Grande Idioti

Eg kunne ikkje brydd meg mindre om Grand Prix. Sendingane er i mitt hovud like uinteressanne som reklamene om Toro suppe, og det er heilt ufrivillig at eg har fått med meg eit par namn på deltakarane. Eg syns Rybak er ein søt liten tass, men det var heilt unødvendig å påføre oss arrangementet. Visste du at NRK må sei opp 100 stillingar, for å få råd til årets galmour-spetakkel?

Men det var ein episode tilknytta Grand Prix som gjorde at eg måtte heve augebrynet. Eg vurderte lengje å legge det bak meg, men eit eller anna gjorde til at eg føretok eit google-søk på episoden. Eg trur det var mest av kjedsomhet at eg googla "buksedress Storeng", men når eg fekk 698 treff, så bobla engasjementet igjen.

For HÆ??? Internett må da vere belasta nok frå før, om ikkje det skal lagrast 698 treff på buksedress Storeng!! Her har Åse Kleveland opptredd i kreasjonar ala buksedress Storeng ein million gangar, men plutseleg skal denne vetle jenta få smake pisken av fjollete kjendisstylistar?? Apropos kjendisstylistar - kor kom denne yrkesgruppa fra? Kva behov skal dei dekke? Kva fornuftig dagsverk kan ein kjendisstylist gjere?? Noreg treng hjelpepleiarar, bønder, fiskarar, kassadamer, politi, meieristar og eit par andre yrkesgrupper. Men kven i alle dagar gidd å lønne ein terningskastar? Den einaste mulige arbeidsgjevaren eg kan tenkje meg, er Den Norske Turistforening. Dei kunne hatt ein deltidsansatt Yatzy-spelar på Rondvassbu utanfor sesongen, for å halde ensomme turgåarar med selskap.

Men tilbake til buksedress Storeng. Ho valgte ein lite formsydd buksedress, i svart, med jakke til. Den såg utruleg behageleg ut, og ikkje ulik dei ellers så populære onepiece-dressane. Men fekk altså urimelig hard kritikk. Mellom anna av denne mannen her, viss namn skal få forbli usagt frå mi side:

Han følte seg tydeligvis i posisjon til å kritisere andre sitt klesvalg..

Eg trur på eit liv etter døden også

Denne er til deg, www.jannetove.blogspot.com.
Du var gift med ein mann du elska, han fekk kreft og du følgte han i alle dei gode og tunge stundene fram til han døde. I tida etterpå sovna du med klump i halsen og våkna med angst i magen. Det vart vanskeleg for deg å forestille deg, at det er eit liv etter døden. For den som ikkje dør.

Den 26. desember 2004 døde 226.000 mennesker i tsunamien i Sørøst-Asia. Aceh i Indonesia vart hardast ramma. I dag takkar dei Allah for at tsunamien kom. Livet i Aceh før tsunamien var krig, vold og frykt. No er det fred. Det indonesiske folket trur på Hikmah, som er ein religiøs overbevisning om at det vil komme noko godt ut av det verste. Og med denne overbevisningen klarte det indonesiske folket å finne eit liv etter døden. Dei fleste familiar mista ein eller fleire familiemedlemmar. Mange sto igjen utan den vakre kona si, eller den trygge mannen sin. Men få månadar etter tsunamien, var dei fleste gift på nytt. Ifølgje Hikmah, så ville dei som fortsatte å elske Gud og tenke positivt etter tsunamien, få ei gave som gjorde livet deira bedre enn før katastrofa.

Du skal ikkje ha dårlig samvit for å fortsette livet ditt, Janne. Du tenkjer fortsatt på Bjørn kvar dag og du steller grava hans. Menneska som skuler på deg, fordi du har funne deg ein ny kjærest, kan kanskje tenkje på korleis det hadde vert i Indonesia, om alle dei etterlatte etter 226 000 mennesker, skulle fortsette å pleie sorga si til evig tid. Det vert ikkje fred av sånt. Det er uendeleg trist når eit menneske dør, men me som sit rundt, har ingen glede av å sjå på at den som sit igjen nærmast, dør også. Den største gleda me kan få, er å sjå at det triste draget om ansiktet ditt, kan mildne litt. Det betyr ikkje at du har gløymt alt, men at du er blitt sterk nok til å gå vidare i livet - til glede for deg sjølv og dei som fortsatt er rundt deg. For det er eit liv etter døden også. Iallefall for dei som ikkje dør.

Stabilt sideleie er ut.

Eg likar å tenkje at eg er eit moderne menneske. Eg begynnar riktignok å trekke på åra, men viss eg treng ein sjølvtillit-boost, kjøper eg berre ei flaske vin:
- Kan eg få sjå legitimasjon?
- Klart du kan! Men mulig du ikkje kjenner meg igjen på bildet. Det vart tatt når eg var 18. Mykje har endra seg på 13 år, gitt...
Eg syns det er så morsomt å sei dette, at vinsamlingen begynner å bli ganske stor etterkvart.

Men å vere eit moderne menneske, innebærer mellom anna at du må like endringar. Du må ta nye IKT-løysningar på strak arm, du må gå stødig på utrygg is og du må holde deg oppdatert. På alt. Du visste vel at Pam i Home & Away er blitt gravid??

Men innimellom glipper det litt. Innimellom får eg litt overdose av endringar. I stjålne øyeblikk kan eg arrestere meg sjølv i å savne Brev-Giro, blodpølse, Kiss-kort, Ball-gensaren, Fragglene, Rubiks kube, Ghostbusters - og i dag savna eg til og med stabilt sideleie.

For det heiter ikkje det lengjer. Eg var på førstehjelpskurs i dag, og fekk ein nødvendig repitisjon på livreddande innsats. Men vart litt overraska over kor mykje endringar som har skjedd i livredning dei siste åra. Eg er jo glad for all ny forskning på korleis ein meir effektivt kan redde liv, så at 15 kompresjonar er vorte til 30, syns eg er strålande. Og eg forstå poenget med at det ikkje er vits i å leite etter pulsen lengjer. Og eg klarte også å svelgje at det ikkje lengjer heiter gjenopplivning. No heiter det livredning. Lingvistisk er det eit bedre ord. Eg kjøper den.
Men når den sympatiske sjukepleiaren fortalte at det heller ikkje heiter stabilt sideleie lengjer, så vart det ein endring for mykje for meg. No heiter det sideleie. Men det er altså ikkje stabilt, lengjer..? Det kan jo unekteleg høyres ut som ein bagatell, men når me til og med må endre på det som er stabilt, så begynner den mentale alderen min å løpe løpsk. Den spring mot dei gamle grinebitarane, som fortsatt svergar til Brum, kamferdrops og bukseselar.

Eg må visst kjøpe ei ny vinflaske i dag...

Skal vi danse?

Øy, det var eit spørsmål eg aldri har spurt nokon om før, uten å kødde. Skal ikkje gjere det no heller.

Men las nett i avisa at det skulle starte eit dansekurs i Ørsta. Og instruktøren skulle vere Ingrid Beate Thompson, bedre kjent som snella til Sigurd Sollien i Skal vi danse. Eg skal sjølvsagt ikkje melde meg på.

For tenk om eg er dritflink? Tenk om eg berre glir inn der, og eit heilt ukjent og urealistisk stortalent av ei ballerina, åpenbarar seg for alle dei andre deltakarane! Høyrte eg nokon som lo?
Det er ikkje kødd! Det kan godt hende eg er fabelaktig god å danse! Når eg berre får varma opp dansefoten, så kan det hende verden får sjå moves som aldri før har vorte presentert! Og da er det veldig sansynleg at snella til han Sigurd, plutselig vil at eg skal vere med i Skal vi danse på TV. Og det går jo ikkje. Har du sett dei kjolane? Viss eg skulle vridd meg ned i ei sånn leopard-drakt...kan dokke slutte å le?? Eg får ikkje konsentrert meg til å skrive vidare!

Altså, viss eg skulle manøvrert meg inn i nettingsstrømper og ein av dei kjolane med så heftig utringing at det ser ut som eg har hår på brystet...HYSJ! Ingenting å le av! Det hadde vorte bedårande nydelig, men eg kan jo ikkje. Eg må jo vere på jobb på mandagar i seks-sjutida, og eg hadde ikkje nådd det. Fly på søndag kveld og berre stress... Nei, det går ikkje. Sorry, damer.



(Scenehenvisning: Den potensielle danseløva av ein forfattar, lener seg godt tilbake i stolen og tenkjer: "Hmm, sånn er det å tenkje som ein mann med utømmelig sjølvtillit, altså! Det må eg prøve oftare! Og anbefale det til alle kvinner i Ørsta som egentlig har lyst å melde seg på kurs, men som ikkje tørr, fordi dei trur dei ikkje er flinke nok...)


D U E R M E I R E N N F L I N K N O K T I L A L T!!!

Kva skjedde med den globale oppvarminga??

Det er muleg eg har tatt feil. Det er muleg eg lo høgst først, også gløymte eg at den som ler sist, ler best. No angrar eg. No frys eg.

For ein månads tid sidan var eg nemleg litt eplekjekk, og lo av verdas mektigaste som sat i København og skulle redde kloden. Eg trudde dei egentleg var der på eit kamuflert julebord. Det var jo ikkje særleg truverdig, når dei overtrøytte, fnisete og med pulesveis, ramla ut av møtelokalet i siste minutt, og sa "We have a deal! (hikk!)". Eg trudde ikkje at det dokumentet dei i siste liten klarte å skrable ned, var verdt servietten det var skreve på.

Men i etterpåklokskapens lys, med hakkande tenner og frosne tær, forstår eg at dei redda moder Jord rett før jul. Obama kan klare alt, altså! Men etter ei veke med naglesprett, ullstilongs og polar voks på dei smørefrie langrennskia, forstår eg at det er slutt på den globale oppvarminga. Den siste månaden har me sansynlegvis bretta så mange mjølkekartongar og sortert så mykje matavfall, at den globale nedfrysninga allereie har starta. Det har vert -20 grader i ei veke, og endeleg har det vorte bruk for Det Norske Forsvaret. Dei har nett publisert boka: "Slik kler du deg i vinterkulda". Og akkurat no er 50 000 unge, tapre soldatar i ferd med empirisk forskning til oppfølgingsromanen: "Dette drikker du i vinterkulda".

Eg må innrømme at eg saknar den globale oppvarminga. Eg veit det er egoistisk, overfladisk og ansvarslaust - men eg er heilt nødt å innrømme at eg drit i om verda går ad undas om 1000 år. Er det verkeleg nokon som er så rause at dei orkar å halde ut denne sprengkulda resten av livet, berre for at dei som kjem ti generasjonar etter oss, skal få nyte jorda vår akkurat slik den er no? Berre at alt er nedfrose..dei kjem ikkje til å få laus ein einaste ting. Er det eit fullverdig liv for dei? Kan me verkeleg ta ansvar for alt? Eg høyrer til generasjon X - eg er vant til å kose meg og nyte livet! Og no frys eg på fingrane når eg kjøyrer bil - gje meg den globale oppvarminga tilbake!!

Ein practical joke?

Det er mykje som burde opptatt engasjementet mitt for tida: Situasjonen i Israel/Palestina, henrettinga av Akmal Shaikh i Kina eller naturkatastrofa i Oslo, der 3 cm nysnø skapar førstesideoppslag. Men eg kjenner det ingen plass.

For det er hockeypulverets død som tenner meg i bånn for tida! Det er maksimalt provoserande at denne fabelaktige vetle boksen må bøte med livet, fordi øvrigheita har funne ut at det norske folk må sparast for godteri som liknar på snus eller tobakk. Difor må også lakrispipa sende sine siste røyksignal til dei evige jaktmarker. I same venda har øvrigheita bestemt at me heller ikkje har godt av å sjå snus og tobakk, så difor skal desse plasserast i ugjennomsiktige skap. Det skal med andre ord verte vanskelegare å sjå Petterøes 3 enn eit pornoblad.

Idiotar.
For det første: Viss nokon er så svaksynte & trangsynte at dei ikkje ser forskjell på ei lakrispipe og ei tobakkspipe, så er det svært mykje anna som kan gå gale for desse. Er ikkje pærer og handgranatar ganske like til dømes? Men til alt hell, så kan du verken få kjøpt tobakkspiper eller handgranatar på Rema 1000. Teller ikkje dette for noko?

For det andre: Desse store stålkonstruksjonane som det Forbudne er plassert inni, er merka med svære krigstypar; S N U S - T O B A K K.
Men ellers er innholdet hemmelig...? Har vi lukkast med denne kamufleringa?

For det tredje: Skal me forfølgje denne logikken; altså forby varer som liknar på helseskadelege varer, så må sjølvsagt øl og rusbrus forbys også. Muligens må alt som er flytande forbys, så goodbye flytande Bremykt & kjernesunn skummamelk.
Eg gjentek; Idiotar.

Eg kunne funne uendelig mange meir eller mindre saklige argument for at dette er eit tullete forbud, men du er sjølvsagt enig med meg, så eg treng ikkje harselere meir. Men eg lurer jo på kven dei er, desse som finn ut at den voksne, fornuftige nordmann treng slik barnevakt? Og kor hentar dei ideane sine frå? Tydeligvis ikkje frå våre naboland, ettersom heile Sverige og Danmark kjem til å le seg ihjel når dette kjem dei for øyret. Hentar me i 2010 inspirasjon frå fjerne tiders diktatur? Og sist men ikkje minst; kor det har seg at me finn oss i alle desse forbuda? Det er ikkje lov å kjøpe alkohol etter kl. 18.00 -på slaget! Dessutan er det strengt regulert kor du får kjøpe alkohol. Det er stort sett berre lov å røyke ute i friluft eller inni stova di. Det er ikkje lov å drikke alkohol utforbi hagen din. Det er ikkje lov å kjøyre fortare enn 80 km/t over store delar av Strynefjellet. Det er berre lov å ta med seg 1 kg sjokolade inn til Norge.

I rettferdighetens namn; Det fins snev av fornuft i mange av desse forbuda, men når ein forbyr ting fordi dei liknar på andre ting, så syns eg det begynner å gå for langt. Er det nokon som held på med ein practical joke med oss? Er det nokon løgnasar som sit å ler seg ihjel ein plass, og lurer på kor langt kan me dra strikken? Kor mykje kan me forby, før folk begynner å reagerar? Kan me forby nødrim? Skal broddar bli påbudt? Klarer me å innføre 18-årsgrense på Facebook?

Eg håper virkelig det er dette som er tilfelle, og eg lovar å le høgast når spøken blir avslørt 1. januar. Men eg tek ingen sjansar, så imens hamstrar eg hockeypulver. Idiotar.

Høgt elska - sårt savna...

Å bli tatt vare på - DET er jo den beste følelsen! Å kjenne seg elska - virkelig elska - ingenting er bedre enn det! Når omgjevnadane rundt deg gjer absolutt alt for at du skal vere trygg - da er livet strålande! Difor er eg svært glad for at Noreg elskar meg, og for at dei forbyr alt som kan gjer at eg kjenner meg utrygg i kvardagen.

Det siste beviset på Noreg sin hengivenhet til folket, er at godteri som liknar på røyk og snus, blir forbudt etter nyttår. Eg kan nesten ikkje vente! Difor er eg svært glad for at handelsstanden allerede har montert nye stålkonstruksjonar i butikkane sine, slik at det ikkje lenger er mogeleg å sjå kva som er inni snus-skapet eller i tobakk-hylla.
Om ei veke eller to, er det heller ikkje mogeleg å få kjøpe Hockey-pulver, marsipan-pølser eller lakrispiper lengjer. Eit veldig viktig forbud!
Personleg syns eg det har vert tungt å møte på desse i butikken - tungt å sjå på dei, der dei ligg innbydande i hylla si. Det er nesten som dei roper etter meg: "Kjøp deg ei pipe! Begynn å røyk pipe!" Og dei motbydelig, store marsipanpølsene med tutti-frutti på, har trollbunde meg, eg fell heilt i stavar og tenkjer på Bill Clinton og sigarar umiddelbart!
Så det var på høg tid me tok tak i dette seriøse samfunnsproblemet!

Men me kan ikkje gje oss enda. Me må sørge for at absolutt alle kan kjenne seg trygge i Noreg - fedrelandet vårt. Så eg håper me snart kan forby brus også - det rimar tross alt på snus.

Mmm..eg kjenner meg elska, eg kjenner meg trygg...eg kjenner meg som EIN TREÅRING...VISS DOKKE BERRE SÅ VIDT VÅGAR Å FJERNE HOCKEYPULVER FRÅ BUTIKKANE, SÅ SKAL EG KUTTE AV DOKKE BALLANE OG SY DEI FAST I PANNA PÅ DEI FORBANNA JÆVLANE SOM IKKJE HAR ANNA Å BEDRIVE ARBEIDSDAGEN SIN MED, ENN Å FINNE PÅ IDIOTISKE FORBUD SOM REDUSERAR VOKSNE FORNUFTIGE MENNESKER TIL OVERBESKYTTA FJOLS UTAN EVNE TIL Å TA VARE PÅ SEG SJØLV!

Ei natt med Obama

Eventyret er over. Mens me fortsatt låg å sov, lista Obama seg stilt ut av rommet og forlot oss. Uvitande våkna me opp med det samme smilet me hadde når me berusa gjekk til sengs, men tomheten vart uendeleg når me såg han var vekk. Det er ei tung kjærlighetssorg som hogger tak, når me har brukt 330 millionar på ein fantastisk date, men så forsvinner han før frukosten er klar. Men luktar det ikkje framleis litt Obama av dyna mi?

Mmmmm....men det var jo verdt det. Og sjølv om me ikkje rakk å ete Jarlsberg saman med han til frukost, så har me minnene til evig tid. Men kjem han til å hugse oss? På flyet heim..trur du han lente seg godt tilbake i stress-less`en, lukka augene og smilte til tanken om dei vakre formene til Norge? Sukka tungt til det nydelige smilet til 25 000 utanfor vindauget hans - dei sto jo så tett at det nærmast må ha sett ut som eit smil? Trur du ikkje han måtte smile litt til minnet av dei mjuke stemmene på gebrokkent engelsk? Det må jo ha vert bedårande søtt å høyre på..eller var det difor han reiste så tidlig? Ville han ikkje bli vekt av at me pusta han tungt inn i øyret, beit han litt i øyreflippen og sa "Thæænk uu får a wåånderfull naight...uu nåthie, nåthie kjuti-pai!"
Nei, han kan ikkje ha tenkt sånn, vel? Eg trur han likte oss, og eg trur han smelta litt når Mette Marit klarte å presse ut nokon tårer midt i talen hans. Det må jo ha vert deilig for han å sjå at følelsane er gjensidige; vi elska han og han elska at vi elska han.

Men no har altså svigermors drøm left the building. Tomheten er total. Er det ikkje sånn at den kjærligheten ein aldri fekk, alltid vil vere den største? Fra no av vil me nok samanlikne alle framtidige stemnemøter med Nobelprisshowet frå Oslo. Ved all framtidig berøring, vil me tenkje på den sterke, svarte handa som vinka i 2 minutt og 45 sekund frå pleksivindauget på Grand. Ved all framtidig sex, vil me avslutte med eit unisont "YES! YES! YES, WE CAN!" Og Obama kjem til å verte det mest brukte gutenamnet i 2010. Me kjem til å sitje med den håpefulle på fanget, stryke han ømt over kinnet og tenkje "Pokker at den amerikanske presidenten ikkje vart far din!" Og eg er heilt sikker på at Obama i sin neste intime augneblink, vil klemme Michelle lidenskapleg og sukke tungt "Oh, Norway..I love you!"

;-)

Det galnaste

I serien "Dei beste augneblinka frå livet mitt", scorar gårsdagens setning frå dattera i huset høgt:
- Eg gledar meg til den 10. desember! Da skal vi ha tacokveld på skulen, Obama får fredsprisen og eg får ein raud Eos i julekalendaren!!! *jenta klarar ikkje å sitte i ro på stolen, i pur glede*

Og desse augneblinka, da ein forstår at barnet ein har kjærleik til og omsorg for, er funksjonsfrisk på alle måtar, er verdt si tid i gull! Ingenting feilar! Utviklinga har gått som den skulle, alt fungerar og livet hennar kjem til å verte rikt. Det er deilig å tenkje på!

For hadde eg hatt eit barn, som hadde fått ein bugnande julekalendar, og som hadde klart å motstått freistinga av å pirke hol i hjørnet på samtlige pakkar den 1. desember for å finne ut nøyaktig kva som var i dei - så hadde eg vert djupt, djupt bekymra for framtida til dette barnet!

Men det var dette med Obama eg hadde lyst å skrive om. For det er noko med denne fredsprisen som plagar meg. Det er noko her som skurrar. Noko som ikkje er som det skal. La oss leite etter feilen:

- Kan det vere at fredsprisvinnaren planlegger å sende 30-35 000 soldatar til Afghanistan i løpet av dei neste 12-18 månadane? Nei, han seier jo at dette på sikt vil skape fred.

- Kan det vere at Noreg gjev fredsprisen til ein som kanskje på sikt fortjenar den? Kan det vere at eg syns det er litt tynt? Nei, dette handlar mest om å skape motivasjon. Det har nok ingenting med at Nobelkomiteen hadde lyst på litt meir action, litt meir blest og litt meir fyrverkeri i år. Det er jo lengje til Melodi Grand Prix, og det vert vel også ei stund til vi får arrangere OL igjen. Så eg forstår godt at vi må vere om oss med dei begivenheitane som kan skape auka verdi for handelsstanden. Dessutan er det jo svært forståeleg at Nobelkomiteen for ein gangs skuld hadde lyst å gje fredsprisen til ein person viss namn er lingvistisk mulig å uttale. Rigoberta Menchú Tum - Carlos Filipe Ximenes Belo - José Ramos-Horta - Wangari Maathai - Martti Ahtisaari....Obama er jo mykje lettare! Dette har jo med arbeidsmiljø å gjere. HMS. Krøll på tunga er ikkje å kimse av.

- Kan det vere at eg syns det er litt uansvarleg å sende alle landets politifolk til Karl Johan i ei vekes tid? Det vert jo relativt trygt å oppholde seg på Karl Johan, mens det i resten av landet er fritt fram? Nei, dette bekymrar med ikkje. Nobelshowet er ei stor begivenheit som vert direktesendt på NRK, så me kjem nok til å sitte foran TV`en å følgje med, alle som ein. Til og med dei kriminelle må få med seg dette. Ikkje tid til noko tull.

- Kan det vere at eg syns kostnadane med å flytte Presidenten frå USA til Noreg er litt drøye, da? 330 millionar norske kroner kostar det. Nei, eg syns igrunn ikkje det er mykje. Han får tross alt ganske mykje for pengane: Han får ta med seg 700 vennar. Han får med seg to militære Boeing 747, fjorten C-17 Globemaster fly, tolv C-5 Galaxy fly, tre C-141 Starliftere, fem Sikorsky VH-3D Sea King og 40 bilar med seksløps maskingevær i taklukene. AVIS leiger jo ikkje ut slike bilar her i Noreg, så da har han ikkje noko anna valg enn å ta med sine eigne.

