Spinning

Eg går på spinning i Volda. Og alle som har prøvd spinning, veit at det er knallhardt. Men den universelle regelen gjeld også her; Trening gjer mester. Og etter berre eit par gangar, merkar eg klar framgang. Mykje av denne framgangen skuldast at eg har skjønt viktige prinsipp angåande plassering i spinningsalen. Aldri fremst. Aldri. Eg trur kanskje den tvangstanken heng igjen frå barneskulen. Ein får frøken-elev-fornemminga veldig fort på spinning. Ein vil på ein måte ikkje skuffe instruktøren. Eg får dårleg samvit dersom eg til dømes lurer meg unna med å sitje å sykle, når ho står.
Men som me alle veit; dårleg kondisjon er vondare enn dårleg samvit. Difor er plasserings-logikken enkel: Om eg ikkje ser instruktøren - ser ikkje instruktøren meg. Og eg kan ta det litt rolegare. Med godt samvit. Eit anna godt tips er å unngå sykkelbukse, sykkeltrøye, sykkelsko og sykkelhanskar. Slikt utstyr forpliktar nemleg. Du kan ikkje sjå ut som Thor Hushovd når du pustar som ein kvalross etter fem minutt. Dersom du derimot finn kleskapets mest slitne joggebukse, er det meir legitimt å slakke litt ned på tempoet.
Eit anna overlevingstriks er å fake når spinning-instruktøren krever meir motstand. Spinninginstruktørar er nemleg ikkje mennesker. Dei er automatiserte tråkkemaskiner med utømmeleg energi og eit så strålande humør at det grensar til det usympatiske. "Kom igjen, folkens! Vi legg på meir motstand!" Og du smiler attende, lagar ei meir eller mindre truverdig grimase, roper ut "Ja, det gjer me!" og later som du skrur opp motstanden med ein elegant håndbevegelse. Eg prøvde ein gang å følgje instruksjonane deira. Følgje visualiseringen deira. "Folkens, no skal me opp på eit høgt fjell! Så me legg på motstand og klatrar oppover. Ser dokke toppen? Laaangt der oppe! Kom igjen!" Eg var med på tanken, men når eg ser ut vindauge at Folkestadferja legg til kai for andre gang, så misser eg på ein måte litt høgt-oppe-på-fjellet-feelingen.
Nokon vil gjerne sei at eg lurer kun meg sjølv med desse triksa. Men dei lurer ikkje meg. Motivet mitt er nødverge, og eg merkar at spinningtimane går langt lettare no. Trening gjer mester!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)