Mental alder versus fysisk alder

Dei seier eg helde meg godt. Det er difor eg, i ein alder av snart 31, fortsatt må vise legitimasjon når eg skal kjøpe ei flaske vin. Eg syns ikkje det er eit kompliment lengjer.

Så eg tenkte eg skulle begynne å holde meg dårlig. Istadenfor å vere 31 år, men sjå ut som om eg er 18 - så tenkte eg å snu på flisa. Så no er eg 31, men oppfører meg som om eg er 62 år. Så eg har bytta ut sportsdrikken med halvkald traktekaffi med fløyte. Istadenfor Lotto, kjøper eg no Kryssord-Flax. Det tek ca ein halv time å skrape. Også tvinnar eg tommeltottar mens eg ser på TV.

Eg håper eg slepp mange rundar av denne brytekampen mellom fysisk alder og mental alder, men forhåpentlegvis kjem eg meg over "vise-leg"-stadiet snart.

1 kommentar:

  1. Der kjem ein dag då du lengtar tilbake til den tida dei spurde deg etter leg...min dag har allereie komen...å då er eg ikkje 30 eingong...
    ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)