- Kan det da vere at eg reagerar sterkt på at det i Dagbladet den 4. desember, altså 6 dagar før Presidenten kjem, står at bordet Presidenten skal få sin middag på, er ferdig dekka??!?! Ja, i alle dagar!! Kva for slags idiotar er det som driv Grand Hotell, da??? Om dette sto i avisa den 4. desember, og vi da reknar inn ei trykke-tid på eit lite døgn, så har dei altså dekka bordet ei veke før middagen skal etast! I desse svineinfluensatider? Eg trudde heile Noreg hadde full fokus på hygiene! ER DU KLAR OVER KOR MYKJE STØV OG MIKROBAR SOM DANNAR SEG I EIT ROM PÅ EI VEKE?? Med ein romtemperatur på > 17 grader, dannar det seg normalt 87,5 gram hybelkaniner pr. cm2! Og sett at det fins ein edderkopp i det rommet, så er det ein overhengande fare for at den vetle jækelen har dekka inntil 12 kvm av middagsbordet med sitt sirlige spinn på ei veke. Og med så mykje dill-dall som garantert er på det bordet, så må jo alt sanerast for å få vekk det spinnet. Serviettar, gaflar, vinglas, mansjettar, alt!
Og ein kan jo berre i sin villaste fantasi tenkje seg kva anna Grand Hotell har vert så framsynte å førebudd på forhånd. Salaten står vel allerede på kjøl, ferdig oppkutta. Forretten er vel ferdig dandert på fat. Ovnen forvarma. Stearinlysa tent.

I rest my case. Dette er det galnaste.

Tross alt, så går det ganske bra!

Det er muleg det er eit usympatisk trekk, men av og til kjenner eg ei viss glede over å tenkje på dei som ikkje lykkast. I slike samanhengar kan eg tillate meg tenkje; "Tross alt, unge Gangsøy, så går det ganske bra!".

Nett no, til dømes, kjenner eg meg ganske smart samanlikna med den 20 år gamle guten som sit på ein einsam hybel i Bergen og forhåpentlegvis er litt oppgitt over at han for nokon dagar sidan syntes det var lurt å knuse pepperkakebyen i Bergen. Også angrar han litt på at han stjal den julebrusa, som seinare vart politiets bevis mot han. Mykje flauare går det vel ikkje an å bli.

Så tross alt kjære lesar, så klarer du deg ganske bra! Det fins dei som bommar grovare på blinken ;-)

Bygg på det gode!

Slapp av, eg skal seie det tusen gangar til. Det er mykje god læring i repetisjon, som han sa, den alkoholiserte tysk-læraren min på vidaregåande, som ba oss repetere leksa, mens han tok seg ein liten tur på kontoret..

Dei siste semestera på Livets Skule har for min del vert hakket hardare enn eg var forberedt på. Men eg forstår no kvifor ledelseslitteraturen fløymer over av bøker som omhandlar overgangen frå buddy til boss. Berre synd at ei bok aldri kan forberede deg nok. Men i det siste trur eg at eg har knekt eit par kodar:

Neste gang du er i ein konfliktsituasjon, du eller andre blir fornærma eller forbanna - tenk da: Rokker dette ved min eller vedkommandes mestringsfølelse?
Nesten alltid kan eg svare ja på det. Og dermed står mirakelmedisinen klar; Bygg på det gode. Etter min meining fins det berre sju ting som kan få dine kollegaer til å yte sitt aller beste; Skryt, skryt, skryt, skryt, skryt, skryt og skryt. Og dei samme sju tinga kan få meg i mitt ess. Sjølvtillit er eksepsjonelt viktig, og dagleg mestringsfølelse er for sjela det samme som tran er for skrotten. Ingen i heile verda kan la vere å bli glad for skryt. Sjølvsagt forutsatt at dei positive tilbakemeldingane oppleves som riktige. Viss du klarer å formulere ein raus replikk umiddelbart etter at den positive hendinga har skjedd, og vedkommande kjenner at replikken var fortjent, så renn ei sol over sjela til den heldige. Smilet er umulig å kamuflere! Og bivirkningane er bedre humør og friskare satsning i neste omgang.

Lett, ikkje sant? Nei. Av og til er det ubeskrivelig vanskeleg å skryte. Du ønskar vedkommande dit pepparen gror! Du syns vedkommande er den største idioten i heile vide verda! Det byr deg imot å skryte av han, dessutan kunne du ikkje i din villaste fantasi komme på noko å skryte av han for. Det vil i den situasjonen kreve enorm generøsitet å setje seg ned å finne ut noko som er positivt og noko som er sant og noko som du føler som ekte. For usant skryt biter ikkje på nokon.

Det er da du må bygge på det gode i deg sjølv. Skap deg mestringsfølelse og sjølvtillit sjølv. Finn den eine tingen du er god på, eller vil bli god på, og gjer den om-att og om-att. Når du mestrar den, begynn på neste ting du vil mestre. Sørg for at du får den hjelpa og den rosen du treng - gå gjerne så langt at du betalar for det. Skrytet smakar godt likevel. Personleg er mitt pågåande prosjekt slanking (overraska??) Eg treng å bli kvitt 10 kg dauflesk for at sjølvtilliten skal bli bedre. Og eg har kjøpt ein personlig trenar som skal motivere meg fram dit. Det funkar.

Så moralen er enkel: Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Og så videre ;-)

Snusfornuftig

Innimellom kjem dagane som begynnar litt dårlig. Men da tenkjer eg: "Jaja,tok du den, så tek du denne." Men så vert det gjerne fleire slike, på rappen, med ubehageleg innhald og i rask rekkefølgje. Og den gladkristne haldninga møter motbør.

Mangen ville løyst dette med å ta seg ein røyk. Sleppe alt ein har i hendene, dra på seg jakka og spasere ut i fri luft og fyre opp litt beroligande. Og der sit dei gjerne i godt lag, finn balansen igjen, haukflirar litt og stumpar etterkvart bekymringane sine i eit kolsvart askebeger. Så er dei klar igjen. Som ikkje-røykar observerar eg dei ofte, og kanskje dei trur eg tenkjer: "Håddu kor svarte lunger dokke har!!!!!" Men eg gjer ikkje det. Eg tenkjer: "Jævlar, så fint dokke har det!!".

Eg har ofte sakna eit beroligande middel. Eg røykjer ikkje, snuser ikkje, drikk ikkje kaffi og taklar ikkje te. Men på fredag var begeret fullt. Det hadde vert tidenes møkka-dag på jobb, og eg bestemte meg for å ta affære. Eg trampa inn på Spar, nappa den mest fargesprakande og fancy boksen eg fann i kjøleskapet for snus, og tok fartsrekord heim. La meg rett på sofaen og lada leppa med ein gedigen pose eucalyptus-snus.

Det gjekk ca 1 minutt, også hadde kroppen fått sin første dose nikotin på 31 år.
Å halleluja! Svimmel og salig låg eg å himla med augene på sofaen i ein halv time, og hadde time of my life! Det var rosa elefantar og mørk sjokolade og muskelknutane rann vekk som meierismør på ein varm solskinnsdag. Så godt var det! Kvifor i alle dagar har ikkje dette blitt bedre kommunisert ut til kundane?? At snus er helseskadelig vil eg nærmast karakterisere som villedande markedsføring!

Men før du ringer å kjefter på meg mamma; Eg skal ikkje begynne å snuse altså. Berre pittelitt etter ein real møkka-dag. Eg trur det er snusfornuftig...

Mental alder versus fysisk alder

Dei seier eg helde meg godt. Det er difor eg, i ein alder av snart 31, fortsatt må vise legitimasjon når eg skal kjøpe ei flaske vin. Eg syns ikkje det er eit kompliment lengjer.

Så eg tenkte eg skulle begynne å holde meg dårlig. Istadenfor å vere 31 år, men sjå ut som om eg er 18 - så tenkte eg å snu på flisa. Så no er eg 31, men oppfører meg som om eg er 62 år. Så eg har bytta ut sportsdrikken med halvkald traktekaffi med fløyte. Istadenfor Lotto, kjøper eg no Kryssord-Flax. Det tek ca ein halv time å skrape. Også tvinnar eg tommeltottar mens eg ser på TV.

Eg håper eg slepp mange rundar av denne brytekampen mellom fysisk alder og mental alder, men forhåpentlegvis kjem eg meg over "vise-leg"-stadiet snart.

Sjukehusdietten: Ein marg & bein- thriller i 7 akter!

Preludium

Enn så lengje sjukehusa våre ikkje er privatisert, så har dei truverdighet hjå meg. Eg har ikkje for vane å vere hellig overbevist, men eg har heldigvis hatt så lite med sjukehus å gjere, at eg kan påberope meg å vere hellig overbevist om at sjukehusa våre har peil!

Difor gjekk eg rett på limpinnen når eg vart presentert for sjukehusdietten på tysdag. Sidan forrige slanke-rabalder eg plaga dykk med, så har eg trivast og hatt det godt, og dermed har nokre kilo bestemt seg for å komme tilbake. Og da er det på`an igjen. Denne gang stiller eg kroppen min disponibel for forskning, så følg gjerne denne uhyre spennande marg-og-bein-thrilleren!

Kvelden før dag 1:
Eg startar med grusomt friskt mot! Sjukehusdietten reklamerar med at kroppen skal bli fullstendig rensa for giftstoff og forventa vekttap på ei veke er mellom 4,5-7,7 kg. På ei veke! Det er strålande!
Og metoden er enkel: Kok ei suppe på gulrot, løk, bønner, tomat, selleri og ein liten dæsj nudlar. Og til meir ein et av suppa, til meir går ein ned i vekt. Enkelt!

Eg kuttar ivrig opp grønnsaker, og tryller fram ei nyydelig suppe. Dette skal bli enkelt, tenker mitt enkle sinn. Eg setter suppa i kjøleskapet og tek kveld.

Dag 1:
Spretter opp av senga tidleg og er innom badevekta. 88 kg. Enn så lengje!! Dette skal bli ein strålande dag!

Men frukost kan av og til vere litt vanskeleg å svelgje, ikkje sant? Den nydelige suppa frå i går var blitt litt tjukkare i konsistensen, og den lukta litt skarpare. Den lukta fis. Men eg er tapper og svelgjer ei lita skål. Den første dagen er det lov å ete frukt også, så eg skyller ned med eit eple. Seinare på dagen er eg meir i suppehumør, så eg freser ein porsjon i mikro`en på jobb. Luktar det litt? Hmm..neida.

Men mistanken vert bekrefta når eg kjem heim til kona etter endt arbeidsdag. Ho rygger og rynker på nasen men spanderar likevel ein klem. I gode og onde dagar, remember...? Men utover kvelden forstår eg ho bedre og bedre, for kvar einaste pore i kroppen slepper etterkvart ut ein tung aroma av selleri og bønner. Skal gifta røykast ut, lurer eg på? Energi-nivået er labert, så rundt halv elleve legg eg inn årene. Og til tross for at me er nygift og statistisk sett i vår mest nyforelska periode, blir det heilt naturlig å erstatte god-natt-sussen med eit solid håndtrykk: "God natt, kjære. Sov godt!"

Dag 2:
Med litt mindre livsgnist, kjem eg meg opp av senga. Magen er oppblåst, og energien er litt fråværande. Men vekta gir meg gode nyheter: 87,3 kg. Vær tapper, unge Gangsøy!

På dag to av sjukehusdietten er det framleis om å gjere å ete så mykje suppe som mulig, men frukt er ikkje lenger lov. Grønnsaker derimot - feel free! Suppe blir komplett umulig på morgonkvisten, men eg forsyner meg grovt av gulrøttene til Linus & Lotta (kaninene..). Det blir heilt klart at eg må lage ny suppe i ettermiddag - to dagar gamle bønner er uutholdelig! Brekker meg mens eg lagar til ein liten porsjon til lunsj. Og det slår meg jo at kvardagen blir jammen ikkje meir vanskeleg enn ein gjer det til sjølv! Det førekjem meg ganske tullete å nekte kroppen normal næring og kjenne korleis gnisten forsvinn mens eg sit å jobbar hardt med ei skål suppe som er heilt motbydelig! Men det interessanne er korleis sansane våknar opp - til middag fekk eg lov å ete ei bakt potet med kryddersmør, og eg skal love deg at det ikkje fins noko som helst bedre i heile verda enn potet med smør - etter to dagar på diett! Og det er eit lite helvete å gå på butikken for å kjøpe meir gulrot og selleri. Sjølvsagt står det to fulle handlekorger med Twist og SuperSalt Mix til halv pris rett foran kassa..%!¤&"&***¤! Men fem pakkar tyggis og to Frisk nappar eg med meg - i håp om ein god natt-suss i kveld...

Dag 3:
86,6 kilo! Det rasar av! Men eg har oppretta ein sikkerhetssone rundt meg sjølv på 3 meter, vel vitande om at eg luktar gulrot og selleri. Men visstnok "ikkje like jævlig som i går!". Eg er jo glad for positive tilbakemeldingar frå omgjevnadane mine....;-)
Dietten har i dag bestått av suppa (som eg faktisk er blitt venn med igjen..i mangel på anna mat, er eg grusomt glad for alt eg får)og frukt og grønnsaker. Energien er merkeleg nok begynt å komme litt tilbake også, til tross for at det daglege kalori-inntaket er på <0. Men når svele-røra kom på bordet på kantina, såg eg meg nødt til å ta heimekontor resten av dagen. Den lukta vart litt vel drøy for ein avmagra meierist ;-)
Kveldens utfordring blir:
- å arrangere pysj-fest for tenåringar som har bestilt heimelaga pizza, chips og brus
- å infiltrere inn frukt og grønnsaker i den opprinnelige ost og vin-kvelden med gode kollegaer
- å holde seg våken til kl 01.00 og hente kona på jobb, uten ein einaste kalori i skrotten

Hårre...

Dag 4:
86,3 kg??? Gjekk eg berre ned 300 gram etter å ha kjempa meg gjennom ein ny suppe-dag? Det er urettferdig! Men det er ikkje snakk om rettferdighet i slanke-verdenen. Eg stemmer sosialistisk, betalar skatt med glede og har fadderbarn i India - men likkavel blir eg feit! Men eg gir ikkje opp. Tvert imot skal eg bruke dagen på å begrave uttrykket "Utan mat og drikke, duger helten ikkje." Med kalori-tom suppe i magen, starta eg førebuingane til vinteren:



Etter ein heil dag med uttallige suppe-pausar, vart plankehaugen omsider forvandla til eit byggverk eg neppe får Årets Byggeskikk-pris for, men det bør vere godt nok til å avlive det slanke-fiendtlige ordtaket "Utan mat og drikke, duger helten ikkje."



Dag 5:
86,2 kg. Ein ny dag med suppe belønnes med 100 gram i vekttap. Eg kunne jo blitt rasande.

Men eg kan jo ikkje det. Det er jo berre snakk om litt slanking - viktig for dei som er livsfarlig overvektige ja, men for oss andre er det jo strengt tatt ikkje ei katastrofe med nokre kilo ekstra. Men sjukehusdietten reklamerar med å ha ein effekt både på kropp og sinn, og akkurat det har vert ganske interessant. Følgjande har slått meg i løpet av dei siste fem dagane:

- Eit kosthald beståande av frukt, grønnsaker, skumma melk og vatn er faktisk nok i ein periode. Dei første dagane kunne eg sjølvsagt begått seriøse kriminelle handlingar for ei brødskive med Norvegia, men etterkvart som dagane har gått så syns eg maten er heilt ok. Og kroppen får tydeligvis det den treng, ettersom alle kroppsfunksjonane fungerar heilt fint. Nokon av funksjonane har riktignok tatt seg kraftig opp, og eg har ein mistanke om at grønne bønner er naturen sitt svar på Round Up. Men så er det vel mulig at den tolv meter lange tarmen til ein gjennomsnitts-nordmann treng litt Round Up i ny og ne..?
- Eit kosthald beståande av frukt, grønnsaker, skumma melk og vatn kostar omlag 250 kr pr veke. Mot normalt det tredoble kanskje? Det hadde vert litt stilig å redusert årsinntekta til Rimi-Hagen med ein halv milliard! Hadde blitt mindre skatt på karen også, så eg reknar med det er vinn-vinn.
- Eit kosthald beståande av frukt, grønnsaker, skumma melk og vatn går an å kombinere med fysisk aktivitet og jobb, men det er jo ingen tvil om at ein bevegar seg fort på grensa til å gå energi-tom. Dermed må ein kjenne litt ekstra etter, vere litt føre var og kanskje redusere tempoet littegrann. Ikkje så dumt for sjela det, innimellom.
- "Eit varig vekttap skjer kun som eit resultat av ein livstilsendring" er refrenget til Grete Roede & co. Men for oss vanlig dødelige er det ofte eit par-tre-femten ting som må forandrast på for å få ein helsemessig riktig livsstil. Og det kan vere vanskelig. Men etter sju dagar på frukt, grønnsaker, skumme melk og vatn, så kjennes det straks lettare ut å plukke vekk eit par av unotane iallefall.

Dag 6:
85,7 kg. Generelt så må eg sei at landets slankekurar har eit truverdighetsproblem! Eg har prøvd mange, og samtlege lovar vesentleg meir enn dei(eg..?) kan holde! Riktignok er det bra å ha gått ned 2,3 kg på 6 dagar, men i reklamen til denne dietten, så skulle eg gått ned mellom 4,5-7,7 kg no. Hrmf..
Men la gå! Eg kan aldri tenkje meg at eg har inspirert nokon til å begynne på dietten, men om så skulle vere, så har eg nokon erfaringar til låns:
- Oppskrifta seier gulrot, løk, selleristang, tomater på boks, grøn paprika, grønne bønner og buljong. Gjer deg sjølv og omgjevnadane dine ein tjeneste å drit i selleristanga. Den luktar heilt avskyelig. Løpestikke kan visstnok vere ein god erstattar, men Rimi-Hagen er personleg ansvarleg for det elendige utvalget på norske daglegvarebutikkar (så fekk eg jammen sagt det og!), så løpestikke finn du garantert ikkje på butikken. Men kanskje i hagen?
- Skru ned tempoet i livet ditt eit hakk eller to mens denne veka pågår.
- Hold ut til dag 3, så går resten som ein leik ;-)

SISTE DAGEN:
85,2 kg.

Tenk deg å stå på toppen av Kolåstinden! Tenk deg å stupe frå 10-meteren! Tenk deg å svømme rundt i azurblått Middelhav! Tenk deg ein kuleis med tre kuler og soft-is på toppen! Tenk deg å hoppe i fallskjerm!!
Viss du multipliserar alle desse med kvarandre, så får du eit nøyaktig bilde på kor fantastisk, ubeskriveleg deilig det var å ete ei brødskive igjen!

Eg anbefalar ikkje denne kuren til eit einaste levande menneske.
No skal eg ete med begge hendene igjen...;-)
Jeg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.
Jeg har plassert min blogg i Ørstanorske bloggkart!

Gi meg ein hårfønar!

Eg håpar eg vart lurt på jobb i dag. Og det ville vert fantastisk om det skjedde oftare!

På veg mellom A og B i ein fei, sto ein gamal, søt mann utanfor personalinngangen og vinka med ein blå pose. Og gamle mennesker og små barn har det til felles at når dei vert oppdaga sånn, så stopper me opp, eit smil renn over sjela og service-instinktet bråvåknar. Så eg åpnar opp, smiler og spør om eg får hjelpe han.
- Jo, eg skulle levert denne hårfønaren til ei dame her...men no har eg gløymt navnet..noko på T..?
Han er sikkert godt over 80 år, har ein stav i eine handa og er verdens søtaste mann. I likhet med alle andre over 80. Den kognitive delen av hjerna mi koblar ut, og eg har kun fokus på å komme på jentenavn på T som jobbar her. Og første forslaget mitt slår inn:
- Ja, det var det ja! Sånne navn forsvinn så lett for meg. Kunne du gitt ho denne hårfønaren?
- Sjølvsagt skal eg ordne det. Takk skal du!
Eg bukkar og nikkar og neier, og loser mannen trygt ut døra igjen og ser han vel av gårde.

DA kobler hjerna inn att:
- Hmm?? Ein hårfønar levert på jobb? Jaja...men pokker! Vedkommande er jo sjukmeldt! Det gløymte eg i farten. Og ikkje veit eg kor ho bur - korleis blir eg av med denne hårfønaren no??

For å gjere ein lang historie kort, så gjekk dette godt. Men tenk kor fantastisk morsomt dette hadde vert om det var ein practical joke! Tenk om det hadde vert aktivitøren på Bakk-Ola som hadde hatt ein god dag på jobben sin, og isaman med dei gamle, søte i arbeidsstova hadde tenkt: - Nei, idag drit vi i brodering dokke! Vi går heller ut å lurer bedriftene i Ørsta! Tek med ein hårfønar eller noko sånt, også står ho Olga bak å filmar. Alle går fem på når vi gamle, søte "treng litt hjelp!"

Det hadde vert fabelaktig morsomt!

Natural relaxing feeling!

Næringsmiddelindustrien brukar milliardar kvart år på å utvikle matvarer som skal ha helsebringande effekt. Og når nokon brukar milliardar på noko - så er det fordi dei meinar dei kan få minst det dobbelte tilbake. Om forbrukaren får valget mellom ein smørpakke som er tilsatt A og D vitamin og er dekorert med fengjande slagord som lovar gull og grøne skogar - og ein heilt vanleg smørpakke, så er hypotesen at dei fleste velgjer den som er såkalla funksjonell. Og markedet for funksjonell mat har eksplodert dei siste åra, og det er sjølvsagt ei utfordrande oppgåve Næringsmiddeltilsynet har, som skal godkjenne desse produkta, og dermed gje produsenten tillating til å markedsføre produktet slik at forbrukaren får inntrykk av at: "Dersom eg ikkje kjøper dette nye smøret, så kjem eg mest sansynlig til å døy i mangel på A og D vitamin!"



Og det veldig fascinerande i denne bransjen er at EU kun vil akseptere at Statens Næringsmiddeltilsyn nekter godkjenning av produkt med tilsettingar som innebærer helsefare.



Og konsekvensane av dette er jo komiske. Eg ser Libresse har vert kreative og reklamerar no for truseinnlegg med E-vitamin. For 10-15 kroner ekstra, er du no altså så heldig å få kjøpe eit truseinnlegg som er tilsatt ekstrakt av E-vitamin. Eg trur ikkje ein kan komme nærmare svindel i truseinnlegg-bransjen enn dette...



Men så har eg altså nett vert i Bulgaria, som jo er eit EU-land, og der er grensene tydeligvis enda mindre strenge. For dersom du ein varm sommardag treng noko å leske deg på, så kan du altså få kjøpt denne funksjonelle iste`en i butikken på hjørnet:





Ja, det er altså is-te tilsatt hasj, som kan love deg ein Natural relaxing feeling!

I rest my case..

Eit nyansert postkort heim

Ingen likar eigentleg syden-postkort. Ein sit heime midt i august, i oljehyra si, også kjem desse korta med glinsande mannebein eller underernærte bikinikroppar dumpande ned i postkassa, tre veker etter at avsendaren er komt heim. Og bodskapen er enkel: Nydelig vær - god mat - ferie er digg! Suzz og klemz!

