Så er det på`an igjen..

Eg som trudde verden omsider hadde klart å gå vidare.
Eg som trudde avisene omsider skulle handle om viktige saker att.

Men akkurat idet eg trudde at våpenkvilen mellom narsissistane Ari Behn og Carl Erik Grimstad var over for godt, så ser eg Carl Erik lyse mot meg med eit sverd på framsida av Magasinet. Og eg forstår det er på`an igjen. Både Carl Erik og Ari syns nok at det har vert ufortjent stort fokus på skudd-dramaet i Tyskland og leir-raset i Namsos den siste tida. I ein SMS til "Eg trur på eit liv før døden" seier Ari Behn at han er glad for å på ny bli utropt til midtpunktet i universet (mest truleg av Leah Isadora Behn).

Eg kondolerar med resten av Narsissist-Norge: Sorry, i dei neste par vekene vert det lite fokus på dere.

3 kommentarer:

  1. Heldige er vi om vi får høre Ari zzzzuge på zzzzene...:-)

    SvarSlett
  2. Eg kjem til at eg ikkje har lagt att kommentarar etter meg på bloggen din før, endå eg har vore innom x-antal gongar. Har liksom aldri funne dei rette superlativa når det gjeld å skildre kor godt eg likar bloggen din! Finn dei ikkje no heller, men du har verkeleg ein blogg utanom det vanlege:) Alltid kjekt å lese det du har skrive! :)
    Eg har ei utmerking til deg på bloggen min, "Din blogg er fantastisk!" -det er den!
    Ynskjer deg ein fin dag!

    SvarSlett
  3. Jøss..det var veldig hyggelig å høyre. Og det var raust av deg å gje ein slik tilbakemelding. Takk! Ha ein fin dag du også!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)