise ho at hennar daglige smil til alle, blir sett.
Og det morsomme var...at ho vinka tilbake!
Så no helser me altså på kvarandre, kvar morgon og ettermiddag.
Me er fullstendig ukjente for kvarandre - men på ein underfundig fin måte, kan me likevel glede kvarandre. Da får eg tilbake trua på at verden er varm og god. Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com6tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-12157931510815395082011-07-02T16:04:00.000-07:002011-08-15T11:17:04.330-07:00Lean Life: Kommunikasjon og verdierI skrivande stund, sit eg i kjellarstova til foreldra mine. Eit rimelig hektisk år, er premiert med fire veker ferie.
Og det er naturlig å tilbringe nokon veker heime. Sammen med mine, i den gode heimen, der verdigrunnlaget mitt ligger. Det enkle, jordnære og positive. Og eg begynner å tenke; desse verdiane som blir formidla rundt meg, i familien, korleis påvirker dei min innsats?
For dette er ofte akilleshælen i ei kvar bedrift; verdigrunnlaget og kulturen. Dei bedriftene som virkelig lykkes, er veldig gode på eit punkt; Dei gir sine tilsette ein forbaska god grunn til å gå på jobb. Kva er min veldig gode grunn til å stå opp om morgonen, om eg ser på meg sjølv, som ei bedrift? Som Unge Gangsøy AS?
Eg trur mine foreldre sin visjon med familien vår, er å skape ein trygg heim. Dei har jobba knallhardt i alle år, for å sikre at me har tak over hovudet og mat på bordet. Ingen luksus, ingen ekstravaganse. Men det me trenger, når me trenger det. Det har dei fortsatt med, sjølv om me for lengst har flytta ut. Så lot dei meg bli høyrt, når eg hadde behov for det. Og overhøyrte meg glatt, når det var på sin plass. Slik vart det lett for meg å finne min plassering i hierarkiet - både i familien og i livet ellers. Dei kan vise svakhet i kvardagen, men i dei store linjene, viser dei ein solid styrke. Og det var ikkje mangel på omsorg, som gjorde at dei sendte meg avgårde med Korskenkorva på min første fest, som 16-åring. Det var med imponerande stor tillit, når dei sa: Ikkje drikk noko anna enn det du har fått med oss. Og ring oss, viss du blir dårlig. Men ellers; Kos deg!
Med ein slik tillit og trygghet, er det jo ikkje mulig å gjere noko anna enn akkurat det; Kose seg.
Nok om familien Gangsøy. Dette kan jo høyres voldsomt harmonisk ut. Det er det også - men poenget er:
For å skape ein kultur, trengs det først ein visjon. Ei tydelig ledestjerne, ein retning, eit fyrtårn. Noko som blinker der framme, og som motiverer. Organisasjonane har det som regel på plass, sjølv om mange ofte må bla litt i Årsberetningen, for å hugse kva den visjonen var no igjen..Men som privatperson, er det kanskje ikkje like naturlig å formulere ein visjon for seg sjølv?
Vel, eg syns det bør bli det! Eg syns du skal formulere deg ein liten setning, eit lite mantra, som blir di ledestjerne! Og tilhøyrande eit par tre verdiar, som du synes er viktige. Det vil for det første gi deg ein skarpare kontur av deg sjølv. Dette står eg for! Så vil du bli tydeligare i din kommunikasjon utad. Og sist, men ikkje minst; I situasjonar der du er usikker på kva du skal gjere, så kan visjonen og verdiane gi deg retningen.
Og når du har visjonen og verdiane på plass, så må du finne ut av kva desse har slags konsekvensar for deg. Og ta konsekvensen.
Eg er hakket tynga av Janteloven, så eg skal ikkje blære om min visjon, mine verdiar om mine konsekvensar. Men før du får utfordringen med å gjere dette sjølv, kan eg hjelpe deg med eit eksempel. Fra pølsemaker Arne Vidar, som har gjort suksess med bedriftseventyret Leiv Vidar. Dei har gått fra å vere ein leverandør av kjøttfarse i naturtarm, til å bli ein av Norges sterkaste merkevarer.
Visjonen deira er; Vi skal lage de pølsene du aldri glemmer!
Og verdiane er (åhh, det er så nydelig);
- Raushet
- Lidenskap
- Rock`n-roll
Tenk! At ein så seriøs næringsmiddelaktør, kan lage så fine verdiar! Verdiar som ikkje har noko som helst med pølser å gjere egentlig, men som med ein gang får meg til å tenke: "Der vil eg jobbe!" Og eg likar ikkje pølser så godt, eingang...
Og er dette tomme verdiar? Fine ord, uten konsekvensar? Nei. Leiv Vidar er hovudsponsor for Norwegian Wood, under slagordet "Opplevelsen som drar skinnet av pølsa di!" Og kvar morgon, når trøytte pølsemakarar kjem på jobb, så trykker fabrikksjefen på play og ut av høgtalaranlegget dundrar Rolling Stones-låta "Start me up!", mens operatørane sveiver igang fabrikken! Det er fantastisk. Og viss du prøver å ringe Leiv Vidar, så kan du treffe på telefonsvararen; "Jeg er opptatt eller borte, så ring tilbake senere. Men hvis det gjelder livsviktige ting som fotball, fluefiske, pølser eller Rolling Stones, så er jeg å treffe på mobiltelefon!"
Fantastisk. Intet mindre. Sett deg no ned i go`stolen å lag din eigen visjon, finn dine eigne verdiar - og ta konsekvensen.
;-)Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-43091607696737973232011-06-13T11:22:00.000-07:002011-06-13T12:09:19.929-07:00Lean Life: StandardiseringEffekten av ein standard arbeidsmetode, er enkel å tenke seg - og standardisering er eit veldig sentralt Lean-prinsipp. Skal eg starte opp eit ystekar og lage litt deilig ost, så gjer eg det i ein heilt spesifikk rekkefølge, som er nedskreven og som alle følger. Det er forventa at denne metoden gir det beste resultatet, til kortast mulig tid og all mistanke om variasjon i metode kan begravast. Dersom ein av dei som følgjer standarden får ein Eureka! ein dag, og kjem på ein enda smartare metode, så er det denne metoden som blir ny standard. Inntil ein ny Eureka! Best Practice gjeld på denne måten alltid, og metoden som skal brukast, er ofte beskreven i ein eitpunktsleksjon. Ein enkel instruks, på eit ark, så visuelt som mulig, slik at alle kan forstå. Og det blir lett for alle å gjere oppgava riktig. Snedig. Det er altså slutt på å beholde dei smarte løysningane for seg sjølv..;-)
Ein av mine første eitpunktsleksjonar laga eg for 15 år sidan, og den heng over senga mi hjå foreldra mine enda.
