8 gyldne bunadsskjorte-reglar

Eg har nettopp strykt bunadsskjorta mi - for første gang i mitt liv.  Og det ga meg uventa innsikt i livet.
Men først skal det handle om skjortestrykingens 8 gyldne reglar:

1) Aldri stryk bunadsskjorte på tom mage.
2) Bli venn med skjorta først som sist.
3) Sett av nok tid. Vi snakkar minst 1,5 time.
4) Ikkje begynn med framstykke eller bakstykke. Armane først.
5) Låg temperatur og tolmodighet er den raskaste vegen fram. Høg temperatur har svarte bivirkningar.
6) Unngå fristelsen å sniffe Stiff.
7) Ikkje velg minste motstands veg. Stryk heile skjorta, sjølv om halve skjorta skal knørvast ned i bunaden.
8) Ordspel krydrar. Tenk at "Dette går jo strykande!"

Og mens eg står her å fiklar, så forstår eg jo at bunadsskjortestryking egentlig handlar om korleis du skal leve livet! Dei samme gyldne reglane kan brukast! Berre sjå:

1) Sjølvsagt skal du ikkje stryke på tom mage. Du skal ikkje gjere noko på tom mage! Det fins eit uendeleg antal kloke ordtak, som ofte feilaktig blir omtala med det negativt lada ordet klisjè. Men ordtak er ingen klisjè, det er ein setning som  har blitt sagt  mange gangar - og nettopp derfor er dei jo sanne! Fordi mange mennesker, i ulike livssituasjonar, har komt fram til at: Uten mat og drikke, duger helten ikkje! Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves! Du kjem deg ikkje til fjells på flat veg! Også videre...Aksepter at mennesker har levd livet før deg, og lær av erfaringane deira. Den som lærer av andre sine feil, er klok. Den som må gjere alle feila sjølv for å lære, er i beste fall tungnem. I verste fall stein stokk dum.

2) Bli venn med fienden og aksepter situasjonen slik den er; Eg må gå i bunad på søndag. Da må skjorta strykast. Står eg her som ei sint furie og sprer eder og galle over broderte kragar og armar, så endrar ikkje det på faktumet at eg må gå i bunad på søndag. Det einaste det gir meg, er 1,5 time banning. Og livet er for kort til det. Motstand mot motstand er aldri effektivt. Kun bevegelse i riktig retning, gir vekst. Andre mennesker går sammen med deg, viss dei blir ivaretatt. Så enkelt...(og herregud kor vanskelig av og til..)

3) Sett av nok tid = tolmodighet. Og det er jo som kjent ein dyd. Men vær i situasjonen så lenge situasjonen krever det. Så kan du gå stolt derifra.

4) Stryk armane først. Det kan ofte vere fristande å ta det antatt lettaste først. Difor begynte eg på framstykke og bakstykke, sjølv om mor mi presiserte i telefonen at eg måtte stryke armane først. Så her var eg i beste fall tungnem. Og baksmellen kom sjølvsagt: Når eg hadde strykt ferdig armane, hadde eg knørva til igjen det som eg trudde var ferdig.  Og erfaringen blir, som alltid: Buisness before pleasure. Du må yte, før du kan nyte. Sjarmøretappa kjem berre viss du har tatt grovarbeidet først.

5) Høg temperatur har svarte bivirkningar. Det er lov å bli sint og heit i toppen, men bruk temperamentet konstruktivt. Om eg til stadighet går rundt å er forbanna på eit anna menneske, så er det vel stort sett berre ein person det plagar; Meg sjølv. Eg har sagt det før, og seier det igjen; Aksepter personar og situasjonar slik som dei er. Om litt sinne kan akselerere ein prosess, så værsegod - men når prosessen er i gang, så skru ned til låg temperatur igjen. Så har du det bedre med deg sjølv.

6) Unngå å sniffe Stiff. Ta deg gjerne ein Baileys i ny og ne, men nyt livet generelt i sus & dus, ikkje i rus. Ikkje meir å sei om det.

7) Det er eit faktum at halve skjorta skal ned i bunaden, og difor strengt tatt ikkje treng å strykast. Men gi alltid 100%. Sørg for at du blir stolt av resultatet! Det er ofte du kan gjere ein jobb halvvegs, og komme unna med det. Men du har det mykje bedre med deg sjølv, viss du sørger for å gjere ei kvar oppgave så godt som du klarer.

8) Du blir det du tenker. Så tenk positivt.

Til slutt; Takk til mamma som i alle år har strykt skjorta mi! Eg har nok ikkje vert i nærheten av å vere så takknemmelig som eg burde vert. Og eg høyrte ikkje på alle råda du kom med, men eg lærte fort at det burde eg gjort. Eg har hatt ei heftig læringsøkt på det som går på å stå på eigne bein den siste tida, og det gir stadig nye mestringsopplevelsar. Eg er glad for at eg no også beherskar å stryke bunadsskjorta ;-)

3 kommentarer:

  1. GRATULERER STOLTE NETTOPP-LÆRT-Å-STRYKE-BUNADSKJORTE-KVINNE!!!! Tenkje mor di e LITT glade for at ho sleppe å gjere d til dej! Å ein kan som regel det meste berre ein prøvar. Må no sei ej synst litt synd på mej sjølv so må stryke ikkje mindre enn 5 skjorter... Men ej skal prøve å tenkje positivt! Å la vere å kome med edder å galle! For til slutt så blir heile familien flott kledd i bunad, og det er eigentleg ingen grunn å sure seg for.
    Tenkje du e smeikje flotte i bunad i dag du også! Tillykke med dagen Camilla!

    SvarSlett
  2. Takk, takk! Men eg vart stum av beundring og bøyer meg virkelig i støvet for dine 5-bunadsskjorter-stryke-prosjekt! Fyttikatta..da hadde det holdt hardt å tenke positivt for min del! Men dokke blir nok eit faaabelaktig syn! :-)

    SvarSlett
  3. ...regel nr 7)..å so irriterande at den delen av skjorta som skal "knørvast ned i bunaden"..e den enklaste å stryke...!!!!
    E snart ferdig med 4 skjorter for 3.gong på 14 daga!!!Men jammen e me fine i bunad,Camilla!!!;))

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)