Hårre Reite ded!

I Ørsta går det fritt rundt ein kar som heiter Hans Reite, og han er altså sjølvoppnemnt pastor for ei menigheit som kallar seg "Nytt Livs Senter". Ved sidan av er han hovudbidragsytar til lokal-avisa vår sin lesarinnlegg-spalte. Der sprer han sin evige jamring om jordas undergong ut til sambygdingane mine, og har som hovudinteresse å fordømme medmenneskene sine. Særskilt går det hardt utover dei homofile, som vanlegvis får skulda for at samfunnet vårt er i ferd med å råtne på rot. Ettersom eg har vert i Danmark dei siste ni månadane, har eg ikkje fått høve til å svare på tiltale. Derimot har den glimrande skribenten Kjetil Aarseth vert flittig til å sende gallen i retur. Det er desverre ein Urias jobb, så eg håpar eg kan bidra litt meir når eg no snart kjem heim. For som eg har fortalt han før:

GLEDA VED HOMOFILI

Den sterke vil på den svake hakke,
og lagar gjerne ein ekstra motbakke.
Han tek sine ord direkte ifrå Gud,
og gjev homofile gåsehud!

Eg les i avisa at eg ikkje er rett,
vert dømt av ein kar eg aldri har sett!
Eg belastar min familie og må snarast snu.
på andre sida ventar skrekk og gru!

Eg bør vel med skam i augo sjå mot jord,
under overmaktas høgmoralske ord.
Men mor mi seier eg er ein dyrbar skatt,
så eg bryr meg lite om ein homofilidebatt!

For med gudsordet framom og bjørkeriset bak,
får ein sjeldan framgang i si sak.
La trua heller gje tryggleik og styrke,
å dømme andre må vere eit strevsamt yrke.

Men gjev det deg glede,
tek eg gjerne imot all innestengt vrede.
Eg lev livet slik eg meinar er rett,
på sanninga har ingen opphavsrett.

Eg tenkjer: "Det skal bra godt brenne og svi,
for å oppheve gleda ved homofili!"
Eg brenner gjerne i svovel og eld,
for kvinnekyss ein lukkeleg kveld!

Men ei trøyst kan eg gje til Reite & co,
på dommens dag må ein svare for eige blod.
Du vert ikkje straffa for min homofili,
så difor kan du la det gå deg forbi.

La pennen få kvile og gå til ro,
det er ikkje meir å skrive om no.
La oss tru på Livet, Gud eller Titten Tei,
ingen veit kven som hist ved floden seier hei!

1 kommentar:

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)