Eg hadde dengang eit konkurranseinstinkt som var hakket drøyt. I min karriere som keeper, kunne eg vere sur i eit halvt år, etter eit baklengsmål. Og i ein badminton-match, i den relativt uformelle Klæbu-turneringen, låg eg ganske bra an i første set. Så hadde eg nokon uheldige tap av fjøra, og endte med å schmelle den nye carbon-rackerten i golvet, så flisene fauk. Det er ganske dumt gjort, altså. Heldigvis fekk eg ein time-out, så eg fekk kjøpt meg ein ny rackert. Og vann kampen. Men med ein viss bismak. Den smadra rackerten ramma eg inn og hengte på veggen. Med teksten: "Vent 24 timer før du reagerer." En meeeget visuell eitpunktsleksjon, der altså - og ein forbaska god leveregel.Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-64394323506293204712011-06-02T04:34:00.000-07:002011-06-02T04:34:36.319-07:00Lean Life: Kvalitetsikre deg sjølvToyota sitt femte produksjonsprinsipp er å skape ein kultur for å slutte å fikse feil, men heller gjere det riktig første gang.
Dette prinsippet er eg ydmyk overfor å transformere til livsfilosofi. Eg kjenner eg burde ta ein psykologi-videreutdanning på si. Men eg kan jo likevel invitere deg med på mi assosisasjonsreise:
Eg er min kunde. Og for at eg skal oppleve livskvalitet, må eg handle i tråd med mitt verdigrunnlag. Og her skal eg ikkje pompøst legge ut om mine verdiar. Eg veit neimen ikkje om eg er dei alle bevisst eingang. Men via arv og miljø, har me alle ein viss indre styreretning på kva me opplever som riktig og galt. Eit indre kvalitetsystem, som gjer at me på ulike måtar har ein evne til å oppdage disharmoni, problem og feil. Det er ganske snedig, det der. Kropp & sjel seier ifra på ulike måtar når me bedriv juks & fanteri, sluntrar unna, drar ein nødløgn eller ser på andre damer over brillekanten. Dårlig samvittighet er kanskje den alarmklokka som først signaliserar problem, som eit andon. Støttesystemet som raskast oppdager problem og ber om mottiltak. Indre varsling om at du har behov for å stoppe opp litt og rette feilen før du går videre. Utfordringen min i desse tilfellene er å klare å stoppe opp. Dagens kvinner forventer jo effektivitet!
Men paradokset er at uten ein kultur for å stoppe opp eller sakke på tempoet for å få riktig kvalitet første gang, komme i samsvar med mitt eige verdigrunnlag igjen så fort som mulig, så vil ikkje effektiviteten øke før dette er på plass igjen.Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com4tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-17333935567196682252011-06-01T13:12:00.000-07:002011-06-01T14:18:01.113-07:00Lean Life: BalanseringJone (4) seier "Skal eg balansere deg?" når han meiner massere. Og det er kanskje like rett, tenker eg..
Det fjerde produksjonsprinsippet til Toyota handlar om å balansere arbeidsmengda. Gjennom dagen, gjennom året og gjennom livet. Jobb som skilpadda, ikkje haren. Høyres mykje likt ut som det gamle ordtøke hastverk er lastverk, ikkje sant?
Her kunne eg moralisert mykje over tidsklemma (enten den reelle eller den innbilte), eller vår daglige kardinalfeil ved å ta morgondagen for gitt, eller viktigheten av å sjå dei små tinga i kvardagen. Men eg orkar ikkje moralisere. Ikkje hadde det tatt seg ut heller, ettersom eg begår alle desse feila sjølv, heile tida.
Den trufaste lesaren av bloggen, hugsar at eg i fjor sommar sjekka inn i eit fransk kloster. Livet var kaotisk i den perioden, og eg hadde behov for ein mental opprydding. Meditasjon er i så måte eit velprøvd konsept, likeens som at 5S er eit velkjent Lean-verktøy. Det snedige er at eg finn stor nytte i å kombinere meditasjon og 5S - til ei mental daglig ryddeøkt.
Meditasjon kan høyres hakket spirituelt ut, men det handlar igrunn berre om å ta ein liten pause fra kvardagen, finne seg ein liten krok, sette seg ned, lukke augene - og puste litt. Inn og ut og langt ned i magen. Kva tankar dukker opp, når du sitter der?
Kanskje nokon tankar som du kan sortere vekk? Fordi dei handler om dårlig samvittighet, ukonstruktivitet eller sjølvredusering? Vær snill; kast dei.
Kanskje nokon tankar som du kan systematisere? Tanker som kanskje kan samlast i ein kategori, i den hensikt at dei slik gir deg ein større sammenheng, forståelse og glede. "Dagens hyggelige hendingar" systematiserar eg til dømes i ei åpen skuff lengst framme i hukommelsen. Eg minner meg sjølv på dagens mottatte kompliment og positive historiar, suger på karamellen ein gang til og smiler idet eg legger dei i skuffa. Så enkel er eg. Anerkjenning er opium. Eg trur det er det for dei fleste. Og tenk så hyggelig; Om mine kompliment til andre, kan bli tatt fram igjen av mottakaren - og gitt glede ein gang til. Strålande.
Kanskje nokon tankar treng å reingjerast? Ein liten stille pustepause, er fin til å skjære tankane mine litt reine. Kva føler eg egentlig om det og det? Eller har eg vert irrasjonell i dag? Tillagt ein person eller ein sak egenskapar og meiningar som faktisk ikkje var der? Det er sjelden ein har svaret på det, fordi følelsen der og da var subjektiv - og det er vanskelig å ta tilbake. Men så kan det vere dagens "Vær raus"-øvelse. Aksepter situasjonen eller personen sånn som den er. Vask vekk det som du kanskje trur er ein subjektiv forstyrrelse av tanker som gjer litt vondt.
Kanskje du kan finn nytte i dette du også? Og vil standardisere ein praksis med å rydde litt i eige tankegods, for å sikre at du får det litt bedre? Litt ryddigare i knollen. Litt bedre i magen.
Poenget mitt er igrunn berre at me får ufattelig mange tankar og inntrykk kvar dag. Det er lett å komme litt i ubalanse. Ein kan tenke seg både mørkeredd og sjuk. Derfor gir eg deg ein vennlig oppfordring om å rydde litt i tankane ein gang for dagen. Kast ut det som er destruktivt. Systematiser tankane, og la dei gode øyeblikka skinne litt ekstra. For du kan også tenke deg veldig blid og fornøgd. Du er din eigen lykkes smed, veit du :-)Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-1614118835233528692011-05-10T13:08:00.000-07:002011-06-01T13:13:28.078-07:00Lean Life: Just in timeToyotas tredje produksjonsprinsipp handler om å tilby kunden det han trenger, når han trenger det. Kan dette omdannast til eit livsfilosofi-prinsipp, da?
Klart. I innledande runde på Lean Life-følgjetongen, avklarte vi kven som var kunden. Eg er kunden min. Og du er kunden din. Dersom du i kvardagen ikkje tek vare på dine eigne behov, så kan det gå bra det. Ei stund. Men ved å ignorere eigne behov over tid, så blir iallefall eg eit helvete å ha med å gjere. Og i forrige innlegg, handla det om dei åtte formene for sløsing. Den sløsingsformen eg gjerne vil relatere til det tredje prinsippet, er overproduksjon. Av dårlig samvittighet. Og av stress. Dårlig samvittighet og stress er energisugande faktorar som me i dei aller fleste tilfeller, tenker på oss. Eller som kjem som følgje av feil prioritering.
