Homlene

Den observante lesar har fått med seg at det har skjedd dramatiske endringar i dekoren på denne sida - frå ein kommunegrå bakgrunn til homler i fri dressur. Og eg ville gjerne få dedikere bakgrunnen til volleyball-laget Homlene i Stavanger. I januar 2000 gjorde dette homofile volleyball-laget eit kraftig inntrykk på mitt den gang unge og ubesudla sinn. Eg flytta til Stavanger i januar 2000 for å finne ut om eg virkelig var homo eller ikkje. Tidspunktet var ikkje tilfeldig valgt, ettersom det lengje hadde versert rykter om at jorda skulle gå under i 2000. Eg tenkte det var ein vinn-vinn situasjon for eit slikt prosjekt. Så eg troppa opp på første trening, og mitt største kultursjokk var eit faktum. Mi røynsle med volleyball var frå ungdomsskulen, der gutane sto fremst og smasha ballen knallhardt, mens jentene sto bakerst på linja og måtte gå eit steg fram for å få underhands-serven over.

Her var det heilt omvendt. Mot meg kom det første homofile menneske eg nokon gong hadde sett i levande live, svakstrøms-eletrikar Hjørdis. Og resten av frontrekka besto av velfødde og stramme lesbe-smash`arar, som til og med den mest garva gymsal-parketten hadde grunn til å frykte. Bakerst sto gutane å øvde på ballett-piruettar. Eg vart heilt satt ut. Det føltes som verden var opp-ned, og ein gymsal med kun homofile mennesker var noget spesielt for ei lita jente frå ei grisgrendt vestlandsbygd.

Dagens moral?
- unge og ubesudla sinn har godt av å bytte miljø
- verda går ikkje under om du finn ut du er homo
- vedkommande som kom på at verda kom til å gå ad dundas i 2000, MÅ vere tidenes største DramaQueen!
- det er alltid sunt å gje ein tradisjonell øvelse (t.d volleyball) eit nytt innhald (t.d ballett)
- stereotyp tankegang, som t.d at lesber er butche og ofte svakstrøms-eletrikarar, er heilt sann.
- å plutselig ha berre homoar rundt seg er det samme som å plutselig berre ha heteroar rundt seg - berre at det siste er mest vanlig.
- det er ofte litt bedre plass, både fysisk & psykisk, i ein by enn på Vestlandet. Må det virkelig vere sånn?
- Homler er fine dyr.

6 kommentarer:

  1. Å så bra at du oppklara dette med homlene Camilla:-) At ej ikkje tenkte på det før:-) Fortsatt god ferie.
    Janne Tove

    SvarSlett
  2. Haha,homlene va fine Camilla!
    Du fe nyte siste dagane av ferien(la me sunkost)
    tenkte berre ej skulle "gni" inn at det snart e Mandag....:-))
    Blir kjekt å få dej tebake på jobb:)

    K.Bj

    SvarSlett
  3. Takk, Kristin - nyte dei siste dagane!
    Skal helse deg frå OxyTarm, MethodDrain Detox & 30 days ;-)

    SvarSlett
  4. HaHa-ja,OxyTarm,Detox å 30 days..viss en bruka ALT på ein gong,må det vel bli fart i sakene..?Du fe ta med ein neve på jobb i morga!Ette ei helg på Alex,kunne ej trenge både ein og to neva..:)
    Men..ei god veninne sa ein gong:"ej syns kroppen ska forfalle naturleg"..:) Ej e på god veg!!

    SvarSlett
  5. Neida, du held deg STRÅLANDE Kristin! :-)

    SvarSlett
  6. Hihi:) Dinna sluke ej rått!
    K.Bj

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)