Hit, men ikkje lenger!


Eg er ei enkel bygdejente. Vokst opp på fiskegrateng og hushaldningssaft.  Å kalle meg urban, vil vere dagens overdriving. Og det samme vil eg anta gjeld for denne dama i raud grilldress. Så når sjansen baud seg til å møte ho i levande live, så møtte eg sjølvsagt opp. Eg hadde endatil fantasert om å slå av ein prat med ho, iallefall seie hei. Men nei. Det er noko med kjendisar, altså. Eg nektar plent å tru dei er av kjøtt og blod, laga av det samme som meg! Så at eg i det heile tatt turte å gå så nærme som dette, var ei bragd!

No er strengt tatt Linda Eide kun ein journalist frå Voss. Men ho er også forfattaren bak kult-boka Då gamlemor baka seg ihjel, programleiar i det faabelaktige programmet Norsk Attraksjon og ho fekk den prestisjetunge hedersbemerkinga Årets Homo i 2008. Da blir ho i mine auger ein krysning av Madonna, Paulo Coelho og Kim Friele. Så det er klart det vart for drøyt å slå av ein prat! Men håddu kor eg smilte i bakgrunnen!

Om 14 dagar skal eg tilbringe ei lita veke, på eit kloster, saman med His Holiness Sri Sri Ravi Shankar, som tre gangar er nominert til Nobels Fredspris - du kan berre tenke deg kor breitt eg skal glise da! :-) Men eg skal ikkje seie ein pip..

4 kommentarer:

  1. Hei på deg :-))
    Jeg er elendig til å kjenne igjen folk, kjendiser eller ei..og der jeg jobbet før (parfymeri), hadde vi ganske ofte kjendiser innom, deriblant Inger Lise Rypdal, Dennis et eller annet (skuespiller). Er det Storøy? Er HÅPLØS, med andre ord..Great Garlic Girls var innom også, hadde det veldig moro med de, fant tona, kan du si, hehe..Skjønte ikke hvem de var. Da de gikk, sa de: Du får komme å se på showet vårt da....Hva, sier jeg..Skal jo ha show i kveld vet du, jenta mi...Hmmmm, Er dere GGG? Jepp...Vi fikk oss en god latter, og jeg hadde selvfølgelig billetter fra før..(eller heldigvis, hehe)
    Satt meg langt baki salen, men tror du ikke de fant meg...Joda...Så selve kongen kunne kommet på døra, hadde vel sett det var noe kjent med han, men ikke kommet på hvem det var, før han var gått igjen...

    Imorgen reiser jeg til Ålesund, så det blir noen bloggefrie dager fra min side..

    Kos deg!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  2. Meg igjen...
    Har sendt en venneforespørsel på FB..Litt ukjennelig på det bilde, så jeg håper jeg har sendt til riktig, hehe..
    Klem igjen

    SvarSlett
  3. Hehe, da veit eg at eg aldri må jobbe på parfymeri - for eg hadde nok ligna meir ein fisk på land enn ein selger, med den kundemassen der ;-)
    Du er herved lagt til på FB - ein fornøyelse :-)
    God tur til Ålesund, Frøydis!

    SvarSlett
  4. Det E nåke spes med kjendisa, spesielt for oss bøgdisa. Bodde fire år i Oslo, og såg kjendisa titt og ofte, men vart aldri heilt vand med det.

    Va så heldig at ej fikk være med på teaterpremiere, der va det raud løpar og kjedisa i kvar krink og krok. Vi va gjengen som ikkje heil passa inn. (Les: jentene frå Ørsta som sto og fnisa og kviskra "sjååååå der e....")
    Fikk sitte i lag med sjølvaste Anne Kath Vestly. DET va stas det!

    Jobba i en barnahage med diverse kjedisforeldre også, blandt anna en ikkje akkurat stygg og sjå til tvkjendis. Du kan tru det va kjiving kvar ettermiddag då ungen vart henta, om ken som skulle være den heldige og få lov til å informere pappaen og kor dagen hadde gått, kor mange ganga ungen hadde bæsja osv...

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)