Eg har dårlig samvittighet for mykje rart, heile tida. Eg trur og tenker at ho og han forventar ditt og datt av meg, og når eg ikkje klarer å tilfredstille desse behova eg trur ho og han har til meg, så får eg dårlig samvittighet. I produksjonssammenheng, seier me i god lean-ånd at alle beslutningar skal baserast på fakta-tall. Konkrete målingar av tapt tid og tapte kroner, skal utgjere grunnlaget for utarbeiding og prioritering av tiltak. Men i mellommennesklige relasjoner, er det ikkje enkelt å basere beslutningar på måltall. Det fins ingen key point indicators for korleis eg og du har det, eller kva forventningar me har til kvarandre. Der baserar me ofte beslutningane våre på det våre 5 (evt 6-7-8...)sansar oppfattar. Og det hender kanskje innimellom relativt ofte at me oppfattar situasjonen feil? Høyrer kanskje ikkje godt nok etter kva som faktisk blir sagt? Legg litt for mykje i vår tolkning av kroppsspråket? Tolkar budskapet ut fra våre referanserammer, mens vedkommande prøver å forklare ut fra sine referanserammer. Kanskje me av og til kan prøve å spørre: Kva forventar du av meg i dag? Kva treng du av meg? Reine ord for pengane! Det likar ein sunnmøring :-) Attpåtil kan det hende det reduserar litt dårlig samvittighet - energi du kan bruke på noko mykje meir saliggjerande!
Så var det stress. Inflasjons-ordet. Kan ofte få inntrykk av at det aller meste er stress. Eg hugsar fortsatt Ludvig Holberg sin komedie "Den Stundesløse", som ein norsklærar ein gang i gamle dager viste meg. Om den kanaljen som var så opptatt med å sei "Jeg har så mye å gjøre!" - at han ikkje fekk gjort nokonting. Men her trur eg Just in time-prinsippet kan vere nyttig å tenke på. Prioriter arbeidsoppgavene i den rekkefølga dei trengs å gjerast i. Så ein slepp å komme på etterskudd, fordi ein gjer ting som strengt tatt kan ventast med til i morgo. Vi har oppgaver som kan:
1) Ventast med
2) Gjerast så snart som mulig
3) Skulle vert gjort i går
Til meir me gjer av oppgaver i kategori 1, til fleire hopar det seg opp i kategori 3. Og som ein tommelfingerregel, kan ein sei at husarbeid veldig ofte vil befinne seg i kategori 1 ganske lenge... Mens gå ein tur i frisk luft og kysse kjæresten sin, er oppgaver det hastar med ;-)
Er du snart overbevist om at Lean kan brukast som livsfilosofi? Eg har nemlig 11 prinsipp igjen. Gidd du lese om dei?Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-33949979501857400432011-04-28T12:44:00.000-07:002011-04-28T12:44:53.398-07:00Lean Life: Skap flytToyota sitt andre produksjonsprinsipp er å skape flyt. Skape ein kontinuerlig flyt, for å bringe problem til overflata. Ingen tvil om at dette er avgjerande i produksjon - men kan dette også omdannast til noko som gir meining for oss privat?
Eg blir glad og fornøgd når eg jobbar mot eit mål. Når eg er engasjert, opplever mestring og får ting til, så får eg ein følelse av flyt. Det mest bokstavlige døme eg kjem på, er å padle ein kajakk i medvind og bølgjer, med blikket festa på ein fin holme. Men det kan like gjerne vere når målet er eit reint hus, og den høge musikken set swung på vaskefilla. I utgangspunktet ei kjedelig oppgave, men så handlar det igjen om å skape lykke for seg sjølv. Gi meining til kvar handling du føretek deg. Skal du først utføre ei oppgave, så kan du like gjerne gjere den hundre prosent? Og finne glede i den, fordi du lager deg eit mål. For å glede deg sjølv sjølvsagt, men graden av tilbakemelding auker som regel proporsjonalt. Dei rundt deg legg veldig ofte merke til, om du yter litt ekstra. Og det er jo ein fin glans å sole seg i. Og du blir kanskje lykkeligare? Mine personlige lykke-råd er:
- Vær sosial. Vær sammen med andre mennesker som gir deg noko positivt.
- Smil til alle rundt deg. Du får som regel eit fint smil i retur.
- Sett deg personlige mål. Ikkje for lette. Ikkje for vanskelige.
- Finn talenta dine og pøs på med energi til det du er flink på.
- Prøv å kom i flyt så ofte som mulig.
I Lean er det å fjerne sløseri ei av hovudoppgåvene. Og i ein produksjonssituasjon, er det definert åtte former for sløseri: overproduksjon, venting, unødvendig transport, overprosessering, lager, bevegelsar, feilproduksjon og uutnytta kreativitet. Kan me finne desse sløseri igjen privat?
- Eg overproduserar negative tankar og dårlig samvittighet ofte. Det er grov sløsing.
- Så har eg eit trygghetsnarkoman-gen, som gjer at eg likar veldig godt å vere tidlig ute. Ofte altfor tidlig ute, i tilfelle ditt & datt skal skje på vegen, men som mest sansynlig aldri skjer. På dei timane eg har sete på Flesland å venta, kunne eg sove og drømt søtt istaden. Det er liksom ikkje nødvendig å ta høgde for å møte ei militær-kolonne av saktegåande trafikk klokka null om morgonen.
- Etter at eg flytta til Bergen, har eg også gått på ein smell eller to pga unødvendig kjøyring. Evnen til planlegging av t.d shopping, bør for min del trimmast. Tur/retur IKEA tek ein drøy time i rushen. Da er det jæ.. kjedelig å finne ut at eg gløymte ein liten, men sentral dings, når eg står midt i monteringen av eit flatpakka helvete.
- Overprossesering betyr å tillegge ein ting større verdi, enn streng tatt nødvendig. Der vil eg påstå at origamisk bretting av serviettar, er eit grovt eksempel på sløsing. Blir virkelig gjestane mine meir fornøgd om dei får ein knøvla, svett svane-serviett på fatet sitt, som eg har brukt ein time på å knote sammen, etter instruksjon fra YouTube?? Går det ikkje greit med ein enkel brett?
- Kva med lager? Kjøleskapet. Frysen. Klesskapet. Skapet på badet. Eg brukar vel stort sett berre ein av dei fjorten kremane. Og kanskje eg hadde sett bedre kva som var i klesskapet, om eg hadde rydda ut dei førtito plagga som eg..tja, ein spade er vel ein spade..er blitt for smellfeit til å bruke!
