10 kr for ei handlevogn??

Eg har aldri ein tiar i bukselomma. Og konsekvensen av det, er at ein handletur for meg endar opp med å verte ei real treningsøkt. Sidan eg ikkje klarar å cashe ut ei handlevogn, endar eg opp med plastikkorga. Gjerne to, om handlelista er lang nok. Og innerst i butikken, når eg har lasta opp tre liter mjølk, merkar eg at eg nok ein gang tok ei korg med dårleg handtak. Så for å unngå mjølkesøl og ei pinleg førestilling, må eg kvalitetssikre transporten bort til kassa og endar opp med to korger under armen. I tillegg til at desse korgene er særs uegna under armen, er dette tungt og det ser utruleg teit ut. Og det er då eg tenkjer; Korleis i alle dagar oppsto behovet for at handlevognene måtte koste ti kroner? Var det verkeleg folk som stjal desse vognene? For det fyrste må det vere ganske enkelt å huke tak i desse tjuvane. Det er vel få som klarer å diskret smyge denne stålkonstruksjonen oppunder boblejakka. For det andre forstår eg ikkje kva den skal brukast til heime. Særleg praktiske er dei vel neppe, verken som skittentøyskorg eller som leikegrind for poden. Og for det tredje, om ein absolutt vil ha dette hjulmonsteret med seg heim, så er vel ikkje ti kroner ein blodpris? Ikkje eingang for ein sunnmøring...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)