Eit minutt som forandra dagen min

Eit ukjent menneske gjorde denne dagen strålande for meg, i løpet av eit lite minutt.
Det er virkelig til ettertanke! For det betyr at kvar og ein av oss kan glede 1440 mennesker i løpet av ein dag. Eittusenfirehundreogførti mennesker på ein dag! Det er mange. Og 525 600 mennesker i løpet av eit år, forutsatt at vi ikkje sløser vekk tid med å sove.

I løpet av den siste månaden har eg blitt stoppa ein gang på butikken, ein gang på fjellet, ein gang på ein fest og i dag altså på Osebrua, av ukjente mennesker som har stansa meg, gitt meg eit flott smil og sagt noko sånt som: "Hei! Eg ville berre sei at eg syns bloggen din er fin."

Og det er usedvanleg hyggeleg med ein sånn tilbakemelding! Eg blir veldig glad, kjenner eg berre er nødt å smile og sjølvtilliten får ein real oppsving. Men det som imponerar meg mest, er at desse flotte menneska har guts nok til å stoppe eit ukjent menneske for å gje vedkommande skryt! Det krever ein åpen og utadvendt væremåte, det krever ein trygghet i seg sjølv og ein må ha ein solid dose raushet for å gjere det. Og det må vere ein ryggmarksrefleks hjå desse vakre menneska, som i løpet av få sekund, bestemmer seg for å ta kontakt.  Det hadde vert fort gjort å berre sykla eller gått forbi, og kanskje berre tenkt: "Der er ho, ja..fin blogg, men det har sikkert nokon andre sagt".

Men eg vart ikkje berre glad. Eg fekk i tillegg utrulig dårlig samvittighet. For nøyaktig ei veke sidan, satt eg på toppen av Saudehornet og betrakta flotte Ørsta i fugleperspektiv. Men brått vart eg merksam på noko som høyrtes ut som tårer nedover eit kinn. Og ganske riktig, så satt det ei dame litt bortforbi, snakka i mobil og gret. Eg overhøyrte det ho snakka om, og forsto at nokon ho var veldig glad i, var komt på sjukehus og sto i fare for å døy. Mens ho satt på ein fjelltopp - riktignok nærme himmelen, men ikkje nærme den som var på veg mot himmelen. Intuitivt hadde eg lyst å gå bort og sette meg ned ved sidan av ho. Spørre om eg kunne hjelpe ho med noko; holde ho med selskap ned igjen, bære sekken eller kanskje ho berre trengte ein klem? Men eg vart berre sittande. Eg turte ikkje ta kontakt med ho. Satt litt på avstand å fulgte med ho i skjul, mens eg lurte på kva eg skulle sei til ho. Og der satt eg, heilt til ho røyste seg og gjekk. Det er rett og slett skammelig! Det einaste som er feil i ein slik situasjon, er ingenting. Det einaste som er galskap, er å ende opp med ikkje å seie nokon ting eller gjere nokon ting. Og det er ekstremt pinlig å sitte her å innrømme at eg ikkje gjorde nokon verdens ting, for eit menneske som satt ved sidan av meg og hadde det kjempevanskelig.

Difor vart komplimentet på Osebrua i dag forsterka i sin effekt, ettersom den sure svie som kjent kjem etter den søte kløe. Eg skal virkeleg prøve å vere så åpen og genuint god som du gav meg eit døme på i dag, mot alle eg møter på min veg. Så du skal vete at det minuttet du gav meg i dag, det gav meg viktig inspirasjon til å prøve å bli eit litt bedre menneske. Takk!

9 kommentarer:

  1. Der traff du meg ganske ettertrykkelig. Dårlig samvittighet, kan absolutt nevnes ja. Her sitter jeg og koser meg med, alle blogginnleggene dine, uten en gang å legge spor etter meg. En gammel mormor på Østlandet som synes du skriver fantastisk, uten å forteller deg det engang.

    SvarSlett
  2. God morgen :-)
    Veldig bra skrevet, og du har nok beskrevet de fleste av oss mennesker tenker jeg!
    Ikke lett å gå bort til totalt ukjente for å gi medlidnhet eller trøst, om en har aldri så lyst...så der er du nok ikke alene!

    Men du HAR en flott blogg, koser meg når jeg leser den, hver gang! Om ikke jeg er like flink til å kommentere, leser jeg den hver gang jeg ser du har kommet med et nytt innlegg!

