Eksamenstid

Kjenner du deg tiltakslaus? Lite kreativ? Kanskje du kjedar deg? Manglar initiativ til å gjere husarbeid? Bli student! Gjerne deltidsstudent, ved sidan av jobb. Då eg flytta til Ørsta, kjende eg ingen som budde her frå før. Så eg tenkte at kveldane sikkert kom til å verte lange. Og sidan eg tilhøyrer dagens kvinner som forventar effektivitet, tenkte eg at no var tida inne til litt kompetanseheving. Høyres fint ut. Eg hadde jo strengt tatt ikkje så mykje anna å finne på. Så eg pløyde gjennom NKI sin studiekatalog og meldte meg på eit deltidsstudium. Eit par dagar etterpå dundra tunge lærebøker ned i postkassen. "Fint" tenkte eg "her er mykje godt arbeid!"
Umiddelbart begynte telefonen å ringe og tekstmeldingane rann inn. Det var hyggelege sambygdningar som ville finne på sosiale aktivitetar. "Kanskje eg ville vere med å spele fotball? Og håndball? Som ny i bygda, kjeda eg meg kanskje? Kom å bli med ut å leik, da!"
Så om det sosiale livet ditt er litt dødt, er mi røynsle at det straks vil ta seg opp idet du får vete eksamensdatoen din. Og apropos eksamen; kreativiteten din vil auke proporsjonalt med at eksamensdatoen nærmar seg. Du veit at du bør sette deg ned å lese, men brått får du så veldig lyst å vaske golvet. Det har aldri skjedd før. Du begynner plutseleg å legge merke til at det er støv på persiennene, og med ein voldsom iver hiv du deg over dette tidkrevjande prosjektet. Og i staden for å lese siste kapittel i pensum, får du heller lyst å renske sluken på badet!! Du vert altså transformert om til ei energisk husmor med blikk for detaljar, som ikkje klarer å gå forbi CD-hylla utan straks å alfabetisere samlinga. Dessutan får du så grueleg lyst å lage brun saus frå botnen av. Og dersom du jobbar ved sidan av, har du rett på ein lesedag før eksamen. Det var den dagen eg kjøpte farga ull som eg kunne tove eit sitteunderlag av..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)