Slanka vekk 13 år...

Eg trur eg er kald nok til å snakke ut om helgas hendingar no.

Eg var på Klypa i helga - på Rust, eit litt tvilsomt etablissement i Ørsta sentrum sin utkant. Eg var i godt humør og i godt lag, og lystig leda eg forsamlingen an til inngangsdøra. Men så vart eg stoppa og følgjande absurde dialog utspant seg.

"Har du leg?"
"Unnskyld?"
"Eg vil sjå leg. 18 års grense her i kveld!"

Undertegna fiklar i lomma, men veit det er forgjeves. Det er 5 år sidan eg slutta å ta med meg legitimasjon når eg skal ut. Alt eg finn er taxi-kvitteringen og eit VISA utan bilde.

"Beklagar, men eg har ikkje leg med meg. Men eg er tredve år, har ein giftering på fingeren, er sjef for kvitosten du et til frukost og som du ser så ankjem eg ilag med desse tre, som tilsammen er 121 år og har 4 ungar!"

Godt akkompagnert av brølande latter av dei tre på 121 år, måler dørvakten meg nøye, brusar litt med fjæra - og bestemmer seg for å vere generøs. Så med eit lite nikk, får eg passere.

Eg går rett i baren og bestiller noko smertestillande. Finn eit bord og prøver å finne tilbake til den gode stemninga. Men så ser eg dei. På bordet foran meg. To gutar, med kvar sitt glas med isbitar. Berre isbitar. Dei tek ein isbit i munnen, flirer litt og spyttar han oppigjen i glaset. DEI kom inn? To isbit-spyttande snørrungar med brylkrem og tresko glei rett inn hit utan å vise leg??

Det fins berre ein konklusjon på dette: Slankekuren er avblåst. No har eg pinade slanka meg så gale at eg ser ut som ein 17 åring!

11 kommentarer:

  1. Hårre bræl!
    Måtte du verkeleg trøble så mykje for å få kome inn på Rust?
    Trudde ikkje det var mogleg! Kva med alle 15-16 åringane som vankar der?

    SvarSlett
  2. Blogginnlegga dine er fantastiske!

    SvarSlett
  3. Det er altfor lenge siden jeg ramlet innom en blogg, der jeg ble sittende å lese og le! Det har jeg nå akkurat gjort! Hit inn vil jeg gjerne inn og smile flere ganger, så jeg linker deg hvis jeg får lov! (at Klypa pryder nederst på bloggen din gjør deg til min manns beste venn...han ler seg ihjel av Kjelle`n)

    SvarSlett
  4. Haha den vakje verst Camilla. Men du....eg sjønar ikkje at du kunne verte sur for at dei spurde om leg??? Eg hadde nok gløymt heile Klypa og dansa resten av kvelden i ør lykkerus...


    ...men så er no eg litt eldre og då....kanskje det har noko med saka å gjere.

    Klems Janne Tove

    SvarSlett
  5. Kari: Selfølgelig kan du linke - berre kjekt. Og hels mannen din - Kjellen er kanonmorsom :-)

    Janne Tove: Hehe, ja det er ein hårfin balanse mellom når det er ein fornærmelse å vise leg og når det er eit kompliment ;-)

    SvarSlett
  6. Hahahaa.. Eg spurte faktisk ein godt voksen mann om leg ein gang sjøl eg.. (riktignok i 20årsdøra, men...) men ga meg fort når han såg paff på meg og uttrykte med smerte.. "Eh..eg e 32 år.." Hehe, diskuterte ikkje på den. DU får ta d som eit kompliment! ;)

    SvarSlett
  7. Nå lo eg opp i høgt...og sit her aldeles aleine:) Artig skrevet
    Gratulerer med overstått bryllup også :)
    HA en fin sommar vidare

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)