- Sløsing av bevegelsar, er eg usikker på om eg kan forsvare i privatlivet. Dei fleste av oss treng vel strengt tatt den trimmen me kan få. Men skal du vispe litt nyyydelig TINE kremfløyte, så er det ikkje verdt å vispe på seg senebetennelse. Har du ikkje miksmaster, så er det på tide å investere Mari ;-)
- Feilproduksjon. Hmm..pleier du å lese bruksanvisningen? Det kunne spart deg litt tid av og til. Og i mitt tilfelle kunne det spart meg for gjengangerhistorien "Da Gangsøy skulle montere ein kulegrill." Historien har tre akter, før grillen fekk føtene på rett plass. Imagen kan ta skade av slike historiar også. Eg vil nødig framstå som ei lesbe som ikkje virkar.
- Og til sist; Den verste av alle sløserikilder. Det fins altså så uendelig mykje uutnytta kreativitet der ute! Alle dei fantastisk gode idèane som blir produsert, men som aldri ser dagens lys. Fordi me ikkje orker. Eller fordi ord aldri blir til handling. Eller fordi idèane ikkje blir tatt imot med riktig verdighet. Kåmm ån, medmennesker! Oppmuntre kvarandre. Ikkje drep engasjement. Me kjem til å kjede oss ihjel. Viser det seg at idèen er møkkadårlig, så blir den iallefall ein god historie...
Kjøyr på. Skap flyt!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-54517881441773588402011-04-26T08:46:00.000-07:002011-06-02T03:55:25.761-07:00Lean Life: Resultat av å tenke langsiktigI forrige innlegg insinuerte eg heilt på slutten ein drastisk endring; Skulle eg virkelig slutte å snuse?
*lufta dirrar*
Alle endringar er, i mindre eller større grad, vanskelige. Ein endring fordrar ein ny måte å tenke, snakke, handle og leve på. Me har ulik terskel for kor store endringar me utan vidare kan klare å gjennomføre på strak arm. For nokon blir kvardagen utrygg om linjalen ligg på ein annan plass enn den gjorde i går. Og eg har forståelse for alle si grense. Forandringar gjer vondt, altså. For alle. Kunsten består i å dele kamelane litt opp. I mindre serveringsstykker. Og svelge bit for bit. Å kontinuerlig forbedre seg.
Når det gjaldt den snusingen, så las eg ei veldig oppløftane bok om kognitiv adferdsendring i påska. Ein klok mann skreiv at verden ikkje treng å vere svart/kvit. Alternativa er ikkje berre "Snuser" eller "Ikkje-snuser". Eg velger å finne noko i mellom der, som eg kaller "Snuser når eg må". Eit lite kompromiss. På vegen fram. I god lean-ånd, så er det ein åtti-prosent-løysning. Og det er eit viktig livsfilosofisk poeng; Du treng ikkje vente til du har den hundre prosent perfekte løysningen, før du startar med noko. Berre begynn ein plass. På førti prosent. Seksti prosent. Eller åtti. Gjennomfør eit forsøk. Få ein erfaring. Lær noko. Evaluer. Så kan du forbedre løysningen din, og tilslutt nå hundre prosent.
Så no snuser eg berre når eg strengt tatt må. Ein eller to gangar i løpet av dagen. Og mirakel-ordet for å få det til er:
- Etterpå.
Kvar gang eg får lyst på ein snus, tenker eg:
- Ja, du skal få etterpå.
Også glømmer eg det litt. Gjer noko anna i mens. Også får eg lyst på snus igjen, og tenker:
- Ja, heilt ok vennen min. Du skal få etterpå.
Så lett er eg å lure..Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com3tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-78064125826714450842011-04-19T09:23:00.000-07:002011-04-19T09:23:32.050-07:00Lean Life: Tenk langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinstI følgjetongen Lean Life, der eg testar ut hypotesen om at Lean ikkje berre er ein god produksjonsfilosofi, men faktisk også ein framifrå livsfilosofi, skal eg sjå på kvar og ein av dei 14 ledelsesprinsippa til Toyota. Og det første prinsippet, det grunnleggande fundamentet og den høgste fana er: Ta beslutningar basert på langsiktig tenkning, sjølv om det går på bekostning av kortsiktig gevinst.
Åh, denne er ein klassiker! Rekk opp handa alle dere, som i løpet av dei siste månadane på jobb - minst ein gang - har dradd deg i håret i pur frustrasjon, over ein eller annan beslutning som kun på kort sikt er god? Sjå der, ja! Alle rekte opp handa. Tenkte eg det ikkje. For i dei aller fleste store saker, så fins det som regel minst ein løysning som er overlegent mykje bedre enn dei andre - men den er for dyr. Og sidan dei fleste som sit i beslutningsorgan blir målt på kostnadar, og sidan det alltid er visse gitte rammer ein må holde seg innanfor, så er det vanskelig å tenke langsiktig. Til tross for at alle er enige om at det er best.
The funny part is, at viss me tenker på vår eigen organisasjon, vår eigen kropp og sjel, så er det for dei fleste av oss, ein ganske solid utfordring å tenke langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinst. Personlig økonomi er det mest nærliggande døme. Burde jo starta pensjonssparing rimelig tidlig? Alltid hatt ein bufferkonto på to månedslønner i bakhånd, i tilfelle musefelle? Brukt eit par hundre i månaden på ein solid livsforsikring? Men så har me så fryktelig lyst til syden! Og så fryktelig lyst på ein kul bil. Og ein fæncy penthouse-kåk? Og kanskje trives me så veldig mykje bedre med å handle på den fine ferskvare-butikken, istedenfor på den kjipe bula der alt står på pallar og betjeningen har grønne bukseselar. For..det er jo ikkje sikkert me blir pensjonistar? Og det er jo ikkje sikkert at bilen plutselig treng reperasjon? Kan jo hende me dør i morgo! Da hadde det vert heilt meiningslaust om det sto pengar igjen på konto.
Det er berre det...at dei aller færraste av oss dør i morgo.
Det fins hundre andre eksempel på at det i kvardagen er lett å velge minste motstands veg. Lett å tenke på den kortsiktige gevinsten. Lett å hoppe over treningsøkta. Eller slurve med kostholdet. Eller gjere noko for mennesker me bryr oss om. Eller gjere noko for samfunnet rundt oss? Vår lykke er rimelig betinga av at samfunnet rundt oss har det bra. Så...kanskje kildesortering er ein god start? Litt frivillig arbeid?
Lean-filosofien legg stor vekt på å bygge deg sjølv som menneske. Med tolmodighet, investering i dine eigne evner, kvalitet i eigne beslutningar med forankring i eit verdigrunnlag og langsiktig perspektiv. Yte litt meir enn det som strengt tatt er forventa, fordi det gir deg ein god mestringsopplevelse. Ha eit oppdrag som er litt større, enn å berre motta ein lønnsslipp. Bygge eigne evner, stole på eigne evner, bruke viljen til å yte og ta ansvar for din eigen skjebne.
- Hmm...det er fint prat, dette.
*Scenehenvisning: Unge Gangsøy legger fornøgd innpå ein snus*
- Kor kan eg begynne å tenke langsiktig, på bekostning av kortsiktig gevinst?
