Årets pepparkakehus...

Er det ikkje sånn med dei fleste av oss? At når me oppdagar personlege eigenskapar som gjerne ikkje er heilt som me skulle ønska, så skuldar me på foreldra våre? Er det ikkje eit veletablert psykologisk faktum at me ender opp med å kopiere atferds- og reaksjonsmønstra til foreldra våre?

Vel, uansett kven sin feil det er(les: mamma er perfeksjonist..), så pleier eg å oppdage eit litt uheldig personlighetstrekk i desember månad: Pepperkakehus irriterar meg! For det første likar eg ikkje pynt. Dill og dall i alle krokar øydelegg den minimalistiske linja eg føretrekk. Men dette er eit tabu i ein barnefamilie, så denne jobbar eg intenst med. For det andre ligg det i pepperkakehuset sin natur at det så og sei er umulig å få dei fine! Å konstruere dei for hand, tegne, skjære ut, steike og setje saman eit hus førekjem meg som eit utopisk prosjekt - her er det ein million fallgruver, og det krevs utdanning på høgare nivå i den noget utradisjonelle kombinasjonen snekker-konditor. Å fikle saman eit ferdigkjøpt hus er utfordring nok - og når husets kjære barn forbyr meg å bruke to-komponents-lim til å feste veggar og tak med, ja...umulig å få fint! For det tredje - pepperkakehus er ein næringsmiddelhygienisk katastrofe. Eg får vondt av å sjå små søte fingrar nappe av nedstøva non-stop og forsteina seigmannar.

Så når dagen opprann og det var klart for årets pepperkakehus-prosjekt, såg eg mitt snitt til å gjere resten av desember meir harmonisk for min del. Sidan kona var på jobb, og dermed ikkje i stand til å utøve sosial-pedagogisk kontroll i heimen, og barnet hadde eit rom med akutt behov for ein opprydding, såg eg mitt snitt til å kvalitetssikre at huset i år vart bygd med perfeksjonisme og flid, utan søl frå barnefingrar! Sjølvsagt ein heilt forbudt og forkasteleg tankegang i ein barnefamilie midt i desember - men eg fall for freistinga.

Og la meg gjere ein lang historie kort - Det vart tidenes styggaste pepperkakehus, som no er plassert midt i stua, til spott og spe, og undertegna er nødt å ta all "ære" sjølv - først for å ha snytt barnet for ein juletradisjon, dernest for å ha laga tidenes fælaste hus - heilt aleine.

Say no more.... (dobbelklikk gjerne på bildet, for ein nærmare kikk på detaljane...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)