Den store syretesten

Brent barn lukter svidd.
Det kan av og til vere vanskeleg å stole på folk. Nokon er det vanskeleg å stole på, fordi dei har svikta tidlegare. Andre er det vanskeleg å stole på, fordi dei seier noko med ord, men viser noko anna med handlingar. Atter andre igjen, har eg problem med å stole på fordi dei innehar eit tvilsamt yrke.

Og min kjære far har sendt meg ut i verda med eit par særdeles gode råd, og dei er som følgjer:
1) Det er for seint å begynne å spare, når det ikkje er meir pengar igjen.
2) Gå aldri forbi ei tomflaske
3) Stol aldri på ein bilselgar

Læresetning nr 1 er godt inn-doktrinert, læresetning 2 er meir så som så. Men læresetning nr 3 har eg hatt langt framme i hjernebarken dei siste vekene, ettersom eg trengte ein ny bil. Og eg har vert konsekvent kritisk til alt denne bilselgaren har sagt til meg, frå første samtale - eg har trekt ifra halvparten og ikkje trudd på resten. Eg har vert nebbete og spelt kostbar, eg har åpent betvilt hans ord og i klartekst sagt at eg ikkje stolar på han. Djupt inni magen har eg planta ein følelse av at "Han karen der, veit eg neimen santen ikkje om har reint mjøl i posen!" Og eg har dagleg vatna den følelsen med negative tankar som er ei ekte dramaqueen verdig.

Men så kom punktet der eg kjente at dette var ein ubehageleg sirkel. Så i den store syretesten valgte eg å tenke: "Javel, unge Gangsøy. Du kan velgje mellom å stole på han eller å stole på at du ikkje stoler på han. Det siste alternativet gir deg denne dårlige magefølelsen. Det første alternativet gir deg eit boblande lite kick av naivitet og god tru på menneske. Det kan hende det endar med at eg blir lurt - men enn så lengje kjennes det bedre."

I morgo, kjære venner, får eg det endelege svaret. Om han oppfyller sine siste lovnadar i morgo, så kan eg stryke læresetning 3. Om han ikkje gjer det, har eg eit problem. Uansett var det riktig å gi han ein sjanse. Håper eg. Følg med på den spennande avslutningen ;-)

2 kommentarer:

  1. Veldig bra, Camilla:-)
    Mine erfaringa e i alle fall at en aldri kan stole på en bilselgar; men ej håpa du gjer andre, positive erfaringa, slik at du ikkje havna i trøbbel. Blir spennande å følge med på fortsettelsen - ej kryssa fingrane for dej!!!

    SvarSlett
  2. HAHAHA *gjallande latter*
    Ein utruleg befriande følelse sprer seg frå nederste tå til ytterste hårstrå! For bilselgaren var til å stole på. Han ordna opp og alt er ok. Så herved stryk eg læresetning 3, og bytter den ut med: Gje alle ein sjanse.

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)