Store vetle Tobias

Dette livet er bra forunderlig..eg kom nett til erkjennelse av at eit lite barn har større livsklokskap enn meg sjølv. Sjølvtilliten kan knekke av mindre.

Eg har akkurat søkt på ein ny og spennande jobb. Men først etter å nøye tenkt gjennom om eg er kvalifisert. Har eg det som skal til? Kan eg klare dette? Kva kan gå gale? Vil dei ha tillit til meg? Vil eg kunne møte og besvare forventningane? Kva gjer eg visst eg ikkje klarer det?

Så kom eg plutselig på vetle Tobias, som også fekk tilbud om ei ny og spennande oppgave: Å komme seg opp i sofaen. Heilt aleine. Han starta med å springe rett på. Ingen suksess, men Tobias vurderte ikkje å gje seg. Så prøvde han å slenge opp ein fot først, men skinnsofaen mot devold sin ullstillongs vart ein ubarmhjertig kombinasjon. Men det mislykka forsøket beit ikkje på han. No hadde han fått to erfaringar, og ville forsøke dei samtidig i eit nytt forsøk; så han rygga bakover, og med ustø rennfart storma han mot sofaen, dedikert i blikket, og slengte den vetle foten opp akkurat i tide - men også denne søknaden vart avslått. Heldigvis tok bleierumpa mjukt imot han. Eg lurte på når han ville be meg om hjelp? Forsto han ikkje at han var for liten? Tobias forsto meir enn meg, og med sitt naturlige løysningsorienterte instinkt henta han lastebilen sin. Eg, med mitt naturlige fareorienterte instinkt, flytta meg nærmare. Men lastebilen forsto viktigheten av å stå i ro, så med ein liten fot oppi eit lite lasteplan, var Tobias i sofaen på ein blunk. Og heile ansiktet eksploderte i triumf! Intet mindre! Eit meir stolt menneske har eg aldri sett!

Tobias hadde ingen negative tankar i hovudet sitt. Han tenkte berre: "Eg vil opp dit". Han tok ingen sorger på forskudd. Og akkurat det er litt rart, for så liten han er, så har han prøvd seg på mykje han ikkje har klart. Men det bit ikkje på han. Festar seg ikkje som eit minne eller ein erfaring. For ein egenskap! Det er jo ein kjensgjerning at negative tankar ofte blir ein sjølvoppfyllande profeti - du blir det du eter, og du blir det du tenker. Kvifor skal autopiloten til det voksne menneske tenke på begrensingane først?

Inspirert av vetle Tobias, skal eg jobbe med autopiloten fra no av ;-)

7 kommentarer:

  1. Du klarar det du vil klare Camilla. Lykke til med jobbsøknad - håpar du får det akkurat som du vil.

    Klem

    SvarSlett
  2. Du skriv so fantastisk godt at denne bloggen vert det store lyspunktet i kvardagen!!!!

    SvarSlett
  3. Takk, Janne! Det håpar eg også, for eg vil ha alt eg vil ha! ;-)

    Og takk du anonyme! Så fantastisk kjekt å høyre at du lika rølet mitt! Da blir eg
    glad :-)

    SvarSlett
  4. Camilla, du skrive berre heilt utrulig bra!!! Å lese bloggen din, lyse opp kvardagen:-)
    Ej e ikkje i tvil på at du e kvalifisert for jobben du he søkt, og at du kjem t å svare til forventningane. Alle kjem t å like dej, for d e UMULIG å la vær!!!
    Du fe til alt du berre vil-ordna sej!!!

    SvarSlett
  5. :-)))
    Ej veit om eit par jobba,du e veeeldig kvalifiserte for...!!!!:-)

    SvarSlett
  6. Utruleg hyggelege tilbakemeldingar! Eg bøyer meg i støvet for dokke alle :-)

    SvarSlett
  7. Hei Camilla :-)

    Takk for påminnelsen <3
    Lykke til med jobben!

    Mi

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)