*Scenehenvisning: Med eit tungt sukk, kvittar eg meg med den gode snusen igjen*
- Forandring gjer vondt..Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-38105455404505174872011-04-16T04:19:00.000-07:002011-04-16T04:19:15.243-07:00Lean Life: Rask bakgrunnsoppdateringEg skal klare å motstå fristelsen av å gje deg heile soga bak lean-filosofien. Eg innser at den er for spesielt interesserte. Men eg er nødt å presentere den i uforskamma korte trekk:
1927: Liten japaner. Oppfyller drømmen sin og føder ein automatisk vevstol.
1929: Kona tek seg av vevingen. Han reiser til USA for å sjå på bilar. Han er som mannfolk flest.
19tretti-ein-gang: Japanaren selger patentrettighetane på vevstolen for ein slikk og ingenting.
1937: Istedenfor å drikke opp formuen, grunnlegger han Toyota. No vil han lage bilar.
1947: Den første Toyotaen ser dagens lys, sjølv om japansk økonomi er i grus.
1950: Dei tilsette streikar. Gjensidig tillit og avhengighet løyser floken. Sidan har dei aldri streika.
Dei 50 neste åra: Med enorm tolmodighet, disiplin, kundefokus og usvikelig tru på kvalitet, flytter Toyota stadig produksjonsgrenser, og setter seg vanvittige mål: Vi skal forbedre luftkvaliteten, forebygge ulykker og frese jorda rundt på sånn ca ein tank. Noko sånt. Og ha null feil. Det eine sinnsvake målet etter det andre.
2011: Kvart 4.sekund er ein splitters ny Toyota klar. Heile døgnet, heile året. Minimalt med feil. (og frikjent for den gasspedal-katastrofa)
Imponerande, hæ? Men dette er ingen reklamekampanje for Toyota. Likevel er det alltid interessant å høyre om gråstein som blir til gull. Om endringar som lykkast. Viss eg leitar djupast inni meg sjølv, og går forbi mine enkle fascinasjonar for damer og pupper, så er det mestringsfølelsen som er min sterkaste motivasjon. Det er den lykkerusen av å få noko til, som gir meg ny energi til å prøve vidare. Men eg er blitt så stor og forderva, at eg prøver å skjule denne barnslige gleden så godt eg kan. Ros er både vanskeleg å gje, og å motta:
- Flink? Eg? Puff. Eg gjer berre så godt eg kan, mumle, mumle...
Mens eit lite barn, derimot - suger fornuftig til seg alt skryt, og veks som ein svamp. Mestringsfølelse er undervurdert. Men meir om det seinare.
Heilt grunnleggande i lean-filosofien ligg kundefokuset. Det er av avgjerande betydning å definere kven kunden er. Og med tanke på lean som livsfilosofi; Kven er din kunde? Om du tenker deg din eigen kropp og sjel som ein organisasjon; Kven er kunden din? Kjæresten? Arbeidsgjevaren? Morra di? Eller deg sjølv?
Mitt utgangspunkt er at eg er kunden min. Eg må levere, slik at eg blir fornøgd. Slik at eg får mestringsfølelse. Da blir eg nemlig så jævli mykje greiare å ha med å gjere, for dere andre...;-)
Men dette er kanskje det vanskeligaste punktet, som må implementerast djupast inni deg sjølv;
- Kven er kunden din?Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-3418547957226927992011-04-13T09:42:00.000-07:002011-04-13T09:42:35.281-07:00Lean Life - Er det mulig?På grunn av min utruleg sære utdanningskombinasjon som brannmann og yster, med tidenes nerdefordjupning i kvitost på eit college i Danmark, skulle ein tru drømmejobben min var produksjon av røykt Jarlsberg. Men nei. Ikkje eit vondt ord om Jarlsberg. Men den røykte vart vel aldri nokon suksess. Men nok om det. Dei siste sju månadane har eg jobba med ein, om mulig, enda smalare profesjon. Bokstavlig talt eit slankt yrke. Ironisk nok, sånn rett før bikinisesongen. Men nok om det også.
Yrket er Leankoordinator. I Tine. Ein fantastisk jobb! Men likevel kan eg ikkje tenkje meg noko verre spørsmål enn:
- Kva jobber du med?
Ikkje fordi eg ikkje vil snakke om Lean. Eg vil nesten alltid snakke om Lean. Problemet er at det er umulig å forklare yrket mitt i ein kort setning. Eg har prøvd fleire variantar:
- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Det handlar om å implementere ein filosofi som i første omgang skal eliminere alle former for sløsing i ei bedrift. Og skape flyt.
Reaksjonane er som regel heva augebryn og eit litt vridd ansiktsuttrykk, der vedkommande mest sansynleg tenkjer: Åååja, du skal rasjonalisere. Rasjonalisere vekk folk!
- Nei, nei! Eg lovar! Tvert imot; Eg skal få fram det beste i kvar enkelt!
Men ingen trur meg. Neste gang prøver eg:
- Jo, eg jobber som Leankoordinator. Har du ein time til overs? Eg kan gjerne fortelje deg ALT om dette fabelaktig enkle konseptet, som har revolusjonert bilindustrien!
Responsen da er som regel at vedkommande byrjer å rygge bakover med eit intens behov for å skifte samtaletema, og eg føler meg som eit Jehovas Vitne på misjoneringstokt:
- Jamen høyr da, Lean er Guds gave til industrien! Til folket! Til heile verda!!
Så eg ender som regel opp med:
- Jo, eg jobber i Tine. Fantastisk bedrift. Har du smakt den nye juicen? Den i blå kartong? Sommerfrisk!
Namm!
Men det er for gale å unngå temaet, sjølv om det kan virke komplisert. Lean er ikkje komplisert. Tvert imot er det sunn fornuft, i eit veldig fint system. Og det handlar egentlig berre om å lære å lære. Og eg trur, og eg skal prøve å vise, via min nye blogg-følgjetong Lean Life, at dette ikkje berre er ein produksjonsfilosofi. Eg trur faktisk det kan vere ein ganske strålande livsfilosofi. For vi har alle forbedringspotensial, sant? Kropp og sjel, vår heilt eigne indre organisasjon av overordna og underordna evner, er stadig i ein kontinuerlig forbedringsprosess. I dag gjer me så godt me kan - men i morgo kan me gjere alt littegrann bedre. Fordi me lærte noko nytt i dag, og med ny innsikt og forståelse, kan me i morgo bli eit litt bedre medmenneske, som jobbar litt smartare og som tenkjer litt meir positivt.
For all del; eg er ikkje eit orakel i verken kunsten å leve eller i den japansk/amerikanske Lean-filosofien. Men som eit bloggprosjekt, aktar eg å finne ut om dei 14 produksjonsprinsippa til Toyota, kan overførast til måten eg driv min eigen organisasjon på. Så gjenstår det å sjå, om produksjonseffektiv samlebåndsteori kan brukast som livsfilosofi eller ei. Haha! Fantastisk!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com4tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-60367800619689251752011-01-26T11:38:00.000-08:002011-06-02T03:57:38.598-07:00Queen of fucking everything!Åh, smak på den setningen, da!
