Ope brev til lensmannen

På vegne av onkelen min, som på ei veke har fått 10 000 kr i fartsbot frå deg, skal eg helse å sei: Forbaska tulling! Har du ikkje anna å gjere på, enn å stå på ei brei og lang strekke, å knipe nedi (penge)pungen til dei som ikkje har tid til å ligge i 80 å dille?? Kan du ikkje konsentrere deg om fyllekjøyring, øgli forbikjøyringar, dårlige bilar med sota vindu og wunderbaum?? Eller voldtekter, ran og drap??

Eg kjenner forargelsen som om det skulle vere min eigen! Det var forresten min eigen for nokon år sidan også. Eg kjøyrte for fort, og der sto du. Heldigvis var bestemor med, og som ein prosjektil var ho ute av bilen og ga deg ei lekse: "Ka du står her å lure etter?? No har me nett vert på kaffislabberas til ho Kjellaug, hatt det sååå koselig, lefser og gomme! Og ho Camilla har kjøyrt veldig fint heile vegen!"
Men nei; ingen respekt for gamle, livserfarne folk! Så du ga meg 2000 kr i bot, din tyl. Og snille pappaen min sa: "Camilla, du tek lærepengen, og eg tek giroen!" Eg vart jo fryktelig glad, men i etterpåklokskapens lys burde eg betalt den giroen sjølv...har blitt minna på den eit par gangar, kan du sei ;-) Men la gå!

Mellom oss to onkel; Fokuser på alle pengane du har spart opp gjennom tida. Me kjøyrer jo tross alt for fort nesten heile tida. Me er bygd for fart! Eg kom meg billig unna fadesa med å fylle bensin på dieselbilen også. Mens bilen sto på verkstad, googla eg på meg magesår i kva sånne blundera kan koste. VG knakk meg med monsteroverskrifta: "Det kostar deg 70 000 kr å fylle feil drivstoff!" Når eg da måtte ut med berre 3 000 kr, tenker eg: "Wow! 67 000 kr spart! No blir det shopping!" Livet blir sånn du ser det!

7 kommentarer:

  1. Haha. flira så eg grine her! Fantastisk bra skrive :)

    SvarSlett
  2. Det var som eg skulle ha sagt det med eigne ord, bortsett fra at eg aldri klarer å bli så velformulert som du. Forresten ka e prikker for noe, e det noke å samle på?

    Hilsen offeret

    SvarSlett
  3. Kjære offer!
    Prikkar er definitivt ingenting å samle på. Komma og utropstegn, derimot; saml i veg! ;-)

    SvarSlett
  4. Hehe
    Slik skal det vere Camilla - snu det til det positive. Tørr ikkje tenkje på kor slakk lommeboka ha vore om dei lurte bak kva einaste busk....
    Klem

    SvarSlett
  5. Det bunadskjorte innlegget lengre ned her...priceless! Mulig jeg adopterer det på bloggen min i disse 17mai tider! Det var lesing flere kan identifisere seg med!

    SvarSlett
  6. Adopter i veg, Kari! Alt mitt er ditt ;-)

    SvarSlett
  7. Hahahahahaha, ser for meg bestemor. Fantastisk!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)