Apropos dagens sjokoladesmell..

Å leve er neimen ikkje lett!
Klarar DU å alltid gjere det som er rett?
Ikkje gå feil, og aldri for fort,
og alltid velgje kjærast av rette sort?

Klarar DU å alltid ta rette valg?
Og ikkje verte over-ivrig på salg?
Velgjer du aldri minste motstands veg?
Tenkjer kun korrekt og er ein klok strateg?

Hmm, ja da er kanskje livet for deg lett.
Du trenar dagleg og et mat utan fett.
Men går nok glipp av ein viktig dimensjon,
- ingen usikkerhet, impulsivitet og hjertevarm fascinasjon!


Brennande de, kor godt det var med ein sjokoladesmell i dag!
Men forøvrig anbefalar eg heller dikta på http://www.jannetove.blogspot.com/

6 kommentarer:

  1. Jeg gikk på en sjokoladesmell vinteren 2003. Den er ikke over ennå.

    SvarSlett
  2. 7 gode år og 7 dårlige altså...da skulle sjokoladesmellen snart vere forbi ;-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk Camilla for at du meiner dikta mine er delbare:-)) Godt å vere i diktmodus av og til - ser at du og slår til med nokre gullkorn.
    Har fundert litt over kva som får ein til å skrive slike strofer - og har kome til at det har vel med sinnstemninga ein er i etter vanskelege opplevingar. Er fint at orda berre trillar ut på papiret - slik som i natt... Vakna klokka 24.00 og MÅTTE berre stå opp og bruke 1,5 time på ei ordrekkje.... Godt eg ikkje har skrivekløe kvar natt:-))

    Sjokoladesmell er fantastisk godt og gjer oss til gode menneske (trur eg)

    Klem

    SvarSlett
  4. Kor herleg:-))
    Veit om ei nye karriere for deg og Janne Tove..:-))))
    Eg blir fast abonnent...;-))

    Klem!!

    SvarSlett
  5. Kan godt hende du har rett i at det er vonde opplevingar som tryllar fram orda, Janne Tove. Så velgjer du også hakket djupare ord enn meg. Det er nok fordi eg stort sett har levd ein dans på roser heile livet - og når det boblar for mykje inni meg, må eg berre åpne krana å tømme ut nokon ord. Så syns eg det er ein arkiteknoisk genistrek ved eit kvart menneske; Vi har all fornuft i heile verda, men likevel velgjer vi av og til å berre la oss rive med! Og det er så deilig det!! Berre la heile fornuften ta ein pause, og leve litt i impulsiviteten!

    Så vi må mekke oss sammen eit livsglad og livsdjupt magasin snart, Janne Tove - som Kristin kan abbonere på ;-)

    SvarSlett
  6. Du he heilt rett, Camilla, livet e ikkje alltid lett og leve! Av og til kan ein ta ufornuftige og lite kloke valg - men uansett, vil ein på eit eller anna tidspunkt, lære av valga ein har tatt - på godt eller vondt. Ein gjer seg gode og dårlige erfaringar i livet. Kloke og fornuftige valg kan også være ekstremt vanskelige å ta når d e følelsar med i bilde - då er det vanskelig å styre.
    På den andre sida, er livet for kort til at ein skal gå rundt og ikkje ha det bra. Livet kan være over på eit brøkdel av eit sekund. Har du då gjort dei rette valga FOR DEG.....????

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)