Men sanninga er som regel ein tanke meir nyansert enn som så. Etter 12 dagar på Sunny Beach, er mitt postkort sånn:

Kjære fedrelandet!
Eg veit ikkje kva dag det er i dag, men har komt til erkjenning av at me ikkje treng sundagsåpne butikkar heime. Me har hatt det veldig fint og virkelig fått tilfredstilt behovet for late dagar - men paradoksalt nok er late dagar veldig travelt i lengda. Det kroppslege forfallet er merkbart, og eg er kurert for barndomsdraumen om is, brus og loff kvar dag. Samstundes vil eg nytte anledninga til å trekke attende alle kommentarar om pensjonistar som tek med seg mat til Syden. Eg skulle gjerne gjett ei bulgarsk månadsløn for eit knekkebrød med Gudbrandsdalsost no...
Ellers er kvardagens spenning knytt til om avføringen er fast, fin og regelmessig. Heldigvis har dette gått bra, men så drikk me også Antibac til frukost, middag og kvelds.

Sunny Beach har rike shoppingmuligheiter, og du kan få alt frå rosa badedyr til grøne luftmadrasser. Ellers bær næringslivet preg av tynne forretningsidear. "Sitt-på-bagasjebrettet-på-sykkelen-min" eller "Sjå-på-månen-gjennom-kikkerten-min" er av dei bedre. Overraskande mange velgjer å tjene til livets opphald med å sitte i ein sliten campingstol ved sidan av ei badevekt. For 1 Leva kan du gå oppå. 4,50 for ein dårlig nyhet, altså... Hadde eg vert bedriftseigar, ville eg heller tatt 1 Leva pr. kilo...

Men oppsummert så har det vert nydelig med ferie og me har hatt det flott. Men no har me fått dosen vår av klissete solkrem, uutholdelig varme og menn i Speedo, så det vert deilig å komme heim til kvardagen i fedrelandet att. Me er heldige som bur i Noreg.

Suzz & klemz ;-)

Eit steg ut av sivilisasjonen

Eg har vert på del 1 av bryllaupsreisa vår, og valgte sjølvsagt å ta eit steg ut av siviliasasjonen for å tilbringe tid åleine med drømmedama mi, i vakre omgjevnadar og utan mobildekning. Og nett sjølve bryllaupsreisa skal forbli til privat forlystelse - men det med å ta eit steg ut av sivilisasjonen må kommenterast. Og det er mogeleg at dette gjeld kvart enkelt menneske i heile fedrelandet eller på heile den vestlege halvkule for den del, men eg skal prøve å la vere å generalisere - så eg snakkar ut frå eigen erfaring:

Eg er vant til ganske høg komfort. Så berre det å få plass til alt eg "treng" for ei veke i fjellheimen i ein sekk, var ein utfordring. Ein utfordring eg ikkje besto, i følgje ein gamal krokete mann eg traff i løypa. "Åhh, du har med deg aaaaltfor mykje!", humra han, idet han peiste forbi med ein sekk på størrelse med eit handlenett frå Rema. Og sjølvsagt hadde han rett. Men la gå.

Eg er også vant med ein ganske høg hygienisk standard. Dusjar gjerne to gangar for dagen. Korleis vert det då når eg etter den fjerde dagen med hard fysisk aktivitet enda ikkje har fått dusja? Behovet er ganske intenst, men det er interessant å kjenne på den fløyelsmjuke huda med det naturlige fettlaget som både isolerar og pleiar. For ein sunnmøring er det fascinerande å oppdage at eksklusiv kosmetikk kjem innafrå - og er heilt gratis!

Eg er også vant med at kjøleskapet er fullt og at ein spasertur på butikken kan dekke alle basale behov. Da er det ganske morsomt å kjenne på den ustyrlige, boblande gleda over å finne ein boks lys lapskaus på eit proviantlager! Og med gjenlatne auger og høglydt nytelse, så finn den hermetiske lapskausen smaksløkar som frydar seg uhemma! Eg hadde da aldri i verda komt på å kjøpe hermetisk lapskaus til middag, om eg hadde vert i sivilisasjonen!

Eg er generelt vant med at det utstyret eg treng, det finn eg i ganske umiddelbar nærhet. Så viss eg oppdagar eit par augebryn-hår som har komt ut på feil plass, så nappar eg dei fort ut med ein pinsett. Prøv gjerne det samme med ein kulepenn. Eg skal garantere deg at det ikkje går.

Ellers er eg også vant med å ha ein god del arbeidsoppgaver som skal utførast i løpet av ein dag. Eg er ikkje vant med at denne dagen skal du bruke til å gå frå A til B, sørge for at du er tørr og mett - og sjå til at turkompisen din har det bra. I sivilisasjonen ville dette aldri vert dagens agenda - mens i fjellheimen er dette kvar dags agenda. Ganske digg.

Også er eg vant med at når eg legg meg om kvelden, så er kroppen utkvilt men hovudet fullt. Den siste veka har kroppen våre dønn utsleten, og hovudet tomt. Ein søv igrunn bedre da.

Og sist - men ikkje minst, er eg ikkje vant til å vere blodgivar. Eg meldte meg ein gang til tjeneste, og ville gjerne dele mitt blod med andre. Da ville dei først ha eit par prøveglas, for å sjå til at blodet mitt var godt nok. Dei spurde om det var ok, og eg sa det sjølvsagt ikkje var noko problem overhode. Også besvimte eg. Tre dagar etter fekk eg eit brev i posten, der det sto at dei takka for forsøket, men at det kanskje var andre ting eg kunne bidra med, enn å gje blod? Det vart vel for tungt å løfte meg opp frå golvet i tide og utide, da. Men den siste veka har eg gjett ein dråpe blod til kvar einaste mygg i alle Tafjordfjella...

Men når eg no har teke eit steg ut av sivilisasjonen og kjent på dei enkle gledene, så må eg nødvendigvis ta eit steg inn i sivilisasjonen igjen også. Og sjølv om eg berre var ei veke ute, så var det overraskande travelt å komme inn att. Der fossen i forrige veke var einaste støykilda, er det no både mobil, bilar, masse folk, kjøpesenter og meir utfordrande oppgaver enn å halde seg tørr og mett. Blir me virkeleg utsatt for dette kvar einaste dag?? Prøv å ta eit steg ut, og kjenn på den absurde verden når du kjem inn att. Dette er ikkje ein oppfordring til eit liv som eremitt i fjellheimen, men det er både deilig og skummelt å oppsøke motsetnadane for å få eit større perspektiv på kvardagen.

Etterlengta ønsker om utopiske evner

I Magasinet sine første år, hadde dei ei fast spalte der ein kjendis vart revolverintervjua om det meste, men det siste spørsmålet var: "Viss du kunne fått ei overnaturlig evne, kva evne ville du valgt da?"

Og det er eit fabelaktig spørsmål! Sjølvsagt utopisk, men for ein dagdrømmar så er det eit spørsmål som kan gje tankespinn i mange timar. Og med spørsmålet surrande i bakhovudet, kjem det ulike svar i ulike situasjonar. Og ein lengt etter å kunne gjere alt ein ikkje kan...

Tenk å kunne lese tankar, til dømes? Det ville gjett ein ubetalelig innsikt i både kva andre tenkjer om seg og sitt og om deg og ditt. Og med den kunnskapen kunne ein både hjelpt andre bedre, og ein kunne lært ein heil masse om seg sjølv. Det er sjelden du treff eit menneske som har lyst å fortelje deg akkurat kva vedkommande syns om deg.

Eller tenk å kunne fjerne ein sjukdom ved eit klapp på skuldra? Den evna er sårt ønska mange gangar. Eg anar ikkje korleis det er å vere alvorlig sjuk, men det er ein tung hjelpelaus følelse når det ikkje er noko ein kan gjere for å hjelpe. Ein blir så liten ved sidan av desse menneska, for ein forstår fort at dei har eit heilt anna perspektiv på livet. Det er nett som dei saman med sjukdommen fekk ein nøkkel, til ei anna dør som ser livet frå ein anna vinkel. Og sånn kan dei nyte resten av livet sitt, med ein større tilstedeværelse, ein større innsikt og kanskje ein større ro. Av og til får me andre lov til å stå bak, å holde i skjørtekanten mens desse kloke, sjuke menneska peikar i den retningen dei går, i eit forsøk på å vise oss kva som er viktig i livet. Men utan nøkkel er det vanskeleg å virkelig forstå.

Eller stundom treff eg mennesker eg har lyst å plassere på ein stol, åpne opp tank-lokket og fylle på med 100% konsentrert sjølvtillit. Få slutt på at dei luffar rundt og ikkje forstår at dei er strålande, fabelaktige mennesker, med all mulig grunn til å strekke seg ut og snakke høgare! Det fins sjølvsagt også mennesker eg har lyst å fylle opp med andre konsentrerte væsker...nokon treng kanskje 20% sjølvinnsikt, mens andre treng 75% humor...

Men i den siste tida har eg lengta mest etter evna til å fjerne sorg med eit stryk over kinnet. Alle desse menneska som før var så sprudlande og blide, men som no har mista nokon dei var så glad i, og fått eit tungt drag over seg. Tenk å kunne stryke det vekk! Det er sjølvsagt umulig i eit stryk, og kanskje heller ikkje noko poeng - dei treng kanskje å ha sorga si ei stund. Men kanskje mange små stryk, i form av ord, smil og små nikk, over lang lang tid, kan vere med å mildne den tyngste sorga. Så nett denne evna er kanskje ikkje overnaturlig likevel.

Viss du kunne fått ei overnaturlig evne, kva evne ville du valgt da?

Vil ha - må få

Du veit dei skilta som står rundtforbi i tettbygde strøk?
Dei skilta som er veldig fine, men som får det til å gå kaldt
nedover ryggrada kvar gong eg ser dei:

Vi har mange barn. La oss få beholde alle.

Eg treng sånne skilt i bygda vår no:

Vi har mange flotte mennesker i Ørsta og Volda.
Vi har mista nok av dei no.
Lat oss få behalde dei som er igjen.

Dagen etter dagen

Eg er altså gift. Blitt hustru, kone, frue. Eg og min bedre halvdel har vorte eit ektepar. Det er ganske rart.

Men veldig, veldig kjekt. Det var eit heilt vanleg bryllaup. Ekteparet hadde pynta seg:

Bryllaupskaka vart laga av profesjonelle:

Og den smakte fortreffelig:


Underholdningen var heilt tradisjonell:

Tømmermenna kom:


Blomsteroppsatsane var laga med omhu:


Barna kosa seg:

Så alt i alt var det ei veldig vellukka og koseleg tre-dager-feiring, og det kjennes utrulig godt å endeleg vere gift med verdens vakraste kvinne!















Dagen før dagen

Svært mange påstår at dei har drøymt om bryllaupet sitt heile livet. Og eg må innrømme eg vert imponert over eit sånt perspektiv heilt frå barnsbein av. Det vitnar om ei ekstrem evne til langtidsplanlegging og det må jo vere ei fryd/ein skrekk (stryk det som ikkje passar) å gifte seg med ein person som har tenkt på og planlagt bryllaupet sitt heilt sidan sandkassa. Eg ser for meg at vedkommande ikkje er så veldig happy for eventuelle avvik frå planen.

Eg tilhøyrer ikkje befolkningen med ekstrem evne til langtidsplanlegging. Eg er meir i gruppa for dei som tenkjer: "Jaaaa! Eg òg skal få lov til å gifte meg!"
For det er jo ingen tvil om at ein sånn handling og ein sånn dag, er ein av dei viktigaste i livet. Og når ein av partane ein sein kveld bringer temaet på bane, så er det veldig spennande å finne ut om ein er nokonlunde samstemt i plan, fasong, form og farge. Eg meiner det er mykje godt det samme korleis og korhen, for ingenting er feil så lengje dei to hovudpersonane er einige om at "Dette er sånn me vil ha det."

Heldigvis synte det seg at eg og mi tilkommande hustru var heilt på linje på dette punktet. Den eine sa det den andre tenkte, og det er godt gjort når førebuingane og bryllaupet avviker såpass mykje frå normalen. Til dømes var me enige om å feire i tre dagar. Og me skulle vere mesteparten av tida ute, det skulle vere strålande sol og varmt, og det skulle ikkje bli gitt anledning til å pynte seg. Målet var at kvar gjest i forkant av bryllaupet skulle kjøpe seg ei ny, behageleg og romslig friluftslivbukse, som vedkommande kunne ha glede av i mange år. Vidare skulle begivenheita føregå i mest mulig laidback`e omgjevnadar, og ei hytte på fjellet var det ideelle. Maten skulle me ordne sjølv, borddekorasjonane skulle me be gjestane lage og serviettane skulle brettast i ein fei. Fotografering skulle skje ein anna dag, ettersom me ikkje vil forlate gjestane for å bli tatt bilde av i 315 ulike vinklar. Dessutan skulle det ikkje vere nokon spektakulære hår-oppsettingar eller personlighets-matchande-blomsterbukettar å ta hensyn til, så det skulle vere ein smal sak og simulere bryllaupsdag og fotografering ein heilt vanleg onsdag ettermiddag. Eit par veker før bryllaupet kom det i ein bisetning eit forslag opp:
- Skulle me tatt litt sol, eller? Blitt litt brune?
- Nja..me burde vel det.
(lang tenkepause)
- Er det nødvendig å vere så brune?
- Nei.
- Droppe det da?
- Ja.

Og no er det altså dagen før dagen. Familie og venner ringer og spør om alt er i rute og under kontroll. Og me dreg kanskje litt på det, før me svarar at: "Joda, skal rekke å bli ferdig."

Det få veit er at me for to veker sidan kjøpte oss to gitarar til Guitar Hero Wii, og har i det siste vert fullstendig hekta på tv-spel...Men i morgo tenkte me å legge dei vekk og arrangere litt bryllaup ;-)

Eg kjem attende med rapport om korleis dette gjekk når eg har vorte hustru til hustrua mi ;-)

Halvfullt eller halvtomt?

Viss nokon spør deg om glaset foran deg er halvtomt eller halvfullt - så er det ein personlighetstest, og du skal vokte deg vel for svaret. Seier du det er halvtomt, så er du nemlig ein traust realist, på grensa mot pessimist og du har ein klar tilbøyelighet mot det negative tankesettet. Kort sagt ein surpomp! Men seier du det er halvfullt, er du ein naiv, livsbejaande optimist, overveldande positiv og på grensa til gladkristen.

Stereotypi sjølvsagt, men dette fascinerar meg veldig. For det er snakk om noko så enkelt som eit glas, med 50% drikke i - men måten me omtalar det på, fortel noko om korleis me oppfattar glasset. Og at det i det heile tatt er mulig å oppfatte eit glas på forskjellig måte, syns eg jo er rart. Det er jo berre eit glass. Med litt drikke i. Men det er eit faktum at me oppfattar det ulikt - ergo oppfattar me verden ulikt. Og har du litt tid til overs ein dag, så vil eg absolutt anbefale deg å prøve å ta eit steg opp på meta-nivå, og observer menneska rundt deg. Det er kanon-morsomt!
Døme:

(Scenehenvisning: Forfattaren av dette innlegget skal snart gifte seg og bryllaupet er av ein slik art at været er ein sentral suksessfaktor. Difor er forfattaren for tiden veldig oppteken av http://www.yr.no/. Og nett no sit ho med langtidsværmelding framom seg, mens kjæresten ligg på sofaen og les avisa:)

Brud 1: Å hårre heite det kjære!! Det er meldt sol frå torsdag til søndag - det er jo spretle meg heilt perfekt!
Brud 2: Mm-mm.
Brud 1: 17-18 grader, lite vind og ingen nedbør. Stor sol på yr!
Brud 2: Mm-mm.
Brud1: Ka mm-mm?? Det er jo fantastisk fabelaktig! Vart du ikkje glad da?
Brud 2: Joda, men det er gammalt nytt for meg. Eg visste det skulle bli sol.
Brud 1: Har du sjekka yr før i dag da? Langtidsvarselet for helga er jo nett komt!
Brud 2: Nei, eg har ikkje vert på yr, men eg tek det for gitt at det blir sol.
Brud 1: Du tek det for gitt at det blir sol? På sunnmøre??
Brud 2: Du tek det tydeligvis for gitt at det blir regn...?

(Scenehenvisning: Brud 1 kjente den satt rett i sikringsboksen.)

Brud 1: Er det glaset halvfullt eller halvtomt, kjære?
Brud 2: Halvfullt, sjølvsagt.

(Scenehenvisning: Brud 1 er forferdelig glad for at ho skal gifte seg med brud 2.)

Nyt øyeblikket!

Det er da eit fantastisk mantra!

Heile dagen er jo satt saman av øyeblikk - og hadde vi virkelig klart å nyte kvart av desse til fulle, ville livet vorte ein endelaus, boblande og euforisk rus! Men er det mulig?

Om vi bokstavleg talt skulle nyte kvart einaste øyeblikk - hadde me da fått gjort noko husarbeid i det heile tatt? Hadde me teke kveldsrunden i hagen for å klippe brunsneglar i to? Hadde me teke joggeturen rundt Åsen? Det er mulig det er deilig etterpå, men eg syns ikkje det er digg i det heile tatt mens det står på. Verken husarbeid, snegle-klipping eller jogging.

Men kanskje det å nyte øyeblikket ikkje nødvendigvis treng å bety at du har det behagelig, varmt, tørt, mjukt & morsomt?

Eg var nett ein tur på Rema 1000. Skulle kjøpe gulerøtter blant anna. Har fått oss kaniner, serru. Men eg blir forbanna! For eit firma, viss namn skal forbli unemt, har begynt å kalle gulerøttene sine for smaksgulerøtter. Hæ? Kva er det eg har ete før da? Usmaksgulerøtter? Dårligsmaksgulerøtter? Ingensmaksgulerøtter? Eg kjenner eg blir provosert - og du & du så deilig det er! Det er da heilt fantastisk at det er såpass liv i denne skrotten at eg har evna til å bli forbanna på gulerøtter! Eg vurderte eit øyeblikk å holde eit lite show der og da - eg kunne tatt ein Kjellen, og banna høgt for at nokon er så frekke at dei putter 10 gulerøtter i ein simpel plastikkpose, kallar dei Smaksgulerøtter og selger dei for 30 kroner. Det må da vere 29,85 kr i avanse pr pakke! Og me blir forleda til å tru at dette er dei einaste gulerøttene som smakar noko - dei andre er jo ikkje smaksgulerøtter! Det er da svindel!

Alle bekjente; Ta det med ro, eg kava meg ikkje opp. Eg la pakken fint i korga og spaserte vekk med eit smil om munnen. Fordi det var engasjement, det var varme, det var brusande blod og fnisande latter. Det var kort sagt eit øyeblikk verdt å nyte! ;-)

Rosa beige

Det fins ein første gang for alt. Det var ein gang eg aldri hadde prøvd å sitje på eit toalett. Det var ein gang eg aldri hadde hatt eit einaste banneord i min munn. Og det var faktisk ein gang ingen i heile verda hadde smakt ein kvitost. Tenk det.

Men i ein alder av 30 år, er det vel ytterst få av det kvinnelege kjønn som med handa på hjertet kan seie: "Eg har aldri sminka meg". Men eg er ein vaskekte ytterst få.

Det starta med at eg las Se & Hør. Der hadde dei ein bildeserie av kjendisar før og etter sminking. Før-bildene såg sjølvsagt ikkje ut i måneskinn, og hjå enkelte var det komplett umulig å sjå kven vedkommande var. Og eg lo godt. Men så var det nett som om eg ikkje syns det var så morsomt lengjer. For det slo meg..."Hmm..det fins jo ingen etter-bilder av meg. Heile meg fins berre i før-bilder. Riktignok kjøpte eg ein Mascara på H&M for sju år sidan, men konsistensen på den beviser at det er ytterst sjeldan den er i bruk. Eg trur ikkje nokon har komt på å ta eit etter-bildet etter at eg har sveiva den stive, størkna busta over augene..."

Og ettersom det er under tre veker til eg står som brud (!), så tenkte eg kanskje at dette var ein hastesak. Men korleis gjer eg det? Kva skal eg smørje på meg? Eg hugsar at eg var på eit parfymeri ein gang for å kjøpe ein krem som julegåve. Eg labba inn der, med den breie manne-gangen min og dongeribuksa, og vart fullstendig oversett av betjeningen. Når eg omsider fekk kontakt med ei høghæla sminkedokke, framførte eg den enkle tanken min:
-Hei. Eg skulle hatt ein krem.
- Til?
- Ehh, nei det var no ei svigerinne som ønskte seg det da.
(Sminkedokka sukkar oppgitt)
- Jeg mener til hvor på kroppen!
- Å..eh, til ansiktet!
- Dag eller natt?
- Unnskyld?
- Skal det vere dagkrem eller nattkrem?
- Brukar ein krem om natta?? Hø,hø, nei eg satsar på ein dagkrem.
- Hvilken hud da?
- Eh...nei, det er no sånn vanlig ansiktshud...
- Jeg må vite om hun har tørr, fet eller vanlig hud!
- Sidan ho treng ein krem, så er den vel litt tørr...?
- Anti-wrinkle, Q10, oppstram eller toning?
- I alle dagar...eg trur eg tek eit gavekort eg.

Så som dykk forstår, så hadde eg ikkje sjølvtillit til å gå på eit parfymeri. Eg trengte eit lavterskel-tilbud: Cubus. Og traff heldigvis den mest forståelsesfulle og elskverdige ekspeditøren, som på eit mystisk vis berre forsto kva eg trengte utan at eg måtte forklare saken spesielt nøye...Og vips sto eg der med ein såkalla foundation i handa: "Denne er veldig enkel og tørr, slik at den er lett å påføre - og den passar perfekt til hudfargen din. Berre hugs å bruk lite på kosten, og sirkelbevegelsar - aldri opp og ned som med ein malekost."
Og eg nikka og forsto. Drog kortet og takka nei til ein pose på min aller første foundation. Tenkte kanskje det kunne vere greit å vise folket på Amfi at "Nåh! Så ho sminker seg altså...?!?!"

Vel heime, måtte eg studere det vetle vidunderet som skulle gjere meg til eit etter-bildet. Men hæ? Rosa beige? Kvifor står det Rosa beige på lokket??

Falma muffinsformer...

Du veit at det er lengje mellom kvar gang du baker, når muffinsformene som står nederst & innerst i kjøkkenskuffa har vorte falma....

Eg gledar meg til fred på jord!

Finn ein feil i følgjande utsagn:
Eg gledar meg til sommarferien. Eg gledar meg til me får kjøpt bobil. Eg gledar meg til Siv Jensen er utstoppa og heng på veggen.

Nei, feilen har ingen verdens ting med Siv Jensen å gjere. Eg trur ho kjem til å gjere seg godt på veggen. Særskilt viss ho har på seg den raude Cubus-kjolen med ei diger sløyfe foran, som ho held på å reklamere for no. Eg forstår meg lite på politikk, men eg syns det bokstaveleg talt er billig å reklamere for Cubus i valgkampen. Men nok om det.

