Du betyr ingenting!

Åhh, eg kjente denne overskrifta satt veldig langt inne...men høyr no:

I evighetens perspektiv eksisterar vi på jorda i ca eit halvt millisekund. Milliardar av mennesker har vert her før oss og milliardar av mennesker skal vere her etter oss. Om eg eller du lever, spelar inga rolle for verdas maskineri. Det høyres brutalt ut, ein kan til og med bli fornærma av mindre - men verden bryr seg ikkje, den durar berre vidare. Sjølv om menneska likar å tenkje på seg sjølv som øverst på næringskjeden og overlegen alle andre krypdyr, så skal det berre ein liten vulkan til, for å minne oss på at samfunnet egentleg er veldig skjørt og me er prisgitt at naturen ikkje køddar med oss. Vi er alle vår eigen navle nærmast, men naturen driter i om Molde sine fotballspelarar må sitte i buss ein halv dag for å rekke helgas seriekamp. Akkurat det driter eg også i..

Det positive med dette, er at me kan tillate oss sjølv å lene oss godt tilbake - å slappe litt av. Viss me utvidar perspektivet såpass, så slepp me å stresse med dei kvardagslege problemstillingane; Pølse eller spaghetti til middag? Spele playstation ein heil søndag eller jobbe i hagen?  Mazda 3 eller Honda Civic? Gifte oss - eller vente litt å sjå om ho virkeleg er den rette?  Velge jobben som gir deg bøttevis av pengar eller ta den du brenn for?

Nyt livet! For verden bryr seg ikkje! Et spaghetti, kos deg med playstation, kjøp den bilen du vil, gift deg, vær deg sjølv, gje 100%, lev her og no! Og i kjipe tider kan du berre legge deg på sofaen, og la verden gå - den klarer seg sjølv ei stund. (Og alle skjønte no at eg ikkje er småbarnsmor...)

Og akkurat da, mens eg ligg der på sofaen, kan eg kjenne at sjølv om eg betyr ingenting for verden, så betyr eg noko for dei rundt meg. Er eg kjekk og grei, så kjem gode vennar å løftar meg opp og bærer meg vidare. Og er det du som ligg på sofaen, så kjem eg. For du betyr veldig mykje for meg!
(Scenehenvisning: Forfattaren av dette innlegget ser deg djupt inn i augene..ja, eg meinte akkurat DU, ja)

2 kommentarer:

  1. Du skriver så bra, Camilla! :-)

    SvarSlett
  2. Takk Camilla - eg synst eg såg deg akkurat når eg las dette - såg at du såg på meg og meinte meg, hehe.

    DU betyr noko for meg og.

    Klem

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)