Sykkel-dama

Lean-følgjetongen må leggast ned. Monica sa det var drit kjedelig å lese om. Riktignok var ho litt full når ho sa det, men det er desto større grunn til å tru ho snakka sant. Og eg er enig; det blir too much.

Men kva skriv ein om i desse tider? Kor finn ein livsgnist til å skrive om noko som helst, når ein komplett kronidiot av ein vranglært, feil-innstilt mørkemann, har utnemnt seg sjølv til tidenes dummaste ridder-tosk, i eit heilt vannvittig idiotisk forsøk på å starte ein forbanna usansynlig krig? Kva i alle dagar kan ein skrive om, etter noko sånt?

Eg velger å skrive om sykkel-dama. Ho som eg treff kvar dag, både til og fra jobb. På sin staselige dame-sykkel, er ho rak i ryggen og like blid i alt slags vær. Med hjelm og stadig nye, fargerike klær. Og ho sykler altså rundt, kvar morgon og ettermiddag, å smiler! Til tross for at regnet sprutar ned, så smiler ho. Ikkje berre til meg; ho smiler til alle. Til heile verda. På den enklaste måten av dei alle, gir ho raust av seg sjølv til alle, i form av eit smil. 
Og eg må smile for meg sjølv eg også, enda kor trøtt eg er, der ho er blitt eit fast innslag i kvardagen min. For eit fint menneske, tenker eg. Ho er heilt sikkert ei sympatisk, omsorgsfull, snill sol av eit menneske!

Og ein morgon..på impuls, uten å tenke meg om..løfter eg handa og helser til ho. Det falt meg plutselig heilt naturlig, i eit fattig, morgontrøtt forsøk på å gje ho noko tilbake. I eit forsøk på ein liten gest, som kunne vise ho at hennar daglige smil til alle, blir sett.

Og det morsomme var...at ho vinka tilbake!

Så no helser me altså på kvarandre, kvar morgon og ettermiddag.
Me er fullstendig ukjente for kvarandre - men på ein underfundig fin måte, kan me likevel glede kvarandre. Da får eg tilbake trua på at verden er varm og god.  

6 kommentarer:

  1. Så lite som skal til for å glede andre - og eg blir glad når du igjenn skriv om noko som eg orkar å lese.
    (Syns lean er spennande, men eg er så inderlig ferdig med akkurat slike ting..)

    Stor klem til deg Camilla og i morgon må du smile og vinke frå meg og.-))

    SvarSlett
  2. Heilt enig me Janne Tove (og Monica), Lean-greiene va litt i meste laget! Veldig glad for å lese om sykkel-dama, ja ;-) Smil til verden og verden smiler tilbake!
    Gler mej allereie til neste Lean-frie blogg-innlegg!

    SvarSlett
  3. Herli! Du e "tilbake"!
    Herli å lese om smilande folk. Det e slike me trenge no...

    SvarSlett
  4. Hahaha! Og først NO merkar eg at alle har lidd seg gjennom boooring lean-innlegg. OK! Aldri meir lean i bloggen ;-)

    SvarSlett
  5. Ej e fooole glade i LEAN Camilla...!!:-)..skulle forr ønske vi og kunne vinke å smile til deg kvar morgon...;) KLEM!

    SvarSlett
  6. Ditta va godt å lese, herlig! Her på Dovreskogen er det litt slik også, her har folk helsa på meg og smilt til meg sidan eg flytte hit, sjølv om dei ikkje visste kven eg var; det er triveleg, jammen e det det :)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)