Ein hyllest til det rause, omsorgsfulle menneske

Smak på denne setningen: Eit lys mister ingenting ved å bli brukt til å tenne eit anna.

Den er jo fabelaktig! Eg anar ikkje kven som sa den først, og sidan dette ikkje er ein norsk stil, skal eg ikkje analysere den opp og ned. Eg kom akkurat på kor intenst eg mislikte videregåande sin norsk-stil-schlager: Diktanalyse. Eg mistenkte at mange av forfattarane hadde skreve diktet sitt i fylla ein melankolsk vinterkveld, og hadde slett ikkje lyst å fabulere om kva forfattaren egentlig hadde meint - kunne eg ikkje berre få nyte diktet, slik det var? Og smake på mine eigne assosisasjonar? Fikk ikkje det, veit du.

Eit lys mister ingenting ved å bli brukt til å tenne eit anna.
I det siste har eg opplevd at vakre mennesker dukker opp overalt. Gamle vennar eg har mista kontakten med, naboar som viser seg fra ei svært raus side, nye vennar som åpnar seg opp og inviterar meg inn, tilfeldige bekjente som gir meg lov til å bli kjent med dei. Gode samtalar med rause, vennelige, omsorgsfulle mennesker, som gir av seg sjølv. Dette er ein offentlig takk til dere alle; dere er lys som dere bruker til å tenne mitt.  

3 kommentarer:

  1. Du, ditta va veldig fint sagt...

    Men enig med du, kan tenke meg at mykje av dikta er fyllerør frå ende til annan...kan aldri tenke meg at folk sit å tenke djupt å vankseleg for å få nokre strofe på papiret...

    SvarSlett
  2. Flott sagt Camilla:-)

    Det er kvar sin gang å vere det lyset som tender eit anna. Og for kvar gang vi treng "starthjelp" sjølve ser vi ting klarare, blir klokare og sterkare. Der er akkurat som om lyset vårt blir sterkare - lyser meir borti dei mørke krokane. Og når elden først har fatna skal det meir til for å sløkkje den igjenn - og som oftast ligg det nokre glør gøymt rett under overflata som med eit lite pust flammar opp igjenn.

    Positive tankar til deg min venn

    SvarSlett
  3. Hei!

    Det var fint. Noe å tenke over...Jeg bestemt meg for å tro på at det man fokuserer på, det vokser.
    Kanskje det er derfor mange er god med deg?
    :-)
    Klem fra Mi

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)