Gud må vere ei kvinne

Eg er ikkje religiøs.
Det fins nok ei makt der oppe, men eg orkar ikkje forholde meg til den, før eg er der oppe sjølv.
Da skal eg neie fint og gje vedkommande eit fast handtrykk.
Takke for innsatsen han/ho har gjort for verda.
Men eg er mest interessert i det som skjer her nede.
Og eg har merka meg ein liten detalj;

Menn får ofte ein gudestatus.
Eg syns generelt at menn får ufortjent lett skryt.

Sjå:

- Grilling er ofte menn sin arena. Kona står på kjøkkenet, gjer alt forarbeidet, marinerar, kuttar opp, lagar salat, danderar alt på fat, finn fram pølseklype og grillutstyr - og leverar dette ut til mannen, som står klar foran den overdimensjonerte gassgrillen. Så legg han det på, drikk litt øl, snakkar litt høgt, svir halvparten, legg det på eit fat og setter det midt på bordet. Gjestane seier "Gud, kor flink du har vert å grille!! Dette var kjempegodt!" Kona høyrer ikkje ein knyst.

- Julemiddagen får ofte mannen æra for. Han tek saga si og kuttar opp pinnekjøttet. Så vatnar han det ut og spikkar nokon bjørkepinnar. Legg alt i panna, fyller på med vatn. Kona ordnar resten. Men rundt middagsbordet - årets beste middag: "Gud, kor godt dette pinnekjøttet var, Kåre! Mørt og deilig! Så flink du har vert!". Ufortjent skryt, spør du meg. Pinnekjøttmiddagen er den enklaste av alle middagar. Det skal koke i x-antal timar. Jobben består i å fylle på vatn. Ingenting kan gå gale.

- Ein edderkopp kjem gåande. Mannen tek ein slippers og slår til. "Guuud, du redda livet mitt!!!" seier damene i nærheten.

- Ein mann skal ikkje gjere mykje husarbeid, før han blir karakterisert som Verdens Beste. Legg han saman nokon håndkler (skeivt..), dreg ei kjøkkenfille over bordet eller tømmer oppvaskmaskina, så står damene med stjerner i blikket og tenkjer "Han er heilt perfekt!! Det er ikkje mange menn som er sååå huslige!"

- Eg overhøyrte ein gang ei kvinne seie: "Uten Trygve hadde eg aldri klart å skifte dekk på bilen!". Ærlig talt. Det er fire skruar av, ta av dekket, sett på nytt, skru inn igjen fire skruar.

- Men størst gudestatus får nok ein handy mann. Ein som kan snikre! Damene fell som fluger, veninnene blir djupt imponerte og svigermødre dånar i begeistring: Viss han kan måle opp ein pinne, sage den av og slå inn ein spikar. Ikkje akkurat rakettforskning. Ikkje kvantefysikk.

Eg skriv ikkje dette fordi eg er misunnelig. Skriv ikkje dette fordi eg har noko imot menn. Og eg unner menn gjerne litt skryt.

Eg skriv dette fordi eg har snikra litt i dag. Og eg har trudd det var veldig vanskelig. Uoverkommelig. Eg trudde det måtte ein mann til. Men det er jo latterlig enkelt! Det handlar om å tenke litt, sage litt og banke litt. Vips! Ferdig. Og da forstår eg at lista for å gje ein mann skryt, er spikra litt for langt nede. La den gjerne vere der - men da må me begynne å gje kvinnene enda meir skryt:

Så kjære, vakre kvinne: Du gjer 99% av jobben med å føde nye mennesker, du lar det nye menneske henge i puppen din døgnet rundt i eit drøyt år, du organiserar heimen, du masseproduserar skuffekaker, du dekker alle primærbehov, ofte inkludert å smøre matpakke til mannen din,  kjøpe kle til heile familien og pakke sydenkofferten til alle, du lagar stort sett alle kvardagsmiddagane, du gjer det meste av husarbeidet, du har kontroll på når Per skal til tannlege og Pål på barnebursdag, du kjøper alle julegåvene, du skriv handleliste, tek vare på tante Magda, plantar altankassene, lider deg igjennom science fiction-filmane mannen din leiger for den romantiske kvelden, stryker skjortene og vatnar blomstrane: Du er rett og slett heilt fantastisk! Eg forstår ikkje kvifor ikkje alle elskar kvinnene!

4 kommentarer:

  1. Jeg føler meg litt ukvinnelig av innlegget ditt. Her i huset lager mannen mat, hver dag.Og jeg rydder etter maten. De gangene jeg skal stå for middagslagingen, så har vi knekkebrød til middag. Han står opp med ungene. Skifter på, kler på, ordner frukost og kjører dem til barnehage og dagmamma - og henter begge når han er ferdig på jobb. Hittil å år har jeg levert ene ungen en gang, that's it. Husarbeid deles 50/50. Han er på beina fra 6 om morgenenen til ungene er i seng klokka sju. Og etter det, ja så har han alltids en prosjekt han skal holde på med. Han er en flinkis, rett og slett, flikere enn meg.

    Stakkars den mannen som får mine døtre til kone, for de er godt vandt;)

    SvarSlett
  2. Strålande, Malina! Og det er særdeles mange flinke menn der ute - ingen tvil om det! La dei få all den skryten dei fortjener :-)

    Men, som eit eksperiment: Ta vekk kjønnsrollefordelingen. Putt alle livets gjeremål i ein sekk. Gløym kvinne-oppgaver og menn-oppgaver, tenk at vi er alle er mennesker med den samme evna. Alle kan beherske alt. Fordel så oppgavene 50/50. Og gje begge bøttevis med skryt. I mitt hovud er det sånn det skal vere :-)

    For Malina misser ikkje sin kvinnelighet, ved å ikkje gjere alle dei stereotype kvinne-oppgavene. Ho er stadig vekk ei kvinne. Og prinsippielt nektar eg å godta utsagnet om at nokon er flinkare enn nokon andre - for alle har dei samme evnene. (Viljen til å bruke evnene kan derimot variere litt..)

    Bottom-line: Alle kan bidra likt. Og alle fortjener skryt. Ser du eit menneske på din veg, kvinne eller mann, som kjem i skyggen: Løft ho/han fram!

    SvarSlett
  3. Du vet, bak en hver fremgangsrik mann, står det ei sterk kvinne!
    -den med grillen er iallefall helt riktig! "Kor flink du e å grille, altså!" Ikke et ord om meg som har nettopp: marinert, kuttet, handlet inn, ryddet, vasket og ryddet inn igjen etter grill-festivitasen...rare greier...

    SvarSlett
  4. Her i huset e d i allefall stort sett 50/50 fordeling, kanskje litt meir 60/40 på han fordi han e en dekel å vaske kle, men til gjengjeld så skifta ej dekk og vaska bil! Ikkje fordi at den andre ikkje kan, men fordi den andre ikkje GIDD.
    Skal skifte mykje dekk berre ej slepp å vaske kle!! Men d e fankeren ikkje mykje skryt ute å går uansett ka en gjer.

    Ej heller lika ikkje "mannejobb" å "damejobb". Det står kun på viljen til å prøve. Når en vil, so fe en d til!!

    Å ej fatta ikkje at mannfolk kan påstå at "manndomen" deira fe sej en knekk ta å vaske kle eller golv. I mine aue e en MANN dersom en kan ta på sej slikt arbeid også!!!

    Men maten e d ej so fe skryt for!!! ;-)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)