*Du må umiddelbart reise deg opp, stå rett i ryggen, få puppane fram - og hyl følgjande setning:*
I dag er eg Queen of fucking everything!!!
*Sett deg ned, smil og vær sjef resten av kvelden*
Eg var strålande nøgd med årets julegave til onkelen og tanta mi i år: Eit rosa traktorvaffeljern fra Moods of Norway! Med sin kreativitet og fokus på staute, norske kulturverdiar frå bygdene, har Moods ein evig plass i hjertet mitt. Og eg blir i strålande humør av å ta på meg eit Moods-plagg.
Når eg fekk snusen i at dei skulle lansere eit rosa vaffeljern, var det ingen tvil om at det skulle vere årets julegave. To månadar i forvegen fekk eg kloa i eit eksemplar og eg kunne knapt vente med å gi det. Eg hadde sjølvsagt ulidelig lyst på eit sjølv, men fann ut at det var smartare å sørge for at nokon sto i evig traktorvaffel-gjeld til meg!
Men 1.juledag inntraff katastrofa! Ved første vaffelsteiking, small det i rosa metall og eigarane måtte skuffa konstantere at termostaten gjekk åt skogen. Kaputt - før vaffeleventyret hadde begynt!
Men eg var heilt trygg på at Moods-butikken i Bergen kunne fikse meg eit nytt. Så med godt mot, gjekk eg for å bytte.
- Beklager, vi har ikkje fleire igjen.
- Men dere kan vel få tak i?
- Sorry, heilt utsolgt i heile landet. Fins ikkje fleire.
- Hæ? Får dere ikkje inn igjen da?
- Kanskje til neste jul...
- Høyr her mister - til neste jul er ikkje godt nok. Eg treng traktorvafler no!
- Som sagt...tomt..
- Men kan dere ikkje få fiksa termostaten på denne da?
- Beklager...
- Beklager? Eg kjem til å dø. Eg treng eit nytt!
- Du kan få ein tilgodelapp...
Og vips var Årets Julegave transformert om til ein tilgodelapp...Eg kan ikkje vere bekjent av å gje ein tilgodelapp til jul! Så eg hadde ikkje anna valg enn å sette meg ned å skrive tidenes dramaqueen-brev til Simen Staalnacke. Eg måtte gå rett til toppen!
Og Mr.Moods Himself skuffa ikkje! I dag fekk eg hentelappen på Posten, og kunne strålande fornøgd overbringe julegava på nytt:
Kompis Simen hadde til og med lagt med Grandma`s Waffle Mix - Make Waffels, not war!
Og eg kunne notere to myself: Aldri gi opp. Du er Queen of Fucking Everything!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com5tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-16120282930147509962011-01-24T13:15:00.000-08:002011-01-24T13:15:44.243-08:00Perler fra fraflytta grender!Det er veldig fint å flytte litt.
Det gir deg ein sjanse til å begynne på nytt.
Du kjem til ein ny plass med ei sjel og ei skjorte..ja, akkurat det var gjerne dagens underdriving. Reint fysisk er det jo gedigne mengder ræl som kvar gang må knørvast ned i pappkasser. Men i overført betydning, har du ein unik sjanse til å presentere deg fra scratch, bygge eit nytt nettverk rundt deg og etablere deg i nye omgjevnadar. På ulike områder innebærer det ofte å bli pusha ut av komfort-sonen, og det kan kreve si kvinne - men håddu så refreshing!
Men til tross for alt det nye; Det gamle blir ikkje gløymt. Og gjensynsgleden er enorm, når eg møter perlene fra fraflytta grender igjen! Det er ein dimensjon av trygghet, å senke seg ned i ein sofa, omringa av barndomsvenner som kjenner min historie. Som eg ikkje treng å presentere meg for. Som eg berre kan drite i å framstå som eit framifrå menneske for. Det er overhode ikkje noko poeng i å pynte på mine egenskapar overfor desse menneska - dei har sett meg som utrygg, redd, sint, blid og flink, dei var rundt meg når eg var på mitt beste - og dei holdt ut med meg når eg var tidenes rævhol. Det er vel sjelden ein viser sitt "sanne jeg" i større grad, enn midt i pubertetens helvete! Og dei som fortsatt vil ha kontakt etter dette - ja, dei må eg ta vare på!
Og i helga, fekk eg anledning til å møte desse faaaaaaaaaaaaaaabelaktige jentene igjen!
Nokon av dei har eg ikkje sett på fjorten år! Men etter ein kjapp status-oppdatering på liv, yrke, bustad og familie - ja, så var vi fjorten år tilbake i tid igjen. Shot`en med tyrkisk pepper sto på ny foran meg, som ein deja vu frå russetida. Og me kunne alle vere avslappa tøysejenter igjen!
Og eg kunne berre konstantere at alt var som før: Latteren hang laust, samtalane hoppa fra hit til dit som dei ofte gjer i behageleg selskap - og eg er fortsatt den som tåler minst alkohol..
Men til tross for ein midlertidig pause på bordkanten: Som ein liten puslespelbit, var min mentale bagasje komplementert med seks flotte jenter, som ga meg ein strålande kveld! Eg håper det blir fleire!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com7tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-45006890713898067162011-01-06T08:46:00.000-08:002011-01-06T08:48:45.456-08:00Dagens underholdningstilbud på FantoftHar du det sånn også? At dei brilliante ideane ofte kjem rett før du sovnar?
Det er visst ein liten logikk i dette. Når stressnivået synker og ein kjem i avslappa modus, endres den eletriske aktiviteten i hjernen. På dagen går aktiviteten i alfa- og betabølgjer, mens ein om kvelden kan komme opp på gamma- og deltanivå. Og rett før du sovner, kan du oppleve ein avslappa oppmerksomhet, som registrerar dine indre impulsar. Og da blir ofte gode idear født.
Min fantastisk gode idè på deltabølgjer i går kveld var: "Gå på bybana på Paradis stasjon i morgo, Gangsøy. Ikkje gå den kronglete stien til Fantoft på snø, holke og sørpe. God plan..zzzz"
Men på autopilot i morgonmodus, og med alfabølgjer i hjernen, gjekk eg av gammal vane til Fantoft. Fin tur igrunn. Nice med ein sånn liten spasertur på morgonkvisten. Gir meg tid til å våkne litt. Møter andre mennesker i morgonmodus, og kan smile litt - og sole meg i glansen av eit smil i retur. Det er fint.
Rett før bybanestasjonen på Fantoft, er det ein 150 meter slakk bakke. Heilt ny, strålande fin asfalt og høge kantar på sidene. Godt utført arbeid! Kanskje Mesta? Lat oss håpe dei har fått skryt.
Når eg kom til bakken i dag tidlig, trallande og blid, såg eg imidlertid at: "Her var det glatt, gitt...!"
