Også brudebuketten krev planlegging

Hæ?

Kjenner du igjen den smygande, litt usikre følelsen du får når du har gjort ei oppgave som du syns var ganske enkel, men som du ser sidemannen held på med enda? "Hmm..kan eg ha gløymt noko? Har noko gått meg hus forbi her?"

Akkurat den følelsen fekk eg når eg las laurdagens utgåve av Møre-Nytt, og fann ein artikkel med samme overskrift som eg har brukt. To damer påstår nemleg at ein brudebukett krev nøye planlegging. Brudebuketten skal harmonere med brudekjolen og bruda sin personlegdom. Difor anbefalar ho eit samarbeid mellom ein blomsterdekoratør, ein fargekonsulent, ein hudterapeut, ein make-up artist og ein såkalla visagist...ein skjønnsminke-kunnar.

Og eg gjentek: Hæ?

Er det ikkje så enkelt: Du finn ho du vil ha, du seier ja, ho seier ja, familien får middag, du prøver å lage baby, alle kjem seg i seng, ny dag.
Treng du blande ein hudterapeut inn i dette? Eller ein visagist...eg trudde eg hadde valgt ein sær utdanning, men skjønnsminkekunne??
Og må brudebuketten virkelig gjenspegle personlegheita for at han skal virke?

I så tilfelle tar eg ein bukett løvetann til 26. juni. Eg vil gjerne vere ein blomst som ikkje let seg knekke ;-)

3 kommentarer:

  1. ha ha ha, er ein nøydd å bruke pengar på å bli skjønn-sminka til eit bryllaup??? Den ein giftar seg med har vel i aller høgste grad sett den bedre halvdel usminka.
    Og brudebuketten - skal den gjenspegle personlegdomen til bruda, det gjorde ikkje min bukett (kanskje vanskeleg sidan eg egentlig har ein splitta personlegdom... he he)

    Men såg du forressten bilete i denne annonsa som du referer til? Det var vel ikkje akkurat noka ung, vakker og uskyldsrein brud. såg meir ut som ei muslims middelaldrande dame som sat på sengekanten på ei sjukehusseng...

    SvarSlett
  2. Hehehe, ja ho skulle nok valgt ein kaktus-brudebukett ;)

    SvarSlett
  3. Ein velger jo den buketten ein synst passar til seg. Kanskje favoritt blomar for dei som har det.
    For min del når eg gifta meg 26. juni for snart fem år sidan so valgte eg noko som eg synst ligna på noko eg hadde sett i eit eller anna blad for mange år tilbake. Når eg faktisk planla å gifte meg med ein heilt annan mann en han som eg ente opp med.
    Brudebuketten er viktig. Men det viktigaste personane som giftar seg denne dagen. Det er dei folk vil minnast. Ikkje kva slags kvastar ein har i hendene:)
    Lykke til...

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)