Eit steg ut av sivilisasjonen

Eg har vert på del 1 av bryllaupsreisa vår, og valgte sjølvsagt å ta eit steg ut av siviliasasjonen for å tilbringe tid åleine med drømmedama mi, i vakre omgjevnadar og utan mobildekning. Og nett sjølve bryllaupsreisa skal forbli til privat forlystelse - men det med å ta eit steg ut av sivilisasjonen må kommenterast. Og det er mogeleg at dette gjeld kvart enkelt menneske i heile fedrelandet eller på heile den vestlege halvkule for den del, men eg skal prøve å la vere å generalisere - så eg snakkar ut frå eigen erfaring:

Eg er vant til ganske høg komfort. Så berre det å få plass til alt eg "treng" for ei veke i fjellheimen i ein sekk, var ein utfordring. Ein utfordring eg ikkje besto, i følgje ein gamal krokete mann eg traff i løypa. "Åhh, du har med deg aaaaltfor mykje!", humra han, idet han peiste forbi med ein sekk på størrelse med eit handlenett frå Rema. Og sjølvsagt hadde han rett. Men la gå.

Eg er også vant med ein ganske høg hygienisk standard. Dusjar gjerne to gangar for dagen. Korleis vert det då når eg etter den fjerde dagen med hard fysisk aktivitet enda ikkje har fått dusja? Behovet er ganske intenst, men det er interessant å kjenne på den fløyelsmjuke huda med det naturlige fettlaget som både isolerar og pleiar. For ein sunnmøring er det fascinerande å oppdage at eksklusiv kosmetikk kjem innafrå - og er heilt gratis!

Eg er også vant med at kjøleskapet er fullt og at ein spasertur på butikken kan dekke alle basale behov. Da er det ganske morsomt å kjenne på den ustyrlige, boblande gleda over å finne ein boks lys lapskaus på eit proviantlager! Og med gjenlatne auger og høglydt nytelse, så finn den hermetiske lapskausen smaksløkar som frydar seg uhemma! Eg hadde da aldri i verda komt på å kjøpe hermetisk lapskaus til middag, om eg hadde vert i sivilisasjonen!

Eg er generelt vant med at det utstyret eg treng, det finn eg i ganske umiddelbar nærhet. Så viss eg oppdagar eit par augebryn-hår som har komt ut på feil plass, så nappar eg dei fort ut med ein pinsett. Prøv gjerne det samme med ein kulepenn. Eg skal garantere deg at det ikkje går.

Ellers er eg også vant med å ha ein god del arbeidsoppgaver som skal utførast i løpet av ein dag. Eg er ikkje vant med at denne dagen skal du bruke til å gå frå A til B, sørge for at du er tørr og mett - og sjå til at turkompisen din har det bra. I sivilisasjonen ville dette aldri vert dagens agenda - mens i fjellheimen er dette kvar dags agenda. Ganske digg.

Også er eg vant med at når eg legg meg om kvelden, så er kroppen utkvilt men hovudet fullt. Den siste veka har kroppen våre dønn utsleten, og hovudet tomt. Ein søv igrunn bedre da.

Og sist - men ikkje minst, er eg ikkje vant til å vere blodgivar. Eg meldte meg ein gang til tjeneste, og ville gjerne dele mitt blod med andre. Da ville dei først ha eit par prøveglas, for å sjå til at blodet mitt var godt nok. Dei spurde om det var ok, og eg sa det sjølvsagt ikkje var noko problem overhode. Også besvimte eg. Tre dagar etter fekk eg eit brev i posten, der det sto at dei takka for forsøket, men at det kanskje var andre ting eg kunne bidra med, enn å gje blod? Det vart vel for tungt å løfte meg opp frå golvet i tide og utide, da. Men den siste veka har eg gjett ein dråpe blod til kvar einaste mygg i alle Tafjordfjella...

Men når eg no har teke eit steg ut av sivilisasjonen og kjent på dei enkle gledene, så må eg nødvendigvis ta eit steg inn i sivilisasjonen igjen også. Og sjølv om eg berre var ei veke ute, så var det overraskande travelt å komme inn att. Der fossen i forrige veke var einaste støykilda, er det no både mobil, bilar, masse folk, kjøpesenter og meir utfordrande oppgaver enn å halde seg tørr og mett. Blir me virkeleg utsatt for dette kvar einaste dag?? Prøv å ta eit steg ut, og kjenn på den absurde verden når du kjem inn att. Dette er ikkje ein oppfordring til eit liv som eremitt i fjellheimen, men det er både deilig og skummelt å oppsøke motsetnadane for å få eit større perspektiv på kvardagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)