Få tre nye vennar

Eg er på kurs. Og når veka er omme, er eg forespegla eit bedre liv.
Eg har sett tynnare kurs-agendaer enn det...

Difor må eg innrømme at det forundrar meg at me berre er ni påmeldte.
Men muleg resten av verda kan kunsten å leve? Strengt tatt handlar det vel berre om å puste. Men dei fleste av oss forlangar vel meir av livet enn nok oksygen..

Eg skal la vere å røle om kunsten å leve, ettersom eg ikkje er uteksaminert enda. Men me fekk ei lekse til i morgo, som har gitt ei interessann oppleving : Få tre nye vennar.

Gode vennar er jo særdeles viktige; å leve livet utan blir fort tungt. Men tre nye i døgnet kan fort bli for ambisiøst. Men definisjonen på ein venn i denne samanhengen var eit menneske du har snakka med, vert tilstede for i nokre minutt, respektert, tatt på alvor - og fått vite namnet på.

Skulle eg rekke dette, forsto eg at eg måtte gå i gang med det samme. Så min første taktikk var å ta ein spasertur ut og smile til alle eg såg - i litt sånn fjellvandrarstil. Midt i Stavanger. Og det krever faktisk litt å vere oppriktig imøtekommande til alle ein ser. Ofte har me vel litt fordommar mot dei fleste ukjende?  Men responsen uteblei ikkje; Rett utforbi Rema1000 passerte eg ei lita thai-dame med voldsom last. Med tre fulle bæreposar, høge hælar og holke, så ga ho meg eit lite smil i retur, midt i ein sukk. Eit perfekt offer! Så eg benytta sjansen og spurte om ho trengte litt hjelp å bære? Men da skal eg sei dei høge hælane satte fart! Ho trudde kanskje eg skulle stjele blomkålen hennar? Hadde ho fordommar ovanfor meg? Meg??

Eg tok hintet og gjekk i ein anna retning, så ho ikkje skulle bryte lårhalsen i forsøket på å komme vekk frå meg. Istaden gjekk eg inn på Rema1000 for å bytte Flax-loddet mitt. Kanskje eg kunne ha meir flax med Flax-dama? På namneskiltet sto det Mari, så da hadde eg iallefall fått oppfylt minstekravet til ein venn. Men kva i alle dagar småsnakkar ein med ei flax-dame om? Eg gjorde mitt beste og spurte om ho hadde hatt ein fin dag. Ho såg på meg som om eg skulle vert ein alien, og såg over skuldra mi etter ufo`en. Eg syns det var hakket pinlig sjølv, så eg takka for loddet og pilte ut. Eg ser jo at det ikkje er eit naturleg spørsmål til eit menneske ein ikkje kjenner, men kvifor er det egentlig ikkje det?

Sjølvtilliten var ganske skral etter to forsøk, så eg var glad eg fann ein narkoman. Sjukt som det er, så følte eg meg tryggare ovanfor ein som har tråkka litt meir feil enn meg. Men kan det vere at eit menneske som møter så mykje fordommar dagleg, er fordomsfri ovanfor andre...? Eg kjøpte gatemagasinet han solgte, og benytta anledningen til å småsnakke litt. Og med ein nesten barnslig glede, parerte han spørsmåla, oppriktig glad for å få snakke litt. Og med ein overraskande høg sosial intelligens, var han oppriktig interessert i korleis eg hadde det også. Og når ein narkoman uteliggar spør meg korleis eg har det..ja, så droppa eg å nemne dei problema som brått vart ørsmå.

Eg klarte altså ikkje leksa mi heilt - inntrykka frå den vetle spaserturen vart for mange. Men kanskje eg kan gje den samme leksa til deg?

6 kommentarer:

  1. Stakkars dama på høghæla sko når nifse Camilla stod der og ville hjelpe ho. Hehe

    Eg driv å prøvar å få meg litt nye bekjente her på Hadeland for tida og innser at det ikkje er berre å gå bort til vilt framande og seie hei og spørre om dei vil leike med meg....
    Men eg fortvilar ikkje....eg har god tid og sakte men sikkert ser eg at det nyttar å delta ute blandt folk der ting skjer så glir eg nok inn i miljøet etter kvart.
    Men når eg no driv slik å prøver å finne rot i samfunnet her så oppdagar eg fort at det fins mange fine blide menneske som gjerne slår av ein prat og som nikkar og smiler tilbake.
    Det fine med å vere i ein slik situasjon er at eg kjenner at eg opnar opp for nye impulsar på ein heilt annan måte enn når eg ruslar rundt heime i kjende omgjevnader. Og til meir open eg er for folk rundt meg til meir opne og blide blir dei eg møter.

    No skal eg ein tur ut i sola og sjå om eg kan smile til nokre nye fjes.

    Gog helg Camilla

    Jannetoveklem

    SvarSlett
  2. Flink Janne Tove, åpne opp for nye impulsar er ein kjempeutfordring for oss alle. Men det er fantastisk deilig!
    Med ditt blide åsyn, går det nok godt å slå rot i eit nytt samfunn. Lykke til, strålande menneske!

    SvarSlett
  3. Smil og ver blid. En dag e der en kvan so forstår ka du vil fram til :-)

    SvarSlett
  4. På de 2 siste ukene har jeg snakket med 2 ukjente mennesker. Den første var en mann jeg traff på en benk ved akerselva, han hadde ei fet lue som jeg bare måtte kommentere, og så var samtalen i gang. Den andre var også en mann, som også satt på en benk, men dette var på Tøyen. Han spurte hva jeg spiste, og så var også den samtalen igang. Gjelder det?

    SvarSlett
  5. Det teller veldig, Helle! Godt jobba :-)

    SvarSlett
  6. Min erfaring er at det er veldig lett å komme i kontakt med folk på afterski ;)
    Har fått meg fleire facebookvenner der gitt... Hehe

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)