Rosa beige

Det fins ein første gang for alt. Det var ein gang eg aldri hadde prøvd å sitje på eit toalett. Det var ein gang eg aldri hadde hatt eit einaste banneord i min munn. Og det var faktisk ein gang ingen i heile verda hadde smakt ein kvitost. Tenk det.

Men i ein alder av 30 år, er det vel ytterst få av det kvinnelege kjønn som med handa på hjertet kan seie: "Eg har aldri sminka meg". Men eg er ein vaskekte ytterst få.

Det starta med at eg las Se & Hør. Der hadde dei ein bildeserie av kjendisar før og etter sminking. Før-bildene såg sjølvsagt ikkje ut i måneskinn, og hjå enkelte var det komplett umulig å sjå kven vedkommande var. Og eg lo godt. Men så var det nett som om eg ikkje syns det var så morsomt lengjer. For det slo meg..."Hmm..det fins jo ingen etter-bilder av meg. Heile meg fins berre i før-bilder. Riktignok kjøpte eg ein Mascara på H&M for sju år sidan, men konsistensen på den beviser at det er ytterst sjeldan den er i bruk. Eg trur ikkje nokon har komt på å ta eit etter-bildet etter at eg har sveiva den stive, størkna busta over augene..."

Og ettersom det er under tre veker til eg står som brud (!), så tenkte eg kanskje at dette var ein hastesak. Men korleis gjer eg det? Kva skal eg smørje på meg? Eg hugsar at eg var på eit parfymeri ein gang for å kjøpe ein krem som julegåve. Eg labba inn der, med den breie manne-gangen min og dongeribuksa, og vart fullstendig oversett av betjeningen. Når eg omsider fekk kontakt med ei høghæla sminkedokke, framførte eg den enkle tanken min:
-Hei. Eg skulle hatt ein krem.
- Til?
- Ehh, nei det var no ei svigerinne som ønskte seg det da.
(Sminkedokka sukkar oppgitt)
- Jeg mener til hvor på kroppen!
- Å..eh, til ansiktet!
- Dag eller natt?
- Unnskyld?
- Skal det vere dagkrem eller nattkrem?
- Brukar ein krem om natta?? Hø,hø, nei eg satsar på ein dagkrem.
- Hvilken hud da?
- Eh...nei, det er no sånn vanlig ansiktshud...
- Jeg må vite om hun har tørr, fet eller vanlig hud!
- Sidan ho treng ein krem, så er den vel litt tørr...?
- Anti-wrinkle, Q10, oppstram eller toning?
- I alle dagar...eg trur eg tek eit gavekort eg.

Så som dykk forstår, så hadde eg ikkje sjølvtillit til å gå på eit parfymeri. Eg trengte eit lavterskel-tilbud: Cubus. Og traff heldigvis den mest forståelsesfulle og elskverdige ekspeditøren, som på eit mystisk vis berre forsto kva eg trengte utan at eg måtte forklare saken spesielt nøye...Og vips sto eg der med ein såkalla foundation i handa: "Denne er veldig enkel og tørr, slik at den er lett å påføre - og den passar perfekt til hudfargen din. Berre hugs å bruk lite på kosten, og sirkelbevegelsar - aldri opp og ned som med ein malekost."
Og eg nikka og forsto. Drog kortet og takka nei til ein pose på min aller første foundation. Tenkte kanskje det kunne vere greit å vise folket på Amfi at "Nåh! Så ho sminker seg altså...?!?!"

Vel heime, måtte eg studere det vetle vidunderet som skulle gjere meg til eit etter-bildet. Men hæ? Rosa beige? Kvifor står det Rosa beige på lokket??

9 kommentarer:

  1. Hehe, kjenner til problemet. Da de andre jentene i klassa var opptatt av å lære hverandre hvordan man skulle sminkes, så klatret jeg i trær og hoppet i sølepytter.. så jeg har liksom gått glipp av hele leksjonen, og vet den dag i dag, i en alder av 25, ikke hvordan jeg skal sminke meg.

    Mene, rosa beige er kanskje å foretrekke fremfor "golden gate" som det står på den jeg har kjøpt...

    SvarSlett
  2. Nåh...såg at oransj er in for tiden...Valentino den store designguruen trur i allefall det!!! Spørs om rosa beige e hakket betre!! Du skal vel kanskje gifte deg berre ein gong i livet , så du kan no spandere på deg ein time eller to hos ho nabodama ned med mamma mia. Ho greie nok å lage eit flott etter-bilete av deg:-)
    Lykke til!!!

    SvarSlett
  3. Er ikkje lett i jungelen av produkt!! Støttar forslaget til "Gjengen framma dala" på nabokona til Mamma Mia, ho er flink!!

    Elles går reklamekampanjen sin sigersgang om dagen, har verva i alle fall ein ny lesar i dag: mamma fekk nokre utdrag opplest over ein tekopp i kveld og lo så ho grein, og konkluderte med at det finst jammen mange begava folk rundt om kring!! Ha ein flott kveld:)

    SvarSlett
  4. Hehe, så kjekke dokke er da! Velmeinande & gode råd er vanlegvis dyre, men her kjem dei som perler på ei snor! Eg skal sjekke ut nabodama til Mamma Mia i morgo den dag!

    Ellers så forstår eg at eg må til med ein vervepremie til Fru Anonym! Gave kjem i posten ;-)

    SvarSlett
  5. Fra Magne og Gunvor

    Camilla den store
    Se hva hun gjorde
    Dro til Sunnmørskysten
    For å få orden på ysten
    Men nå handler det bare om gifting
    Klær, hansker og sminking!

    Gratulerer med bryllupet!! Dette var gøy!!

    SvarSlett
  6. Hahaha, fabelaktig poesi frå øyfolket!
    Takk, takk!

    SvarSlett
  7. Ej synest du skal vere akkurat slik som du e,på den store dagen din!! Du trenge ikkje nåke rosa-bege i fjeset!
    Ta på dej smilet ditt å nyyyt dagen:)


    Klem Kristin Bj.

    SvarSlett
  8. FAN-TAS-TISK!!!Æ flire godt...og kjenner igjen den fargen...

    SvarSlett
  9. Du skriv fantastisk godt!!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)