To beine, lange sklispor indikerte likevel at nokon hadde prøvd vegen før meg. Og spora varte og rakk heilt ned bakken, så eg skjønte dette hadde gått fint. Perrongen var godt oppfylt og eg hadde ca to minutt på meg til bybana skulle gå. Så med brei fotstilling og litt svikt i knea, satte eg utfor med friskt mot. Og hui hei, kor det gjekk! Eg kom fort foran tidsskjema, med 70 kilo i fint, aerodynamisk driv nedover - surfande på perfekt asfalt og underkjølt regn. For ein entrè eg skulle gjere inn på perrongen!
Men så merkar eg at føtene begynner å skli litt sidelengs. Og fullstendig uten sjanse til å bremse, endrar eg plutselig beinstillingen fra å stå solid framlengs - til litt usikkert å gli sidelengs - og plutselig sklir eg baklengs nedover. Med rumpa ut. "Hmm, dette var ikkje heilt etter planen..Men det går fint. Berre hold deg oppreist no, Gangsøy, så rekker du bybana just in time." Eg ser meg over skuldra, for å sjekke om publikummet fortsatt følgjer med. Men da ser eg...at tre meter framfor meg, akkurat i løypa mi...ligger ei lita, flatklemt Popcorn-eske. Av papp, fryst fast i isen.
"Neeeei, ikkje popcorn! Kvifor i hel... popcorn?? Kunne det ikkje vert ein lett potetgull-pose? Som berre fint kunne lagt seg foran skoen min, og blitt med på turen ned? Potetgull er jo mykje bedre enn popcorn!!"
Men nei. Det var fastfrosen papp. Akkurat nok til at eine foten stoppa heilt opp, og takka vere eit C-moment av ein heilskru, så ender eg flatt, på magen, med hendene rett fram - og kan nyte dei resterande 75 meterane av bakken på snørra. I full speed. Og sjølvsagt ikkje ein einaste popcorn-pakke i sikte, som eg kan bremse farten på. Er det ikkje typpisk? Miljøforurensing er aldri der du treng det! Og akkurat da, når det var ein meter igjen, før perrongen, kom eg på: "Eg skulle jo gå til Paradis stasjon i dag! Ikkje Fantoft. Ikkje Fantoft.."
Men eg ankjem altså Fantoft stasjon, siglande på magen, akkurat idet bybana kjem. Og med ein slik entrè, så har eg jo ikkje så mange valg. Taktikken med å sprette opp igjen, koste av meg på knea og sjekke om nokon såg - før eg later som ingenting å går vidare, er jo dødfødd. Så her var det berre å røyse seg opp, bukke og neie til publikummet og ta imot den velfortjente applausen.
For så å snu, og bakse meg med fiskebein oppigjen bakken. Klissvåt fra topp til tå, med nysmelta sørpe rennande på innsida av t-skjorta. Som gjorde at dei møtande morgon-medmenneska også fekk seg ein god latter.
Det er så veldig hyggelig å kunne glede andre!!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com7tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-7210200163168188912010-12-24T16:16:00.000-08:002010-12-27T13:30:13.724-08:00Julafta. På ein gamleheim.Ho er pynta, som om det var sin første julekveld.
Men ho har feira Jesu fødsel nittifire gangar før.
Så i år søv ho i stolen sin, mens presten les.
Historien kan ho likevel utenat.
Så eg unner ho ein kvil.
Ho lagar ingen festmåltid lenger.
Får omsider gå til duk og dekka bord.
Men hugsar ikkje kva ho et.
Går berre utifra..at det var godt.
Å savne, er ofte fint.
Når det er snakk om - å vente litt.
Men å savne er ikkje godt,
når noko aldri kjem tilbake.
Og hugset. Det er tapt for godt.
Mens barn riv papiret av med glede,
løsner bestemor forsiktig tapen.
Bretter papiret tilside,
og stryk rolig over gaven.
- Til meg? Nye strømper. Det trengte eg!
Med spørrande blikk..
-Gjorde eg ikkje?
Så er alle gaver åpna.
Ho smiler som ei sol.
- Skulle tru det var julekveld i kveld!
Svelger siste tabeletten tungt.
Og julafta er forbi.
I morgo er nok alt gløymt.
Men eg veit.
At den finaste julekvelden
- var med bestemora mi.
Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com12tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-68405067499977934102010-12-19T03:43:00.000-08:002010-12-19T07:21:33.564-08:00Miss Norway 2040!Den trufaste lesar har fått med seg mascara-debuten min. Eit halvt år seinare, kom pudder-debuten. Cubus-dama fann velvillig fram det ho omtalte som den perfekte fargen til meg, og når eg kom heim oppdaga eg at det sto "Rosa" med store bokstavar på lokket...aargh! Den mislykka eyeliner-debuten har eg snytt dere for, i eit forsøk på å beholde siste rest av min kvinnelige integritet. (Men eg bryr meg igrunn ikkje, så kort fortalt stakk eg heile blyanten inn på auge ved første forsøk - og ved andre forsøk såg eg ut som Hank von Helvete. Så eg kasta heile driten i bosset og vaska griseriet vekk med Lano.)
Men etter eg flytta til Bergen..eller rettare sagt; etter eg flytta nærmare søstra mi, så har eg tatt eit kvante-steg i forfengelighet! Ho starta med å revolusjonere BH-skuffa mi og ga meg tidenes mest ydmykande oppleving på Lagunen storsenter. I beste åpningstid. Halve Bergen og tre fnisande familiemedlemmar fekk med seg at unge, røde Gangsøy vart antasta på det grovaste av BH-butikk-dama. Og i sjokk drog eg VISA-kortet. Så no er eg innehavar av eit kvitt blondehelvete av ein spesialtilpassa BH...som eg ikkje tørr å bruke.
Den siste verbale overhøvlingen eg fekk, av ei ellers så kjekk søster, var mitt lempfeldige forhold til håret mitt. Eg pleier å oppdage tre dagar for seint - at eg burde vert til frisør for to veker sidan. Og eg velger mine frisørar etter tilfeldighetsprinsippet. Ledig time no? Ok. Det pleier å ende i katastrofe.
Men såh, veit du! Ei hårfin dame, introduserte meg for eit særdeles viktig, nytt bekjentskap. Det oste peiling lang veg av stylisten, og eg forsto dette var min sjanse til å få profesjonell hjelp. Eg hadde endelig funne min hår-psykolog, som virkelig forsto mine hårete problem! Det måtte riktignok 3,5 time (!!!) til, for å løyse opp i flokane - men no har eg blitt rå, etter eit besøk hjå Raah Frisør.
Kor skal dette ende?? Går eg mot tittelen Miss Norway 2040?Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com6tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-58922537772100072622010-12-16T07:10:00.000-08:002010-12-16T09:10:03.894-08:00Eit hand-made julebrev, spesielt til degTradisjonen tru, er det ingen som får julekort fra unge Gangsøy i postkassa i år heller. Eg veit ikkje kva eg skal skylde på denne gangen. Ammetåke? Uheldig løkkeskrift? Tidsklemme? Manglande omtanke for mine medmennesker? Ingenting å berette fra 2010?
