Bygg på det gode!

Slapp av, eg skal seie det tusen gangar til. Det er mykje god læring i repetisjon, som han sa, den alkoholiserte tysk-læraren min på vidaregåande, som ba oss repetere leksa, mens han tok seg ein liten tur på kontoret..

Dei siste semestera på Livets Skule har for min del vert hakket hardare enn eg var forberedt på. Men eg forstår no kvifor ledelseslitteraturen fløymer over av bøker som omhandlar overgangen frå buddy til boss. Berre synd at ei bok aldri kan forberede deg nok. Men i det siste trur eg at eg har knekt eit par kodar:

Neste gang du er i ein konfliktsituasjon, du eller andre blir fornærma eller forbanna - tenk da: Rokker dette ved min eller vedkommandes mestringsfølelse?
Nesten alltid kan eg svare ja på det. Og dermed står mirakelmedisinen klar; Bygg på det gode. Etter min meining fins det berre sju ting som kan få dine kollegaer til å yte sitt aller beste; Skryt, skryt, skryt, skryt, skryt, skryt og skryt. Og dei samme sju tinga kan få meg i mitt ess. Sjølvtillit er eksepsjonelt viktig, og dagleg mestringsfølelse er for sjela det samme som tran er for skrotten. Ingen i heile verda kan la vere å bli glad for skryt. Sjølvsagt forutsatt at dei positive tilbakemeldingane oppleves som riktige. Viss du klarer å formulere ein raus replikk umiddelbart etter at den positive hendinga har skjedd, og vedkommande kjenner at replikken var fortjent, så renn ei sol over sjela til den heldige. Smilet er umulig å kamuflere! Og bivirkningane er bedre humør og friskare satsning i neste omgang.

Lett, ikkje sant? Nei. Av og til er det ubeskrivelig vanskeleg å skryte. Du ønskar vedkommande dit pepparen gror! Du syns vedkommande er den største idioten i heile vide verda! Det byr deg imot å skryte av han, dessutan kunne du ikkje i din villaste fantasi komme på noko å skryte av han for. Det vil i den situasjonen kreve enorm generøsitet å setje seg ned å finne ut noko som er positivt og noko som er sant og noko som du føler som ekte. For usant skryt biter ikkje på nokon.

Det er da du må bygge på det gode i deg sjølv. Skap deg mestringsfølelse og sjølvtillit sjølv. Finn den eine tingen du er god på, eller vil bli god på, og gjer den om-att og om-att. Når du mestrar den, begynn på neste ting du vil mestre. Sørg for at du får den hjelpa og den rosen du treng - gå gjerne så langt at du betalar for det. Skrytet smakar godt likevel. Personleg er mitt pågåande prosjekt slanking (overraska??) Eg treng å bli kvitt 10 kg dauflesk for at sjølvtilliten skal bli bedre. Og eg har kjøpt ein personlig trenar som skal motivere meg fram dit. Det funkar.

Så moralen er enkel: Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Skryt. Minst fem gangar pr dag. Bygg på det gode. Få mestringsfølelse og skap mestringsfølelse hjå andre. Du vil få det bedre, medmenneska dine vil få det bedre, verden blir bedre. Og så videre ;-)

3 kommentarer:

  1. Du Camilla dette var veldig bra skrive. Eg syns du er veldig flink, du er ei super jente, alltid blid og grei. I mine auge treng du ikkje kave med dissa kiloa for å vere flott!!
    Eg treng iallefall ikkje å leite for å skryte av deg - det kjem aldeles av seg sjølv fordi du er den du er:-)
    Stå på min venn
    Klem Janne Tove

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Janne! Du er god på dette, og det kjennes veldig godt :-)

    Livet har krevd mykje av deg dei siste åra, og av det eg leser og ser av deg, så syner du deg som eksepsjonelt sterk, med eit imponerande perspektiv på livet. Send meg ein sms ein dag du vil ha selskap på gåturen din :-)

    SvarSlett
  3. Tenk om alle hadde vore slik som du,Camilla!!!

    Klem kristin..

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)