    Håper du har en flott søndag! Vi skal videre på vår ferd idag, gleder meg! Sola skinner, deilig og varmt!

    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  3. Jasså... Så det va du ej såg på vei opp på saudehornet? Ej va på vei ned. Vakje sikker på om det va du, så turte ikkje sei nåke. Og såd deg då dessuten på rema 1000- eller, såg ihvertfall den same dama ej såg på sudehornet, som då ihvertfall ligna på bildet i høgre hjørne her.

    SvarSlett
  4. Kjære østlandsmormor: Du la igjen spor no, og det var veldig hyggelig! Så du har forbedra deg allerede og treng ikkje ha dårlig samvittighet :)
    Og kjære Frøydis: Du legg ofte att spor, og det er også veldig hyggelig! Eg derimot, er ikkje like flink å legge att spor hjå deg. Men eg skal bli bedre :-)
    Og kjære Malina: Det betyr i tilfelle at EG også såg deg på Saudehornet og på Rema, iallefall burde sett deg, viss eg hadde løfta blikket og vert meir obsservant. Så me tek skylddeling på den, også seier me hei neste gang ;-)

    Må fortelle ein liten historie til; Parkerte bilen på Flesland tidlig fredag morgon og på min spasertur til flyplassen, kom eit lite ekorn springande over vegen, samtidig som ein bil kom imot. Sjåføren, ei dyrevennlig og hyggelig dame, stoppa opp og me smilte til kvarandre, peikte på det søte ekornet og lo litt. Når ekornet var trygt over vegen, vinka me farvel både til kvarandre og ekornet - og ho kjøyrte vidare. Så enkelt! Og det kunne fort vert anerledes: Eg kunne sett ned i bakken og ho kunne meid over ekornet. Men istaden, skapte me oss ein felles hyggelig opplevelse, dei ti sekunda det varte. Og eg likar å tru at me begge syns det var veldig hyggelig. Så enkelt er det altså, å glede nokon andre! Og det treng absolutt ikkje vere ein forutsetning at me kjenner kvarandre frå før. Dette gir da ein fabelaktig framtidsoptimisme! Så deilig det er å leve!

    SvarSlett
  5. Huff denne opplevinga hadde eg og ein gang. Sat på ferga frå Lote til Anda på tur te Byrkjelo. Der i bilen rett bortanfor meg sat ei ung jente og gret og tørka tårer og snørr. Har sjølvsagt ikkje peiling på kva som stod på - sidan eg då sjølvsagt ikkje torde å gå bort å spørre om ho trengde noko.....
    Har stor tru på at du Camilla med bloggen din kan gjere noko for å forandre verden. For kvar gang du set ord på slike ting - blir vi andre litt klokare og kanskje ein vakker dag....er det ein av oss som går bort og gjev det andre mennesket trøyst...

    Glad eg kjenner deg vennen og stor klem:-))

    SvarSlett
  6. http://www.smp.no/nyheter/article257775.ece


    berre ta d med ro, han døde ikkje likevel :P

    SvarSlett
  7. Å dette var flott skrevet Camilla! Og faktisk en gang så tok eg mot til meg og gikk bort til ei stakkars jente som satt og grein på Torgalmenningen. (Dette var midt på natta og jenta var nok litt full, men eg var edru) Eg spurte om eg kunne gjer nåke for ho. Det tårevåte ansiktet lyste opp i et stort smil og ho sa: "Du har allerede gjort nok, tusen takk for at du brydde deg, det går bedre no."
    Så enkelt var det og det føltes godt å vite at eg hadde gjort dagen litt bedre for ho, på en måte gjorde ho dagen litt bedre for meg og.
    Eg skal huske på denne gangen neste gang eg ser nåken som kanskje bare trenge at nåken bryr seg. Eg har nok sett den andre veien fleire ganga....

    SvarSlett
  8. Så strålande at du delte den gode erfaringen, Janne! Men så veit eg jo at du er særdeles omsorgsfull og i tillegg utadvendt :-) Nok sånne som deg, som blir verden betrakteleg bedre!

    SvarSlett
  9. Å det va no særdeles hyggelig sagt av deg :)
    No gjorde du jammen dagen min litt bedre! ;)

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)