Faktisk eit kjøkkentips! Kven skulle trudd det..

I dag er det kryss i taket, ti knivar i hjertet og sverging over det døde marsvinet i hagen: Eg har hatt ein god dag på kjøkkenet!

Det har seg sånn at kjæresten min har gått Jotunheimen trill rundt, og eg såg behovet for å gje ho solid føde, etter ei veke på kost eg ikkje unner min verste (synnøve) fiende(n).
Så eg tenkte å bake muffins! Intet mindre! Men eg tenkte også å kombinere bakingen med ein episode Prison Break. Eg trivast best når eg kan gjere minst to ting samstundes, nemlig. Og Prison Break er ikkje forenelig med miksing av eggedosis. Så miksaren tapte og rauk ned på vaskerommet.

Stilt og fredelig vart det. Og eg gløymte no heile eggedosisen.

Men det er AKKURAT sånn god produktutvikling skjer! For det skulle syne seg at miksing av eggedosis i ein drøy time gir heilt fantastisk gode muffinsa! Særdeles luftige! Ei oppleving til å verte religiøs av. Prøv! Eg leiger gjerne ut Prison Break sesong 1 og 2 til dei som ønsker ein faaabelaktig bake-dag ;-)

3 kommentarer:

  1. Fantastisk!! Spørs om ikke dette må prøves gitt!

    SvarSlett
  2. Eg ler og ler! Produktutvikling på høgt plan :) Eg er no blitt ein av fylgjarane til bloggen din, eg har også fylt med ei stund, utan å legge att spor. Du skriv utruleg godt - alltid spennande når du har eit nytt innlegg! :)

    SvarSlett
  3. Er det lang venteliste på dissa filmane dine??
    Dissa muffinsane må berre prøvast,
    no i disse baketide ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)