Livets rebusløp

Eg er eigentleg midt i monteringen av eit kleskap frå Ikea. Men det vart påkrevd med ein pause for å lette på trykket.

Som nyskilt, så er eg berre ein - der eg tidlegare var to. Skilsmisse-konseptet er igrunn så enkelt: To vert til ein.
Dersom ein har vert vant til å vere to lengje, så kan livet etterpå fortone seg som skrekkblanda fryd.  Viss du tenkjer deg livet som eit rebusløp, så dukker det stadig opp postar på vegen, som krev at to samarbeidar om å løyse oppgåva. I begynnelsen er det ein thriller å gå rundt å lure på kva som ventar ved neste sving, og om eg klarer å løyse oppgava aleine? Så går det over til å bli action, og gradvis drama. Og til slutt er det komedie - forøvrig er det ofte da ein møter sin framtidige nr. 2 igjen. Da går det frå komedie til thriller tvert, og sånn gjentek soga seg. Ein eviglang film, på jakt etter staute Oscar`s og søte Amanda`s.

Men tilbake til Ikea. Eg trengte eit nytt skap. "Dette fiksar eg". Reiste på Ikea saman med den eksepsjonelt hyggelege nye husverten min. Kom oss igjennom laurdagsrushet, handterte pene Bergensfruer som sneik i køen fint, skreddarsydde eit skap som passa perfekt, navigerte oss gjennom Ikea-labyrinten og kom oss vel heim. Og på eigenhand skulle eg kose meg med flatpakken. Og sidan det var laurdag, skulle eg til og med lese bruksanvisningen. På første side var det strektegning av ein mann, eit skrujern og femti ulike skruar.
-  Jaja, bruksanvisningen til Ikea syns eg godt kunne vere kjønnsnøytral, tenkte eg, så eg fann fram skrujern og skruane, men bytta ut mannen med meg. Da hadde eg alt eg trengte, og gjekk systematisk til verks.

På side 7 i bruksanvisningen begynte vanskelighetsgraden å stige. Eine skapstammen var oppe, bunnplata var på, så da gjensto topp-plata og siste stammen. Med skrujernet i munnen og ei hand på stammen, bladde eg om til side 8.
- Hæ??
Plutseleg var det ein strektegning av ei dame.
- Kor i pokker kom ho ifra?? Ho sto det ingenting om på innholdslista!
Eg slapp stammen og såg etter i pappeska. Hadde eg gløymt å pakke opp dama? Ho som på side 8 står å held den eine stammen, mens eg skal skru på topp-plata?
Nei. Ingen dame i kartongen. Ikkje berre er Ikea kjønnsdiskriminerande - dei forutset i tillegg at det er to i hushaldningen! Dei forutset at det står ei på kjøkkenet, som eg kan rope på, når eg kjem til side 8!
Og eg ropar, for no treng eg virkeleg hjelp til å holde plater, stammar, skrujern og skruar.

Men ingen respons.
- Åt bøvels med heile Ikea, tenkte eg, og på trass henta eg uante krefter og to ekstra hender, og skrudde opp faenskapet i ein fei. Ingen skal fortelle meg at eg ikkje klarer alt aleine! Thrilleren er blitt til action ;-)

8 kommentarer:

  1. hehe, nok ei god lesning til laurdagskvelden! syns du retten å sletten bør sende inn ei klage til Ikea. Dessuten, mannen skal montere å dama skal kome å halde? tullball, i vår heim er det alltid likt, om ikkje omvendt ;)

    SvarSlett
  2. En "award" til deg ;)

    http://homlepongane.blogspot.com/2010/08/beautiful-blogger-award.html

    Jeg syns forøvrig IKEAføatpakker er ganske så kjekt å sysle med.

    Jysk derimot. Oh my God!

    SvarSlett
  3. Syns du skal gjøre som higji sa; klag!!
    Vet jo aldri om IKEA kan finne på å gi deg gavekort eller noe, som kompensasjon for at de påminner deg at du er alene i regnfulle Bergen. Det har du virkelig fortjent etter alt strevet ;)

    SvarSlett
  4. Mektig imponert, Camilla!!! Du e kjempe-flinke. Ej e heilt for at montering av flatpakka e mannfolkarbeid (dei må no gjere nåke dei også).
    Trudde der følge me en mann t kvar platpakke på Ikea ej, he he he.

    SvarSlett
  5. Godt gjort!
    Jeg har dysleksi mot bruksanvisninger, skal liksom klare det uten..noe jeg IKKE gjør. 10 tommeltotter, akkurat som i reklamen!

    Ha en flott søndag!
    Klem, Frøydis

    SvarSlett
  6. Du er virkelig flink. Hvor du fant de ekstra hendene skulle jeg gjerne visst, siden jeg også er singel. :-) Men jeg har definitivt ikke din humoristiske framstillingsevne. Ha en fin uke !

    SvarSlett
  7. Mammaen til Martin : )10. september 2010 kl. 14:35

    Fantastisk Camilla!!! No kom eg meg : )
    Du har vel ikkje tilfeldigvis lyst til å vere med å skru eit heilt kjøkken frå IKEA?? Tenk for ei erfaring å ha med seg!

    PS:Når eg reknar saman folka i bruksanvisningane til mitt (før eller seinare) kommande kjøkken, er eg oppe i 36 personar! Tenk det du!

    SvarSlett
  8. Hahaha, her kjenne eg meg så utrulig godt igjen!!
    Ikkje fra å værr to til å bli ein, men å måtte klare det meste aleine :o) E blitt skikkelig god på å klare ting sjøl, og montering av Ikeamøbler har ittekvart gått som ein lek! (Nesten...)

    Blei rektigt så glad eg nå for at du la igjen ein kommentar hos meg, så eg kunne finna deg! Eg har ikkje tid te å lesa så møkje mærr sjå deg nå, men komme innom igjen ein dag med bedre tid ;o)

    Du bur vel ikkje så langt vekke heller, så du burde absolutt vurdere å bli med på bloggtreff!!!

    SvarSlett

Morsomt om du legg att ei strofe ;-)