Det kjem nye tankar, ynskjer og draumar heile tida. Når ungane er små gledar ein seg til dei begynner å ete graut. Når dei et graut, så gledar ein seg til dei kan begynne å ete sjølv. Når dei et sjølv, gledar du deg (forgjeves) til at dei skal slutte å grise med maten. Når dei er reine, søv heile natta og kastar bleia, blir det veldig kjekt når dei begynner på skulen. Også blir det fabelaktig den dagen dei slutter i korpset, så du slepp å lage skuffekaker i eit bankande kjøyr. Også blir det himmelsk når konfirmasjonen er over - og eit reint lite helvete når dei får sin første kjærast, som garantert er ein slabbedask med eit blodferskt sertifikat og ein Volvo 240 som ikkje har ein einaste flekk igjen av orginal-lakken.

Det representerar jo ikkje akkurat revolusjonerande ny-tenking, men å utsette gleda til noko anna skjer, er jo som å gjere heile jobben, men ikkje ta betalt. Du når punktet du har gleda deg til - men da er du allerede begynt å glede deg til noko lenger framme. Dette er da naturstridig - spesielt for ein sunnmøring! Men kvifor held vi på sånn heile tida da?

Lekse til i morgo blir å glede seg til NO ;-)

Hokus pokus filli-FOKUS!

Beklager til kvar einaste mann i heile verda!

Eg har ofte ledd meg ihjel, sukka tungt eller vert oppriktig oppgitt over det som stereotypt fortonar seg som manglande simultankapasitet hjå menn. Og det er vel også ein universell vits at menn ikkje klarer å tygge tyggis og gå samstundes. Og sjølv har eg vert særs nøgd med at eg klarer å gjere opptil fleire ting samstundes. Eg er til dømes svært god til å kjøyre bil mens eg snakker i mobil med ein eller annan, og tenkjer på kva eg skal ha til middag mens eg bytter CD og nikker nonchalant til han eg kjøyrer forbi. Seks ting på ein gang det!

Men no har eg omsider forstått at dette ikkje er ei bragd. Eg trur tvert imot bragden er å gjere kun ein ting i gangen. Ete mat, utan å lese avisa samstundes. Snakke med kjæresten, uten å tenkje på noko anna. Gå på tur, uten å drøvtygge dagens hendingar på jobb. Bake kake, uten å sjå på ein spanande film samstundes. Rett å slett gjere kvar einaste ting med eit hundre prosent fokus! Skal me prøve? Mulig me må åtvare omgjevnadane før me går i gang med eit sånt prosjekt - eg ser for meg at tempoet må reduserast i ein sånn grad at det kan verte tinga plass på Bakk-Ola marka over hovudet ditt, men det hadde vert veldig interessant å sjå kor mykje ein klarer å få ut av kvar einaste vetle situasjon, dersom ein vier situasjonen fullt fokus og 100% innsats.

Dette har skjedd:

Unge Gangsøy har hatt ein blogg-pause, og i mellomtida har ho gått glipp av fantastiske emner å undre seg skriftlig over:

- Noreg vann Grand Prix overlegent. Sjølvsagt. For med finanskrise i heile Europa, var det i år om å gjere å ikkje vinne. Så mens Azerbaijan og Island pustar letta ut for at dei slapp å gå konkurs på neste års freakshow, så diskuterar me heftig kor neste års fest skal vere. Mitt personlige forslag er Tall Ship Race-byen Måløy.

- Hans Reite er sjokkert over at mennesker har sex med kvarandre utanfor ekteskapet. Og han syns det er ei oppfordring til hor når Røde Kors deler ut kondomar. Han vil heller dele ut det Nye Testamentet. Og personleg har det Nye Testamentet ein uttørkande effekt på meg, så det er mulig det er eit velegna prevansjonsmiddel?

-Det har pågått ein nasjonal debatt i nyhetssendingane omkring Sylvi Brustad sin utsjånad og Lars Sponheim sin tissefant. Det har rett og slett vert frykteleg interessant! Eg vonar ein kvar politikar voktar seg vel for å bruke metaforar heretter.

- Eg har havna på slanke-kjøret igjen. Og Noka milkshakedietten anbefalast overhode ikkje til ei einaste sjel.

- Tjukkedeisa goes amazing startar opp att i morgo.

Tjukkedeisa goes amazing!

- ein dokumentarisk modningsprosess -

1. april 2009
I dag er det ingen som trur på meg likevel.
Eg tek det att i morgo.

2. april 2009
Å slanke meg offentleg vart ein uventa blogg-suksess. Ikkje at eg vart nemneverdig slankare altså, men folk syns tydelegvis det er morsomt å lese om andre som slit. Og i så måte er eg ein ressursperson! Eg slit veldig masse. Både mot kiloane, mot trangen til å alfabetisere mørkeloftet og med å sjå Paradise Hotell på TV. Så eg tenkte: Jaja, lat meg no ta lesarane med på min personlege modningsprosess også. Muligens kan dette vere meir matnyttig for alle og einkvar også, enn ein håplaus kamp mot dauflesk. Det er da tross alt ikkje så viktig! Utvid perspektivet! Navlen er kjempelett å henge seg opp i, når han står rett ut.

No er det ikkje sånn at eg er psykolog. Langt ifrå. Ikkje går eg til ein enda heller. Men eg byrjar å kjenne behovet for modning! Antal idiotar rundt meg har nemleg auka. Og det er svært sjeldan tilfelle. Det pleier tvert imot å vere eit ganske eintydig teikn på at eg er ein idiot sjølv. Og det kan eg ikkje vere bekjent av. Så med dei ressursane eg finn rundt meg, blir inspirert av og forstår eg må lære av - så skal eg la dykk få ta del i tjukkedeisa sin veg mot å bli amazing!

Eg anar ikkje kor dette ber hen. Har ikkje peiling.
Men eg seier som Pippi:
"Dette kan eg ikkje, så dette kjem til å gå strålande!!"
Eit fantastisk ordtak.

3. april 2009
Kva er lettast? Å gløyme eller hugse på?

Det kjem sjølvsagt heilt an på kven du spør. Og kva det gjeld. Mi kjære bestemor syns det er lettast å gløyme. Forresten har ho ikkje noko valg lengjer heller - eg ser orda mine treff ho, og ho svarar umiddelbart - men så glir berre samtalen av ho igjen. Forsvinn ned i fanget og renn vekk. Så spør ho igjen, og soga gjentek seg. Eg ser det ikkje er noko godt. Får berre håpe ho gløymer at det ikkje er godt også. Men på den måten kan ofte hukommelsen vere eit monster.

Så har me dei som gløymer å snu sokkane inn-ut før vask. Eller gløymer at dopapiret skal henge langs rullen, eller langs veggen - alt etter kva som er fasit i din heim. Eller dei som ikkje klarar å komme på at no er det på tide med ein real nedvask av heile huset. Desse folka har det strålande med sitt hukommelsestap! Det plagar dei ikkje i det heile. Derimot plagar dei dei som er levande opptekne av desse tinga, og konsekvent gjer det "riktige" heile tida. Men da vert du jo irritert over noko som du ikkje gjer. Du vert irritert over noko som nokon andre ikkje gjer. Kven eig det problemet?

Viss ein skulle prøve å forandre seg da? Kva er den lettaste vegen å gå da? Frå å gløyme til å hugse? Eller frå å hugse til å gløyme? Intuitivt vil eg sei det må vere veldig mykje lettare å gå frå å hugse til å gløyme. Når du kjem på noko da - så er det jo berre å tenkje: "Nei, dette gløymer eg." Å gå frå å gløyme til å hugse må jo nærast vere umulig - du har jo gløymt det! Korleis komme på det igjen da? Ingen som har gløymt å vaske huset, plages av det. Dei skulle visst kor heldige dei var!

Men så er det sånn at det ikkje er nokon som hugsar på alt, eller nokon som gløymer alt. Og det er i denne kombinasjonen eg trur mange kan hente litt bortgjøymd power. Det gjeld å optimalisere kva du hugsar og kva du gløymer. Også gjeld det å virkelig gløyme det du seier du skal gløyme.
Mitt problem er nemleg at hukommelsen min er travelt konstruert. Eg hugsar å stå opp tvert ringeklokka ringer. Men så gløymer eg at det av og til kan vere litt greit å tygge frukosten. Eg hugsar kvar minste vetle fillete administrasjons-ting på jobb. Men gløymer rett som det er å ta lunsj. Så hugsar eg på å begynne på middagen tvert eg kjem heim frå jobb. Men kjem ikkje på at eg må på do før middagen berre skal ha sitt siste oppkok. Da er det akutt og da går det ofte gale. Med middagen altså. Så er eg ein racer på å hugse rydding og vasking. Men så er det ikkje alltid eg har tid eller har ork. Likevel hugsar eg på at det må gjerast. Snedig? Nei, forbanna irriterande. Kven eig det problemet?

Eg veit ikkje kva Pippi ville sagt til dette. Men mulig ho ville fortalt meg korleis dei gjer det på Kurrekurreduttøya. Der er det ulovlig å vere snill pike! Påbudt å gi f..! Blir det oppdaga ein muskelknute, så er det rett i kasjotten! Og viss eg lever på samme vis - kvifor skulle eg da hatt det strålande viss eg var kurrekurreduttisk men grusomt viss eg var hovdebygdar?

8. april 2009
Kjenner du han som alltid er blid? Han som alltid helser eller har eit lite ord i forbifarten? Eller ho som alltid ler? Ho som har så levande auger at du blir heilt nødt å smile sjølv - enten du vil eller ei? Du kan vere pisse-sur, eller eitrande forbanna, men det er noko med desse menneska som gjer at stormen mildnar litt inni deg. Om ikkje anna enn for ein liten augneblink.

Denne evna misnunner eg dei uendeleg. Hadde eg kunne valgt mellom alle mulige evner i heile verda - evna til å strikke sokkar, evna til å kunne sjå i framtida, evna til å fly - så hadde eg valgt evna til å alltid tenkje positivt. Ikkje berre hadde eg hatt det strålande med meg sjølv, men eg hadde også gleda kvar einaste person eg traff på gata. Følgjer nokon med på den følgjetongen i Magasinet - Den eine? Ein serie av intervju med mennesker som har klart seg, tross dårlige odds, fordi dei i sin omgangskrets har hatt ein person som har gjort at dei har holdt ut. Det kan vere han i kassa på Rema, eller vaktmesteren på skulen eller han i det brune huset nederst i gata, som av og til vinker når du går forbi. Moralen er at du, veldig enkelt, kan utgjere den heilt store forskjellen for ein person som slit. Hmm, det er ein deilig tanke. For eg syns ofte verda kan vere veldig vanskelig, regnestykket på jobb er vanskelig, å innrede den uteboda vår syns eg er vanskelig og hadde nokon bedd meg reparere ein glidelås i ei bukse, så hadde eg mest sansynlig tenkt at "Nei. Dette er heilt umulig." Men så er det altså latterlig enkelt å vere den personen som kan redde livet til andre. Berre smil. Vink. Sei hei.

Korleis bli eit sånt menneske da? Wasa seier at du blir det du spiser, og da er det nærliggande å sei at du blir det du tenkjer også. Tenkjer du negativt, les du negative tekstar, snakkar andre negativt rundt deg - så er det peace of cake å tenkje negativt sjølv. Og det som er skummelt er at denne negative tankegangen heng så godt fast, og etterkvart blir kamuflert. Du trur ikkje at du tenkjer negativt. Eg, som alle mine sambygdingar, syns trafikkulukka i går var uendelig trist. Og i alle aviser, på TV og på nett, les me om dei tre som døydde. Og me les til auge vert stort og vått, for dei pokkers journalistane skriv så blekket sprutar og vil fortelje oss alle detaljar. "Familie smadra" står det i Sumpen. For ein ordbruk!! Det er mennesker me snakkar om - ikkje skriv at dei er smadra!
Og treng verkeleg heile verda å få alle detaljane om den vetle babyen, som var i live idet han forlot bilen, og som fekk hjelp på alle mulige måtar - men som tilslutt måtte døy. Eg kjente ikkje denne familien, men hadde eg gjort det, og måtte lese alt dette i avisa - skreve av sensasjonshungrige journalistar med våte draumar om førstesideoppslag, som kan gå over lik for å få eit godt bilde - så hadde eg vert usansynlig rasande. Og forferdelig lei meg. Spar no dei stakkars pårørande.

Og desse triste følelsane blir altoppslukande.

Men det var faktisk 5 som overlevde i går. Ein heil familie til kunne blitt drept, men dei overlevde! Dei hadde ein høg og solid bil, dei var på ferietur, to voksne framme og tre barn bak, og plutselig møter dei ein bil ute av kontroll - men dei overlever! Alle sammen! Dei er sikkert verdens mest lykkelige mennesker akkurat no, dei slapp unna døden! Det er jo heilt fantastisk! Dei lever!

Og eg kjenner at det er sånn eg må tenkje no. Kanskje det høyres usympatisk ut, brutalt, ufint? Det er absolutt ikkje meininga. Men skal eg tenkje på familiane til dei tre som døydde, skal eg ta inn over meg all sorga og alle dei uheldige skjebnene eg les om i aviser eller ser på TV dagleg, så klarar eg ikkje å vere den eine for nokon. Det er for tungt å bere. Eg må prøve å tenkje positivt heile tida.

Fem mennesker overlevde i går. I dag har dei kvarandre. To vaksne og tre barn kan heldigvis tilbringe resten av påska saman! Det er ufattelig bra! Om det fins ein Gud: Takk!

9. april 2009
Då eg var enda mindre enn eg er no, spelte eg fotball. Og da oppdaga eg noko snedig; eg sprang berre når nokon såg på meg. Det var ein påfallande sammentreff kvar einaste gang, så eg kunne ikkje unngå å forstå at eg hadde fått ein ytre motivert personlighet. Og dette plaga meg ettersom eg drøymte om ein stor karriere i fotball. Eg veit jo no at det er umuleg for ei kvinne å gjere karriere i fotball - overgangssummane for kvinnelege toppfotballspelarar ligg jo berre hakket over ei normal årsinntekt i helse- og frelsesektoren. Men eg forsto tidleg at eg ikkje hadde det som trengs for å bli virkelig god i idrett. Eg var ingen Ole Einar Bjørndalen, som kvar einaste dag klarer å motivere seg sjølv til å trene meir enn eg gjer på ei heil veke, til tross for at han har vunne absolutt alt som er mulig å vinne.

Men det eg har forstått ut av dette, er at tilbakemeldingar er alfa og omega. Eitkvart menneske, indre eller ytre motivert, treng respons på sin innsats. Eit barn treng dagleg respons på at det er høgt elska og verdsatt, gjerne utan ein god prestasjon i forkant. Sånn vert dei trygge på at det er godt nok å vere seg sjølv. Ei mor og ein far treng i det minste eit lite hint frå sin tenåring om at dei gjer ein god jobb og er høgt elska, til tross for dei daglege og høglydte diskusjonane. Tenåringar flest trur dei bur på hotell og det kan vere tungt for "hotellvertane" å holde humøret og motivasjonen oppe.

Men det er ofte forferdeleg vanskeleg å gje tilbakemeldingar. Eit morsomt eksempel frå ei tid tilbake var ei dame som gjerne ville seie til kjæresten min at ho var blitt så brun og fin. Eg sto tilfeldigvis ved sidan av. Då vart det slik: "Korleis er det for deg å vere så bleik Camilla, ved sidan av ho som er så brun?" Heite...Det er jo i beste fall ein litt tungvint måte å gje eit kompliment på.

Også har me dei stakkars treningsinstruktørane på fellestimane. Dei står fremst, til spott og spe, og har som oppgåve å veilede og motivere den svette forsamlinga framfor seg. Gjennom heile timen står dei der å smiler og skravlar i veg - men får ikkje noko anna enn nokre slørete blikk og svette grynt i retur. Dei mest uerfarne prøver seg stadig vekk med eit: "HAR VI DET BRA NO, FOLKEEEEENS???" Og bakerst er det gjerne ei gladkristen ei som piper eit jaaaa i retur, men ellers er forsamlingen taus. Det må da vere grusomt. Her om dagen hadde vi ein vikar, og ho fekk nok ikkje dei tilbakemeldingane ho hadde trengt gjennom timen. Så ho avslutter med å seie at "Hmm, dokke hadde vel sikkert klart dokke like bra åleine i dag...". Og da svarar mannen på andre rad - heilt sikkert godt meint, men det kom berre litt feil ut: "Det var no kjekt med musikk!". Heite....

12.april 2009
Eg er sjuk. Spysjuka. Og i sånne stunder er det ikkje energi til dei å skrive om dei store tankane, men det er plenty av tid til dei store tankane. Og dei kjem lett i sånne stunder - er det fordi eg stadig er på badet å gir av meg sjølv, skal tru??

Som eit placebo på bloggen, så let eg Arnulf Øverland sitt faaabelaktige dikt vere dagens bidrag:

Til en misantrop

Den som har stengt sig inne i sitt bur
fornærmet over menneskets natur,
og der begraver sig i visdomsbøker
og mener det er sannheten han søker,

og den som mener blomster å forstå
og aldri møtte barneøines blå,
men søker dalens dyp og bjergets tinde,
han søker intet og vil intet finne.

Men vil du dele dine likes kår,
da kan det skje dig, slik som tiden går
i felles håp og savn og ydmyk møie,
at kjærligheten åpner for ditt øie.

Og du vil se at hvad din flid har skapt
med tanke på dig selv, er spilt og tapt,
og med din rikdom vil du selv bedra dig;
men hvad du gav, kan ingen ta ifra dig.

En times omhu for en ensom venn
har aldri nogen gitt forgjeves hen;
et lite ord til den som er din make,
får du i glansen av et smil tilbake.

Men også om du ingen frukt skal se
og enda hegner om det tørre tre,
vil drømmene og håpet la det grønnes
og la ditt ubetalte strev belønnes.

Ditt hus vil bli et hjem for dig påny,
om nogen kommer dit og ber om ly;
og hun som søker vern i dine arme,
vil gi dig mere makt og mere varme.

En mann er fattig som er uten sorg.
Men rik er den som tar sitt brød på borg
og enda deler det med dem som trenger.
Fattig er den som teller sine penger.

Går du i brodden for en alvorssak,
kan ingen tvil få gjort dig sen og svak;
men tankene på dem som kommer efter,
vil gi dig kallets tro og troens krefter.

Om du en aften segner mot en sten,
så husk at du ikke er bare en.
I mørket høres gråt fra alle sider,
og det er mennekenes barn som lider.

Søk ikke sorgen; la den komme selv!
Men bær den, hvis du kan det, uten sprell!
Og pynt dig ikke med en tornekrone!
Allverdens synd skal ikke du forsone!

Mon du alene harmes over svik?
Tenk om den usle var dig selv så lik,
at på den annens plass stod du til skamme!
Du eller han – det blir for oss det samme.

Og vil du nære dig av taus forakt
mot undermåler eller overmakt,
da har du funnet dig en billig føde,
og du kan rolig ete deg til døde.

Det er vår streben, smertefødt og sund,
å eie livet til den siste stund
og kjenne hjertet slå og blodet brenne,
fordi vi venter noget som skal hende.

Ja barn, du venter ved en alfarvei
og håper noget som skal hende dig;
men kan du kjenne slektens som ditt eget,
da har du livet, og der hender meget!

Hver dag skal tendes som et lengselsbål
og brenne ned før nogen når sitt mål,
og alltid vil du drages mot det fjerne.
Men husk at også Jorden er en stjerne!

28. april 2009
Qigong i Åmdalen. Smak på den setningen!

Østens mystikk møter hønsegjødsel! Meditasjon og fellesfjøs hand i hand! Sjelefred klona med fabelaktig natur! For kvar torsdag, i eit lite forsamlingshus med gardinene godt trekt for, møtes eit lite knippe sambygdingar for å smake litt på Østens store hemmelighetar. Med Enya i bakgrunnen, står dei i sirkel og åpnar opp for nye impulsar. Eg syns jo det er heilt fabelaktig! Det er noko eige, noko deilig norsk over at jordnære husmødrer & småbarnsforeldre står i ørn for å ta imot energi frå sola!

Eg syns meditasjon og yoga er fascinerande, og har ofte høyrt om dei som har funne ekstra krefter og god sjelefred i denne typen avslapping og uttøying. Det pirrar jo nysgjerrigheten, ikkje sant?
Vel, no fins det dei som meiner dette ikkje er sant. Dei syns tvert imot at både yoga, meditasjon og pilates er hysterisk morsomt. Og det er ingenting gale i det - eg meiner, det fins jo ein viss glede i å sjå kjæresten min le så ho griner når eg skal prøve å gjengi nokon av dei energigivande øvelsane heime på stovegolvet. Om ikkje øvelsen gir energi, så gir latteren energi. Vinn-vinn.


Fortsettelse fylgjer...ikkje.

Faktisk eit kjøkkentips! Kven skulle trudd det..

I dag er det kryss i taket, ti knivar i hjertet og sverging over det døde marsvinet i hagen: Eg har hatt ein god dag på kjøkkenet!

Det har seg sånn at kjæresten min har gått Jotunheimen trill rundt, og eg såg behovet for å gje ho solid føde, etter ei veke på kost eg ikkje unner min verste (synnøve) fiende(n).
Så eg tenkte å bake muffins! Intet mindre! Men eg tenkte også å kombinere bakingen med ein episode Prison Break. Eg trivast best når eg kan gjere minst to ting samstundes, nemlig. Og Prison Break er ikkje forenelig med miksing av eggedosis. Så miksaren tapte og rauk ned på vaskerommet.

Stilt og fredelig vart det. Og eg gløymte no heile eggedosisen.

Men det er AKKURAT sånn god produktutvikling skjer! For det skulle syne seg at miksing av eggedosis i ein drøy time gir heilt fantastisk gode muffinsa! Særdeles luftige! Ei oppleving til å verte religiøs av. Prøv! Eg leiger gjerne ut Prison Break sesong 1 og 2 til dei som ønsker ein faaabelaktig bake-dag ;-)

Heldig er den som forstår den er heldig...

Etter ei ekkel veke med mange påminningar om at livet kan snu på eit sekund, både lokalt og i landet forøvrig, kan eg lykkelig konstantere at dei 518 400 sekunda min kjære sambuar har vert på ekstrem-husmorferie i Jotunheimen, så har alt gått bra.
Det gir meg jo ein mulighet til å tenkje over kva problemstillingar eg har i livet og kva problemstillingar eg kunne ha hatt. Og i eit sånt perspektiv kan det kjennast pinlig å innsjå at mine største "problem" her i verda er 5 kg for mykje, ein bunad og ein travel jobb. På den andre sida er eg heldig som klarer å innsjå at eg er heldig - før eg blir uheldig.

Verda er så vanvittig brutal!