Nææh, eg trur eg droppar unnskyldningar. Litt generell tåke har eg vert i, løkkeskrifta er horribel og det har vert litt hektiske periodar innimellom. Men det manglar ikkje på omtanke for dei fine som er rundt meg, og det manglar heller ikkje på sprell og spetakkel i 2010.
Året starta fredelig. Eg klaga på bikkjekulde og uhorvelige mengdar snø. Eg sutra når eg måtte ut på ski og rota vekk årskortet på Bondalseidet med fullt overlegg. 3200 kr rett i dass, kjentes billigare ut - enn å henge i skitrekket helg etter helg, å fryse ræva av meg. I etterpåklokskapens lys, er det snodig å tenke på kva ein opplever som problem innimellom. Og eit paradoks at eg blir så blind på mine eigne kvardagsutfordringar, at eg gløymer å sette meg ned i sofaen å tenkje: ”Hmm…Strengt tatt er eg i ein fredelig periode akkurat no. Ingen store issues. Denne tida skal eg nyte!”.
I mai vart livet mitt, slik eg kjente det, snudd opp ned. Og det var ei heilt fantastisk fin tid! Makan til omsorg, omtanke og støtte, har eg aldri møtt. Eg har aldri trengt hjelp i så stor grad som eg trengte det da, og dermed ikkje tidlegare forstått kor mykje det betyr å sjå og høyre kvarandre. Eg har ikkje kjent på den djupe gleda, som ein liten omtanke fra nokon andre, kan gje meg. Og dermed har eg heller ikkje skjønt kor stor påvirkningskraft eg sjølv kan ha på andre. Kor enkelt det er å glede nokon, og kor utrulig godt det kjennes ut for meg sjølv samtidig.
På lista mi over ”Topp Ti Smarte Ting Du Gjorde I 2010”, heng ein SMS ganske høgt. Det var den SMSen eg sendte til dei flotte damene, som delvis var perifere bekjentskapar: Vil dere komme på besøk til meg på fredag kveld? Eg lagar litt mat og har litt vin – også treng eg litt selskap.
Og dei flotte damene kom. Nokon av dei kjente ikkje kvarandre fra før, men sporty og utadvendte som dei er alle sammen, så vart det ein strålande kveld. Og det har vert mange strålande kveldar saman seinare. No er dei uunværlige for meg alle sammen.
Så flytta eg til Bergen. Hallaien. Med sekken full av fordommar mot bråkete bergensarar. Men jammen vart eg ikkje kvitt dei rimelig fort også. No likar eg regn bedre enn snø. Og skarring er ganske sjarmerande. Og omtanke & varme fins det i Bergen også. Den nye jobben er midt i blinken.
Oppsummert har totusenogti gjort meg ti år eldre, men veldig fornøgd. Og eg gledar meg til no. For du har lært meg så mange smarte ting, at 2011 må bli eit strålande år. Du blir med meg til neste år også, du?
God jul!Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com5tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-20731453804529129832010-12-05T04:37:00.000-08:002010-12-05T04:38:48.237-08:00Trangsynte GangsøyEg er i trøbbel. Nærmare bestemt i luksustrøbbel. Kor eg enn snur meg, er det så mange hyggelige folk at eg ikkje får tid å blogge. Og desember er jo favorittsosialiseringsmånaden min - da det er legitimt å nisse gud & kvarmann. Hurra!
Men eg likar også alle anledningar til å ta opp status. Og i så måte er eit årsskifte ein unik sjanse.Ein årviss tradisjon er difor å sette seg i ein godstol å sjå tilbake på året som har gått, og sette nye mål for neste år. Men når eg fann lista mi frå i fjor, måtte eg ta meg ein høg ein. Rett å slett klapse meg på låret å brøle av latter. Det vart jo veldig tydelig for meg at eg ikkje har ein sjuande sans:
Mål for 2010
- Bestige tre nye fjelltoppar på ski.
- Padle Hjørundfjorden på langs.
- Fett- & proteinstandardisere Edamer.
- Redigere ferdig ein veldig hyggelig bryllaupsvideo.
- 10 døgn i telt.
- Bygge tak over utgangsdør i kjeller.
- Max 100 timar overtid.
- Få personlig trenar og ta av 10 kg.
Status på mål pr. 5.12.2010
- Pakka alle ski jævlig langt vekk.
- Solgte kajakken til ein tilfeldig forbipasserande.
- Ny jobb, men følger fett- og proteinstandardiseringen av Edamer vidare i ånden. (Har du hugsa å sikre deg ein Edamer til jul, forresten??)
- Rakk akkurat å sende ut bryllaupsvideoen til alle, før skilsmissa var eit faktum. Strålande timing.
- Slapp eit einaste døgn i telt.
- Bytta heile huset ut med ein penthouse på Paradis.
- Kjøss meg...jobbar så masse eg vil, når eg vil.
- Fekk ein glimrande personlig trenar og har blitt kvitt 24 kg dauflesk.
Oppsummert
Solid skivebom, Gangsøy. Ikkje sats på ein karriere som klarsynt.
Finn deg ein gul lapp å prøv sjølv ;-)Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com5tag:blogger.com,1999:blog-3550256952393715296.post-83052506349925830182010-11-10T13:42:00.000-08:002010-12-05T04:39:00.654-08:00Det enkle er ofte det besteEg reklamerar ikkje for Rema 1000. Men eg er nok ein gang blitt slått i bakken av at det meste kan vere så mykje enklare, enn eg ofte trur. Eg har ein tendens til å tru at livet er så komplisert, at valga må tenkast så nøye over, at det må jobbast så hardt for å oppnå resultat - og at det egentlig er fryktelig vanskeleg å vere eit godt menneske, som tek dei rette valga.
Men det er jo ikkje det..
Setningen som traff meg i dag var; Eigen beslutning at alt er mulig.
Nåh? Så det er snakk om ein beslutning? Som eg tek? Betyr det at eg ikkje lenger kan skylde på omgjevnadane mine, at eg ikkje får til det eg vil? Er det ikkje andre sin feil at eg ikkje tørr?
Skal sei...Ansvaret er altså mitt? Håddu..
Det betyr at det er berre å satse. Tørre å trakke i salaten. Går det bra, så er det strålande. Men viss ein mislykkes, så er det berre å erkjenne at akkurat denne gangen gjekk det ikkje. Synd. Men no er det min beslutning at eg skal gå vidare. Å drite i å bruke to veker på å analysere og slikke sår. I dei fleste tilfeller får ein jo aksept på at det er ok å feile.
Eigen beslutning at alt er mulig, føyer seg inn i rekka av andre enkle læresetningar: Lev her og no. Gi 100%. Aksepter personar og situasjonar sånn som dei er. Vær åpen & ærlig.
Kva er eg redd for? At livet skal vere for lett?Unge Gangsøy AShttp://www.blogger.com/profile/03108490816083584548noreply@blogger.com1