Verda er så vanvittig brutal!

Du kan gjere absolutt alt riktig heilt frå begynnelsen av. Sove fint kvar natt, vere ein engel i trassalderen, lære å svømme, skrive og synge reint i 1. klasse, vere ei ærleg og åpen bok til foreldra dine, du kan verte glad i deg sjølv, vere ærekjær, sjølvstendig, ansvarsfull, pliktoppfyllande, raus, ha integritet, du kan betale skatt med glede og gjere frivillig arbeid på fritida, du kan bli ein livsnytar med evne til å virkelig kose deg i ditt eige selskap utan anna enn ein kaffikopp, du kan elske eit anna menneske i ein sånn grad at du ønskjer henne alt vel..alt.., du kan skape eit nytt liv og kjenne på den sårbare, djupe gleda over å få vere med på å gje eit nytt menneske dei aller beste vilkår for å klare det samme som du har klart.

Du kan gjere absolutt alt riktig heilt frå begynnelsen av. Men likevel kan heile verda bli snudd opp ned på eit sekund. Alt kan forsvinne, rakne, gli ifrå deg, dø. Det fins ingen rettferdighet i det. Det noblaste menneske i verda kan verte premiert med all mulig ulukke og elendighet. Ikkje rettferdig overhode. Verda er genialt oppbygd, kroppen er verdas mest avanserte system, livet kan vere heilt fabelaktig - men også ubeskrivelig brutalt, umenneskelig rått, sorga kan vere heilt utan botn. Likevel buldrar berre livet vidare, utan sosial intelligens til å stoppe opp. Heilt usympatisk fortsetter alt som før. Folk kan verte fødde eller døy; livet ensar det ikkje.


Ein ung gut - ein son, ein kjærast, ein pappa, ein onkel, ein svigerson, ein kompis, ein sambygding døde på søndag. Og det er uforståelig at livet kan gå vidare. Sjølv for meg, som ikkje kjente guten. Trur aldri eg har sett han. Kor djup kan sorga bli da, når sjølv eg syns det er usmakelig at avisene skriv om noko anna, syns det er upassande at nokon snakkar om noko anna, syns det er uhøflig at eg innimellom er nødt å tenkje på noko anna. Det er rett og slett vanvittig brutalt at livet i det heile tatt kan gå vidare. Men ironisk nok er det også det einaste som lindrar - at livet faktisk går vidare, at det etterkvart faktisk vert mulig å leve vidare.

Om det kan vere ei trøst, så står bygda makteslause i ring rundt dei som saknar guten sin no, og me går ikkje vekk sjølv om avisene skriv om noko anna, folket snakkar om noko anna og me innimellom må tenkje på noko anna. Me er ofte ute av stand eller posisjon til å bidra med noko konkret, noko fysisk, men me står i ringen likevel. Me er her alle sammen, guten også. Sydd i samme bilde, berre gjøymt. Ingenting vert borte eller gløymt. Berre gjøymt.

14 kommentarer:

  1. Nå gråter jeg nesten...dette var veldig sterkt, og veldig sant. Akkurat sånn føles det...hvorfor går resten av verden videre??Hallo, stopp, ser dere ikke at vi fremdeles sørger??
    "stop all the clocks, cut off the telephone.
    Prevent the dog from barking with a bone.
    silence the pianos, and with muffled the drum.
    Bring out the coffin, let the mourners come..."
    W.H.Auden

    SvarSlett
  2. Eit rett og slett fantastisk innlegg, trur vi er mange som føler det akkurat slik!!! Tenkte sjølv..: kor i alle dagar kan dei ha andre nyheiter øverst?? Og korleis kan folk snakke om andre ting?? Men som du seier, livet går vidare, og det er det som gjer at vi kan greie å overleve....tida går og livet går vidare, men ting blir ikkje glømt, berre diffuse å gøymde.....

    SvarSlett
  3. Må berre berømme deg for å klare å sette veldig gode ord på det sikkert mange tenker no!

    Og eg håper dei som sit att kan kjenne styrke i alle dei tankane dei får i si retning i desse dagar.

    Ufattelig, meiningslaust, grusomt, urettferdig... ord blir fattige... Men likevel trur eg både ord og tankar varmar godt for dei no...

    SvarSlett
  4. Tusen takk for gode ord,Camilla!
    Det varmar soo godt,ska du vite!

    Varme klem til dej!

    Kristin

    SvarSlett
  5. Camilla du er spesiell;-)Eit godt bidrag.

    Klem Janne Tove

    SvarSlett
  6. godt å sjå at nån klare å sett ord på d aill tenke! veldi fint innlegg :)

    Hege

    SvarSlett
  7. Må berre få sagt at du skriv utruleg godt!

    SvarSlett
  8. Eit fantastisk flott og godt skrive innlegg. Trur du har talt for alle her i bygda med desse orda.
    Ein kan undre seg ove meininga når ikkje noko stoppar opp når ein dyrebar skatt blir riven bort frå dei som har han så inderleg kjær. Gjev meg ei påminning om kor viktig det er å ta vare på kvarandre.
    Godt at du greier å sette ord på noko som er så endelaust trist på ein slik god og verdig måte.
    Sjølv kjenner eg heller ikkje den omkomne, og kan heller ikkje ane kor brutalt dette må kjennast, når eg som du har følt på ei tomheit og fortviling denne siste veka.
    Trygt er det å vite at vi har ei bygd som også kan stå saman når det røyner på.

    Ønskjer deg og dine ei god helg!

    Mvh
    Anne Grethe

    SvarSlett
  9. Føle du setje ord på mine tankar dei siste dagane! Du e duktige Camilla :-) tmb

    SvarSlett
  10. Det er godt å sjå at eg treff ein streng, men det er fabelaktig å sjå all responsen som kjem dei pårørande til gode - Anne Grethe har rett i at det er trygt å sjå at bygda kan stå saman når det røyner på. Og det er godt at bloggar og fjesbøker kan gjere terskelen liten for å seie ifrå at me tenkjer på dykk alle. Håpar det fins kraft i det.

    SvarSlett
  11. Du skriver utrolig flott! Du greier å sette ord på det jeg tror mange føler.

    SvarSlett
  12. flotte ord, fint å sjå at andre enn vi som kjende til han bryr seg.
    Det såg vi vel med oppslutninga på rødekors, men godt å få lese det og.
    Ja det er rart at ikkje verda stansar og ventar, men med så mykje felt som skjer her i verda, hadde vel tida då stått stille.
    men det hadde vore godt om nokon venta, berre litt.

    SvarSlett
  13. Nydelig skrive, det er så godt å sjå at andre bryr seg. Tusen takk! - Gunvor

    SvarSlett
  14. Livet kan ikke alltid forstås - det må bare leves. For noen blir dette livet for kort, men de som går bort blir ikke borte allikevel, de er i hodene, hjertene, tankene og drømmene til de som er igjen. Vi er mange som tenker på samboeren og det lille barnet som må fortsette uten en kjæreste og en far!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)