Ei natt med Obama

Eventyret er over. Mens me fortsatt låg å sov, lista Obama seg stilt ut av rommet og forlot oss. Uvitande våkna me opp med det samme smilet me hadde når me berusa gjekk til sengs, men tomheten vart uendeleg når me såg han var vekk. Det er ei tung kjærlighetssorg som hogger tak, når me har brukt 330 millionar på ein fantastisk date, men så forsvinner han før frukosten er klar. Men luktar det ikkje framleis litt Obama av dyna mi?

Mmmmm....men det var jo verdt det. Og sjølv om me ikkje rakk å ete Jarlsberg saman med han til frukost, så har me minnene til evig tid. Men kjem han til å hugse oss? På flyet heim..trur du han lente seg godt tilbake i stress-less`en, lukka augene og smilte til tanken om dei vakre formene til Norge? Sukka tungt til det nydelige smilet til 25 000 utanfor vindauget hans - dei sto jo så tett at det nærmast må ha sett ut som eit smil? Trur du ikkje han måtte smile litt til minnet av dei mjuke stemmene på gebrokkent engelsk? Det må jo ha vert bedårande søtt å høyre på..eller var det difor han reiste så tidlig? Ville han ikkje bli vekt av at me pusta han tungt inn i øyret, beit han litt i øyreflippen og sa "Thæænk uu får a wåånderfull naight...uu nåthie, nåthie kjuti-pai!"
Nei, han kan ikkje ha tenkt sånn, vel? Eg trur han likte oss, og eg trur han smelta litt når Mette Marit klarte å presse ut nokon tårer midt i talen hans. Det må jo ha vert deilig for han å sjå at følelsane er gjensidige; vi elska han og han elska at vi elska han.

Men no har altså svigermors drøm left the building. Tomheten er total. Er det ikkje sånn at den kjærligheten ein aldri fekk, alltid vil vere den største? Fra no av vil me nok samanlikne alle framtidige stemnemøter med Nobelprisshowet frå Oslo. Ved all framtidig berøring, vil me tenkje på den sterke, svarte handa som vinka i 2 minutt og 45 sekund frå pleksivindauget på Grand. Ved all framtidig sex, vil me avslutte med eit unisont "YES! YES! YES, WE CAN!" Og Obama kjem til å verte det mest brukte gutenamnet i 2010. Me kjem til å sitje med den håpefulle på fanget, stryke han ømt over kinnet og tenkje "Pokker at den amerikanske presidenten ikkje vart far din!" Og eg er heilt sikker på at Obama i sin neste intime augneblink, vil klemme Michelle lidenskapleg og sukke tungt "Oh, Norway..I love you!"

;-)

5 kommentarer:

  1. Haha Camilla ej lika so fole godt å lese det du skriv:-))

    SvarSlett
  2. mm, eg trur det var det Torbjørn Jagland tenkte heile kvelden..

    SvarSlett
  3. OI!! He Obama vore i Noreg??? Ken e Obama??

    SvarSlett
  4. Obama er han der som mange hadde sterke meiningar om, men når han først sto på Karl Johan, så sa alle demonstrantane: Han er ganske søt igrunn!
    Fascinerande..;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)