Dagen før dagen

Svært mange påstår at dei har drøymt om bryllaupet sitt heile livet. Og eg må innrømme eg vert imponert over eit sånt perspektiv heilt frå barnsbein av. Det vitnar om ei ekstrem evne til langtidsplanlegging og det må jo vere ei fryd/ein skrekk (stryk det som ikkje passar) å gifte seg med ein person som har tenkt på og planlagt bryllaupet sitt heilt sidan sandkassa. Eg ser for meg at vedkommande ikkje er så veldig happy for eventuelle avvik frå planen.

Eg tilhøyrer ikkje befolkningen med ekstrem evne til langtidsplanlegging. Eg er meir i gruppa for dei som tenkjer: "Jaaaa! Eg òg skal få lov til å gifte meg!"
For det er jo ingen tvil om at ein sånn handling og ein sånn dag, er ein av dei viktigaste i livet. Og når ein av partane ein sein kveld bringer temaet på bane, så er det veldig spennande å finne ut om ein er nokonlunde samstemt i plan, fasong, form og farge. Eg meiner det er mykje godt det samme korleis og korhen, for ingenting er feil så lengje dei to hovudpersonane er einige om at "Dette er sånn me vil ha det."

Heldigvis synte det seg at eg og mi tilkommande hustru var heilt på linje på dette punktet. Den eine sa det den andre tenkte, og det er godt gjort når førebuingane og bryllaupet avviker såpass mykje frå normalen. Til dømes var me enige om å feire i tre dagar. Og me skulle vere mesteparten av tida ute, det skulle vere strålande sol og varmt, og det skulle ikkje bli gitt anledning til å pynte seg. Målet var at kvar gjest i forkant av bryllaupet skulle kjøpe seg ei ny, behageleg og romslig friluftslivbukse, som vedkommande kunne ha glede av i mange år. Vidare skulle begivenheita føregå i mest mulig laidback`e omgjevnadar, og ei hytte på fjellet var det ideelle. Maten skulle me ordne sjølv, borddekorasjonane skulle me be gjestane lage og serviettane skulle brettast i ein fei. Fotografering skulle skje ein anna dag, ettersom me ikkje vil forlate gjestane for å bli tatt bilde av i 315 ulike vinklar. Dessutan skulle det ikkje vere nokon spektakulære hår-oppsettingar eller personlighets-matchande-blomsterbukettar å ta hensyn til, så det skulle vere ein smal sak og simulere bryllaupsdag og fotografering ein heilt vanleg onsdag ettermiddag. Eit par veker før bryllaupet kom det i ein bisetning eit forslag opp:
- Skulle me tatt litt sol, eller? Blitt litt brune?
- Nja..me burde vel det.
(lang tenkepause)
- Er det nødvendig å vere så brune?
- Nei.
- Droppe det da?
- Ja.

Og no er det altså dagen før dagen. Familie og venner ringer og spør om alt er i rute og under kontroll. Og me dreg kanskje litt på det, før me svarar at: "Joda, skal rekke å bli ferdig."

Det få veit er at me for to veker sidan kjøpte oss to gitarar til Guitar Hero Wii, og har i det siste vert fullstendig hekta på tv-spel...Men i morgo tenkte me å legge dei vekk og arrangere litt bryllaup ;-)

Eg kjem attende med rapport om korleis dette gjekk når eg har vorte hustru til hustrua mi ;-)

7 kommentarer:

  1. Må berre nytte høve å ynskje dokke lukke til i helga. Høyres ut som dokke vil få ei strålande helg:)

    Vi skal også i bryllaup i helga, men der er nok meir "tradisjonelle" rammer. Begge deler er nok like kjekt:)

    Kos dokke!! Gler meg til å lese "rapport":)

    SvarSlett
  2. Lykke, lykke, lykke til!!!
    vi gifta oss for 8år siden, et veldig A4 tradisjonelt bryllup...hadde vi skulle gjort det nå, hadde jeg iallefall skulle gjort det veldig utradisjonelt istedet. tror kanskje jeg tenkte for mye på familie og venner, og hva de forventet...og det er jo egentlig totalt feil. bryllupet skal være for oss og ikke alle andre. Nei, skulle vi giftet oss i dag, tror jeg vi hadde dradd til Vegas og funnet en Elvis-prest og sust avgårde i en Pink Caddilac:-)DET hadde vært noe til kaffebrød for alle sladderkjerringene i bygda...hi, hi!!

    SvarSlett
  3. Masse lykke til med feiringa!! Blir kjekt å lese rapport frå dagane:)

    SvarSlett
  4. Høres ut som en type feiring jeg kan like;)

    Lykke Til!

    SvarSlett
  5. Takk for alle lukkeønskingar :-)
    Eit Vegas-bryllaup høyres knall ut - og Annika og Kari har heilt rett i at eit bryllaup er fabelaktig kjekt i alle former.

    Ha ei god helg alle sammen - nyt sola :-)

    SvarSlett
  6. Eg ventar spent på rapport altså! :)
    Solveig

    SvarSlett
  7. Åhhh, så fantastisk med bryllaup!!!! Og dokke har heilt rett; bryllaup er det ein gjer det til, og det enkle er ofte det beste! Måten dokke feira på høyrest både romantisk og minnerik ut! GRATULERER SÅ MASSE!!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)