Du kan gjere absolutt alt riktig heilt frå begynnelsen av. Sove fint kvar natt, vere ein engel i trassalderen, lære å svømme, skrive og synge reint i 1. klasse, vere ei ærleg og åpen bok til foreldra dine, du kan verte glad i deg sjølv, vere ærekjær, sjølvstendig, ansvarsfull, pliktoppfyllande, raus, ha integritet, du kan betale skatt med glede og gjere frivillig arbeid på fritida, du kan bli ein livsnytar med evne til å virkelig kose deg i ditt eige selskap utan anna enn ein kaffikopp, du kan elske eit anna menneske i ein sånn grad at du ønskjer henne alt vel..alt.., du kan skape eit nytt liv og kjenne på den sårbare, djupe gleda over å få vere med på å gje eit nytt menneske dei aller beste vilkår for å klare det samme som du har klart.

Du kan gjere absolutt alt riktig heilt frå begynnelsen av. Men likevel kan heile verda bli snudd opp ned på eit sekund. Alt kan forsvinne, rakne, gli ifrå deg, dø. Det fins ingen rettferdighet i det. Det noblaste menneske i verda kan verte premiert med all mulig ulukke og elendighet. Ikkje rettferdig overhode. Verda er genialt oppbygd, kroppen er verdas mest avanserte system, livet kan vere heilt fabelaktig - men også ubeskrivelig brutalt, umenneskelig rått, sorga kan vere heilt utan botn. Likevel buldrar berre livet vidare, utan sosial intelligens til å stoppe opp. Heilt usympatisk fortsetter alt som før. Folk kan verte fødde eller døy; livet ensar det ikkje.


Ein ung gut - ein son, ein kjærast, ein pappa, ein onkel, ein svigerson, ein kompis, ein sambygding døde på søndag. Og det er uforståelig at livet kan gå vidare. Sjølv for meg, som ikkje kjente guten. Trur aldri eg har sett han. Kor djup kan sorga bli da, når sjølv eg syns det er usmakelig at avisene skriv om noko anna, syns det er upassande at nokon snakkar om noko anna, syns det er uhøflig at eg innimellom er nødt å tenkje på noko anna. Det er rett og slett vanvittig brutalt at livet i det heile tatt kan gå vidare. Men ironisk nok er det også det einaste som lindrar - at livet faktisk går vidare, at det etterkvart faktisk vert mulig å leve vidare.

Om det kan vere ei trøst, så står bygda makteslause i ring rundt dei som saknar guten sin no, og me går ikkje vekk sjølv om avisene skriv om noko anna, folket snakkar om noko anna og me innimellom må tenkje på noko anna. Me er ofte ute av stand eller posisjon til å bidra med noko konkret, noko fysisk, men me står i ringen likevel. Me er her alle sammen, guten også. Sydd i samme bilde, berre gjøymt. Ingenting vert borte eller gløymt. Berre gjøymt.

Så er det på`an igjen..

Eg som trudde verden omsider hadde klart å gå vidare.
Eg som trudde avisene omsider skulle handle om viktige saker att.

Men akkurat idet eg trudde at våpenkvilen mellom narsissistane Ari Behn og Carl Erik Grimstad var over for godt, så ser eg Carl Erik lyse mot meg med eit sverd på framsida av Magasinet. Og eg forstår det er på`an igjen. Både Carl Erik og Ari syns nok at det har vert ufortjent stort fokus på skudd-dramaet i Tyskland og leir-raset i Namsos den siste tida. I ein SMS til "Eg trur på eit liv før døden" seier Ari Behn at han er glad for å på ny bli utropt til midtpunktet i universet (mest truleg av Leah Isadora Behn).

Eg kondolerar med resten av Narsissist-Norge: Sorry, i dei neste par vekene vert det lite fokus på dere.

Etter ein rangel....

I morgo kjem det eit innlegg her, altså.
Men ikkje i dag.

Skal ikkje stå på trua...

Til deg, mann fra Bodø, som sendte meg ein mail i dag der du ville kjøpe min Honda HRV, 2006 modell, firhjulstrekker, som har gått 34 000 km, som er rimelig høg på ekstrautstyr og som hadde ein nybilpris rundt 260 000:

Du skriv at du maksimalt vil betale 140 000 kr, inkl transport til Bodø og omregistrering. Til det må eg berre seie:

Det må vere deilig å vere så optimistisk...

Også brudebuketten krev planlegging

Hæ?

Kjenner du igjen den smygande, litt usikre følelsen du får når du har gjort ei oppgave som du syns var ganske enkel, men som du ser sidemannen held på med enda? "Hmm..kan eg ha gløymt noko? Har noko gått meg hus forbi her?"

Akkurat den følelsen fekk eg når eg las laurdagens utgåve av Møre-Nytt, og fann ein artikkel med samme overskrift som eg har brukt. To damer påstår nemleg at ein brudebukett krev nøye planlegging. Brudebuketten skal harmonere med brudekjolen og bruda sin personlegdom. Difor anbefalar ho eit samarbeid mellom ein blomsterdekoratør, ein fargekonsulent, ein hudterapeut, ein make-up artist og ein såkalla visagist...ein skjønnsminke-kunnar.

Og eg gjentek: Hæ?

Er det ikkje så enkelt: Du finn ho du vil ha, du seier ja, ho seier ja, familien får middag, du prøver å lage baby, alle kjem seg i seng, ny dag.
Treng du blande ein hudterapeut inn i dette? Eller ein visagist...eg trudde eg hadde valgt ein sær utdanning, men skjønnsminkekunne??
Og må brudebuketten virkelig gjenspegle personlegheita for at han skal virke?

I så tilfelle tar eg ein bukett løvetann til 26. juni. Eg vil gjerne vere ein blomst som ikkje let seg knekke ;-)

Slanka vekk 13 år...

Eg trur eg er kald nok til å snakke ut om helgas hendingar no.

Eg var på Klypa i helga - på Rust, eit litt tvilsomt etablissement i Ørsta sentrum sin utkant. Eg var i godt humør og i godt lag, og lystig leda eg forsamlingen an til inngangsdøra. Men så vart eg stoppa og følgjande absurde dialog utspant seg.

"Har du leg?"
"Unnskyld?"
"Eg vil sjå leg. 18 års grense her i kveld!"

Undertegna fiklar i lomma, men veit det er forgjeves. Det er 5 år sidan eg slutta å ta med meg legitimasjon når eg skal ut. Alt eg finn er taxi-kvitteringen og eit VISA utan bilde.

"Beklagar, men eg har ikkje leg med meg. Men eg er tredve år, har ein giftering på fingeren, er sjef for kvitosten du et til frukost og som du ser så ankjem eg ilag med desse tre, som tilsammen er 121 år og har 4 ungar!"

Godt akkompagnert av brølande latter av dei tre på 121 år, måler dørvakten meg nøye, brusar litt med fjæra - og bestemmer seg for å vere generøs. Så med eit lite nikk, får eg passere.

Eg går rett i baren og bestiller noko smertestillande. Finn eit bord og prøver å finne tilbake til den gode stemninga. Men så ser eg dei. På bordet foran meg. To gutar, med kvar sitt glas med isbitar. Berre isbitar. Dei tek ein isbit i munnen, flirer litt og spyttar han oppigjen i glaset. DEI kom inn? To isbit-spyttande snørrungar med brylkrem og tresko glei rett inn hit utan å vise leg??

Det fins berre ein konklusjon på dette: Slankekuren er avblåst. No har eg pinade slanka meg så gale at eg ser ut som ein 17 åring!

Hastverk er lastverk...

I motsetnad til svært mange av mine medsøstre i verda, likar eg ikkje å handle klede. Men mor mi seier at av og til må eg gjere ting eg ikkje likar, så då gjeld det berre å få det gjort så fort som overhodet mulig. Og i så måte, går eg desverre dårlege tider i møte. Eg anar ikkje om det er min nye aksetiske livsstil eller om det er 30 days som har begynt å virke (var ikkje for tidleg i så tilfelle), men uansett så treng eg litt nye klede. Og øverst på lista sto ny trenings-BH. Og av traurige handlerundar, så er BH-handlerunden den desidert verste. Så det går heilt utrulig fort!

Difor har eg to splitter nye amme-BH`ar no...

Tjukkedeisa goes slim!

- ei dokumentarisk slankesoge -

1. januar 2009
Eg er satt på slank.
Det er vel det mest uorginale nyttårsforsettet, men eg har nett stått i fare for å feire nyttårsafta i morgonkåpa...saman med svigers. På dressen var det kun skoa som passa. Så idet eg sjekka ut av Alexandra Hotell - fråtseriets høgborg - så starta DramaQueen-Tjukkedeisa slankekuren sin. 92 kg. BMI 34,21.

3. januar 2009
Ai, ai, ai! Blodsukkeret er lågt! Ser potetgull når eg lukker augene, slevar når eg åpnar kjøleskapet og myrdar tidenes minste edderkopp med fjorten tramp. Det vil altså sei at den vetle rakkaren vart drept av 1283,8 kg. Til pass åt han!

5. januar 2009
Eg har vert på spinning. Og med tre knekkebrød i magen, er det vanskeleg å fokusere på beinhard tråkking. Så istaden vert eg voldsomt fascinert av den middelaldrande dama foran meg. Sikkert fått seg ny, fresh treningsbukse til jul, type inntil-sittande, rekk ned på leggen. Men det fascinerande er at ho har knestrømper under! Sånne tynne, svarte strømper! Såg for meg heile scenarioet dama sikkert var igjennom før ho kom: "Kor er knestrømpene mine, skal tru? Åja, under K i kommoden ja. Håddu. Eg rispa visst hol med neglene. Jaja, da er det berre å finne fram blank neglelakk. Godt det fortsatt er ein time til sykkel-treningen startar. Rekk å legge håret også da. Dam-di-dam-di-dam"

7. januar 2009

89,7 kg. BMI 33,09. Knekkebrød er ganske godt.

10. januar 2009
2. laurdag på slank. Ser ut til å bli ein litt meir harmonisk dag enn forrige laurdag. Ikkje drept noko eddisa enda. 2 dietorelle, type rosa, til laurdagsgodt.
Slit litt med motivasjonen etter å ha sett ei "Big is beauty" reklame. Er eg virkeleg på veg vekk ifrå å vere beauty?? Eksistensiell livskrise coming up!

12.januar 2009
På vannvogna! Eit nært familiemedlem har fortalt meg at fettet renner ut når eg tissar. Så no er slagordet: Drikk vatn! Tiss fett!

15. januar 2009
Gla`nyhet! Inga-Låmi er avlyst!
Det såg nemleg lengje ut til at eg måtte gå det 3 mil lange langrennsløpet Inga-Låmi. Eg kjente intuitivt første gang det vart snakk om rennet at "Usj, detta gidd eg ikkje. Risikere å verte forbigått av 50 år gamle damer med panneband og super-gli? Kladde meg gjennom løypa, vekslande mellom fiskebein, kalvbein og beinsnurr? Som verdens dårlegaste både vinnar og tapar, veit eg at den einaste måten eg kunne komt igjennom dette med æra i behold, hadde vert å spurte til første passering for å få ei høveleg tid, for så å knekke lårhalsen tvert av bak første og beste grantre.
Men etter eit ekstraordinært familieråd, har me fabelaktig nok funne ut at "det av økonomiske årsakar muligens høver bedre til neste år". Puh...
87,9 kg. BMI 32,35

16. januar 2009
Sei meg...denne BMI indeksen..?? Står det for BeinMargIndeks? Eg anar ikkje kvifor, men eg har iallefall underholdt meg sjølv i det siste med å rekne ut min BMI etterkvart som eg tissar fett. Men resultatet er kvar gang "Du er overvektig". Så eg har da simulert reknestykket litt, for å sjå kortid eg kan få meldingen "Du er normalvektig." 85 kg? Nei. 80 kg? Nei, fortsatt overvektig. 70 kg da! Nei, fortsatt overvektig. Så begynner eg å verte forbanna. 54 kg??! Ja, da vart eg jammen santen normalvektig. Inni svarten..skal eg ned i 54 kg?? Er du klar over kor lite det er?? Eg må da nærmast halvere meg sjølv?? Eg kjem da for pokker til å bli for liten for bunaden min! Sjukaste....

18. januar 2009
Søndagen, den attande dagen etter "omvendinga"! (Neida, Hans Reite, ikkje sånn omvendt.) Men på denne attande dagen skjønar eg brått samanhengen mellom sukkerabstinensane, BMI-frustrasjonen - og menstruasjonssyklusen. Så no er vekta oppe på 90 kg igjen, til trass for at dagens meny har bestått av 3 paracet, 2 cashewnøtter og ein halv pakke svisker. Min mentale alder har stege til 75+, men heldigvis er avføringen normal....

Men trass i min navlebeskuande slankedepresjon, så finn eg stor glede i at eg ikkje har gått i den såkalla Kvinnefella i allefall! (les dagens Dagblad, side 33) Der står det nemleg at ein i eit forhold skal passe seg vel for scenarioa:
- Du handler det lille, han det store.
- Du tar permisjon for å passe barn, han jobber.
- Du er blakk mens din mann sparer.
- Snakk ut!

Veldig glad for at me begge handlar stort og heftig, begge jobbar, begge er blakke og at me snakkar ut om absolutt alt, absolutt heile tida! (Forfattaren klør seg i hovudet...vent litt...er det ikkje dette som er den eigentlige kvinnefella???)

20.januar 2009
Der ja! No er eg i ein litt heldigare periode av menstruasjonssyklusen (av og til lurer eg på om det gjerne vert litt too much information her...), humøret er i alle fall stigande og fettet nærmast renn av!! Litt fleire sjukmeldingar og tekniske problem på jobb no, så skal du sjå eg finn att ribbebeina mine før påske!

21.januar 2009
Ouch. Eg gjekk på ein smell. Dattera i huset har nett fjerna mandlane, og går difor rundt å et is heile dagen. Eg merkar at eg får litt tics kvar gang ho kler av ein ny forfriskande is og setter tennene i den deilige, friske, fløyelsmjuk...kremt.. (Scenehenvisning: Forfattaren tek seg sjølv i nakken, gjer unna to tics og eit touretts-anfall, mens ho intenst tenkjer på lungemos).

Iallefall..eg sprakk. Utan at eg heilt registrerte kva som skjedde, var ein halv boks Dream med 58% belgisk sjokolade forsvunnen. Sporlaust!! Hadde det ikkje vert for den brune is-barten eg fekk, hadde eg aldri trudd det var eg som var den skuldige. Men ettersom katastrofa var eit faktum, var det berre å finne fram treningssko og pelle meg inn på treningssenteret. Pilates med stor ball var einaste høvelege time. Eg har ikkje vert med på det før, men eg kjente eg vart full i sjølvtillit når eg såg snittalderen var 45+, og eg tok meg sjølv i å seie "Hei bestemor" (inni meg altså), idet eg entra salen. Og eg måtte flire litt av dei innledande husmor-bekken-øvingane. Men etter tredje halsbrekkande øving oppå den gedigne og knallharde Pilates-ballen, fekk eg tørka av meg gliset i ein fei. Det heile utarta seg til å verte ei halsbrekkande rekke C-moment, og pensjonistane rundt meg svinga seg grasiøst rundt oppå dette plast-monsteret, utan verken føter eller hender nedi golvet. Mens eg kalva rundt med alle mine 33 BMI og hadde konstant tre kroppsdelar for mykje nedi golvet. Og no, to timar etterpå, kjenner eg at det går mot ein ny dag med gangsperre heilt oppi eggstokkane. Forbanna is.

23. januar 2009
Kjære dagbok, fra NO har eg ferie i ei veke! Ferien skal tilbringast på treningsleir i Hovdebygda, med slagordet "Korn & kli får fettet på gli!". Den intensive kuren har følgjande bakgrunn:
- Ulempa med å slanke seg offentleg på dette viset her, er at svært mange i min umiddelbare omgangskrets ser intens på magen min og flirer kvar gang eg møter dei. Nærmare eit sosialt sjølvmord skal det godt gjerast å komme...
- Eg har vert så veldig intelligent at eg skriftleg har klaga på treningstilbodet ved ToppTrening. Det forpliktar jo litt, kan du sei...Treningssenteret har satt opp fleire timar, så no må eg berre ta meg fri frå jobb for å beholde æra. To økter om dagen!
- (Mens kona og barnet er på jobb og skule, får eg OMSIDER ein anledning til å lure i meg is utan å verte ferska..)

24. januar 2009
Etter snart ein månad på slank er det ein ting som slår meg; Håddu, kor gladkristen eg er blitt!! Eg sit her på ein laurdagskveld, med eit glas vatn, ein boks med aprikos og svisker, og til tross for at eg veit det ligg ei svær plate Fruktnøtt i skuffa, Smirnoff Ice står i kjøleskapet og frysaren er full i is - så sit eg her å smiler, knaskar avføringsmiddel og drikk kaldt kjeldevatn! Eg kjem til å ende mine dagar som eit beinrangel! Eg kjem til å sitje i ein godstol på Bakk-Ola å seie "Usj, nei takk" når eska med Mokkabønner går på rundgang! Eg kan sjå langt etter ei staselig Mahogni-kiste, ettersom eg mest sansynleg kjem til å få plass i ei fyrstikkeske på livets siste dag!

Jaja..dramaqueen enda..

26. januar 2009
Ok. No leikar eg ikkje butikk lengjer! Eg vart altså satt på slank 1. januar 2009, i det som truleg må vere verdas mest uorginale nyttårsforsett. No er det gått 4 veker, og 4,8 kilo av Camilla Gangsøy er borte vekk. Men dette går for treigt. Gjennom mitt 30 år lange liv, så har svært mange velmeinande mennesker sagt eg har lite tolmodighet, og dei har heilt rett. Men ettersom det synes svært vanskeleg for meg å bedre på det, så har eg tenkt å heller gjere det om til min største fordel.
Så idag har eg vert på SunKost, avd Amfi Ørsta. Det enda sånn:



Og eg skal i fortsettelsen av denne bloggen presentere desse produkta. Byrjar idag med MethoDraine Detox, frå Ortis.

Førsteinntrykk: Eg vart umiddelbart svært glad i dette produktet, ettersom det var ein gratis vareprøve. Gudane skal vete det er lite som er gratis på SunKost.Vidare skulle den drikkast i ein fei, og eg gir pluss for alt som er hurtigvirkande i slankeverdenen. Så eg gir MethodDraine Detox ein seks`er på førsteinntrykk.

Sensorisk bedømmelse: Pakningsvedlegget fortalte meg at stoffet skulle blandast ut i 1,5 liter vatn og ha ein smak av grønt eple. Eg vart difor umiddelbart bekymra når blandingen syner seg å vere mørk brunt på farge. Etter ein lang utdanning i næringsmiddelbransjen, er eg alltid skeptisk til grønne ting som er brune, kjøtt som smakar fisk og ost som ikkje kan skjerast med ostehøvel (jf Synnøve Gulost). Det har med at dei forventa egenskapane syner seg å ikkje vere til stades. Skeptisk. Ettersom blandingen smakar sterkt parfymert grønt eple, gir eg MethodDraine Detox her ein tre`er.

Innhald og forespeila virkning: Hårre heite for ei blande! Hold deg fast:
Bjørk og mjødurt - lett vanndrivande
Artisjokk og løvetann - aktiverer kroppens rensesystem
Storborre og natt&dag - renser huden
Fennikel - stimulerer fordøyelsen
Grønn te - virker som en antioksidant
Tamarind, eple og drue - regulerer tarmfunksjonen

Reell virkning:
Å kalle dette produktet lett vanndrivande er dagens underdrivelse. Eg er tett som ei sil! For første gang i mitt liv har eg idag vert bekymra for om eg klarer å halde meg lekkasjefri..Det er litt skrekkblanda fryd, så eg gir MethoDraine Detox ein tre`ar på dette punktet og. Glad eg har ferie, for å seie det sånn.

Konklusjon:
Ortis skal ha ros for at dei klarar å få omtrent 14 urter og 17 typar ugras inn i 15 ml vidundermiddel som er sterkt vanndrivande. Men det smakar parfyme, og kjærasten min nekta meg eit kyss fordi eg lukta tang og tare. Og da er det ryk & reis til MethoDraine Detox. Terningkast 1 (kun fordi den var gratis)

27. januar 2009
Det er dag 2 av husmorferien min, og eg har svelgt unna dagens første dose med SunKost-produkt. Foreløpig har eg ikkje gått ned eit gram, men eg får kome attende med terningkast når eg har svelgt heile boksen.
I dag hadde eg eigentleg tenkt å starte dagen med litt yoga. Eg var å fekk akupunktur i går, og den kjekke dama tilbydde meg å låne ein instruksjonsvideo om yoga. Eg tenkte umiddelbart at det var fabelaktig med litt variasjon og nye impulsar, så eg slo til. Sjølvinnsikta er jo litt begrensa.

Så når huset vart stille i dag tidleg, senka eg ned persiennene på stova, satte på DVD`en og starta friskt med dei innleiande pusteøvingane. Eg høyrtes ut som Darth Vader der eg sto, men eg syns eg klarte meg godt. Men så datt eg av. Gangsperren frå søndag og mandag hogg tak i skrotten, og eg vart pressa eit steg bakover og rett ned i Ekornes Stress-less-sofaen, når gummidama på videoen synte si usympatiske side og ba meg stå med stive bein og ta med fingertuppane ned i golvet. Det er jo umulig. Men mens eg satt der, behageleg tilbakelent med beina på bordet, så kjente eg den avslappande effekten yoga skal ha - eg vart så avslappa at eg nesten holdt på å sovne der eg satt å høyrte på gummidama: "Pust inn, pust ut, pust inn, pust ut, pust inn, pust ut." Med eit så lett manus, var det vel ikkje vanskeleg å få den skodespelar-jobben der, tenke eg.

Så eg endar opp med å gje yoga terningkast 3. Det er ikkje den beste DVD`en eg har sett; litt lite handling og kjedeleg manus. Men avslappande underhaldning ein tysdag morgon. Og dama såg bra ut, men ho var for usympatisk etter min smak. Hadde ikkje øvelsane vert umulige, ser eg ikkje vekk ifrå at dei hadde hatt ein slankande effekt ;-)


Seint på kvelden den 27.januar 2009
Eg må gje eit terningkast til aerobic også. Og det blir 1, kun fordi det er underhaldande for andre å sjå på. Vanlegvis skyr eg som pesten all koordinasjon av hender og føter til musikk. Eg pleier å skulde på at eg er ein gamal fotballspelar, for det er av ein eller annan grunn alltid legitimt at fotballspelarar er stive, støle og utan koordinasjon. Men innimellom så er det umuleg å unngå. I dag til dømes, så inngjekk eit ørlite innslag aerobic i oppvarminga til ein styrketime. Det var snakk om å stå rett opp og ned, ta det eine beinet inntil det andre og tilbake. Også seier den mennesklige instruktøren: "Fortsett sånn, men legg gjerne til eit lite hopp for litt ekstra effekt". Det er ikkje for mykje å be om. Så eg tenkjer: "Jepps, klart eg skal legge til eit lite hopp!" og visualiserar inni hovudet mitt korleis dette skal sjå ut. Og inni hovudet mitt ser eg grasiøse moves, flyt og perfekt samsvar mellom musikken og bevegelsane.

