FORLOVA!

Hallo verden, eg har omsider fått ein ring på fingeren!!

Og det er mange som har trudd at det aldri kom til å skje. Eg hugsar til dømes at eg fekk eit svært pent dobbelt sengesett av mine foreldre til jul for lengje sidan. Type Høie, strykefritt, krympefritt, kreppfritt og veldig egna for den kommande ektesenga. Sjølvsagt superflott - og eg såg jo at mor mi vart litt skuffa når eg bytte det inn i eit Pocahontas og eit 1001-dalmantinera-sengetrekk, som slett ikkje er egna for ektesenga...

Det er også nokon som har meint at eg reint fysisk ikkje kan få ring på fingeren, ettersom eg har fingrar som ein 50 årgammal gruvearbeidar - tjukke og solide! Ein (dårlig) kompis gav meg følgjande råd ein gang: Dypp dei i sjokolade og selg dei for 8 kr stk til jul! Med klar referanse til Nidar`s marspianpølser...

Men et hatten din Henning Handaa - no har eg fått pressa ein gullring ned på rett finger!!

2 kommentarer:

  1. No trur ej at du vertfall er verdens heldigaste dame!! Gratulere så masse til dokke begge!! For ei hærlig nyheit!
    Nyt tida som kjeme! :o)
    Store kosa fra Wenche & vetle Brage

    SvarSlett
  2. Hohoi!
    Congrats! Eg hevar eit imaginært champisglas for dikka på morgonkvisten! :)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)