Dette har skjedd:

Unge Gangsøy har hatt ein blogg-pause, og i mellomtida har ho gått glipp av fantastiske emner å undre seg skriftlig over:

- Noreg vann Grand Prix overlegent. Sjølvsagt. For med finanskrise i heile Europa, var det i år om å gjere å ikkje vinne. Så mens Azerbaijan og Island pustar letta ut for at dei slapp å gå konkurs på neste års freakshow, så diskuterar me heftig kor neste års fest skal vere. Mitt personlige forslag er Tall Ship Race-byen Måløy.

- Hans Reite er sjokkert over at mennesker har sex med kvarandre utanfor ekteskapet. Og han syns det er ei oppfordring til hor når Røde Kors deler ut kondomar. Han vil heller dele ut det Nye Testamentet. Og personleg har det Nye Testamentet ein uttørkande effekt på meg, så det er mulig det er eit velegna prevansjonsmiddel?

-Det har pågått ein nasjonal debatt i nyhetssendingane omkring Sylvi Brustad sin utsjånad og Lars Sponheim sin tissefant. Det har rett og slett vert frykteleg interessant! Eg vonar ein kvar politikar voktar seg vel for å bruke metaforar heretter.

- Eg har havna på slanke-kjøret igjen. Og Noka milkshakedietten anbefalast overhode ikkje til ei einaste sjel.

- Tjukkedeisa goes amazing startar opp att i morgo.

2 kommentarer:

  1. Godt du er tilbake!
    Du har jo som du sier gått glipp av noen store overskrifter å skrive om...Jeg lurer bare på om jeg er den eneste i hele Norge som synes Alexander Rubak er rar...??Jeg banner nok i grand-prix-kirka, men det får så være...

    SvarSlett
  2. hei! kom over bloggen din tilfeldig, og har lese meg gjennom alle innlegga. Tidvis har eg flira så eg rista,og har venta spent på fortsettelsen...! er glad du er tilbake som skribent:) lykke til med ny "slankekrig" :)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)