Men så ser eg i spegelen. Hæ? Ei til med samme T-skjorte som meg?? Nei, det kan da ikkje stem...Hææ?? Samme shorts og? Kan det vere... E det der meg? Moi?? Eg skulle jo berre legge til eit lite hopp, jo! No ser eg jo meir ut som ein kvalross med slagside!!
Terningkast 1.

30. januar 2009
Etter 30 dagar på slank, og muligens ikkje heilt ønska utvikling på vekta, er det eit par ofte høyrte setningar i familien:

- Eg blir så fryktelig oppblåst av all denne frukta! Difor kan eg sjå litt fyldig ut..
- Eg trur det er noko gale med vekta vår..?
- Vektoppgangen skuldast nok muskelvekst. Alle veit at musklar veg meir enn fett!
- Eg har nok fått for lite kaloriar i dag - ikkje bra det heller! Får eg ein sjokolade??? *puppy-eyes*

1. februar 2009
Kjenner du att den utruleg gode følelsen når du omsider får noko du ikkje har fått på veldig lengje? Til dømes kor utruleg deilig det er med ein dusj etter ei veke på tur? Når alt luktar bål og håret er naturleg tova, så er såpe og shampoo heilt himmelsk deilig. Og kor fantastisk det er å ete grovbrød att, etter to veker på loffen i Syden? Eg ser heller ikkje vekk ifrå at det blir litt stas å komme på meieriet på mandag, etter ei veke med husmorferie, å kjenne lukta av ost og pengar igjen.

Og i går kveld hadde eg ei sånn utanfor-kroppen-oppleving igjen. Eg er litt skjelven enda. Situasjonen er altså sånn at verken eg eller kjærasten har fått potetgull sidan i fjor. Men etter eit ekstraordinært familieråd i går kveld, vart me einige om at ein pakke popcorn var akseptabelt på dette tidspunkt. 300 kcal delt på 2, passa også inn i kosthaldsplanen. Litt mykje salt gjerne, men me vart einige om å kompensere med enorme mengder vatn. Dessutan har me trena kvar dag denne veka, og syns me fortjente noko som popp`a litt! Med ein gang beslutningen var teken, vart det verkeleg fart i damene. Me kjøyrte i brennevinsfart inn til sivilisasjonen og reiv ein pakke popcorn ut av hylla og rakk akkurat å nappe ein video med i samme slengen, drog kortet og sprang ut i bilen. Satt på videoen og spretta posen - og vart forvandla om til to småungar. Med augene att, var nytelsen eit faktum idet popcorna smelta på tunga, og ingen av oss sa eit ord. Ingen av oss såg på videoen heller. Me veksla eit desperat blikk når skåla nærma seg tom, men forsto at no hadde me vert umåteleg heldige, og slo oss til ro med det. Og eg trur me begge to hadde lyst på ein røyk etterpå...

2. februar 2009
100 gram! På ei veke har eg gått ned 100 gram! Eg har levd som ei nonne, trena kvar einaste dag og hatt ein gladkristen haldning til alt godteri: "Nei takk, men veldig hyggeleg at du spurte!"
Men likevel kun 100 gram.
Og ein skulle ikkje tru at ein merkar noko til ein så marginal vektnedgang - men joda! Eg er veldig klar over kor eg har slanka meg denne veka! 50 gram av ringfingeren og 50 gram av hovudet. Fordi forlovelsesringen nesten dett av og fordi solbrillene satt ikkje så godt som dei pleier på laurdagens skitur.
Misforstå for all del ikkje; eg har fingrar som ein 50 år gamal gruvearbeidar, så det gjer ingen verdens ting at dei slankar seg litt. Og det hender eg er litt tjukk i hovudet også, men eg syns eg får hakket dårleg betalt for min nye asketiske livsstil. Skal det virkeleg ende opp sånn at ringen er for stor og dei gode solbrillene er for store - men bunaden passar perfekt??

4. februar 2009
Trening kvar dag, vege all mat og svelgje ein cocktail av OxyTarm & 30 days kvar dag, har omsider gjeve resultat. No er 6 kilo av Tjukkedeisa-Gangsøy borte vekk :-) BeinMargsIndeksen er sjølvsagt stadig for høg, men etter råd frå kjekke blogg-lesarar, har eg valgt å sjå vekk ifrå den.
Men idag trengte eg ein treningsfri dag, og tok heller ein tur på Bondalseidet med snart-kona-mi. Og eg er svært ambivalent i mine kjensler til ski. På den eine sida hatar eg ski. Fordi eg ikkje er noko særleg god. På den andre sida elskar eg ski. Fordi kjæresten vert så veldig glad, og glade damer er det aller finaste i heile verda. Så motivasjonen min for å gå på ski, er altså dei eletriske støta i magen som følgje av at ei sneisen dame med strøken teknikk alltid er foran meg.

Og denne motivasjonen er sterk. Til dømes sa eg umiddelbart ja den dagen ho lurte på om eg ville vere med til Pyttbu. Frå å knapt ha gått på langrennski, kjøpte eg meg nye ski og gjekk bak ho i fem mil og smilte. Så ville ho på topptur. Så då kjøpte eg nye ski og vart med på Nivane. Og dermed vart eg den første i historia som har rulla frå Nivane og ned til 1. vasshus. Då fekk eg kobla meg av skia.
Og foran årets sesong, har eg altså kjøpt telemarkski. Og eg kan slett ikkje telemark. Men taktikken min er at eg sender ho først utfor, så suser eg bak på noko som liknar slalom med telemarkski, og passar godt på at med ein gang ho stoppar - så tar eg noko som i mørke kan likne på ein telemarksving. Personleg har eg stor forståing for denne taktikken. Det er da så frykteleg slitsomt å gå ned på kne heile tida! Eg trenar dagleg på eit treningssenter der instruktørane har ein forkjærlighet for utfall-øvelsen. Og har ein tatt denne øvelsen kvar dag i ei drøy veke, så er det klart som glass at det ikkje er særleg freistande å gjennomføre ein djup og strøken telemarksving på fritida. Så eg forstår meg godt ;-)

6. februar 2009
Det tek ein månad og seks dagar å bli hjernevaska. Det oppdaga eg på Spar, avd Ørsta, i dag kl. 13.18. Eg var der for å handle inn til ein laurdagskveld aleine i go`sofaen foran TV`en. Kjærasten skulle på jobb og dattera skulle til pappaen sin. Og eg har spart kosemerker i over ein månad. Det skulle normalt bety at unge Gangsøy skal sitte med beina høgt, ein Wii-kontroll i den eine handa og den andre handa skal vere langt nedi ein godtepose. Og på Spar i Ørsta fekk eg all den inspirasjonen som normalt skulle vere nok. Mellom anna vart eg veldig inspirert av denne posen - Freia Klassikere. Men PLUTSELIG! INSPIRASJONEN FORSVINN! EG GÅR FORBI! Og for å gjere ein lang og forvirrande historie kort, så ender eg opp...altså på den planlagte fråtseturen til Spar for å førebu meg til ein kosekveld heime...så endar eg opp med to boksar druer, ei flaske Pepsi Max (uten kcal), tre kiwi og ein pakke lakris med 30%less sugar i ein miljøvennleg pose. Hjernevaska. Ødelagt. Har mista evna til å ete sjokolade. Livstilen er endra. Og eg savna den gamle livsstilen min!!!!

7.februar 2009
Det er på tide med ein ny runde terningkast. Og ettersom eg har vorte Sunkost sin nye testkanin, den feitaste rotta dei nokon gong har fått testa produkta sine på, så er det idag OxyTarm frå Gaia som skal vurderast.

Førsteinntrykk:
Sunkost på Amfi har ein svært god selgjar. Og det likar eg godt. Ho spør kva eg ønsker hjelp til, ho høyrer etter, ho svarar at ho veit akkurat kva eg treng, ho finn det fram og forklarar kor revolusjonerande det fungerar, ho seier ho har prøvd det sjølv, ho gir meg trygghet, ho tar imot betaling med Visa, puttar produkta i ein pose og ønsker meg lykke til. Fabelaktig! I motsetnad til om eg går på ein matbutikk, handlar for ein halv million og kassadama spør: Skal du ha pose? Nei, eg tenkte eg skulle stå her å ete det opp, eg - SJØLVSAGT SKAL EG HA POSE!!
Så ein sekser til Sunkost og OxyTarm.

Innhald og forespeila virkning:
Det fins ingen pakningsvedlegg i denne pakken. Da vert eg skeptisk, men etter å ha Googla OxyTarm, finn eg ut at det skal hjelpe mot hard mage. Hmm, eg har da aldri vert plaga med hard mage, tenkjer eg. Mi einaste plage er stor mage - kan Sunkost-dama ha høyrt feil? Har eg litt uklar dialekt? Vidare skal det hjelpe mot plakk i tarmen. Og det er da heilt umuleg å vete om eg har plakk i tarmen?? Han er tolv meter og ligg kveila opp inni meg, attpåtil med innsida inn. Korleis i alle dagar såg Sunkost-dama plakket mitt?

Reell virkning:
Eg hadde normal mage, ville ha liten mage, kjøpte noko mot hard mage og no har eg laus mage. Eg er litt forvirra. Trengte eg virkelig OxyTarm?

Totalvurdering:
Det er tross alt toalettet som i størst grad har merka at eg har gått på OxyTarm frå Gaia i 14 dagar.



Det er heilt genialt å selgje eit produkt til 250 kroner mot noko - i dette tilfelle plakk i tarmen - som ikkje er mulig å sjekke om forsvinn eller ei. Men eg er vorte sunnmøring og let meg ikkje lure to gongar. Difor syns eg Biola er overlegen - kun 29 kr, dokumentert virkning og dritgodt, bokstavleg talt. Terningkast 1 til OxyTarm.

11. februar 2009
Plakkfri! Men dritlei. Slanking krev jo ein nærmast ekstrem utholdenhet og tolmodighet. Og ingen av delene er mine spesialfelt. Og ettersom Sunkost ikkje kan tilby lugubre preparat mot dårlig tolmodighet, så gjekk eg på Ørsta Folkebibliotek - og det er faktisk Norges første Almuebibliotek, visste dokke det? Nåvel. Der fann eg boka Meditasjon - vegen til å oversjå det mentale skvalderet i hovudet ditt!
Eg syns no gjerne den tittelen var hakket arrogant, men vart litt nysgjerrig på metoden. Så med stor entusiasme pløyde eg gjennom dei første sidene og kom til dei innledande øvelsane, som gjekk på å sitte heilt stille, vende fokuset innover og late som om ein var ein liten figur oppe i høgre hjørnet av hjerna, som berre satt der og høyrte på skvalderet. Eit lite utdrag av skvalderet eg observerte:

Du kan ta deg ein sjokolade, Camilla. Sjokolade er nemleg ein grønnsak. Joda, joda, joda, joda. Sjokolade kjem frå kaffibønner og bønner er ein grønnsak. Så er det litt mjølk i sjokolade, og mjølk er viktig - du vil vel ikkje utvikle osteoporose på dine yngre dagar?? Nok om det. Har du ikkje lyst på trening i dag, seier du? Ta deg ein sjokolade og legg deg ut i snøen istaden. Etter berre ei lita stund kjem du til å fryse så gale at du hakkar tenner - ergo mykje godt det samme som ein god time vibrasjonstrening. Og det skal visst vere uhyre effektivt. Dessutan kan du ta resten av treningen i natt. Ein halv times gange (i søvne) er nok til å dekke den anbefalte treningsmengden pr dag. Mykje meir effektiv å ta det om natta, veit du. Slepp du all denne trakkinga på dagen.

Etter ti minutt med meditasjon innser eg at eg ikkje er ferdig hjernevaska likevel. Det er nok ein del mentalt skvalder oppi der som treng ein ny runde med (h)OMO.

14. februar 2009

Kl 09.13
Det ligg ein Kinder Maxi sjokolade i kjøleskapet. Midt i glaningen.

Kl 09.58
Flytter han opp på øverste hylle.

Kl 10.23
Lett meditasjon på sofaen. Tenker på biknisesongen.

Kl 10.24
Ferdig med meditasjonen. Drit i bikinisesongen.

Kl 10.50
Rastlaus. Går å måker snø.

Kl 11.13
Himla mykje snø. Forbrenningen må vere på topp no.

Kl 12.50
Får Bjørg smykke med kjærasten - Never another you, står det.
Klarar nesten å gløyme Kinder Maxi på øverste hylle.

Kl. 13.10
Flytter Kinder Maxi ned igjen frå øverste hylle til midt i glaningen.
Eg er sterk.

Kl 14.04
Rekk akkurat å ta av papiret før heile sjokoladen er svelgt.

21. februar 2009
I snart 8 månadar har eg vert student ved Livets Harde Skule, med fordjupning i ost og ledelse. Som pensum inngår Ukeavisa Ledelse, og i forrige nummer fekk eg nokon gode tips om sentrale spørsmål ein skal stille seg i vanskelege saker - for å holde fokuset og sørgje for framgang.

Og det er ingen tvil om at det trengs meir fokus i denne slankesoga. Eg ser at (foreløpig) er mine blogglesarar høflege og krysser av i ruta for "Strålande - kiloane renn av" i spørjeundersøkinga. Men det er feil. Her er full stagnasjon. Og motivasjonen er synkande. Så difor må eg - offentleg - gå gjennom dei 18 spørsmåla som Ukeavisa Ledelse anbefalar for saker som står i sju steinar:

1. Kva er problemet?
Eg er feit. Viktig å vere tydelig. Kall ein spade for ein spade. Feit.

2. Kordan ser idealbildet ut dersom problemet ikkje fantes?
Gro Hammerseng.

3. Når vil du at problemet skal vere løyst?
I går.

4. Kven har kontroll over situasjonen?
Ingen.

5. Kva kan vere eit delmål?
Marit Bjørgen.

6. Kvifor er det eit meiningsfullt mål?
Snart-kona kjem til å gå i spinn.

7. Kva har du prøvd til no? Kva effekt har det hatt?
Yoga, knekkebrød, spinning, pilates, Method Draine, 30 days og OxyTarm.
Effekten er 6 kilo av - mest i form av blod, svette og tårer.

8. Kva meir kan du gjere?
Fryktar eg må over på tang & tare.

9. Kva enda meir kan du gjere?
Utlagt tarm og innlagt vatn

10. Kva egenskapar og redskapar har du som du ikkje benytter deg av?
Vilje og sjølvdisiplin.

11. Viss du hadde hatt meir tid, kva kunne du gjort da?
To treningsøkter per dag...men da hadde eg hatt meir tid å ete på også, så den går vel opp i opp...

12. Kva ville du gjort viss du hadde hatt meir pengar?
Leita vidare etter nåla i høystakken på Sunkost...

13. Viss ein god venn hadde hatt det samme problemet, kva råd ville du gitt da?
"Neeeeida, du er ikkje feit!"

14. Kva hindrar deg i å følgje rådet?
Sjølvinnsikt.

15. Kven har behov for å vete om planane dine?
Ja, dei er vel igrunn offentleggjort til heile verda via denne sida..

16. På ein skala frå 1 til 10 - kor fast bestemt er du på å gjennomføre?
Her er jo ingen spor av jerndisiplin akkurat, eg trur eg må innrømme ein 3`ar.

17. Kva hindrar deg i å sei 10?
Det 4. bud: Du skal ikkje lyge. (Har jo ikkje peiling på om det er det 4. bud, men tok ein råsjans)

18. Kva kan du gjere for å auke din besluttsomhet sånn at du når ti?
Ser ikkje noko anna alternativ enn å klone meg med Ole Einar Bjørndalen.

Ja..no føler eg at fokuset er på plass..;-)

28.februar 2009
Eg har ei høne å plukke med Gaia. 30 dagar er gått og eg har avslutta den såkalla "vindunderkuren" 30 days, som i sin reklame - fronta av Brit Elisabeth Haagensli - påstår at ein går ned 1-2 størrelsar på 30 dagar. Eg er eit levande bevis på at det ikkje skjer. Men eg foreslår skylddeling mellom Gaia og meg, ettersom eg i etterpåklokskapens klare lys, ser at eg har handla klanderverdig:

Førsteinntrykk:
Til dyrare sånne preparat er, til større tru får eg på at det virkar. Det er jo det eldste trikset i marknadsføringsboka, men likevel går eg på limpinnen og denne gang stolte eg blindt på 30 days. Eg hadde virkelig klokketru! Det var like før eg tok ein handlerunde og kjøpte inn kle i to størrelsar mindre med det samme. Terningkast 6

Gaia og marknadsføring:
Bakpå boksen er det ein liten klistrelapp, der Gaia har littegrann plass til å spele ut sine siste trumfkort, slik at ein tvilande kunde skal verte hellig overbevisst og kjøpe produktet. Det er altså svært avgjerande at ein klarer å utnytte denne plassen godt. Dei skriv følgjande: "Kroppsfett må du ha, men for mye kroppsfett kan i følge forskerne være ugunstig"

Eg er i dag direkte flau over at eg lot meg overbevise av dette tynne trumf-kortet...Terningkast 0.

Forespeila virkning:
"Rense og styrke fordøyelsessystemet, stimulere kroppens evne til å kvitte seg med avfallsstoff og støtte vårt naturlige immunsystem - og dermed motvirke stress."
Det er da besynderlig alt eg har trudd på...for eg hugsar faktisk at eg tenkte: "Motvirke stress også, ja? Ja, det trengs! Harde tider i meieribransjen. Gode greier dette 30 days!"

Reell virkning:
Gir egentlig denne setningen meining: ..styrker immunforsvaret og motvirker dermed stress...? Nei. Og kan nokon av desse virkningane virkelig dokumenterast? Neppe. Men me(eg) let oss(meg) lure! Gaia rølar iveg og lagar ei lang liste dette skal hjelpe mot, og skriv nederst: Kombinasjonen av 30 days, fysisk aktivitet og eit sunt kosthold hjelper deg med å halde magefettet borte! Etter 30 dagar har eg jo skjønt at 30 days bidreg heilt marginalt i den kombinasjonen! Terningkast 0.


Konklusjon:
Terningkast 0. Eg foreslår altså skylddeling mellom Gaia og meg sjølv. Eg burde strengt tatt forstått at når Gaia ikkje får tak i nokon andre enn Brit Elisabeth Haagensli til å fronte produktet sitt, så har dei ureint mjøl i posen. Misforstå ikkje; Brit Elisabeth Haagensli er ei kjekke kjelle. Ho var litt uheldig som kom på siste plass i Melodi Grand Prix i 1975, men tok seg kraftig opp og var direkte morsom i Fredriksson Fabrikk. Men etter gjesteopptredenen i Hotel Cæsar, så kjenner eg at eg slit med truverdigheten til fru Haagensli.


Og etter vel 2 månadar som slanke-bloggar, avsluttar eg dette kapittelet. Eg har mista trua på heksebrygg-bransjen og forstår at einaste måte eg kan slanke meg på er å ete sunt og trene. Og tru meg; det er ikkje den heilt store underholdningsverdien i den prosessen lenger ;-)

Lesbisk laurdagskos

No tenkjer eg du er spent, ja! ;-)

Ein fullkommen og komplett laurdagskveld for oss består av ei flaske vin, to stearinlys - og ein flatpakka kommode. Me har begge to, på eit tidleg tidspunkt i livet, måtte svelgje at draumen, nemleg tre år på maskin og mek/tømrarfag, måtte velgjast vekk fordi det ikkje sømde seg. Som Ari Behn ville sagt det: Vi ble tvinget ut i allmenne fag, det var som en ørkenvandring i konformitet, en iskald og ensom tur over Sørpolen, uten lammefrikassè og vin." Øhh...men iallefall:

Heldigvis trengte dattera i huset ein ny kommode til badet sitt, så då var det berre å reise ut å finne det mest kompliserte kinder-egget i bygda! Og som to småungar foran mjølkedisken til Tine, kastar me oss over det flatpakka vidunderet og diskuterar som vanleg kven som skal vere byggherre denne gang. Ein diskusjon som forøvrig aldri vert avgjort.
Så følgjer timar med skruing, vindrikking, limsøl, diskusjonar om bruksanvisningen kan vere feil, sussing - og proporsjonalt med at me forsvinn ned i vinflaska dukkar fantasiane opp om me kanskje kan klare å byggje eit fly eller ein lenestol av kommode-delane!!

Ei sånn økt innheld alt ein laurdagskveld mellom to kjærestar skal innehalde: Være rause med kvarandre (les: dele på den beste stjerneskrutrekkaren), samarbeide (les: holde mirakelet isammen mens den andre skrur), forstå det sosiale spelet (les: vere einerådande byggherre utan at den andre føler seg underlegen), romantikk (les: sussing mellom sponplater og til-overs-skruar), underhaldning (les: vin og lim) og sist, men ikkje minst: Mestringsopplevelsen av å byggje og lage noko sammen!

Style musa???

No vart eg litt flau.

Eg fekk ein mail frå Google, med spørsmål om det ikkje var på tide å AdSense inn på denne bloggen. Og eg tenkte: "Jo, det er nok på høg tid å tilføre litt fornuft her!". Så eg skreiv under på at dei kan plassere ein reklame-dings på sida mi, men kryssa av på at eg ikkje ynskte uhøvisk reklame. Og ante fred og ingen fare.

Men så logga eg nettopp inn, og ser at rett over bildet av meg sjølv, står følgjande tekst: På tide å frisere musa? Bla-bla-bla. Style musa no! Helsing RFSU

Og da raser veldig mange tankar gjennom hovudet mitt på ein gang. Eit lite utvalg:
- Ikkje sjå dette, mamma!
- Er ikkje dette uhøvisk reklame??
- Er RFSU-reklamer godt betalt?? Det bør det vere!
- Vil eg vege litt mindre viss eg...?
- Kvifor i alle dagar meinte Google det var passande å plassere denne reklamen på mi side??
- Er det snakk om ein frisør, eller er det eit gjer-det-sjølv-opplegg dette her?
- Ikkje klikk, mamma!

Herved har Google og AdSense fått sparken.

Homlene

Den observante lesar har fått med seg at det har skjedd dramatiske endringar i dekoren på denne sida - frå ein kommunegrå bakgrunn til homler i fri dressur. Og eg ville gjerne få dedikere bakgrunnen til volleyball-laget Homlene i Stavanger. I januar 2000 gjorde dette homofile volleyball-laget eit kraftig inntrykk på mitt den gang unge og ubesudla sinn. Eg flytta til Stavanger i januar 2000 for å finne ut om eg virkelig var homo eller ikkje. Tidspunktet var ikkje tilfeldig valgt, ettersom det lengje hadde versert rykter om at jorda skulle gå under i 2000. Eg tenkte det var ein vinn-vinn situasjon for eit slikt prosjekt. Så eg troppa opp på første trening, og mitt største kultursjokk var eit faktum. Mi røynsle med volleyball var frå ungdomsskulen, der gutane sto fremst og smasha ballen knallhardt, mens jentene sto bakerst på linja og måtte gå eit steg fram for å få underhands-serven over.

Her var det heilt omvendt. Mot meg kom det første homofile menneske eg nokon gong hadde sett i levande live, svakstrøms-eletrikar Hjørdis. Og resten av frontrekka besto av velfødde og stramme lesbe-smash`arar, som til og med den mest garva gymsal-parketten hadde grunn til å frykte. Bakerst sto gutane å øvde på ballett-piruettar. Eg vart heilt satt ut. Det føltes som verden var opp-ned, og ein gymsal med kun homofile mennesker var noget spesielt for ei lita jente frå ei grisgrendt vestlandsbygd.

Dagens moral?
- unge og ubesudla sinn har godt av å bytte miljø
- verda går ikkje under om du finn ut du er homo
- vedkommande som kom på at verda kom til å gå ad dundas i 2000, MÅ vere tidenes største DramaQueen!
- det er alltid sunt å gje ein tradisjonell øvelse (t.d volleyball) eit nytt innhald (t.d ballett)
- stereotyp tankegang, som t.d at lesber er butche og ofte svakstrøms-eletrikarar, er heilt sann.
- å plutselig ha berre homoar rundt seg er det samme som å plutselig berre ha heteroar rundt seg - berre at det siste er mest vanlig.
- det er ofte litt bedre plass, både fysisk & psykisk, i ein by enn på Vestlandet. Må det virkelig vere sånn?
- Homler er fine dyr.

Oi...kontrollfreak?? Eg??

Det er eit faktum at motsetnadar tiltrekker seg kvarandre. Pluss vil ha minus og katt vil ha mus (nja, no vart muligens det der eit litt uheldig ordspel, mus vil vel strengt tatt ha mus i dette tilfelle...) Men iallefall; eg og Eli Anne passar heilt perfekt saman!

Det som tidleg fascinerte meg med Eli Anne, var hennar fabelaktige evne til å aldri fylle bensin! Det vart difor tidleg klart at me var heilt nødt å ha to bilar. Kvar einaste biltur med ho vart ein neglebitande thriller, ettersom tanken var skålande tom allereie før me starta. Tom-tank-signalet lyste blendande mot meg frå dashbordet, men likevel satt ho der, smilte bedårande og ba meg hoppe inn. Sjølv om det er fysisk umulig så lengje bilen kjøyrer, så fekk ho meg til å tru på at tanken aldri vert heilt tom. Alltid litt igjen.

Mens eg, derimot, byrjar å sjå etter bensinstasjonar før pila har passert halv tank. Og når eg fyller bensin, er det aldri fullt før det renn over.

MEN i dag tidleg, kl 05.43, på veg til jobb i halvsøvne, stoppa nesten hjertet idet bilen ga fra seg eit intens høgt PPLINGG!! og ein knallraud liten prikk lyste opp heile Ose Camping. Eg var tom for bensin!! Komt ned på det raude! Det var jo ein milepæl i min personlege utvikling og bearbeiding av kontrollfreak-syndromet, men eg girte opp i femte og blåste forbi både 50-sona og meieriet før eg akkurat greide å vrenge bilen inn på Statoil før tanken vart heilt tom. Kom sjølvsagt for seint på jobb på heile greia, men slapp iallefall å ringe NAF redningstjeneste..;-)

10 setningar eg aldri kjem til å seie i 2009

I desember 2007 syns eg og sambuaren min at det var ein strålande idè å lage ei liste over ting me hadde lyst å gjere i løpet av 2008. 10-15 mål for det nye året liksom. Men når regnskapets time kom i romjula, og me skulle sjå om me hadde nådd desse måla, så fann me ikkje lista att...Så difor må eg legge årets liste ut her, slik at eg finn den att i 2009. Og årets liste er:

10 setningar eg aldri kjem til å seie i 2009.

#1: Steik kor god denne Synnøve Finden Gulosten var!
#2: Mamma, eg er gravid!!
#3: Kom da, bisken!
#4: Eg har meldt meg på X2!
#5: Hårre, denne kaka me laga vart perfekt, Eli Anne!
#6: Skal me invitere alle vennane våre på besøk?? Hmm, nei, det blir kanskje ikkje plass...
#7: No skal det bli deilig med ein 5-vekers ferie!
#8: I dag har eg hatt ein heil arbeidsdag utan tekniske problem!
#9: Skal me sjå Beat for Beat i dag, kjære?
#10: Åi, åi, åi, kor eg gleda meg til å gå i tog på 17.mai!

Årets julebrev

Tradisjonen tru har ingen fått julekort frå denne familien i år. Vi var veldig nærme – fotoapparatet var lada, frimerka sto klare og familien var psykisk beredt, men prosjektet stranda ettersom ei i familien insisterte på å ha med ein ost nederst i bildehjørnet, mens ei anna sa dette var uaktuelt. Så skjøre kan slike prosessar altså vere.. Men i frykt for at me vert svartelista frå julekort-lista til vår kjære familie og gode venner, nyttar me høve til å takke for alle julekort, og sender herved eit i retur til deg!

2008 har vert eit godt år. Litt stritt innimellom sjølvsagt, men det ville vert svært navlebeskuande å kalle det noko anna enn godt. Eli Anne har sendt sin gamle, blå-røde-gråe Opel til evig kvile, og vorte stolt eigar av ein Skoda Fabia. Ho har også gått Jostedalsbreen på langs, ni bikkjekalde mil i 2000-meters høgde. Og ho har vorte deltidsstudent på Høgskulen i Volda – og tek videreutdanning i Rus. Mykje teori og lite praksis, syns ho…

I dattera sitt liv har 2008 vert mest prega av at Hovden Barneskule er eit tilbakelagt stadium, og Ørsta Ungdomsskule er hennar nye arena. Ho trives svært godt – med Juleball 2008 som ein høydar. Ellers var nok turen til Tenerife med morfar og søskenbarn hakket meir spennande enn campingturen til Sverige med oss. Av meir sørgeleg karakter, var nok det å miste Valetta tungt. Det vetle marsvinet bukka under for ein forkjølelse i mai, og måtte gravleggast på den nye plenen.

Camilla måtte tilbringe første halvdel av 2008 på ein liten hybel i Odense, og er svært glad for at studentlivet no er over. Året i Danmark var ein fagleg opptur, men å få flytte tilbake til jentene og huset i Hovdebygda var ubetalelig deilig. Ellers har ho fått seg ein blank og skinnande gullring på fingeren, har runda 30 år og har begynt å drikke kaffi. Oppsummert har ho altså vorte 10 år eldre i 2008..

Med dette takkar me for alle julekort me har fått – svært hyggeleg å høyre frå dykk alle! Me ynskjer dykk ei fortsatt fin romjulstid og eit godt nytt år!

Beste helsing få oss alle tre :-)

Katastrofe på kjøkkenet, episode 375

Ingenting er som litt kveldskos i desember! Litt bortebaka, deilige kringler - og kanskje litt kakao? Jaaa, seier jentene i kor - vi vil ha kakao! Og enkle løysningar duger ikkje i førjulstida, så med kjærleg hånd vert kakao og deilig, fersk mjølk frå Tine varsomt varma opp, og rørt i med nennsom hand både lengje og vel. Alle tre rundt bordet, stearinlys, varme kringler og ein stor, god kopp kakao! Me skåler og tek ein god slurk....og spytter ut synkront!!!

"Bake-kakao kjære?"
"Ja. Ikkje det samme som drikke-kakao??"
"Nei..."

Dyr bursdagshelsing...

Det er heilt sikkert meint som ein hyggelig gest. Men eg klarar ikkje heilt å bli glad når eg får eit flott bursdagskort frå Bjørdal Bil, tre år etter eg kjøpte bil der. Einaste eg klarar å tenke er: Pokker! Eg betalte altfor masse!

Drømmen om verte forstått - utan å løfte ein finger!

Mine tankar går i dag til kjærasten min. Det arme menneske tykkjer desember er ein hard månad, mykje p.g.a at eg er veldig glad i pakkar! Difor har eg grene meg til tre julekalendera i huset - ein til kvar! Og om ikkje 24 små pakkar skulle vere utfordring nok, så har både eg og Jesus bursdag i desember, og dei anledningane må også feirast med pakkar!

Og det er kanskje ikkje vanskeleg å kjøpe 26 pakkar til eit menneske med ønskeliste, men som kvinner flest (?? min kvinnelege sambuar nektar på denne påstanden...) så vil eg sjølvsagt ikkje sei kva eg ønskar meg! Eg vil at ho skal finne det ut sjølv, heilt uten at eg seier eit pip, for når ho klarer det, DA kjenner eg meg veldig elska og forstått!!

Og det er da ein fascinerande dobbelthet - vi ønsker å føle oss sett, men vil ikkje vise oss fram. Eg trur også denne dobbeltheten er bakgrunnen for mannfolka sitt uttrykk: "Pokkers kvinnfolk!"

Så kjære Eli Anne - her er ønskelista mi ;-)
- Super Mario Wii med ratt!
- Nye bindingar
- Spinningsko
- Bjørn Dæhlie-skihanskar
- 1 liter ginseng...
- Odd Børretzen CD
- Sånn gensar på Intersport veit du
- Eller sånn jakke, veit du
- Godteri

Årets pepparkakehus...

Er det ikkje sånn med dei fleste av oss? At når me oppdagar personlege eigenskapar som gjerne ikkje er heilt som me skulle ønska, så skuldar me på foreldra våre? Er det ikkje eit veletablert psykologisk faktum at me ender opp med å kopiere atferds- og reaksjonsmønstra til foreldra våre?

Vel, uansett kven sin feil det er(les: mamma er perfeksjonist..), så pleier eg å oppdage eit litt uheldig personlighetstrekk i desember månad: Pepperkakehus irriterar meg! For det første likar eg ikkje pynt. Dill og dall i alle krokar øydelegg den minimalistiske linja eg føretrekk. Men dette er eit tabu i ein barnefamilie, så denne jobbar eg intenst med. For det andre ligg det i pepperkakehuset sin natur at det så og sei er umulig å få dei fine! Å konstruere dei for hand, tegne, skjære ut, steike og setje saman eit hus førekjem meg som eit utopisk prosjekt - her er det ein million fallgruver, og det krevs utdanning på høgare nivå i den noget utradisjonelle kombinasjonen snekker-konditor. Å fikle saman eit ferdigkjøpt hus er utfordring nok - og når husets kjære barn forbyr meg å bruke to-komponents-lim til å feste veggar og tak med, ja...umulig å få fint! For det tredje - pepperkakehus er ein næringsmiddelhygienisk katastrofe. Eg får vondt av å sjå små søte fingrar nappe av nedstøva non-stop og forsteina seigmannar.

Så når dagen opprann og det var klart for årets pepperkakehus-prosjekt, såg eg mitt snitt til å gjere resten av desember meir harmonisk for min del. Sidan kona var på jobb, og dermed ikkje i stand til å utøve sosial-pedagogisk kontroll i heimen, og barnet hadde eit rom med akutt behov for ein opprydding, såg eg mitt snitt til å kvalitetssikre at huset i år vart bygd med perfeksjonisme og flid, utan søl frå barnefingrar! Sjølvsagt ein heilt forbudt og forkasteleg tankegang i ein barnefamilie midt i desember - men eg fall for freistinga.

Og la meg gjere ein lang historie kort - Det vart tidenes styggaste pepperkakehus, som no er plassert midt i stua, til spott og spe, og undertegna er nødt å ta all "ære" sjølv - først for å ha snytt barnet for ein juletradisjon, dernest for å ha laga tidenes fælaste hus - heilt aleine.

Say no more.... (dobbelklikk gjerne på bildet, for ein nærmare kikk på detaljane...)

"Alltid plass til ein språkmann!"

Eg er ei enkel bygdejente, som knapt kan skilje cafe latte frå cappuchino. Eg er vokst opp på raud hushaldningssaft og syns framleis det er best. Men eg har no budd litt rundt forbi i våre større byar dei seinare åra, og har vel vorte litt meir vand i byterminologien, sjølv om det ville vere dagens overdriving å kalle meg urban. Eg skvett til om eg ser ein kjendis, og det er naturstridig å la vere å snu meg etter eit kjent fjes. Til dømes sto eg som hypnotisert her i førre veke når eg uforvarande kom over Ingrid Espelid Hovig. Ikkje nett ei Hollywoodstjerne....

For ikkje å snakke om då eg traff ei popstjerne. Eg var på konsert med Heidi Marie Vestrheim, og etter konserten presterte mi særs urbane veninne å spasere verdsvant mot denne popstjerna og spørre om ho kunne få ein klem! I mine auge er dette nett som å spørre Madonna om eit kyss. Kjendisar -store eller små- dei vert veldig hellige i mine auger. Eg nektar å tru dei er av kjøtt og blod, laga av det same som meg.

Men ein skal jo jobbe med sine svake sider, ikkje sant? Joda, så når eg her forleden møtte på Sylfest Lomheim på flyet til Ørsta og han endatil spurde om setet ved sidan av meg var ledig, så tok eg sats og repliserte "Jauda, alltid plass til ein språkmann her!".

Kjempefornøgd! For ein kommentar, unge Gangsøy! Heilt på sparket, endatil!

Men tvert eg hadde fått eit av mine store språkidol ved mi side og syns eg hadde takla det grusomt bra, så kom eg på at min andre store svakhet er småsnakking! Eg er grusomt dårlig på småsnakking! Og når eg endatil først har ei verdensstjerne ved mi side; kva i alle dagar snakkar ein om da?? Fettstandardisering av ystemjølk???

Og mens eg satt der å vridde hovudet etter gode tema, så sovna Sylfest Lomheim....

Dagens mantra: Auka fokus!

Det kan unekteleg høyres banalt ut, men det er ganske vanskelig å ha fokus på akkurat det du held på med, når du held på med det. Eit døme: Eg sat på jobb å drøymte om ein tur i skog og mark, og når eg timar etterpå gjekk ein tur i skog og mark, så tenkte eg på jobb... Eg ser heilt klart at det hadde vert meir hensiktsmessig å tenkt på jobb mens eg var på jobb, og kosa meg over turen mens eg var på tur.

FORLOVA!

Hallo verden, eg har omsider fått ein ring på fingeren!!

Og det er mange som har trudd at det aldri kom til å skje. Eg hugsar til dømes at eg fekk eit svært pent dobbelt sengesett av mine foreldre til jul for lengje sidan. Type Høie, strykefritt, krympefritt, kreppfritt og veldig egna for den kommande ektesenga. Sjølvsagt superflott - og eg såg jo at mor mi vart litt skuffa når eg bytte det inn i eit Pocahontas og eit 1001-dalmantinera-sengetrekk, som slett ikkje er egna for ektesenga...

Det er også nokon som har meint at eg reint fysisk ikkje kan få ring på fingeren, ettersom eg har fingrar som ein 50 årgammal gruvearbeidar - tjukke og solide! Ein (dårlig) kompis gav meg følgjande råd ein gang: Dypp dei i sjokolade og selg dei for 8 kr stk til jul! Med klar referanse til Nidar`s marspianpølser...

Men et hatten din Henning Handaa - no har eg fått pressa ein gullring ned på rett finger!!

Lommemannen & eg

Eg er ikkje lommemannen. Men i lengre tid har eg vert redd for å bli mistenkt, ettersom bukselommene mine har ein lei tendens til å rakne. Av fem bukser, har tre av dei hol i lommene. Min fremste årsaksteori er at eg har kjøpt bukser av eit dårleg parti – eg kan ikkje forstå at desse fire-åringane nedi China som sit å syr ei bukse med kvar hand, kan klare det like godt med venstrehanda som med høgrehanda, så eg trur eg har fått ei venstrehands-bukse. Og kombinert med ein dårleg hukommelse, endar det med at eg som regel finn mobil, nøklar og småpengar nede ved leggen – evt litt lenger bak i gata.

Men dette er altså alt eg har til felles med lommemannen.

Kaker & 17.mai

Det er så mange fordommar mot homofile!!

Til dømes er det svært mange som trur at ettersom me er to kvinner i denne husstanden, så er me ekstra flinke til å bake. Det er spesielt lokale lag og organisasjonar som driv denne fordømminga mot oss, og til stadighet dukkar det opp førespurnadar om me ikkje kan bake ei kake eller ti. Dette er svært belastande for oss, ettersom me begge ligg under landsgjennomsnitt i husmorfag og ved gjentatte høver har vist spesielt svekka evner i å vurdere når ei kake er ferdig steikt.

Og det manglar ikkje på dømer. På påskerennet i Solnørdalen i fjor var det mange smårollingar som gjekk rundt med eit stykke rå sjokoladekake med non-stop på. I juleselskapet til tante Gerd var katastrofa eit faktum idet kaka skulle skjærast opp rett før servering. Rå. Og ved den årlige pinsegudstjenesta ved Hovdevatnet fekk me kakefatet vårt igjen etterpå - like fullt som det var når me leverte det. Og natt til 17.mai, når skuffekaka til barneskulen var klar til pynting og oppskjæring, måtte me nok ein gang konstantere at me hadde skuffa med skuffekaka. Rå.

Men me har jo lært av desse feila. Alt går jo bra inntil steikingen. Så som ny rutine, så er me no alltid to når me skal vurdere om kaka er ferdig steikt – og dersom me begge er enig om at «Jo, no er den klar», så lar me den stå i ytterligare ein halv time. Den prosedyren fekk me testa ut forrige gang Malene skulle ha jentefest på loftet og hadde spurt om å få brownies. Når me da satte kniven i kaka, for oppskjæring - pulveriserte heile mesterverket seg i svartsvidde kakesmular over heile golvet...

Men me trur det har skjedd ei haldningsendring i samfunnet vårt mot lesbiske husstandar. Det er idag den 16.mai og me har enda ikkje fått ein einaste henvending angåande kakebaking!

Ein blomst i vasken

Mor mi har gått husmorskulen og far min trivast med vaskekosten. Så barndommen min utspant seg i reine omgjevnadar, med klare krav til borna. Sko skal av i gangen, hender skal vaskast før maten, rommet skal vere ryddig og reint og badet skal vaskast ein gang om dagen. Gjennom trassalderen (0-19 år) så har eg sjølvsagt gjort mitt opprør mot desse krava, men dei vart handheva så konsekvent at eg til sist ga opp – og har ubevisst adoptert dei som mine eigne reglar i min nye heim...ja, eg har vel til og med dramaqueen`isert dei. Før familieferien i fjor, vart eg t.d tatt på fersken då eg prøvde å få plass til to pakkar à 150 våtserviettar i hanskerommet på bilen...i tilfelle is-søl.
Så eg såg mørkt på livet når eg ankom Danmark i fjor haust og vart presentert for min nye heim. Huset var i kategorien Skal-snart-rivast, og det pitte-pitte-pitte lille rommet eg skulle bu i var..var...ja, kor skal eg begynne?? Vegg-til-vegg teppe med synlige spor av forrige fest, mygla glaskarmar og ein dunkel belysning, ettersom lampa var naturlig dimma av ein imponerande samling døde fluger. På badet var dusjforhenget svart i mygl og termostateten var rusta fast på 34 grader. Det er for varmt dersom du er førstemann i dusjen, og det er for kaldt dersom du er nummer to. På toalettet mangla det både såpe og papir, i tillegg til at lyset var gått.
Etter snart ni månadar i sånne omgjevnadar, har eg etterkvart klart å utvikla ein litt meir dansk holdning til hygiene. Eg merka det igrunn først i går, når eg trøytt gjekk inn på toalettet om morgonen og såg at det i sluken på vasken hadde vokst opp eit 5 cm langt ugras-spir!
Det er eit fabelaktig syn. Send ein melding til 99 61 44 94, og eg skal sende deg eit MMS bilde av blomsten i vasken min...

Dramaqueen

Ifølgje stereotypien av ei lesbe, burde eg vert iskald, cool og laidback. Min favorittstilling burde vert nærmast horisontal i ein slitt sofa, med rullingsen i munnviken og kald kaffi i umiddelbar nærhet. Eg burde på alle mogelege måtar vert i sterk kontrast til Jan Thomas til dømes, som går heilt i vranglås om mascaraen er tom.
Forhåpentlegvis er eg i sterk kontrast til Jan Thomas, men eg innrømmer gjerne at eg har klare dramaqueen-tendensar. Eg syns alltid det er greit å ta alle mulige problem på forhånd, for å vere heilt sikker på at eg er klar om det utenkelige skulle verte tenkelig ein dag. Eg syns også at alle historiar vert betre om ein overdriv maksimalt, og ikkje reint sjelden er eg inne i ei tankerekke som inneheld femten ”viss” og trettito ”dersom”.
Eit ganske godt døme er mitt vetle trafikkuhell for eit par veker sidan. Eg kræsja altså på motorvegen i Danmark, og var i tre dagar heilt sikker på at den kjære bilen min måtte kondemnerast. Og denne teorien hadde eg sjølvsagt fortalt halve verda. Eg var difor forberedt på det verste når dei ringte fra verkstedet for å fortelle om skadeomfanget. ”Kom igjen, eg er klar. Gi meg dei harde fakta”, sa eg – og syns sjølv eg var veldig tapper.
”Nytt panser og ny støtfanger. Pluss litt smårusk. Forsikringen er i orden, og bilen er god som ny om to veker.” Hmm...
Men i går var det på`an igjen. Kjæresten min var midt oppå Jostedalsbreen, uten mobildekning, og da må eg jevnlig innom vg, dagbladet, røde kors og frelsesarmeen sine sider, for å forsikre meg om at det ikkje har vert noko uvær, tsunami eller andre ulukker i det aktuelle området. Og det er vel unødvendig å fortelje at hjertet slutta å slå når eg las om skiløparen som hadde ramla ned i ein bresprekk i Jo (tunheimen, men ettersom dei to første bokstavane passa med Jostedalsbreen, kobla den kognitive delen av hjerna mi ut umiddelbart og katastrofen var eit faktum) og no hang opp-ned, i ei 10 meter lang sprekk, med hovudet ned og ligna på Donald, og luftambulansen var på veg...
Men etter to minutters meditative pusteøvelsar, fekk eg ressonert meg fram til at det ikkje kunne vere Eli Anne, så da var krisa avverga for denne gang ;-)

Jostedalsrypa


Nett no er den fabelaktige kjæresten min på veg over Jostedalsbreen på langs. Det er ein 90 km lang tur i 2000 meters høgde, og etter mine begrep er det ei bragd! Eg er ikkje med, men det er berre fordi me har eit tradisjonelt kjønnsrolle-mønster heime hjå oss; Eli Anne går dei lengste turane, eg ryddar i boden.

Ho har med kamera, så eg trur me må komme tilbake med ei reiseskildring etterkvart!

Hårre Reite ded!

I Ørsta går det fritt rundt ein kar som heiter Hans Reite, og han er altså sjølvoppnemnt pastor for ei menigheit som kallar seg "Nytt Livs Senter". Ved sidan av er han hovudbidragsytar til lokal-avisa vår sin lesarinnlegg-spalte. Der sprer han sin evige jamring om jordas undergong ut til sambygdingane mine, og har som hovudinteresse å fordømme medmenneskene sine. Særskilt går det hardt utover dei homofile, som vanlegvis får skulda for at samfunnet vårt er i ferd med å råtne på rot. Ettersom eg har vert i Danmark dei siste ni månadane, har eg ikkje fått høve til å svare på tiltale. Derimot har den glimrande skribenten Kjetil Aarseth vert flittig til å sende gallen i retur. Det er desverre ein Urias jobb, så eg håpar eg kan bidra litt meir når eg no snart kjem heim. For som eg har fortalt han før:

GLEDA VED HOMOFILI

Den sterke vil på den svake hakke,
og lagar gjerne ein ekstra motbakke.
Han tek sine ord direkte ifrå Gud,
og gjev homofile gåsehud!

Eg les i avisa at eg ikkje er rett,
vert dømt av ein kar eg aldri har sett!
Eg belastar min familie og må snarast snu.
på andre sida ventar skrekk og gru!

Eg bør vel med skam i augo sjå mot jord,
under overmaktas høgmoralske ord.
Men mor mi seier eg er ein dyrbar skatt,
så eg bryr meg lite om ein homofilidebatt!

For med gudsordet framom og bjørkeriset bak,
får ein sjeldan framgang i si sak.
La trua heller gje tryggleik og styrke,
å dømme andre må vere eit strevsamt yrke.

Men gjev det deg glede,
tek eg gjerne imot all innestengt vrede.
Eg lev livet slik eg meinar er rett,
på sanninga har ingen opphavsrett.

Eg tenkjer: "Det skal bra godt brenne og svi,
for å oppheve gleda ved homofili!"
Eg brenner gjerne i svovel og eld,
for kvinnekyss ein lukkeleg kveld!

Men ei trøyst kan eg gje til Reite & co,
på dommens dag må ein svare for eige blod.
Du vert ikkje straffa for min homofili,
så difor kan du la det gå deg forbi.

La pennen få kvile og gå til ro,
det er ikkje meir å skrive om no.
La oss tru på Livet, Gud eller Titten Tei,
ingen veit kven som hist ved floden seier hei!

Halve verda for 100 kr

Eg og far min har ei lita datter.


Nja, det kan høyres suspekt ut, men det er heilt sant. Ho heiter Vasanti, er åtte år og bur i India. Som det seg hør og bør, så betalar me jo bidrag til ho, og i retur får me kjekke brev og teikningar, gjerne av familien hennar, skulen hennar eller av ei ku. Og då grip eg sjansen og tegnar attende - veldig ofte ei ku. Eg er skikkelig god på å tegne ku. Men nok om det - for det morsomme var at i forrige brev så takka ho for pengane og sa at denne gangen hadde ho fått hundre kroner til fri disposisjon. Og for den hundringsen, hadde ho kjøpt:
- Nye skuleklede til seg sjølv
- Nye klede til dei fire søskena sine
- Skulesaker av ymse slag
- Kokekar til ho mor
- 25 kg ris
- Ei geit (!)

Det er "dattera" si det!
Men eg trenger vel ikkje fortelje ho at eg kjøpte smågodt for 78 kr i dag?

Den perfekte setning som vert fødd for seint...

Er det berre gamle damer som snakkar med seg sjølv? I så tilfelle er min mentale alder nærare 80 år. For eg arresterar stadig vekk meg sjølv i å gå rundt å snakke halvhøgt. Utan nokon i umiddelbar nærleik - forhåpentlegvis! Når eg tek oppvasken om kvelden til dømes, tenkjer eg attende på dagens hendingar. Føretek ein liten mental oppvask; Kva har eg lært i dag? Og ofte dukkar det opp ein samtale eg har gjort i løpet av dagen, som eg strengt tatt ikkje er heilt nøgd med. For eg er ein av dei som alltid kjem på dei geniale kommentarane - for seint. Fem timar etterpå, når vedkommande for lengst har forlate åstaden og eg står å skrubbar panner, kjem eg på kva eg skulle sagt. Med Zaloskum opp til albogane, fødes dei briljante formuleringane, som hadde passa heilt perfekt i den samtalen. Så eg tenkjer "Åh, neste gang skal eg sei akkurat det der!" Men neste gang er alltid ein heilt annan gang, og då passar ikkje den geniale innøvde kommentaren likevel. Eller eg har gløymt han. I etterpåklokskapens lys er alltid tankane mykje klarare. Jobbintervjuet er ein klassikar. Når det gjeld som mest å vere tydeleg, reflektert og veloverveid! Då sit eg der med svette hender og liknar mest ein sporv, som piper fram eit meiningslaust svar, blotta for sjølvtillit. "Ehh, kvifor eg skal få denne jobben? Nei, eg er no ganske grei og trur no kanskje at eg kan klare å få til dette her."
Fem timar seinare står eg med rak rygg på kjøkkenet, osar av sjølvtillit og utbasunerar tydeleg og klart "Eg har dei faglege kvalifikasjonane dykk etterspør, samt relevant røynsle. Eg meinar også klart at eg har personlege eigenskapar som vil høve godt i arbeidsmiljøet og eg har ein klar strategi på korleis me bør gå fram for å nå målsettinga for avdelinga!".
For ikkje å snakke om når eg uforvarande møter drømmedama på butikken. Ho eg hadde så lyst å verte betre kjent med. Men når hormonane også vert involvert, kan eg sjå langt etter den klare tanken. Då går det nok nærare sju timar, før eg med ein skitten smørkniv i neven kan anlegge ein kul og tilbakelent tone "Hey! Hyggeleg å sjå deg! Kan eg by deg på caffe latte ein dag?" Og om oppvasken er stor nok, lirer eg av meg ein friartale som får den stridigaste svigermora til å smelte! Talen hjelp sjølvsagt lite, så lengje publikummet mitt berre er skitne mjølkeglas. Men oppvaskstunda mi vert i alle fall underhaldande! Aldri så gale at det ikkje er godt for noko!

10 kr for ei handlevogn??

Eg har aldri ein tiar i bukselomma. Og konsekvensen av det, er at ein handletur for meg endar opp med å verte ei real treningsøkt. Sidan eg ikkje klarar å cashe ut ei handlevogn, endar eg opp med plastikkorga. Gjerne to, om handlelista er lang nok. Og innerst i butikken, når eg har lasta opp tre liter mjølk, merkar eg at eg nok ein gang tok ei korg med dårleg handtak. Så for å unngå mjølkesøl og ei pinleg førestilling, må eg kvalitetssikre transporten bort til kassa og endar opp med to korger under armen. I tillegg til at desse korgene er særs uegna under armen, er dette tungt og det ser utruleg teit ut. Og det er då eg tenkjer; Korleis i alle dagar oppsto behovet for at handlevognene måtte koste ti kroner? Var det verkeleg folk som stjal desse vognene? For det fyrste må det vere ganske enkelt å huke tak i desse tjuvane. Det er vel få som klarer å diskret smyge denne stålkonstruksjonen oppunder boblejakka. For det andre forstår eg ikkje kva den skal brukast til heime. Særleg praktiske er dei vel neppe, verken som skittentøyskorg eller som leikegrind for poden. Og for det tredje, om ein absolutt vil ha dette hjulmonsteret med seg heim, så er vel ikkje ti kroner ein blodpris? Ikkje eingang for ein sunnmøring...

Spinning

Eg går på spinning i Volda. Og alle som har prøvd spinning, veit at det er knallhardt. Men den universelle regelen gjeld også her; Trening gjer mester. Og etter berre eit par gangar, merkar eg klar framgang. Mykje av denne framgangen skuldast at eg har skjønt viktige prinsipp angåande plassering i spinningsalen. Aldri fremst. Aldri. Eg trur kanskje den tvangstanken heng igjen frå barneskulen. Ein får frøken-elev-fornemminga veldig fort på spinning. Ein vil på ein måte ikkje skuffe instruktøren. Eg får dårleg samvit dersom eg til dømes lurer meg unna med å sitje å sykle, når ho står.
Men som me alle veit; dårleg kondisjon er vondare enn dårleg samvit. Difor er plasserings-logikken enkel: Om eg ikkje ser instruktøren - ser ikkje instruktøren meg. Og eg kan ta det litt rolegare. Med godt samvit. Eit anna godt tips er å unngå sykkelbukse, sykkeltrøye, sykkelsko og sykkelhanskar. Slikt utstyr forpliktar nemleg. Du kan ikkje sjå ut som Thor Hushovd når du pustar som ein kvalross etter fem minutt. Dersom du derimot finn kleskapets mest slitne joggebukse, er det meir legitimt å slakke litt ned på tempoet.
Eit anna overlevingstriks er å fake når spinning-instruktøren krever meir motstand. Spinninginstruktørar er nemleg ikkje mennesker. Dei er automatiserte tråkkemaskiner med utømmeleg energi og eit så strålande humør at det grensar til det usympatiske. "Kom igjen, folkens! Vi legg på meir motstand!" Og du smiler attende, lagar ei meir eller mindre truverdig grimase, roper ut "Ja, det gjer me!" og later som du skrur opp motstanden med ein elegant håndbevegelse. Eg prøvde ein gang å følgje instruksjonane deira. Følgje visualiseringen deira. "Folkens, no skal me opp på eit høgt fjell! Så me legg på motstand og klatrar oppover. Ser dokke toppen? Laaangt der oppe! Kom igjen!" Eg var med på tanken, men når eg ser ut vindauge at Folkestadferja legg til kai for andre gang, så misser eg på ein måte litt høgt-oppe-på-fjellet-feelingen.
Nokon vil gjerne sei at eg lurer kun meg sjølv med desse triksa. Men dei lurer ikkje meg. Motivet mitt er nødverge, og eg merkar at spinningtimane går langt lettare no. Trening gjer mester!

Reguler handlekorgtrafikken!

Alt skal regulerast her i landet. Og eg ventar med lengsel på at handlekorgtrafikken skal inn i litt meir ordna former. Dagens matvarebutikkar er fylde til randen og det er ein koordinasjons-prøve for vidarekomne å manøvrere ei handlevogn i desse hyllelabyrintane. Gul midtstripe hadde vert ønskeleg, med dessverre ein utopi. Det er ikkje plass. Einvegskjøyring derimot, kan verte aktuelt. Eg ser eit klart behov for dette, sidan eg stadig kjem i pinlege situasjonar.
Den klassiske; to vogner møtast, begge går til høgre, så begge til venstre, så ler ein litt brydd og endar opp med å sei noko slikt som "Ehh, viss du no står heilt i ro til venstre der, så kan eg smyge meg forbi til høgre" Eller du kan møte han eller ho du av ein eller annan grunn ikkje hadde lyst å møte, men sidan det er umuleg å snu eller lure seg unna mellom hyllerekkene, er tvangssosialiseringen uungåeleg. Og desse pinlege konfrontasjonane har du inga mogelegheit til å takle profesjonelt. Blodsukkeret er nemleg på eit minimum. Ein er jo alltid svolten når ein skal handle. Einvegskjøyring ville løyst desse problema. Men på den andre sida, er du uheldig å gå forbi kvitosten, må du ta ein ny runde. Og for dei fleste av oss vil dette bety at me må bruke vesentleg lengre tid på handleruta, sidan handlelista som regel vert til mens me går. Men om me held oss på rekke, og følgjer 2001-2002-2003 regelen, skulle vel oddsen vere høg for at ein får tilstrekkeleg tid til å hugse kvitosten. Ein kan jo også leggje inn fartsdumpar undervegs. Framom sjokoladehylla til dømes. For livskvalitetens skuld ;-)

Eg HATAR bunad!


Eg er plaga av panikkangst. Oftast framkalla av små, kremfarga konvoluttar med sirleg handskrift. Og eg har sterk fobi mot 17. mai. Eg minnast lukkelege barneår, då 17. mai var synonymt med uavgrensa inntak av pølser og is. Einaste skåret i gleda var ein halvtimes pinleg seanse med leikarring på torget. Mor mi sto fremst i publikumsrekka, klar med fotoapparatet. I håp om at yngste dottera skulle svinge grasiøst forbi i ein reinlendar. Eg skal ikkje gå i detalj, berre nemne at eg kun har funne eit bildet frå desse showa. Då står eg midt i leikarringen, med fingeren i nasen.
Men eg har altså angst mot 17. mai og små konvoluttar som inneheld innbydingar til bryllaup og barnedåpar. Fellesnemnaren for desse anledningane er bunaden. Eg hatar bunad. Det er eit kvinnefiendtleg plagg. Eg fattar ikkje at det frå feminist-hald ikkje har vorte fokusert meir på å forby bunaden.
Dette plagget får ein gjerne til konfirmasjonen. Og det er sosialt forventa at det skal passe deg resten av livet. Om sydama har vore riktig framsynt, har ho lagt inn fem cm til utlegg på kvar side. "Det får då jammen vere nok", tenkjer ho sikkert, der ho sit krokbøygd over broderiet. Men det er ikkje nok. Og det er merkeleg, for ingen forventar at eg skal gli inn i dongeribuksa eg hadde i 9. klasse. Men bunaden - denne ullstakken det ikkje er råd å gå i trapper med - er det forventa skal passe. Kva er skildnaden? Det er sosial aksept for at du etter kvart nyttar deg av den minimale mulegheita for å legge den ut, men berre ein gang. Å bytte liv, til dømes, er tabu. Ironisk nok.
For eg kunne gjerne tenkt meg eit nytt liv, bokstavleg talt, når eg står der med innbydinga i handa. Skjelvande kjenner eg sjølvtilliten svinne hen og ubevisst trekker eg inn magen. Gjer meg psykisk klar til daglege førespurnadar frå ho mor "Har du prøvd bunaden no? Du må sjekke at han passar!" For mødrer sluttar aldri å vere mødrer, og har ho bestemt eg skal ha bunad på, så skal eg det. Og når sanningens time er komen, står eg framom spegelen i dette "festplagget" og lurer på kven ho er, ho der inni spegelen. Noko mindre attraktivt har eg sjeldan sett, og full offentleg audmjuking er uunngåeleg. Og kakene? Det som skulle vert eit av høgdepunkta? Gløym det. Men det er jo klart me treng eit festplagg! Så mitt forslag er å behalde broderiet og sølvet, men endre på forma. La oss lære litt av andre kulturar og utforme eit behageleg festplagg! Me skal jo trass alt kose oss på slektstreffa, så gje meg ein brodert vadmelsburka!


Så eg nytter høve til å sette inn ei lita annonse:
Kronisk for liten bunad selges til første interessent før 17.mai. Evt. byttes i ei skuffekake, som kan leveres Hovden skule før kl. 12.30 17.mai. (Da er to problem løyst....red.anm) Bunaden leveres desverre med skjorte som trengs intens stryking, men ellers er bunaden fint pakka inn i ein svart bossekk. Det er litt usikkert kva type bunad dette er, ettersom det er svært mange år siden den sist såg dagens lys. Men ettersom den er pakka i ein sekk merka "Hold Vågsøy ren!" antas det å vere ein nordfjord-bunad.

Eksamenstid

Kjenner du deg tiltakslaus? Lite kreativ? Kanskje du kjedar deg? Manglar initiativ til å gjere husarbeid? Bli student! Gjerne deltidsstudent, ved sidan av jobb. Då eg flytta til Ørsta, kjende eg ingen som budde her frå før. Så eg tenkte at kveldane sikkert kom til å verte lange. Og sidan eg tilhøyrer dagens kvinner som forventar effektivitet, tenkte eg at no var tida inne til litt kompetanseheving. Høyres fint ut. Eg hadde jo strengt tatt ikkje så mykje anna å finne på. Så eg pløyde gjennom NKI sin studiekatalog og meldte meg på eit deltidsstudium. Eit par dagar etterpå dundra tunge lærebøker ned i postkassen. "Fint" tenkte eg "her er mykje godt arbeid!"
Umiddelbart begynte telefonen å ringe og tekstmeldingane rann inn. Det var hyggelege sambygdningar som ville finne på sosiale aktivitetar. "Kanskje eg ville vere med å spele fotball? Og håndball? Som ny i bygda, kjeda eg meg kanskje? Kom å bli med ut å leik, da!"
Så om det sosiale livet ditt er litt dødt, er mi røynsle at det straks vil ta seg opp idet du får vete eksamensdatoen din. Og apropos eksamen; kreativiteten din vil auke proporsjonalt med at eksamensdatoen nærmar seg. Du veit at du bør sette deg ned å lese, men brått får du så veldig lyst å vaske golvet. Det har aldri skjedd før. Du begynner plutseleg å legge merke til at det er støv på persiennene, og med ein voldsom iver hiv du deg over dette tidkrevjande prosjektet. Og i staden for å lese siste kapittel i pensum, får du heller lyst å renske sluken på badet!! Du vert altså transformert om til ei energisk husmor med blikk for detaljar, som ikkje klarer å gå forbi CD-hylla utan straks å alfabetisere samlinga. Dessutan får du så grueleg lyst å lage brun saus frå botnen av. Og dersom du jobbar ved sidan av, har du rett på ein lesedag før eksamen. Det var den dagen eg kjøpte farga ull som eg kunne tove eit sitteunderlag av..

Grepa kvinnfolk

Eg vil nok ikkje våge påstanden at dei som eig ein Grepa komfyr er dumme. Det ville vere å skyte meg sjølv i foten, sidan eg har eit gult eksemplar av sorten Grepa komfyr sjølv. Men at dei er optimistiske, DET kan eg trygt påstå!
For akkurat no, onsdag kveld kl. 2218, prøvde nokon å ringe Grepa sitt servicekontor. Og forrige søndag, klokka 0715, prøvde også nokon å ringe servicekontoret. Kaaaa...trur dei kontoret til ein liten komfyrfabrikk på sunnmøre er døgnåpent sju dagar i veka???

Kvifor eg veit dette? Jo, Grepa sitt servicekontor bytta telefonnummer for eit par år sidan. Og når eg fekk nytt telefonnummer - ja, så fekk eg Grepa sitt gamle nummer. Så på alle servicehefter som ligg ved Grepakomfyrar solgt før 2001, så står MITT telefonnummer...Litt irriterande på søndagsmorgonar, men eg prøvar å tenkje på det som eit sosialantropologisk prosjekt, og så langt er konklusjonen "Eit kjenneteikn ved dei som velgjer ein Grepa komfyr, er at dei er svært optimistiske." Eg vil i dette fora halde Dykk oppdatert på eventuelle andre djupe avsløringar omkring kjøpargruppa til Grepa.

Homofile & barn

Til alle som ligg søvnlause i frykt for at verden vert så ravgalen at til og med homofile kan få lov å adoptere ungar: Slapp av! Det kjem ikkje til å skje så lenge du lever.

For sjølv om norske myndigheter skulle få eit innfall av generøsitet og gje homofile rett til å verte vurdert som adoptivforeldre, er det få adoptivland som tillet homofile foreldre. Sidan eg sjølv er lesbisk, ville eg likevel satt veldig stor pris på om denne lovendringen kom, slik at eg dermed kunne verte frigjort frå å vere ein såkalla "uegna omsorgsperson". Det plagar meg. Men begrepet er interessant. "Manglande omsorgsevne". Ein ganske hard påstand, som rammar homofile og barn under 16 år. Altså; for å vere egna til å ta seg av eit barn, må du vere over 16 år og heterofil.

Eg trur homofile og barn-diskusjonen er hetero-samfunnets store dekkoperasjon. For viss me for alvor skal byrje å diskutere omsorgsevne, så trur eg det vil få alvorlige konsekvensar for folketalet her i landet. Kvifor er det til dømes ingen som set spørsmålteikn ved om kriminelle er egna som foreldre? Alle som har plettar større enn parkeringsbøter på rullebladet sitt, burde jo verte kastrerte på augneblinken! Deira haldningar og livsførsel kan ikkje vere til barnas beste. Eller kva med nazistar? Det fins register over desse, så det ville jo vere ein enkel sak å forby dei seksuell samkvem uten prevansjon. Eller toppidrettsutøvarar, popstjerner og politikarar på høgare plan, som årleg har over 25 reisedøgn. Er ikkje nærhet og tilstedeværing viktige faktorar i vurderingen av omsorgsevna? Og dersom seksuell praksis er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ikkje - kvifor slepp da sadomasochistar fri? Når dei skal vere snille med kvarandre, så slår dei jo! Men sjølvsagt slep dei fri, fordi seksuell praksis IKKJE er avgjerande for om ein er gode foreldre eller ei.

Det er ingen menneskerett å ha barn. Og det ville gleda meg stort om me kunne begynne å ta hensyn til barnas beste. 40 000 barn vert mobba minst ein gang i veka på skulen. Det er ikkje fordi dei har homofile foreldre. Dersom eg eingang vert mor - og vert ei dårleg mor - så er det ikkje fordi eg elskar ei kvinne i staden for ein mann. Tvert imot. Det betyr at eg har teke kjenslene mine på alvor og kvar dag må eg ta konsekvensen av det. Å vere open homofil kjennes ofte som å vere eit eksotisk dyr i ein dyrepark. "Har du høyrt? Ho der er sånn...sånn lesbisk". Sanninga er at dei fleste av oss er langt mindre eksotiske enn alle andre. Me står opp tidleg om morgonen for å gjere ein god jobb for arbeidsgjevaren vår, me prøver å vere ei god dotter for foreldra våre, me vil vere gode vennar og naboar, lovlydige samfunnsborgarar og me betalar skatt for å finansiere barnehage og kontantstøtte til heldige foreldre. Av og til kjennes det urettferdig at samfunnet velsignar eit barn som er unnfanga i fylla på eit gatehjørne ein mørk haustkveld - mens eit stabilt og velfungerande homofilt par med solid økonomi og eit godt støtteapparat rundt seg, vert frateken muligheita til å gjere livet betre for eit gatebarn frå Guatemala.

Å seie nei

Har du merka at den enklaste ting i verda av og til kan virke uoverkommeleg vanskeleg?
Tanken slo meg når ein kjærast frå svunne tider ringte for å spørre om eg ville vere med ut. Kvar minste fiber i kroppen hylte unisont NEI - men det vart komplett umulig å få munnen til å uttale dette enkle ordet. Eg har klart det før - så det er ikkje bokstavkombinasjonen som er spesielt vanskeleg. Ordet Nei har eg faktisk hatt ganske lett for å uttale - mor mi vil hevde eg var spesielt god på dette i barndom og oppvekst. Så eg mistenkjer ikkje dette for å vere ein logopedisk utfordring - det må nok heller karakteriserast som eit svært forbigåande problem. Umiddelbart etter at eg hadde lagt på, klarte eg nemleg å rope "Nei, nei, nei - du e så duuuuuum!".

Men det er ikkje første gang eg har stifta bekjentskap med dette fenomenet. Det intrikate reknestykke eg var ute for på jobb i dag synast å vere i kategorien "Verdas største mysterium" - men ein kvalmt klok kollega løyste det likevel på under fire sekund. Også har me den vakre, vakre tanteungen min da - som eg er overbevisst om er den smartaste 3-åringen på jord (mest fordi ho seier "Tante er kul") - likevel er ho ikkje eingang inne på tankn å gå på do når ho må bæsje. I min logikk er det einaste alternativet å gå på do i ein slik situasjon! Berre tanken på å bæsje i ei formtrang bleie, gå rundt å nekte for at hendinga har funne stad, innsjå at lukta er pinleg avslørande og finne meg i at mor mi vaskar meg - er FULLSTENIDIG utelukka som alternativ overhode!!